Litterært blikk på Utstein kloster

11239624_10203816105834961_6834123562315302697_n

Utstein kloster er ein av favorittstadane mine. Både kulturhistoria og kulturlandskapet som er knytt til staden, fascinerer meg. Og for med ein gong å sitera Alfred Hauge:

Eit landskap er som eit menneske. Det har sitt andlet, og det har dét som er innanfor andletet. (Perlemorstrand, side 28)

Det er i dag (10.08.2015) 50 år sidan klosteret i 1965 blei gjenopna etter omfattande undersøkingar og restaurering. Datoen var sjølvsagt ikkje tilfeldig valt. Larsok (10. august) er knytt til St. Laurentius som klosteret var vigd til i mellomalderen.

Eg har blant anna brukt dagen til å lesa ferdig Harald Olsen sin artikkel Alfred Hauge og Utstein Kloster, skriven for Museum Stavanger årbok 2014, side 121-173. Eg kjøpte eit særtrykk av artikkelen på Utstein Pilegrimsgard på forsommaren. Bildet av klosteret tok eg på Kristi Himmelfartsdag då eg var på gudsteneste i klosterkyrkja.

Alfred Hauge hadde eit nært forhold til klosteret. Mykje av artikkelen er interessant presentasjon og tolking av dei fem romanane og to diktsamlingane som inngår i «Utstein Kloster-syklusen». Bøkene kom ut frå 1967 til 1984. Eg las romanane (og delar av diktsamlingane) på 70- og 80-talet, og har lese noko av dette om igjen nå i år i samband med 100-års jubileet for forfattaren.

Olsen avsluttar med å skriva om litteratur som bygger et helligsted. Denne delen av artikken begynner slik:

At Utstein Klister har betydd mye for Alfred Hauges forfatterskap er hevet over tvil. Men hva har så forfatterskapet – og Utstein Kloster-syklusen – betydd for klosteret? For enkelte leseres forhold til stedet har nok bøkene betydd mye. Men i det store og hele må en vel si at syklusen ennå er en lite benyttet skattkiste. Det er imidlertid en skattkiste med et stort potensiale!

Hauge har utan tvil vore med og forma mi interesse for og mitt bilde av staden. For meg er klosteret både ein heilag stad og ein historisk stad. Eg syns også det er flott at museet gir den litterære vinklinga så stor plass i årboka.

Relatert stoff på bloggen:

Nattverdssalen på Sionshøgda

nattverdssalen1Det er mange kompliserte spørsmål knytt til dei såkalla heilage stadane i Jerusalem. Alt ligg så tett og stadane har tilknyting til ulike religionar. Det viser seg svært vanskeleg å finna gode og rause løysingar på slike spørsmål.

Ein av dei stadane der religionane sine heilage stadar ligg tett på kvarandre, er Sionshøgda like sør for Gamlebyen. Ein interessant bygning frå korsfarartida inneheld her både den kristne Nattverdssalen / Øvresalen (The Cenacle) og den jødiske Kong Davids grav. Biletet viser litt av Nattverdssalen.

I går (30.04.2009) var det forhandlingar mellom Vatikanet og representantar for staten Israel om retten til å disponera denne staden. Møtet i går var bare eitt av mange møte i langvarige og vanskelege forhandlingar mellom Israel og Vatikanet om ulike kyrkjelege eigedomar og stadar i Israel.

Vatikanet skal ha uttrykt sitt ønske slik i 2005:

«The State of Israel hands over to the Holy See the use of the Cenacle [the Last Supper room], of the access path to it, and of the spaces adjacent to it… It is the Holy See’s intention to inform the Bishops – and through them the world’s Priests – that the Catholic Church has been given the use of the Cenacle, inviting them to visit the Holy Place together with their faithful… The Holy See hands over this use of the Cenacle to the Custody of the Holy Land [which acts on behalf of the Holy See]… [which] will keep the Cenacle open from 6 AM to 8 AM for the celebration of the Holy Mass… Official liturgical celebrations of non-Catholic Churches can take place only upon prior written permission by the Custody of the Holy Land.»

Det er ikkje nokon teikn til at Israel har planar om å oppfylla dette ønsket. Situasjonen er som nemnt at Nattverdssalen ligg i andre etasje i eit historisk bygg som også huser Kong Davids grav, ein av dei viktigaste heilag stadane i jødedommen! Heile bygningen er under israelsk herredøme. Nattverdssalen står open for kristne som kjem dit, – eg har vore der mange gonger. Men det vakre rommet er dessverre tomt og utan nokon form for kyrkjeleg innhald eller personell.

Her kan du lesa heile meldinga No Mt. Zion Deal om forhandlingane, sendt ut av IsraelNationalNews.

Den aktuelle bygningen på Sionshøgda har ein viktig posisjon i kristen tradisjon. Staden blir tradisjonelt knytt både til innstiftinga av nattverden og til pinseunderet. Og ikkje nok med det; arkeologen Bargil Pixner argumenterte for at dei eldste murane stammer frå ein synagoge som blei nytta av apostlane og dei første kristne i Jerusalem! Dette kan du lesa meir om i hans artikkel Church of the Apostles found on Mt. Zion. Det skal rett nok seiast at dette ikkje er ein alment anerkjent teori. Det som er sikkert er at bygningen som huser både Davids grav og Nattverdssalen, er frå korsfarartida. Men dei eldste murane er opplagt mykje eldre!