Openberringa av Guds namn

Notat til søndagens tekst: 2. Mos 3,11-15

Her får Moses læra å kjenna Gudsnamnet JHWH, det som oftast blir skrive Jahve og omsett «Eg er den eg er». I den nye bibelomsetjinga er namnet markert med store bokstavar; HERREN eller GUD.

Dagfinn Rian er ein svært kompetent person til å seia noko om den interessante og viktige teksten som er preiketekst denne helga (22. søndag etter pinse 2011). Eg vel derfor å senda deg vidare til Israelsmisjonen sin preikeverkstad, der Rian skriv om teksten her.