Sandvolley og St. Hans – bål

24/06/2005

St. Hans 2005

Det er ikkje grunnlag for å seia at eg er ein erfaren sandvolley-spelar. Men i kveld har eg gjort meg nokre erfaringar på dette området. Eg blei spurt om å stilla opp til ein sandvollykamp mellom eit prestelag og eit politikarlag på eit stort St. Hans-arrangement ved Stemmen på Kvernaland.

Eg skal passa meg for å kommentera kampen sjølv, det får andre gjera. Men resultatet må jo vera med; domaren (ordføraren i Klepp) blåste overraskande nok av kampen etter to sett. Då var stillinga 1 – 1 og han syntest sikkert det var eit greitt resultat!

Det var masse folk på arrangementet og veret kunne knapt vore betre. Arrangørar var Frøyland-Orstad kyrkjelyd og speidargruppene på Kvernaland og Orstad. Dei som er lokalkjende, veit at det går ei kommunegrense tvers gjennom dette bustadområdet, og at kyrkja nå er med og gjer noko nytt ved å oppretta eit sokn på tvers av denne grensa. Denne veka har forresten begge kommunestyrene endeleg vedteke finansieringa av kyrkja som skal byggjast. Bra!

Etter kampen reiste eg heim og tok ein dusj og gjekk etter kvart ned på arrangementet i Heiakrånå Vel. Gildt å vera saman med naboane våre og å sitja og prata ved bålet. Eg er heldig som bur i eit nabolag der folk kjenner kvarandre og bryr seg om kvarandre.


%d bloggarar likar dette: