Langs Canal des Deux Mers

IMG_2846

Den første dagen av pilegrimsvandringa vår i 2016, gjekk me lenge langs den vakre Canal des Deux Mers. Her kan ein reisa med båt frå Middelhavet til Atlantarhavet, på eit system av elvar og kanalar som er bundne saman.

Kanalen frå Middelhavet til Garonne-elva ved Toulouse heiter Canal du Midi og blei bygd på 1600-talet. Den strekninga me gjekk langs, er nyare og den følgjer stort sett sett Garonne i retning mot Bordeaux nær Altantarhavet. Namnet Canal du Midi blir også brukt om heile kanalsystemet frå Middelhavet til Atlantarhavet, altså synonymt med Canal des Deux Mers.

CanalDuMidi map

Kart: Wikimedia Commons

Me følgte kanalen i ca 13 km vestover frå Moissac, ein liten by som ligg ved den grønne delen av kanalen på kartet. Turvegen langs kanalen var dessverre stort sett asfaltert, men me syns det var fint å gå her likevel. Det skjedde også heile tida noko på kanalen. På det neste bildet ser me på ein båt som ventar på å koma gjennom slusene. Det var mange blomsterkasser på denne båten, og mens dei venta her, gjekk mannen i land og plukka roser til kona.

IMG_2842

Den merka løypa GR 65 forlet kanalen nokre km og gjekk i eit kupert skogsterreng eit stykke unna. Men me fekk tips frå vertshuseigaren i Moissac om at dei fleste pilegrimane følgte kanalen også denne strekninga. Guideboka The Way of Saint James la også opp til at me burde gå slik.

Då me kom til landsbyen Malause, tok me ein liten avstikkar inn til sentrum for å kjøpa mat. Me har funne ut at plassen utanfor kyrkja er «sentrum» i franske landsbyar, så det er bare å peila seg inn på kyrkjetårnet. Her fann me heldigvis ein open landhandel og kjøpte brød og ost. Bildet viser kyrkjetårnet og krusifikset utanfor kyrkja.

IMG_2844

Me passerte fleire små slusar. Det siste bildet viser slusa ved Pommevic, rett før me skulle svinga av og forlata kanalen. Etter dette gjekk løypa sørvestover mot den historiske byen Auvillar, der me skulle overnatta.

Sjå også det oppsummerande notatet Pilegrimsvegen Via Podiensis i Frankrike, skrive etter at me hadde gått heilt fram til Saint-Jean-Pied-de-Port.

IMG_2849