Hinna-konfirmantar 2017

05/05/2017

unnamed-4

Her er «tullebildet» av årets konfirmantar på Hinna. Ein god gjeng med ungdommar som eg har fått tilbringa mykje tid saman med det siste året. Foto: Arild Hjelm.

Denne og neste helg har me seks konfirmasjonsgudstenester med til saman 103 konfirmantar.

Her på bloggen markerer eg konfirmasjonane også dette året med ein konfirmasjonssalme som eg sjølv set stor pris på. Salmen er på ein glimrande måte prega både av tru, håp og kjærleik. Men når eg siterer salmen, vil eg nemna at det ikkje er alle konfirmantane som blei borne til dåpen då dei var små; også dette året har nokre av ungdomane i påsken gått på sine eigne føter fram til døypefonten for å bli døypt.

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Johanne Ur Sæbø

Advertisements

Salt og lys

29/10/2012

Notat til søndagens tekst: Matt 5,13-16

Allehelgensdag / Helgemesse

Svært mange menneske kjem til kyrkja denne dagen med ein bagasje med sorg over menneske som har gått bort. Det kan vera ei utfordring at kyrkja sine tekstar for dagen har eit anna fokus.

Her er det mange lokale tradisjonar som vil vera med og bestemma kva omsyn som må tas ved førebuing av gudstenester og møte. Alle predikantar vil denne dagen måtta leva med spennet som ligg mellom uttrykka ”alle helgenar” og ”alle døde”.

Kort om lesetekstane for dagen

Salme 84,2-8 handlar om ein sterk lengsel etter Herrens hus. Konkret betyr det tempelet i Jerusalem. Teksten kan nok også tolkast overført, både om kyrkja som Guds hus og om det evige livet i Fars hus.

Hebr 12,1-3 har dei truande i GT som bakgrunn (Hebr 11) og handlar om den sigrande og den stridande kyrkja. Teksten har med eit flott uttrykk om Jesus: Han er trua sin opphavsmann og fullendar.

Evangeliet: Matt 5,13-16

Dette tekstavsnittet blir av mange rekna for å vera sjølve temaet for Bergpreika (Matt 5-7). Hans Kvalbein skriv f eks i sin kommentar til Matteusevangeliet at ”versene gir oss det som er grunntemaet for hele Bergprekenen: Disiplenes egenart som Guds folk og deres kall til å gjøre Guds vilje.”

Det er viktig å merka seg at Jesus her brukar indikativ, ikkje imperativ. Han snakkar om kva disiplane er, ikkje om kva dei burde eller skulle vera.

Vers 13
I Jesu ord ligg det ein advarsel om at disiplane kan koma til svikta kallet. Men det er ikkje opplagt kva Jesus tenkjer på når han kallar disiplane for saltet på jorda. Me kan finna bakgrunnsstoff til dette i GT og i den daglege bruken av salt på Jesu tid.

Moselova sa at saltet hadde ei rolle når ein ofra til Gud (2. Mos 3,13), sjå og Esek 43,24. Jesus reflekterer omkring dette i følgje Mark 9,49 (i alle høve i yngre handskrift). Moselova omtaler også ei saltpakt (4. Mos 18,19), sjå og 2. Krøn 13,5. Elles kan me også merka oss salt var reinsingsmiddel då Elisja reinsa vatnet i Jeriko (2. Kong 2,19-22).

Til bruken av salt i Jesu samtid, fokuserer ordforklaringane i Bibel 2011 på følgjande:

I bibelsk tid vann dei særleg ut salt frå avsetningane i Daudehavet. Desse laga inneheldt både vanleg salt og og ei rekkje andre mineral (m.a. karnalitt, som ser ut som salt, men smakar bittert). Salthaldige mineralplater kunne brukast som katalysator ved brenning av kamelgjødsel i omnen, men mista då etter kvart saltinnhaldet. Mineralhaldige jordklumpar frå Daudehavet kunne brukast i små prosjonar som jordforbetringsmiddel. Slike ting frå kvardagslivet ligg under Jesu biletbruk i Matt 5,13.

I vår tid tenkjer me først og fremst på salt som smakstilsetning. Saltet får fram smak og kvalitet på maten. Eg har sett og høyrt at også dette blir tatt med i forkynning over teksten. Generelt bør me vera forsiktige med å leggja inn i teksten i staden for å leggja ut, men i nokre samanhengar kan det kanskje vera på sin plass å peika på at saltet som smakstilsetning kan vera eit spennande bilete på den kristne si oppgåve; som saltet framhever smaken på maten, kan Jesu disiplar framheva Guds godleik og hans gåver til medmenneska.

