Kyrkja si fredsbøn

17/05/2017

Allmektige, evige Gud, du som kan leia og bøya menneskehjarte, vi bed deg: Hjelp og styrk alle dei som i dag har det store ansvaret for fredssaka i verda. Ta i di mektige hand leiarane i nasjonane, vend hjarta deira til deg og gjev dei kraft i striden mot alt som vil forføra oss til det som vondt er.

Gjev fred på jorda, og hjelp di kyrkje til å fremja freden mellom folka. Vern vårt folk og våre heimar mot krig og splid, og lat oss byggja og bu i fridom og fred i dette kjære fedrelandet vårt som du har gjeve oss. Hjelp oss å tena deg med truskap og saman med alle folk på jorda å stå faste i striden mot det vonde, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.

Advertisements

%d bloggarar likar dette: