kategoriar
Kristen spiritualitet Pilegrim

Respekt for heilage stadar

Heilage stadar har krav på respekt. Dette er, etter mitt skjøn, heilt grunnleggjande, og faktisk også heilt opplagt. Eg ønskjer at slike stadar skal bli respekterte av alle menneske, uavhengig av religion. Derfor er det også naturleg for meg å respektera andre religionar sine heilage stadar.

For meg som er kristen, dreier dette seg først og fremst om vigsla kyrkjebygg og kyrkjegardar og om geografiske stadar som er knytt til Jesu liv og andre viktige bibelforteljingar. Dessutan kan og bør sikkert ein del stadar av kyrkjehistorisk interesse, også reknast som heilage. Det har ikkje minst fornyinga av pilegrimstradisjonen vist oss.

På denne bakgrunn er eg glad for det arbeidet som nå pågår for å få formulert A code on holy sites. Denne veka har konferansen Hellige steder – plasser for konflikt og dialog blitt halden i Trondheim. I dag har deltakarane, i følgje NTB, lagt fram eit sluttdokument som dei håper kan bli utgangspunkt for ein framtidig FN-konvensjon. Dessverre er ikkje teksten i dokumentet gjengjeven i Vårt Land sin omtale av saka.

Det var En verden i dialog (ENVID) og Oslosenteret for fred og menneskerettigheter som stod bak konferansen. Her er eit utdrag frå omtalen på Oslosenteret si heimeside:

Historien er full av eksempler på at kirker, moskeer og synagoger blir misbrukt av politiske ledere for å spre hat i krig og konflikt. Mandag 27. juli samles politiske og religiøse ledere i Trondheim for å lage felles retningslinjer som skal beskytte hellige steder og gjøre dem til verktøy for fred. – Konflikter rundt hellige steder må inkluderes i fredsdialoger, sier lederen for Oslosenteret for fred og menneskerettigheter, Kjell Magne Bondevik.

Religiøse ledere, akademikere, internasjonale organisasjoner og politikere fra Midtøsten, Balkan og Tyrkia møtes i Trondheim 27. og 28. juli for å diskutere hellige steders rolle i konflikt.

(…)

– Midtøsten-konflikten viser viktigheten av hellige steder. Det er åpenbart at en løsning på Israel-Palestina-konflikten må inkludere spørsmål om eierskap og bruk av de hellige stedene i Jerusalem. Denne dimensjonen har ikke blitt ivaretatt på en god nok måte i tidligere forhandlinger. Konflikten om Jerusalem viser at politiske prosesser i mange tilfeller ikke kan løsrives fra religion, selv om det ikke dreier seg om en religionskonflikt, sier Oslosenterets leder Kjell Magne Bondevik.

(Les meir)

(Notatet er oppdatert 31.07.2009)

kategoriar
Bibelsk arkeologi, historie og geografi Israel og dei palestinske områda Jerusalem

Nattverdssalen på Sionshøgda

nattverdssalen1Det er mange kompliserte spørsmål knytt til dei såkalla heilage stadane i Jerusalem. Alt ligg så tett og stadane har tilknyting til ulike religionar. Det viser seg svært vanskeleg å finna gode og rause løysingar på slike spørsmål.

Ein av dei stadane der religionane sine heilage stadar ligg tett på kvarandre, er Sionshøgda like sør for Gamlebyen. Ein interessant bygning frå korsfarartida inneheld her både den kristne Nattverdssalen / Øvresalen (The Cenacle) og den jødiske Kong Davids grav. Biletet viser litt av Nattverdssalen.

I går (30.04.2009) var det forhandlingar mellom Vatikanet og representantar for staten Israel om retten til å disponera denne staden. Møtet i går var bare eitt av mange møte i langvarige og vanskelege forhandlingar mellom Israel og Vatikanet om ulike kyrkjelege eigedomar og stadar i Israel.

Vatikanet skal ha uttrykt sitt ønske slik i 2005:

«The State of Israel hands over to the Holy See the use of the Cenacle [the Last Supper room], of the access path to it, and of the spaces adjacent to it… It is the Holy See’s intention to inform the Bishops – and through them the world’s Priests – that the Catholic Church has been given the use of the Cenacle, inviting them to visit the Holy Place together with their faithful… The Holy See hands over this use of the Cenacle to the Custody of the Holy Land [which acts on behalf of the Holy See]… [which] will keep the Cenacle open from 6 AM to 8 AM for the celebration of the Holy Mass… Official liturgical celebrations of non-Catholic Churches can take place only upon prior written permission by the Custody of the Holy Land.»

Det er ikkje nokon teikn til at Israel har planar om å oppfylla dette ønsket. Situasjonen er som nemnt at Nattverdssalen ligg i andre etasje i eit historisk bygg som også huser Kong Davids grav, ein av dei viktigaste heilag stadane i jødedommen! Heile bygningen er under israelsk herredøme. Nattverdssalen står open for kristne som kjem dit, – eg har vore der mange gonger. Men det vakre rommet er dessverre tomt og utan nokon form for kyrkjeleg innhald eller personell.

Her kan du lesa heile meldinga No Mt. Zion Deal om forhandlingane, sendt ut av IsraelNationalNews.

Den aktuelle bygningen på Sionshøgda har ein viktig posisjon i kristen tradisjon. Staden blir tradisjonelt knytt både til innstiftinga av nattverden og til pinseunderet. Og ikkje nok med det; arkeologen Bargil Pixner argumenterte for at dei eldste murane stammer frå ein synagoge som blei nytta av apostlane og dei første kristne i Jerusalem! Dette kan du lesa meir om i hans artikkel Church of the Apostles found on Mt. Zion. Det skal rett nok seiast at dette ikkje er ein alment anerkjent teori. Det som er sikkert er at bygningen som huser både Davids grav og Nattverdssalen, er frå korsfarartida. Men dei eldste murane er opplagt mykje eldre!