Berekraftig reiseliv, Nasaret

09/12/2013

Fauzi Azar Inn, NasaretEg har vore innom gjestehuset Fauzi Azar Inn fleire gonger dei siste to åra. Kvar gong blir eg slått av kor entusiastisk folka der fortel om betydninga som staden har fått i Nasaret.

Det spesielle gjestehuset blir drive i eit 200 år gamalt arabisk herskapshus.

Eg skreiv første gong om staden i notatet Nye opplevingar i Nasaret.

Nå har staden igjen fått positiv omtale, denne gong gjennom ein svensk/israelsk studie om kva betydning denne etableringa av har hatt i Nasaret.

How one business in Northern Israel becomes a global model for sustainable tourism

Sustainable tourism is a buzz-word being thrown around throughout the world when it comes to talking about new developments in the tourism industry. But far away from the images of eco-resorts being developed in the Amazon, in the city of Nazareth in northern Israel, famous as the hometown of Jesus, one Inn has had an impact on the local community which has now been named as a model case for community based sustainable tourism development in a joint research paper published by Israeli and Swedish academics.

The Fauzi Azar Inn, which was founded in 2005 by a Jewish tourism entrepreneur and a local Arab family, in Nazareth, Israel’s largest Arab city, was groundbreaking in the levels of cooperation between communities it created. However, the impact has gone far beyond just that. The Inn is set in the center of Nazareth’s Old City, an area which, at the time of opening had no tourist accommodation despite the city’s global reputation and its location just minutes from major Christian sites such as the Basilica of the Annunciation and Mary’s Well.

The opening of the Fauzi Azar Inn, in an Ottoman Mansion which was previously derelict and a breeding ground for drug dealers, first brought a trickle of tourists into the city. Over time, that trickle turned into a stream, and could now be described as a river. In fact, the flow of tourists into Nazareth’s Old City is so strong that alongside the FauziAzar are now five new guesthouses, fully owned and operated by local Nazarethites with the full support of the founder of the Fauzi Azar, Maoz Inon.

Les meir

Nå er Inger og eg sjølve eksempel på at det har skjedd noko med reiselivet i Nasaret. Fram til i fjor hadde me aldri sove i byen, bare vore innom på korte stopp for å sjå Bodskapskyrkja og Nazareth Village. I fjor sommar (2012) overnatta me to netter på Fauzi Azar Inn før vandringa på Jesus trail. Etter dette har eg kome tilbake til Nasaret fleire gonger, nå også for å overnatta. Det foreløpig siste opphaldet i byen var i haustferien, då Inger og eg var reiseleiarar for ei gruppe av venner og venners venner på pilegrimsvandring på Jesus trail.

Sjå gjestehuset si heimeside her.

Her er nokre fleire av bildene våre frå staden:

Fauzi Azar Inn, foto Berge 2012

Fauzi Azar Inn, foto Berge 2012

Den beskjedne inngangen til Fauzi Azar Inn, foto Berge 2012

Advertisements

Haaretz om Jesus trail

27/09/2012

Den israelske avisa Haaretz skriv i dag om Jesus trail og om Maoz Inon som eg traff på gjestehuset hans i Nasaret i sommar: The Gospel Tour, off the beaten track. Avisa legg stor vekt på Maoz» sine tankar om independent travel som alternativ til organisert reiseverksemd.

Les om mitt besøk hos Maoz her: Nye opplevingar i Nasaret.


Nye opplevingar i Nasaret

13/08/2012

Denne sommaren (2012) har eg opplevd Nasaret på ein ny og spennande måte. Inger og eg var der eit par dagar før me skulle leggja ut på vandring i Jesu fotspor frå Nasaret til Kapernaum.

Opphaldet blei ikkje minst prega av den spesielle staden der me budde; gjestehuset Fauzi Azar Inn som ligg midt i det livlige marknadsområdet (Souq’en) i Gamlebyen.

Fauzi Azar Inn er eit relativt nyetablert gjestehus (frå 2004) i eit gamalt arabisk herskapshus. Dette er verkeleg ein stad med særpreg og spesiell atmosfære.

Me fekk ein prat med Maoz Inon (biletet) som har bygd opp gjestehuset, og som også har vore sentral i tilrettelegginga av Jesus Trail. Han gav oss gode råd for vandringa som me skulle ut på dei neste dagane.

Her er eit utdrag frå gjestehuset si nettside:

The Fauzi Azar Inn is a 200-year-old Arab mansion turned guest house, offering both dormitory beds and private rooms in a unique old-world atmosphere. Hailed by Lonely Planet in 2010 as “one of the highlights of a stay in the Galilee” and “a great base for touring major sites of the Galilee,” the Fauzi’s style is intimate and relaxed, with a warm atmosphere where guests and staff can meet to share travel stories and tips.

(…) The Fauzi Azar Inn building is owned by the Azar family, renowned as one of the richest and most powerful families in the Galilee. Built in stone, in the 18th-century, today the Fauzi is a three-story building, incorporating several impressive features including a six-meter high, hand-painted ceiling, a Turkish marble floor, a magnificent main living area with panoramic views, and a courtyard decorated with elegant limestone arches.

Les meir

Gjestehuset inviterer kvar dag til ein 2-3 timars tur “off the beaten track” i Gamlebyen. Dette blei me sjølvsagt med på. Maoz starta med å gje ein kort versjon av historia til huset. Etterpå blei me ført ut på ein tur rundt i byen, leia av guiden Linda. Me fekk med oss mange opplevingar som reisande elles neppe ville finna fram til, slik som besøk i kaffibrenneri, snekkarverkstadar og kryddermøller. Turen gjekk også innom lokale småskala fredsprosjekt som samla folk på tvers av kulturelle og religiøse skilje. Me fekk eit første inntrykk (utan kjøpepress) av dei ulike stadane, – og invitasjon til å koma tilbake seinare på dagen.

Tidlegare har eg stort sett vore innom Nasaret på korte besøk med vekt på Bodskapskyrkja og Nazareth Village. Begge desse stadane er flotte å besøkja, men nå kunne eg på ein meir langsam måte oppleva meir av kva byen har å by på, både av kyrkjer, moskear, butikkar og spisestadar. Eg brukte sjølvsagt tid i Bodskapskyrkja, men eg besøkte også Synagogekyrkja (der tradisjonen seier at synagogen stod på Jesu tid, jfr Luk 4,16 ff) og Gabrielskyrkja (den gresk-ortodokse Bodskapskyrkja, som dei meiner er bygd over kjelda der Maria henta vatn).

Det beste kyrkjebesøket blei likevel besøket i Bodskapskyrkja, der eg har vore mange gonger før. Sidan eg nå budde i byen, kunne eg besøkja kyrkja i stilla etter at turistane hadde forlate byen. Det gav høve til ei god kveldsstund med ro til stille bøn og til å la tankane fara.


%d bloggarar likar dette: