Den tyske Mariakyrkja, Jerusalem

01/05/2018
IMG_0861

Den tyske Mariakyrkja i Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

Restane etter den tyske Mariakyrkja ligg sentralt i det jødiske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Likevel er den så bortgøymt at få legg merke til den. Kva kan ein sjå på staden? Og kva veit me om denne kyrkja frå korsfarartida?

Først litt om bygningsrestane slik dei er å finna i dagens jødiske kvarter. Når ein går frå Hurvaplassen mot trappene ned til plassen framfor Vestmuren, passerer ein korsfarar-marknaden, deretter murane etter kyrkja og det tilhøyrande hospitalet i det ein går til høgre og ned trappene. Portalen til kyrkja ligg i Misgav Ladach Street. Kyrkjeruinen har dessverre vore avlåst dei fleste gongene eg har vore der. Det er likevel mogleg å sjå inn gjennom portalen og få eit tilsvarande inntrykk som på bildet. Ein ser då austover mot apsis der hovudaltaret stod. I rommet til høgre er det ei god informasjonstavle, som altså dessverre ikkje er synleg om ein ikkje kan gå inn portalen.

Ruinen etter hospitalet ligg sør for kyrkja og litt lågare i terrenget. Trappa ned mot Vestmuren går rundt denne ruinen. Det var også eit pilegrimshospits knytt til kyrkja og hospitalet, på nordsida av kyrkja, men det er ikkje noko igjen av denne bygningen.

Når eg nå skriv om staden, finn eg også fram det følgjande bildet som eg tok i 2011. Det må vera misvisande. Det er kyrkja, ikkje hospitset, som er best bevart og som ein her har framfor seg!

IMG_0863

Misvisande informasjon på staden. Foto: Arne Berge 2011

Historia til desse bygningane går tilbake til korsfarartida. På 1140-talet var det behov for eit tyskspråkleg senter for pilegrimar som ikkje kunne fransk, som var det rådande språket i korsfarerbyen. Tyske medlemar av Johannesordenen fekk då bygga dette senteret som altså bestod av kyrkje, hospital og hospits. Bygningane blei øydelagde då korsfararane tapte Jerusalem i 1187. Dei blei (delvis?) bygde opp igjen frå 1229 av dei teutoniske riddarane, ei uavhengig orden stifta i Akko i 1190, og denne ordenen dreiv staden fram til korsfararane mista makta i Jerusalem i 1244.

I nyare tid skal kyrkjeruinen ha blitt funnen av T. Drake i 1872 (Wikipedia 01.05.2018 her).

Dei tyske korsfararbygningane blir omtalte slik i ein samtidig tekst frå 1100-talet:

On the way down the same street, which goes to the gate by which one reaches the Temple, and on the right, is a cross street with a long portico. In this street is a hospital with a church, which has been newly built in honour of Saint Mary, and is called the House of the Germans. Few if any people of other tongue have anything good to say about it.

John of Würzburg

(Frå Murphy-O´Connor: The Holy Land. 4. ed. Oxford 1998. Side 76)

Advertisements

Vestmuren

19/07/2011

Jerusalems 10 på topp #3

Vestmuren kan kallast an icon of contemporary Jerusalem.

Det er Jerome Murphy-O’Connor som omtaler Vestmuren (eller «Klagemuren») slik i si oversikt over Jerusalems 10 på topp:

The Western Wall has become, along with the Dome of the Rock, an icon of contemporary Jerusalem. The bald wall face that mesmerizes tourists and pilgrims alike is in fact a small portion of the retaining wall built in the first century B.C. by King Herod to support the Temple Mount, a portion that for centuries had been the only one set aside for Jewish worship.

Biletet viser dimensjonane ved muren. Dei nederste delane (med størst steinar) er frå Jesu tid.

Staden er absolutt fascinerande for den som kjem dit som turist eller pilegrim. Og samtidig er det altså også ein stad som er i dagleg bruk, nærast som ein synagoge i friluft. For dei faste «brukarane» av staden er det bøn og lesing av heilage tekstar som står i sentrum.

Det første biletet viser eit utsnitt av den venstre og største delen av plassen framfor muren. Denne delen er bare open for gutar og menn. Jenter og kvinner kan koma inntil muren litt lenger til høgre. Det andre biletet viser gjerdet som skil mellom kjønna.

Vestmuren er ein stad der ein kjem tett innpå det jødiske Jerusalem. Samtidig er tempelplassen like over muren den mest symboltunge muslimske staden i byen. Forholdet mellom dei heilage stadane er med og gjer Jerusalem til ei vanskeleg og foreløpig uløyst gåte i ein framtidig fredsprosess i Midt-Austen.

Sjå også: Vestmuren / Klagemuren

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Det er forskaren og forfattaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista eg følgjer i serien. Vestmuren er rangert som nr 3.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Sjå meir stoff om Vestmuren her.


Det herodianske kvarteret

01/03/2010

Jerusalems 10 på topp #5

Under eit av dei moderne bygga i det jødiske kvarteret i Gamlebyen, ligg eit museum som viser fram dei arkeologiske utgravingane av seks luksushus frå herodiansk tid (37 f Kr – 70 e Kr). Her kan ein sjå denne flotte mosaikken, bordet og dei to steinkara.

The Palatial Mansion

Spesielt eitt av husa, The Palatial Mansion, skil seg ut. Dette er ein relativt godt bevart bygning på 600 kvadratmeter over to etasjar, blant anna  med ein stor mottakingshall og eit innebygd gardsrom. I tilknyting til bygget ligg The Peristyle Building, ein bygning som utmerkar seg med imponerande søyler som minnar om det som er funne i luksusvillaer i Pompeii og herodianske palass i Masada, Herodion og Jeriko. I kjellaren er det funne rituelle bad som viser at dei som budde her, la vekt på å følgja dei jødiske forskriftene.

Det herodianske kvarteret

Utgravingane av dei seks bygningane blir kalla Det herodianske kvarteret og er tilgjengeleg som Wohl Archaeological Museum. Du finn inngangen like ved Hurva Square.

Kven budde her?

Arkeologen Nahman Avigad var ansvarleg for utgravinga av området. Han meiner at The Mansion kan ha vore bustaden til ein rik øvsteprestleg familie eller ein av familiane i det sekulære aristokratiet i Jerusalem. Bargil Pixner har utfordra dette synet ved å hevda at arkeologane her har funne delar av Det hasmoneiske palasset der kong Herodes den store budde den første tida av regjeringstida si. Dette er eit omstridt synspunkt, men Pixner får støtte frå fleire fagfolk. Teorien er interessant, men eg tenkjer me bør vera forsiktige med ein slik identifikasjon før det evt kjem fram historisk eller arkeologisk kunnskap som gir sterkare støtte til teorien.

Jerusalems 10 på topp

Eg har funne fram ein uavslutta serie om Jerusalems 10 på topp og ser for meg at eg nå vil fullføra serien. Det er den kjende forskaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista som eg følgjer. Han har rangert Herodian Mansions som nr 5 på denne lista.

Relatert stoff (om det hasmoneiske palasset) her på bloggen: Notatet om Pilatus si borg.

Oppdatering: Serien er nå ferdig:


%d bloggarar likar dette: