kategoriar
Kristendommens jødiske røter Paulus

Jervell om det jødiske folk

Det var ikke snakk om at jødene ble forkastet som Guds folk; de jødiske Kristus-troende var forankringspunktet for all senere misjon, så å si kjernegruppene i de kristne menighetene. (…) Paulus var en misjonær som ikke brøt med jødedommen, men som forkynte at hedningene kunne bli «lagt til» det jødiske folk.

Dette skriv professorane Halvor Moxnes og Turid Karlsen Seim om den nyleg avdøde NT-professoren Jacob Jervell (1925-2014) si forsking på forholdet mellom kristendom og jødedom.

Eg var ikkje klar over at Jervell argumenterte så tydeleg mot «erstatningsteologien»; tankegangen om at kyrkja har erstatta det jødiske folket som Guds folk. Det viser vel først og fremst at eg har lese relativt lite av Jervells teologiske produksjon.

Eg siterer eit par avsnitt frå artikkelen «Det overraskende evangeliet» (Vårt Land 06.03.2014, papirutgåva) av Moxnes og Karlsen Seim:

Jervells viktigste innsats i internasjonal forskning var hans nylesning av Apostelgjerningene og Lukasevangeliet, som førte til et nytt bilde av tidlig kristendom og forholdet til jødene. Det vanlige bildet var at den Jesus-troende menigheten erstattet jødene som Guds folk, siden de hadde avvist Jesus. Jervell gav her et uventet og originalt nytt bilde. Blant annet boken Luke and the People of God (1972) viser hvordan han fant en annen fremstilling i tekstene, av jøder som omvendte seg i store mengder. Det var ikke snakk om at jødene ble forkastet som Guds folk; de jødiske Kristus-troende var forankringspunktet for all senere misjon, så å si kjernegruppene i de kristne menighetene. Dermed ble også et nytt Paulus-bilde (The Unknown Paul, 1984); Paulus var en misjonær som ikke brøt med jødedommen, men som forkynte at hedningene kunne bli «lagt til» det jødiske folk. Jacob Jervell samlet resultatene av denne forskiningen i en monografi på engelsk og i en massiv kommentar til Apostelgjerningene i den prestisjetunge tyske Meyer-serien i 1998.

Da Jacob Jervell tok opp dette arbeidet på 1970 og -80 tallet ble det mye diskutert, særlig blant amerikanske forskere, og det var omstridt. Me de har vist seg å være forut for sin tid og peke fremover mot dominerende tolkningsretninger i dag. Nå er det bred enighet om at det ikke kom til et absolutt skille mellom jøder og kristne i det første århundre, kontaktene fortsatte mot det 3. århundret. Den såkalte «nye Paulus» forskningen har dessuten brutt med det «lutherske» bildet av Paulus med motsetningen mellom (jødisk) «lov» og «evangelium» og understreker at Paulus forble preget av sitt jødiske miljø. Denne forskningen har skapt et nytt klima i forholdet mellom jøder og kristne, og viser at også grunnforskning kan ha praktisk og aktuell betydning.

kategoriar
Antisemittisme Forkynning Kristendommens jødiske røter Notat til dagens tekst

Å bli tatt inn i Guds folk

Notat til søndagens tekst: Matt 8,5-13

Bibelteksten fortel om Jesu møte med ein «heidning» (i Bibelen betyr det ein som ikkje er jøde) som har ei enkel og tillitsfull tru. Jesus gir den utanlandske offiseren i Kapernaum denne attesten:

Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru.

Eg vil her ta med eit utdrag frå kommentaren til teksten i Luthersk Kirketidende nr 15/2012. Her skriv prost Even Borch om koss Jesus opnar gudsfellesskapet for oss som ikkje er jødar.

Det finst mykje usunn teologi om koss me som kristne skal sjå på jødane som Guds folk. Derfor siterer eg gjerne dette som eg meiner inneheld god teologi i enkel form.

Jesu møte med offiseren i Kapernaum er ei underforteljing, men samstundes ei forteljing der Jesus inkluderer dei som ikkje tilhøyrer Israelsfolket, i Guds rike.

(…)

Det andre fokuset i forteljinga, det at Jesus opnar gudsfellesskapet for andre enn jødar, er kan hende det viktigaste i teksten. Det er også det teologisk mest utfordrande. For samstundes med at Jesus opnar opp, så kjem han med sterk kritikk av arvingane til riket, Guds utvalde folk.

Gjennom historia veit vi at nettopp denne bibelteksten har vore brukt som grunnlag for  antijødiske eller antisemittiske teoriar. Også i dag har mange kyrkjer og teologar det ein gjerne kallar erstatningsteologi. Det vil seie at etter Jesu tid, er jødane forkasta som Guds eigedomsfolk og erstatta av den kristne kyrkja.

Dette temaet tar Paulus grundig opp i Romarbrevet. Hans forståing er tydeleg at jødane ikkje er forkasta som Guds folk, men at heidningane i Kristus blir innpoda i vintreet slik at dei på ein måte blir jødar. Den paulinske tanken harmonerar godt med måten Jesus omtaler himmelen: Der skal folk komme frå aust og frå vest og sitte til bords med dei jødiske patriarkane.

At det finst arvingar som blir kasta ut i mørket, er også eit faktum. Det understrekar det radikale i å vera med i Guds rike. Det er ei gåve du må ta imot i tru enten du er jøde eller heidning.

Og her er bibelteksten frå Matteusevangeliet kap. 8:

Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:6 «Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.»7 Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.» 8 «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt. 9 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.» 10 Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru. 11 Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. 12 Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» 13 Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.