Møte med BridgeBuilders

07/08/2017

Forsoning. Respekt. Kjærleik. Kunnskap. Anerkjenning. Det finst unge som satsar på forsoning og som brukar slike ord i Israel og Palestina.

I dag reiste dei israelske og palestinske deltakarane på BridgeBuilders 2017-2018 heim frå den første delen av denne forsoningskonferansen. I påsken neste år skal dei samlast på nytt ein stad i Midt-Austen. Eg har hatt gleda av å møta dei før og etter sjølve konferansen som var på Furutangen i Ryfylke. Og eg har hatt ein leiar frå ei messiansk-jødisk forsamling buande heime hos meg nå i helga. Dagane har vore fylte av lange og interessante samtalar!

Deltakarne på konferansen er menneske som trur på Jesus og som dermed tilhøyrer minoritetar i dette konfliktfylte og komplekse samfunnet. Søndag hadde eg ein kristen palestinar og ein Jesus-truande jøde med på gudstenesta i Hillevåg kirke der eg var prest. Me las søndagens tekst på arabisk, hebraisk og norsk. Og dei to gjestane delte av opplevingar og erfaringar dei har med seg frå forsoningskonferansen. Dei la ikkje skjul på at dette hadde vore smertefullt, for her var vennskap bygd på tvers av konfliktfylte barrierer. Det var flott å høyra koss dei reflekterte omkring kva dette hadde gjort med dei. Dei andre deltakarane deltok på gudstenester i andre kyrkjer her i distriktet.

Søndag kveld blei denne delen av prosjektet avslutta med at heile gruppa deltok på eit møte i Bryne frikyrkje. Her fekk me høyra tilsvarande vitnemål frå eit par av dei andre deltakarane. Og den israelske leiaren talte over bibelteksten om Jesus og den samaritanske kvinna (Joh 4,3-26). Predikanten sa blant anna at det var mykje som skilte jødane og samaritanane, trass i at dei også hadde mykje felles. Ho sa at mens den samaritanske kvinna trakk fram barrierar knytt til kjønn, status, religion, etnisitet, teologi og nasjonalisme, var Jesus meir opptatt av å byggja bruer. Og han tilbaud faktisk ”fienden” levande vatn, det vil seia frelse.

Det er ikkje enkelt å driva freds- og forsoningsarbeid mellom israelarar og palestinarar, men her får ei lita og oversiktleg gruppe med deltakarar møta kvarandre og bli kjent på tvers av kulturelle og politiske skilje. Dei lærar å lytta til kvarandre sine forteljingar. Dei lærar å sjå kvarandre som søsken i trua på Jesus, til tross for alt som skil dei i kvardagen. Eg håper dei kan vera agentar for forandring i sine miljø når dei kjem heim.

Det kostar for desse menneska å delta på BridgeBuilders. Det er ikkje nødvendigvis populært i deira heimemiljø at dei har reist på ein forsoningskonferanse med folk frå «den andre sida». Det har sjølvsagt også vore krevjande for dei å gå inn i indre prosessar der fordommar blir utfordra. Eg syns det står respekt av desse unge som ønskjer å følga Jesus også på denne måten.

Les meir om BridgeBuilders.

 

Advertisements

%d bloggarar likar dette: