Studietur til Assisi 2014

11/04/2014
Solnedgang, Assisi. Foto: Arne Berge 2014

Solnedgang, Assisi. Foto: Arne Berge 2014

Assisi er ein herleg liten by i Umbria i Italia. Her er det tronge gater og opne torg, mange kyrkjer og gode restaurantar. Byen er viktig på grunn av éin person: Frans av Assisi. Men denne eine personen er ikkje nokon kven som helst. Sjølv 800 år etter sin død er han ein viktig inspirasjonskjelde for kristne over heile verda. Han var opptatt av eit enkelt liv, av å leva som Jesus og ikkje minst å forkynna fred. I ei tid då korstoga prega store delar av kyrkja, gjekk Frans ein heilt annan veg.

Eg har nyleg vore på studietur til Assisi. Ti prestar på tur, det er ikkje å forakta. Me hadde det flott saman, opplevde mykje, lærte om Frans og hadde mange djupe og mindre djupe samtalar. Dei djupe handla ikkje minst om det å vera prest i dag.

Ein av dagane gjekk me opp bakkane til San Eremo-klosteret i fjellet ovanfor byen. Her fann Frans ein stille stad når han ville vera åleine.

Eg har lese litt om Frans i samband med turen. Meir skal det bli. Frans er ein fascinerande person som eg gjerne vil gjera meg meir kjent med.

Og bildet frå Assisi? Eg presterte å reisa utan kamera på denne turen. Det blei derfor med nokre få bilde tatt med mobilen, blant anna dette som er tatt like utanfor kyrkja Santa Chiara. Me hadde vore inne og sett på San Damiano-korset – som var viktig i den åndelege utviklinga til Frans – og kom ut til denne flotte solnedgangen.

Relatert notat: Cimabue: Frans av Assisi

 

Advertisements

Cimabue: Frans av Assisi

31/03/2014

Foto: Wikipedia Commons

Basilikaen som er reist over Frans av Assisi si grav, inneheld mykje flott kunst. Eg har nyleg kome heim frå ein studietur til Assisi, og besøka i basilikaen var blant høgdepunkta på turen.

Denne fresken, Maestà av Cimabue, er først og fremst interessant fordi kunstnaren har måla Frans inn i bildet, til høgre for hovudmotivet.

Cimabue (ca 1240-1302) måla fresken ca 1278-1280, det vil seia ca 50 år etter Frans» død i 1226.

Dei eldste bilda av Frans blei faktisk laga allereie på 1230-talet. Dette var ikon-aktige bilde med Frans i sentrum og småbilde av ulike scenar frå legendetradisjonen om han i felta rundt. Dei bilda som likevel har betydd mest i tradisjonen etter Frans, er Giotto sin kunst i den øvre delen av basilikaen. Desse blei måla omkring år 1300.

Cimabue sitt bilde av Frans er altså eldre enn Giotto sine bilde. Han har måla ein oppreist Frans med sårmerka hender og føter, som i dei eldre ikonane, inn i eit bilde med eit anna hovudmotiv.

Ein lett tilgjengeleg norsk tekst om dei eldste bilda av Frans, finn du i Tarald Rasmussen sitt innleiande essay i boka Frans av Assisi. Verdens hellige skrifter. Bokklubben 2005 (side XXI-XXIV). 

Notatet er oppdatert 15.10.2017

 


Frans av Assisi

04/10/2005

Oppdatering: Sjå også notata Studietur til Assisi 2014 og Cimabue: Frans av Assisi

I dag er det Frans av Assisi sin dag (4. oktober 2005). Det kunne vore utgangspunkt for ein lang artikkel. Det har eg ikkje tid til å skriva i kveld. Men nokre tankar og linkar knytta til Frans vil eg likevel ha med på bloggen i dag.

Frans er ein spennande person frå kyrkjehistoria. Trass i at han levde for 800 år sidan, er han ein person som framleis inspirerer kristne over heile verda med sitt budskap:

  • arbeid for fred
  • kjærleik til naturen
  • ideal om frivillig fattigdom
  • arbeid blant sjuke og fattige

Men i tillegg til denne «radikale» sida ved Frans, var han også radikal på ein annan måte; han var ein mann som ofte trekte seg tilbake frå andre for å vera åleine med Gud. Også i dette har han vore og er forbilde for mange.

Eg var i Assisi hausten 2001 på ein studietur for prestar i Stavanger bispedøme. Det var ein spesiell by å besøkja. Ikkje minst den store katedralen som blei bygd over Frans si grav kort tid etter hans død i 1226, gjorde sterkt inntrykk. På veggene og i taket er det malt flott kunst med scener frå Frans sitt liv. Men Assisi var framleis prega av eit jordskjelv som dessverre øydela mykje i 1997.

Her i Norge er han kanskje mest kjent for bøna som me kallar Frans av Assisis bøn. Bøna er ikkje skriven av Frans. Norsk Bønebok oppgir at den er skriven av ein anonym ca 1913. Men den er i alle høve ei bøn inspirert av hans liv og teneste. Eg tar derfor med bøna her, i ei nynorsk omsetjing som eg har funne i ei anna bønebok.

Herre, gjer meg til ein reiskap for din fred. Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar, tru der tvil råder, håp der det er angst og naud. Hjelp meg å få koma med tilgjeving der det er gjort urett, å skapa forsoning der det er strid, å spreia lys der det er mørke, å gje glede der sorg tyngjer.

Meister, hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøysta, ikkje så mykje å bli forstått som å forstå, ikkje så mykje å bli elska som å elska.

For det er ved å gje at vi får, ved å tilgje at vi blir tilgjevne, ved å missa vårt liv at vi finn det. Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.


%d bloggarar likar dette: