Josef sitt esel

Adventsblogg 14. desember

IMG_2294
Eselet i julekrybba. Foto: Arne Berge 2019

Josef sitt esel har ein heilt naturleg plass blant figurane i julekrybba vår, sjølv om det ikkje er nemnt i bibelteksten om Jesu fødsel. Alle «veit» at Josef og Maria hadde eit esel då dei reiste frå Nasaret til Betlehem før fødselen.

Julekrybba er viktig heime hos oss nå i adventstida, og eg koser meg når barnebarna fascinert studerer krybba og alle figurane som høyrer med, – og leikar med dei.

IMG_2289
Stor aktivitet ved julekrybba. Foto: Arne Berge 2019

Detaljen med Josef sitt esel har me frå Jakobs protevangelium som eg skreiv om i forrige adventsblogg. Her står det om reisa frå Nasaret til Betlehem:

Og han salet på eselet og satte henne der. (Jakobs protevangelium 17, i Apokryfe evangelier. Verdens hellige skrifter. De norske bokklubbene 2001. Side 149)

Denne detaljen frå det apokryfe skriftet verkar ganske sannsynleg. Eg vel å tru at den gravide Maria fekk sitja på eselryggen då dei var undervegs til Betlehem. Josef sitt esel er også viktig i tradisjonen om flukta til Egypt, sjølv om det heller ikkje der er nemnt i bibelteksten (Matt 2,13-14).

IMG_0983
Esel i Kfar Nanokdim. Foto: Arne Berge 2011

Fortsatt god adventstid!

Palmesøndag: Jesus rir inn i Jerusalem

Jesu inntog i Jerusalem. Russisk-ortodoks ikon, 1400-talet.
Foto: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Entry_into_Jerusalem_(Annunciation_Cathedral_in_Moscow).jpg

Bibelhistoria om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel, er bakgrunnen for feiringa av palmesøndag. Folk møtte han med palmegreiner og hosiannarop då han rei frå Oljeberget og inn i byen. Dagen er i kristen tradisjon prega både av advent og pasjon, av forventning og liding. Les her om Palmesøndag.

Eselet viser oss Jesus som fredsfyrsten. Dette er ikkje eit nytt motiv i forkynninga; me finn det faktisk allereie hos Luther. Sjå notatet: Luther: Jesu inntog i Jerusalem.

Luther: Jesu inntog i Jerusalem

img_3756Bibelhistoria om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel er preiketekst i kyrkjene på første søndag i adventstida.

I forkynninga blir det ofte framheva at Jesus her viser seg som ein fredsfyrste ved ikkje å ri på ein stridshest, men på eit fredeleg esel.

Då Martin Luther preika over denne teksten for 500 år sidan, framheva han faktisk det same: at eselet var eit dyr som ikkje var avskrekkande. Det blei tvert imot brukt som ein hjelpar for menneska, det blei brukt til å bera og til å arbeida.

Denne helga begynner det nye kyrkjeåret 2016-2017. Dette året skal me markera at det er 500 år sidan reformasjonen. Eg fann denne veka fram Luther sine preiker for å sjå koss reformatoren – som blant anna var ein produktiv predikant – forkynte på første søndag i adventstida.

Som heilskap er den aktuelle preika ganske annleis den forkynninga som er idealet i Den norske kyrkja i dag. Det første eg la merke til, var likevel likskapen i omtalen av eselet. Det at eselet viser oss Jesus som fredsfyrsten, er altså ikkje eit nytt motiv; me finn det allereie hos Luther.

Her er det aktuelle avsnittet, på gamal dansk:

See, Han rider ikke paa en Stridshest, Han kommer ikke med glimrende Pragt og bydende Vælde, men paa et ustridbart Dyr, som kun bruges til at bære og arbeide, Menneskene til Hjælp, paa det Han kan give tilkjende, hvorlunde Han kommer, ikke for at skrække Menneskene, ei heller for at plage og undertrykke dem, men for at hjælpe dem, for at tage deres Byrde paa sig og bære den.

Grunnen til at eg siterer Luther på gamal dansk er mest for kuriositeten si skuld. Eg har to utgåver av preikene hans i bokhylla og her har eg henta teksten frå den eldste boka. Det har seg slik at eg tidlegare i år ved ei anledning fekk ei bokgåve «i staden for blomar»; ei utgåve av Luther sine preiker utgitt i Odense i 1854. Gåva blei ein fin opptakt til refomasjonsjubileet for meg.

Her er teksten på tittelbladet i boka (bildet):

Dr. Morten Luthers Kirke- og Huus-Postille. Forklaring over alle Søn- og Festdages Evangelier og Epistler. Oversat efter Benjamin Lindners tydske Samling. Ny fuldstændig Udgave, forøget med Morten Luthers Levnet og tretten Fasteprædikener.

For meg er det ei langt større oppleving å bla i den flotte og gamle boka enn i ei meir prosaisk utgåve frå Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn i 1968. Men rett skal vera rett, når det kom til å lesa den 14 sider lange preika, valde eg den nyare utgåva. Og når eg her gjengir sjølve bibelhistoria, vel eg Bibel 2011:

Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.» Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:

Sei til dotter Sion:
Sjå, kongen din kjem til deg,
audmjuk er han og rid på eit esel
og på folen til eit trekkdyr.


Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:

Hosianna, Davids son!
Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!


Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» (Matt 21,1-11)

Luther sin hovuddisposisjon ser ut til å vera

  1. Trua vår, om Kristi gjerning som er gitt som gåve til oss
  2. Gjerningane våre, om Kristi gjerning som forbilde for oss
  3. Den åndelege tydinga av denne forteljinga om Kristus

Med dette som utgangspunkt, held han ei omfattande preike der han går gjennom enkeltord og uttrykk i teksten og gir alt ei djupare tyding, – og forkynner på sin særprega måte og med sterke ord frelsa gjennom trua på Jesus Kristus.

Luther si 500 år gamle preike blei interessant lesing for meg. Den er henta frå ein heilt annan kulturell samanheng enn vår og er sjølvsagt formulert ut frå andre preikeideal enn dei eg har. Men lesinga sette igang mange tankar fram mot den første søndagen i adventstida. Eg ser fram til å lesa meir om og av Luther det neste året!