Vers 14-15
Jesu ord om lyset i verda har ei meir positiv vinkling enn orda om saltet. Han nyttar to bilete (byen og oljelampa) som viser at lyset gjer synleg (byen) og at lyset er til nytte for menneska (oljelampa).

Det er naturleg å sjå Jesu ord om disiplane som lyset i verda, i samanheng med at han i Joh 8,12 seier det same om seg sjølve. Der legg han til: ”Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.”

Profetiane hos Jesaia om at Messias / Herrens tenar skal vera eit lys for folkeslaga (Jes 42,6; 49,6; 60,1ff) er ein viktig bibelsk bakgrunn for orda om lyset i verda. Desse profetiane blir sitert om Jesus i Simeons lovsong (Luk 2,32) og om disiplane i Paulus’ og Barnabas’ si forkynning i Apg 13,47. Tilsvarande kan me også ta med profetien i Jes 9,2 som blir erklært oppfylt gjennom Jesus i Matt 4,14-16.

Jesu ord om ein by som ligg på eit fjell, gir oss også ei naturleg tilknyting til geografien i Galilea. Det var ikkje uvanleg med byar på fjell i Midt-Austen. Men det er likevel mange som tenkjer seg at me her kan lesa om ein bestemt by i Jesu utsegn. Den gamle fjellbyen Safed, som framleis er godt synleg frå landskapet ved Gennesaretsjøen, har ofte vore nemnt i denne samanhengen. Eit anna alternativ er at Jesus peika på Hippos (Susita) då han sa dette. Hippos, ein av Dekapolisbyane, låg på eit fjell på austsida av sjøen, like over staden der Kibbutz Ein Gev ligg nå.

I forkynning over forholdet mellom Jesus og disiplane (oss) som lyset i verda, tenkjer eg det kan vera aktuelt å nytta refleksen som bilete. Refleksen lyser ikkje av seg sjølv, men den lyser når ei sterk lyskjelde lyser på den. Tilsvarande kan sjølvsagt også forholdet mellom sola og månen nyttast.

Det kan også vera eit poeng å peika på forskjellen mellom å lysa på andre og å lysa for andre. Vår oppgåve er ikkje å setja eit ubehageleg flomlys på andre, men å vera berarar av Guds gode lys, eit bilete på frelse og fred, liv, varme og glede.

Vers 16
Her snakkar Jesus om gode gjerningar. Desse gjerningane blir synlege når disiplane sitt lys lyser for folk. Og disiplane sine gode gjerningar vil føra til at folka som ser, prisar Gud.

Det er ein viss skepsis mot å forkynna om gode gjerningar i kyrkja vår. Me er ofte redde for å seia noko som kan skygga for at det er trua åleine som gir frelse. Men me skal ikkje gløyma at gode gjerningar faktisk er gode! Og at Bibelen peiker på ein nær samanheng mellom tru og liv.

Paulus er svært tydeleg når han skriv om denne samanhengen. Han skriv om frelse ved tru og om gode gjerningar som om dette går hand i hand (Ef 2,8-10). Og formaningane hans legg vekt på livet som veks ut av trua, sjå f eks Kol 3,12-17.

Matt 5,16 er blant dei bibelorda som har gitt bibelsk grunngjeving for tanken om helgenar; nokre skal prisa Gud på grunn av andre sine gjerningar (Kopperud: På vandring gjennom kirkeåret, side 139).

Dei gode gjerningane som får andre til å prisa Gud, høyrer heime i forkynninga på Helgemesse / Allehelgensdag. Me minnest dei som har gått framfor oss i trua og som har vore våre førebilete. Det kan vera ei mor eller ein far, bestemor eller bestefar. Det kan ha vore ein kristen leiar i barne- og ungdomsarbeidet me sjølve har deltatt i. Eller det kan ha vore ein av dei meir kjente helgenane i meir klassisk forstand. Svært mange av oss har kristne førebilete som har betydd mykje. På same måte er me som Jesu disiplar i dag, med og får neste generasjon til å prisa Gud. Eller ….?

Bøn

Herre, alle desse du har gitt meg,
alle dei eg skal få vera nær,
la meg røra dei med opne sansar,
våga vera hos dei der dei er.
Ja, til alle eg i dag skal møta,
la meg bera med meg lys og salt.
Gje meg mot nok til å sjå og høyra,
til å dela varmen min der det er kaldt.
For tillit skal vera min styrke.

(Frå Morgonsalme av Heidi Strand Harboe 2001, i Sanger på reisen, Verbum forlag 2005)

Preikeskisse

  1. Kva er ein helgen? Samanhengen mellom heilag og helgen. Kven har vore viktige førebilete for meg?
  2. Nokre sentrale poeng om kven Jesus er og kva han møter oss med i dag, anten me har kome til kyrkja med ei kjensle av sorg eller ikkje. ”Du, hjelpeløses hjelper, bli hos meg” (NoS 814) . Den krossfeste og oppstadne Herre. Forkynna evangeliet om frelse.
  3. Å tru på Jesus. Å vera salt og lys, med vekt på lys. Å gjera gode gjerningar som Gud legg ferdige for oss. Kven kan me lysa for? Kan me gjera det lettare å tru på Jesus for nokon i vår næraste omkrets?
  4. Å knyta trua til noko så konkret som Guds frelsande handlingar i dåpen og nattverden, – og til det som er sagt om Jesus i pkt 2.

Denne tekstgjennomgangen er ei lett bearbeidd utgåve av mitt bidrag til Israelsmisjonen sitt tekstverksted til Allehelgensdag 2012, sjå her.


Lyset skin i mørkret

22/07/2012

Den norske kyrkja har møtt dagen i dag (22. juli 2012) med denne setninga frå evangeliet: Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det (Joh 1,5). Det er verkeleg ein god bodskap til oss i dag!

Eg vil markera dagen ved å trekkja fram Heidi sin salme som ho skreiv i etterkant av terroren i fjor. Salmen har fått melodi av Carl Petter Opsahl.

Med redde tankar

Tekst: Heidi Strand Harboe

Med redde tankar står me i det vonde,
me strekkjer tome hender ut mot deg.
Ver hos oss, Herre,
gøym oss ved ditt hjarte.
Forny vårt mot, så me kan finna veg.

Lat våre våte tårer vatna jorda
og opna oss, så kjærleiken kan gro.
Ver hos oss Herre,
varm oss ved ditt hjarte,
så alt som skrik i oss kan finna ro.

Gud, ver vår trøyst, vår tilflukt og vår styrke
så me kan reisa oss i håp og tru.
Ver hos oss, Herre,
gjev oss varme hjarte,
så me kan tenna håp og byggja bru.

Ja, send oss ut i kampen for det gode,
i kamp for liv og kjærleik skal me stå.
For du er Herre
over lengt og liding,
kom gjev oss mot, kom vis kor me skal gå.

Sjølv har eg hatt fri i dag og kunne derfor delta i minnegudstenesta i Stavanger domkyrkje og på kommunen si minnemarkering ved Breiavatnet. Det var godt å vera til stades begge stadane, sjølv om det blei både vått og kaldt i Byparken.

Oppdatering søndag kveld: Eg har nettopp sett minnekonserten frå Oslo. Det var sterkt at den gode, gamle We shall overcome blei tatt fram i denne samanhengen. Overraskinga var vel ikkje at Bruce Springsteen dukka opp, men at han gjorde det med denne songen.

Oh, deep in my heart, I do believe
We shall overcome some day.


Time kyrkje 150 år

15/11/2009

I dag har me feira kyrkjejubileum her i Time. Time kyrkje blei vigsla 2. november 1859 og er dermed 150 år. Dette er sjølvsagt ikkje nokon spesielt høg alder for ei kyrkje, men likevel: kyrkja har stått her og betydd mykje i mange generasjonar. Og før denne kyrkja, har det stått tre tidlegare kyrkjebygg på staden.

Kyrkja ligg like utanfor Bryne. Og sjølv om Bryne fekk si eiga kyrkje i 1979 og blei eige sokn i 1990, har gamlekyrkja framleis ein stor plass i hjarta til folket her. Det er også eit tett samarbeid mellom dei to sokna, – mellom anna blir mest alle gravferdene haldne i Time, der det er kyrkjegard. Personleg har eg eit nært forhold til begge kyrkjene, frå perioden eg var prest her (1993-2007).

I dag har me hatt jubileumsgudsteneste i Time kyrkje, med besøk av biskop Erling Pettersen og med mykje flott song og musikk. Deretter var det kyrkjekaffi i Bryne kyrkje. Den nye biskopen preika om Jesus med utgangspunkt i dagens tekst i 1. Tim 2,1-6a, med vekt på desse orda:

For Gud er éin,
og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,
mennesket Kristus Jesus,
han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.

Heidi Strand Harboe hadde skrive ein fin jubileumssalme. Salmen blei brukt for første gong i gudstenesta i dag, med melodi av Johanne Ur Sæbø. Det er flott å ha lokale kunstnarar som kan skapa slike ting! Salmen heiter Eg kjem til deg med glede, og refrenget er slik:

Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt.
Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,
hit kjem eg med livet mitt.

Både tekst og melodi fungerte flott. Eg opplever at teksten er typisk for Heidi si salmedikting (som eg set stor pris på), for eksempel ved orda om å vera heil og ekte i Guds nærleik.  Les heile salmen på Heidi sin blogg.

Elles har jærbu og historikar Lisabet Risa skrive jubileumsboka På kyrkjeveg som er gjeven ut av Time sokneråd og Time kyrkjelege fellesråd. Eg kjøpte sjølvsagt boka i dag og gleder meg til å lesa den.

Oppdatering: Sjå også Altartavla i Time kyrkje.


Heidi om salmar og liturgi

18/06/2008

Snill, nysgjerrig, kreativ, rotete. Slik karakteriserer Heidi Strand Harboe seg sjølv i dagens portrettintervju i Stavanger Aftenblad. Resten av intervjuet handlar meir om salmar og liturgi enn om henne sjølv. Salmane hennar er relativt lågmælte, seier ho. Som ho sjølv kan vera (men slett ikkje alltid er!).

Heidi er aktuell både når det gjeld ny salmebok og ny liturgi for Den norske kyrkja. Eg tar med eit par smakebitar frå avisa, men anbefalar at du les heile intervjuet Ho som gir oss nye salmar:

– Kva er ei salme?

– Den skal kunna brukast på mange måtar og av ulike menneske. Den seier noko om mennesket sitt forhold til Gud, samstundes som innhaldet er allmenngyldig.

– Kva kjenneteiknar dine salmar?

– Ofte er dei relativt lågmælte. Eg skriv om det som kjennest viktig for meg. Utgangspunktet mitt er det nære. Men eg skriv også om krig og andre ting som fortvilar meg. Eg vonar at andre skal kjenna seg igjen.

Det same ønskjer ho for gudstenesta: – Eg er glad i gudstenesta, ønskjer at den skal vera tilgjengeleg for så mange som råd og at folk skal kjenna seg heime der. Eg trur det er svært mykje tru blant folk, men at mange ikkje trur det er plass til deira tru i kyrkja.

(…)

– Kva er spesielt (med det liturgiske språket)?

– Alt vert sagt så kort, og det er viktig at det er så godt som råd. Det må vera eit språk folk kjenner seg igjen i, som ikkje stengjer dører til kyrkja og Gud, men helst opnar dei. Det må tenkjast så vidt som råd, utan at innhaldet vert feil. Liturgien er kyrkja sitt bruksspråk og skal ikkje vera for pompøst, men slitesterkt. Det skal kunna brukast igjen og igjen tusenvis av gonger utan å bli oppbrukt. Då må det vera fritt for klisjear og utanomsnakk.

Heidi sin blogg, som ho skriv på den svenske sida Andedräkt, er også lesverdig!


Konfirmasjonssalme

06/05/2007

Heidi Strand Harboe har skrive ein flott konfirmasjonssalme. Her på Bryne har me den med som solosong kvar gong me har konfirmasjonsgudsteneste. Kanskje er det snart så mange som kan den, at me kan bruka den som salme i gudstenesta? Melodien er skriven av Johanne Ur Sæbø. Eg tillet meg å sitera salmen din, Heidi, på denne konfirmasjonssøndagen!

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.


Eit dikt på palmesøndag

01/04/2007

Eg vil gjerne dela med deg Heidi Strand Harboe sitt dikt til denne dagen. Ho skreiv det til påskeutstillinga som ho og Inger hadde for to år sidan.

Tre dagar leita eg
etter han som ein gong rørde meg,
gjekk etter orda
mellom syngande kvinner
og feststemde menn.
For det siste eg hadde med meg,
kjøpte eg meg palmegreiner,
dei største eg fann.
Dei tyngde mot hendene mine.
Eg såg han koma,
ikkje på hesten,
men på eselet.

Eg kjende i kalde ilingar
langs ryggrada
at noko ikkje var
slik eg hadde trudd.
Eg løfta min modigste lengt,
heldt draumen fast
og løfta palmegreinene
medan eg kjende jubelen
skurra sårt mot stemmebanda.
Eit sekund fekk eg blikket hans
svalt og brennande.
Glimtvis visste eg,
men klarte ikkje å skjøna.

Les meir: Palmesøndag


%d bloggarar likar dette: