Forrykande bibliotekopning

Lesarane av bloggen får akseptera at eg i kveld er relativt lokal og med styrke hevdar at Bryne er ein spennande kulturby.

Det nye Time bibliotek blei opna i dag (17.10.2010). Biblioteket inviterer til ei forrykande opningsveke. Begge arrangementa eg har vore på i dag, har samla mykje folk.

Men dermed er også den lokale vinklinga slutt. Høgdepunktet i dagens program var nemleg Edvard Hoem sitt foredrag om Bjørnson og Garborg. To store og samtidige (norske og europeiske) forfattarar som hadde mykje felles, men som likevel stod langt frå kvarandre, først og fremst på grunn av målsaka.

Hoem si skildring av kor nær kvarandre dei ei tid var, utan å møtast, og kor langt frå kvarandre dei stod seinare, framleis truleg utan å ha møtst, var fascinerande og samtidig skremmande. Kunne dei ha blitt forsona om dei hadde snakka saman, ansikt til ansikt?

Oppdatering:

Jærbladet siterer frå ei av helsingane ved opninga:

– Rogaland er bibliotekfylket i landet vårt. Dette biblioteket er prikken over i-en. Det er fantastisk å sjå ein slik aktivitet som i dag. Ved å satsa på biblioteket, satsar kommunen på framtida, på kunnskap, på kultur og på eiga befolkning, sa Svein Arne Tinnesand, leiar i Norsk bibliotekforening, frå talarstolen. (Les meir)

To store skattkammer

Dagens sitat:

«Barndommen og Bibelen er dei to store skattkammera i mitt liv, og det finst ei dør mellom dei. Barndommen er ein dimensjon inni oss som det vaksne mennesket kan ha tilgang til, og Bibelen er ei forunderleg verd som eg kan gå inn i enda ein gong.»

(Edvard Hoem i Kristusfigurasjonar, s 21)