Utsikt over Ginosar

19/05/2017

Bilde #14 frå vandringa på Jesus trail

IMG_2648

Ginosarsletta, sett frå Arbelfjellet. Foto: Arne Berge

Dette bildet er tatt på toppen av Arbelfjellet. Det viser utsikta over Gennesaretsjøen og den fruktbare Ginosarsletta. Toppen av fjellet ligg ca 180 m.o.h. mens Gennesaretsjøen ligg ca 200 m.u.h. Høgdeforskjellen er altså nesten 400 meter.

Jesus trail går over dette fjellet, ned ein bratt stig til sletta og vidare langs Gennesaretsjøen til Kapernaum, som ligg øverst til høgre i bildet.

Den jødiske historikaren Josefus skreiv i det første hundreåret ei begeistra skildring av landskapet rundt Gennesaretsjøen i boka Den jødiske krig. Sjå det tidlegare notatet Josefus: Gennesaret.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


I Jesu fotspor, mai 2017

06/07/2016

Galilea 2012 301

Vil du vera med på pilegrimsvandring i Jesu fotspor i Galilea og i Jerusalem? Inger og eg skal vera reiseleiarar på ein tur 20.-27. mai 2017.

Du finn turprogram, reisefakta, pris og informasjon om påmelding her:

I Jesu fotspor. Pilegrimsvandring i Galilea og Jerusalem.

Her er innleiinga frå turbrosjyren:

Dette blir ein tur prega av friluftsliv og bibelhistorie. Me vil bokstavleg talt vandra i Jesu fotspor i Galilea og i Jerusalem. Samtidig vil turen gje oss innblikk i både jødisk og arabisk kultur og historie.

Pilegrimsvandringa i Galilea går frå Nasaret til Magdala ved Gennesaretsjøen. Fotturen følgjer den merka ruta Jesus trail som er inspirert av at Jesus gjekk mykje i dette området (sjå f.eks Matt 4,12-13 og Joh 2,11-12). Undervegs er me innom flotte kulturhistoriske stadar og går over høgder med fantastisk utsikt. Me bur i ulike kulturelle samanhengar, både hos jødar og arabarar. Overnattingane blir dels på gjestehus, dels på hotell.

Dette er ein tur der me brukar beina meir enn bussen. Deltakarane må derfor vera i normalt god form og ha interesse for å gå til fots, både i Jerusalem og i naturen i Galilea. Dagsetappane blir opp mot 20 km lange. Me får transport av bagasjen frå overnattingsstad til overnattingsstad under fotturen. Me kan rekna med varmt ver, og må passa på å bera med oss nok vatn for kvar dag.

Her kan du lesa det eg tidlegare har skrive om Jesus trail.

Det neste bildet viser den flotte utsikta frå Oljeberget mot bymuren og tempelplassen, med Vest-Jerusalem i bakgrunnen.

IMG_8802


Capernaum has a new look

13/06/2015

Dei arkeologiske utgravingane i Kapernaum, «Jesu eigen by», har fått ei oppgradering. Ferrell Jenkins skriv her om fornyinga av staden.

Ferrell's Travel Blog

On our recent visit to Israel we visited some places we have been many times because of changes we expected to see. Capernaum was beginning to undergo some renovations when we were there in 2013.

If first impressions are important, then Capernaum is now making a good first impression with the new entrance sign. You will observe that the ticket booth also has a new look. Since this is a private site, owned by the Franciscans, there is a small entry fee.

Capernaum (Capharnaum). Photo by Ferrell Jenkins. The new entrance to Capernaum (Capharnaum). Photo by Ferrell Jenkins.

Instead of immediately moving into a crowded area to look at some of the architectural fragments excavated at the site, you have this beautiful plaza facing the Sea of Galilee. My photo can not do justice to the beauty of this site.

The new plaza at Capernaum. Photo by Ferrell Jenkins. The new plaza at Capernaum. Photo by Ferrell Jenkins.

There were numerous bus loads of tourist…

View original post 275 fleire ord


Pilegrimskyrkja i Magdala

25/02/2015
Foto: Helge Brunstad 2015

Foto: Helge Brunstad 2015

Eg besøkte nyleg Magdala Center. Dette er eit nytt katolsk pilegrims-senter ved Gennesaretsjøen. Her er det bygd ei vakker og enkel kyrkje som gjorde sterkt inntrykk på meg.

Kyrkja blei vigsla i 2014. Det er sjeldan det blir bygd kyrkjer i dette området, og eg tenkjer derfor at det er ei viktig hending. Ikkje minst er kyrkja viktig fordi den er bygd på ein stad som det er så naturleg å knyta til Jesu liv og verksemd.

Kyrkja heiter Duc in Altum (Legg ut på djupet). Uttrykket er henta frå Jesu ord då han talte til ei folkemengde frå båten til Simon Peter: Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk (Luk 5,4). På latin: Duc in altum et laxate retia vestra in capturam.

Kyrkjerommet har eit altar som er forma som ein båt, og altartavla er ein stor glasvegg ut mot stranda og Gennesaretsjøen.

Ein brosjyre for prosjektet Magdala Center, omtaler kyrkja som «Duc in Altum» Spirituality Center og seier følgjande om intensjonane med bygget:

It will be a place for liturgical and sacramental prayer to help pilgrims understand and celebrate the events of Jesus´public ministry that took place in the area and it will also provide an environment for Ecumenical and Inter-faith dialogue.

I kyrkjerommet er det bilde av dei 12 disiplane. Forhallen er vigd til kvinnene som følgde Jesus. Rundt forhallen er det fire kapell med mosaikkunst frå ulike bibelforteljingar:

  • Mark 5,41 – dotter til Jairus
  • Matt 4,19 – dei første disiplane
  • Matt 14,30 – Peter går på vatnet
  • Luk 8,2 – Maria Magdalena

I underetasjen er det eit enkelt økumenisk kapell som ikkje er innvigd som katolsk kyrkjerom.

Pilegrimssenteret Magdala Center er framleis under oppbygging. Her er det i tillegg til kyrkja prosjektert hotell, restaurant, konferansesenter og multimediasenter. Og ikkje minst: Det er gjort svært viktige arkeologiske funn på staden.

Det er turkamerat Helge Brunstad har tatt dei flotte bilda frå kyrkja.

Foto: Helge Brunstad 2015

Foto: Helge Brunstad 2015


Josefus: Gennesaret

26/09/2013

Utsikt, Arbelfjellet 2012Området rundt Gennesaretsjøen var kjerneområdet for Jesu verksemd. Dette var eit området med viktige naturressursar for menneska i Galilea på denne tida (og seinare), både når det gjaldt jordbruk og fiske.

På bildet ser eg ut over Gennesaretsjøen. Bildet er tatt på toppen av Arbelfjellet.

Den jødiske historikaren Josefus skreiv ei begeistra skildring av dette landskapet i Den jødiske krig. Boka blei skriven på 70-talet e. Kr, altså ca ein generasjon etter at Jesus levde her. Sjølv om Josefus sikkert tar litt hardt i, får me eit inntrykk av dei rike  naturressursane i området, som er frodig og flott også i dag.

Josefus skriv:

Langs Genesaretsjøen strekker det seg et vidunderlig naturskjønt landskap med samme navn. Jorden er så fruktbar at det ikke er den plante som ikke kan vokse her, og innbyggerne dyrker da også alt mulig. Klimaet er slik at det passer for de forskjelligste slags vekster. Nøttetrær, som er spesielt avhengige av kjølige vintre, finnes her i store mengder, likeledes palmer, som trenger varme, og dessuten fiken- og oliventrær, som helst skal ha middeltemperatur. Man kunne kalle det naturens ærgjerrighet dette å tvinge gjennom en forening av motsetninger på ett sted og å skape sunn strid mellom årstidene, som prøver å overgå hverandre i å sette sitt preg på egnen. De spesielle klimatiske forhold medfører ikke bare at landet produserer en mengde forskjelligartede frukter, men også at sesongen varer så lenge. Vindruer og fiken, for å nevne noen av de edleste produktene, kan nemlig høstes kontinuerlig i 10 måneder, mens de øvrige modnes litt etter litt året rundt. I tillegg til ideell temperatur nyter landet godt av det næringsrike vannet fra en kilde som lokalbefolkningen kaller Kafernaum. Det er noen som har ment at denne er en gren av Nilen siden her finnes en fiskeart som ligner den i sjøen ved Aleksandria, nemlig korakinos (fotnote: en 50 cm lang sort, ålelignende fisk). Landskapet langs sjøen med samme navn har en lengde på 30 stadier og en bredde på 20. Det var alt om denne egnens naturlige beskaffenhet.

(Josefus: Den jødiske krig. Tredje bok. Kapittel X.8. Omsett frå gresk av Bente Lassen. Aschehoug. Oslo 2002)


Gennesaretsjøen

29/07/2012

Her ser du bilete av Gennesaretsjøen. Svært mange av evangelietekstane om Jesus kan lokaliserast til området langs den nordvestlege delen av denne innsjøen.

Sjøen ligg ca 200 meter under havet og dermed er den lågastliggjande ferskvatn-sjøen i verda. Den er 21 km lang og 11 km brei, og den er ikkje meir enn 43 meter djup på det djupaste.

Det er berre éin by ved sjøen; Tiberias som du ser som eit kvitt felt på vestsida like sør for der sjøen er breiast.

Det er brukt mange namn på sjøen i Bibelen. Det hebraiske namnet er Kinneret, og det blir ikkje omsett i GT (4. Mos 34,11; Josva 11,2 og 13,27). Det er Lukas (5,1) som nyttar namnet Gennesaretsjøen. Markus, Matteus og Johannes skriv Galileasjøen (Matt 4,18 og 15,29; Mark 1,16 og 7,31; Joh 6,1). Johannes brukar også namnet Tiberiassjøen (6,1). Her gjeld altså ordtaket «kjært barn har mange namn».

Dette er eitt av mange gode bilete på nettsida NASA Visible Earth. Eg har gjennom bloggen Wild Olive Shoot blitt klar over desse bileta.

Seth M Rodriquez skriv på bloggen:

As I was searching for pictures I could use on this blog, I ran across an interesting resource.  NASA has a website called «Visible Earth» where they post pictures taken by astronauts and «sensors» they have in orbit.  Within this large collection of pictures, there are several that are focused in on Israel and the Middle East.

Les meir og finn lenke til fleire interessante bilete her.

(Via BiblePlaces Blog)


Jesusbåten

16/11/2011

Eg syns det er flott å sjå den godt bevarte fiskebåten som er utstilt på museet  i Kibbutz Ginosar. Båten er funnen i Gennesaretsjøen og den er frå det første hundreåret.

Det er ingenting ved båten som knyter den spesielt til Jesus eller disiplane, men den er frå rett epoke og gjev meg eit godt inntrykk av kva slags båtar som blei nytta på Gennesaretsjøen på Jesu tid. Det at båten har fått namnet «Jesusbåten», har vel helst med kommersielle interesser å gjera.

Eg anbefalar gjerne spaltisten Wayne Stiles´ artikkel om båten i Jerusalem Post denne veka:

Sights and Insights: Not just any old shipwreck

An abandoned first-century boat found at Nof Ginosar remains one of the finest archaeological discoveries in Israel.

“The Kinneret will give us a treasure one day,” one brother told another. Turns out, he was right.

Les meir

Kinneret er det hebraiske namnet på Gennesaretsjøen. Det blir også ofte brukt i engelskspråkleg samanheng.

Sjå også Jesus Boat Official Website


%d bloggarar likar dette: