Dua, symbol for Den heilage ande

03/06/2017

rc3b8d

Eg ønsker lesarane av bloggen god pinse med dette symbolet som eg har på stolaen på prestedrakta mi. I pinsen brukar me røde kyrkjetekstilar og helst symbol som kan knyttast til Den heilage ande. Symbolet på stolaen er ei due med korsforma glorie.

Kona mi, Inger, er tekstilkunstnar. Ho har designa stolaen, – og har vevd stoffet og brodert symbolet.

Dua blitt brukt som symbol for Den heilage ande i kunsten frå 500-talet. Når dua symboliserer Anden, kjem den ovanfrå og flyr nedover, og den har normalt ei korsmerka glorie rundt hovudet.

Den røde kyrkjeårsfargen symboliserer Den heilage ande (eld) og offer (blod). Den liturgiske fargen rødt blir brukt i pinsen, på martyrdagane og ved ordinasjon/vigsling.

Bakgrunnen for å bruka dua som symbol for Den heilage ande, finn me i bibelhistoria om Jesu dåp i Jordanelva:

Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. (Matt 3,16)

Dua var elles den einaste fuglen som blei brukt som offer i tempelet i Jerusalem. J. Ursin skriv at me dermed kan seia at dua ved Jesu dåp peiker framover mot Jesu død. Han viser her også til profetien om lammet i Jes 53,7 (Jesaia = Esaias i eldre bibelutgåver).

Sin spesielle og viktigste symbolske tydning fikk duen da Jesus ble døpt, og Ånden kom ned i en dues skikkelse. Denne hendelse er meget bemerkelsesverdig.

Vi har tidligere nevnt at et vanlig symbol for Kristus er lammet. Det vil også være kjent at lammet var det dyr som kanskje mest ble brukt i Israel til ofringer. Og det var nettopp dette bilde profeten brukte (Es. 53,7) da han forutsa Jesu lidelse.

Men det er kanskje mindre kjent at av fugler var duen den eneste som ble brukt til offer. Det er derfor betegnende at ved Jesu innvielse til Messias-gjerningen viste Ånden seg i en dues skikkelse, og Johannes sier like etter: «Se der Guds lam«. Begge disse dyrebilder peker i særlig grad på Jesu soningsdød. (J. Ursin: Kristne symboler, Oslo 1975, side 115f)

Ursin Kristne symboler

Oppdatering: Sjå info om Ingers stolaer her.

Advertisements

Bernini: Den heilage ande

23/05/2015
Foto: Wikimedia Commons

Foto: Wikimedia Commons

Det er pinse, og eg hentar fram eit av dei store verka til Bernini (1598-1680); Dove of the Holy Spirit i Peterskyrkja i Roma.

Me feirar den kristne pinsen fordi Gud er trufast og sender si ånd til oss. Kristen tru er nærvere, relasjon, kjærleik og tillit. Jesus sa: Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born (Joh 14,18). Derfor: God pinse!


%d bloggarar likar dette: