Bibelhistorier: Jesu dåp

13/01/2016

Foto: Arne Berge 2012

Jesus blei døypt i Jordanelva av døyparen Johannes. Han opplevde sjølv at dette var noko som «måtte» skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til oppdraget hans.

Bildet er tatt på den tradisjonelle dåpsstaden nær Jeriko på Vestbreidda. Staden heiter Qasr al-Yahud på israelsk side og Al-Maghtas på jordansk side. Det er mogleg å gå ned til elva og vassa i det sterkt forureina vatnet, på begge sider av elva.

Her er historia slik den står i Evangeliet etter Matteus:

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Bibelhistoria fortel at Den heilage ande konkret kom over Jesus og at Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Éin måte å forstå bibeltekstane på, er at det bare var Jesus og Johannes som høyrde dette. Og at andre som var til stades, truleg bare såg dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde ikkje Guds røyst. Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Er det ein samanheng mellom denne dåpshandlinga og den kristne dåpen me har i kyrkja? Det er vanleg å seia at Jesu dåp peiker fram mot hans død og oppstode, mens vår dåp byggjer på Jesu død og oppstode.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. Det nye testamentet  gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Det er i dag (minst) to såkalla dåpssstadar i dette området; i tillegg til Qasr al-Yahud er det også ein stad som heiter Yardenit (som ligg rett sør for Gennesaretsjøen). Den israelske avisa Haaretz hadde i 2014 ein interessant artikkel om stadane.

Baptism in the River Jordan
Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water.

Av desse stadane har eg absolutt mest sans for Qasr al-Yahud. Staden er, som Haaretz påpeiker, meir autentisk (geografisk) og mindre kommersialisert enn Yardenit. Avisartikkelen legg elles vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skriv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av ein del kristne trussamfunn. Eg er redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. For meg betyr det meir å sjå på elva som stad for døyparen Johannes sin aktivitet og for Jesu dåp.

Hendinga er med i alle dei fire evangelia. Men me kan merka oss at evangelisten Johannes (altså ikkje døyparen), ikkje spesifikt nemner at Jesus blei døypt. Han er meir opptatt av at døyparen her peiker på kven Jesus er:

    29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.» (Joh 1,29-34)

Bibelhistoria om Jesu dåp er ein del av forteljingsteksten på 2. søndag i openberringstida (Matt 3,13-4,11). 

Relaterte notat:

Advertisements

Døypte Jesus og disiplane?

05/06/2012

Notat til søndagens tekst: Joh 3,26-30

Søndagens tekst er ein av to stadar i Johannesevangeliet der det står at Jesu disiplar (og kanskje også Jesus?) døypte i Judea, på tilsvarande vis som Døyparen Johannes gjorde det.

Dette er på ingen måte hovudpoenget i preiketeksten, men eg må innrømma at eg blir litt nysgjerrig når eg les dette.

Du finn dei to tekstane i Joh 3,22-26 og Joh 4,1-2. I den første av desse tekstane står det at Jesus var saman med disiplane sine og døypte. I den andre teksten står det at det eigentleg ikkje var Jesus sjølv som døypte, men disiplane hans.

Her gjengir truleg Evangeliet etter Johannes ein gamal tradisjon, som dei synoptiske evangelia ikkje har tatt med, om den første tida av Jesu offentlege gjerning. Dette kan vera frå tida like etter Jesu eigen dåp ved Døyparen Johannes, før han drog til Galilea for å konsentera seg om undervisning, forkynning og helbredande teneste (Matt 4,23).

Det som er viktig å halda klart, er at denne dåpen som Jesu disiplar (og kanskje også Jesus sjølv) ei tid praktiserte, ikkje er den same dåpen som den me har i den kristne kyrkja i dag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Johannes-dåpen (og dermed også denne dåpen som Jesus og/eller disiplane praktiserte i Judea) var ein omvendingsdåp eller bots-dåp som peika framover mot den frelsa som Jesus Messias kom med frå Gud.

Og her er dei aktuelle tekstane:

22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26 Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» (Joh 3,22-26)

1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.  2 No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. (Joh 4,1-2)


Leivningar etter Døyparen?

03/08/2010

Bulgarske arkeologar hevdar å ha funne leivningar etter Døyparen Johannes i eit kloster ved Svartehavskysten. Eg syns dette høyrest underleg ut. Sjå film om funnet her hos BBC.

(via Vårt Land)

Oppdatering 06.08.2010:

Eg har ikkje noko nært forhold til relikviar. Men når det blir «oppdaga» leivningar etter ein bibelsk person, syns eg det er interessant å prøva å setja meg inn i saka. Derfor syns eg den korte meldinga i Vårt Land og filmsnutten frå BBC eigentleg skapte fleire spørsmål enn svar.

Nå er det sjølvsagt skrive meir om saka, og via Biblicus Semitae kom eg fram til ein artikkel på Balkan Travellers (!) som fortel at «funnet» også har skapt bølgjer i Bulgaria. Her er eit utdrag:

Recent Archaeology Find of Alleged Remains of Saint John the Baptist Causes Controversy

The recent find near Sozopol is very nice and pleasant, but the results from the examination should be seen first, Bulgaria’s Minister of Culture Vezhdi Rashidov said yesterday, regarding the recent archaeological discovery of remains that were almost immediately announced to have belonged to Saint John the Baptist.

In addition, the hurried announcement has caused tension in Bulgaria’s archaeological circles.

(les meir)


Døyparen Johannes sin martyrdød

29/08/2008

I dag er det ifølgje kalendaren minnedag for døyparen Johannes sin martyrdød. Forteljingane om Johannes’ død er for det første interessant historisk stoff. Samtidig kan det minna oss om at det òg i vår tid er mange som lid og som ofrar livet for overtydinga si.

Eg syns dessutan det er interessant å plassera hendinga geografisk. Bibelen seier ikkje noko om staden der det skjedde, men andre kjelder lokaliserer dette til borga Makerus (eng: Machaerus) i øydemarka aust for Dødehavet (les meir)

Oppdatering 31.08.2008: Bloggen The Crescat har samla bilete av maleri med motivet Døyparen Johannes sin martyrdød. Spesielt har dette med hovudet på eit fat vore interessant for mange kunstnarar! (via En katolsk weblog).


Døyparen Johannes sin martyrdød

29/08/2006

I dag er det ifølgje kalendaren minnedag for døyparen Johannes sin martyrdød. Forteljingane om Johannes» død er for det første interessant historisk stoff. Samtidig kan det minna oss om at det òg i vår tid er mange som lid og som ofrar livet for overtydinga si.

Eg syns dessutan det er interessant å plassera hendinga geografisk. Bibelen seier ikkje noko om staden der det skjedde, men andre kjelder lokaliserer dette til borga Makerus (eng: Machaerus) i øydemarka aust for Dødehavet.

Døyparen Johannes er ein viktig person i starten av evangelieforteljingane. Han stod fram som forkynnar i øydemarka ca år 28-29, samla store folkemengder og døypte mange i Jordanelva og ved Betania på andre sida av Jordan. Dette var like før og i starten av Jesu offentlege verksemd. Men døyparen Johannes blei relativt raskt tatt til fange av landsfyrsten Herodes Antipas. Dette skjedde dels fordi fyrsten var uroleg for Johannes» si store innflyting på folket og dels fordi Johannes konkret kritiserte fyrsten og familien hans.

Herodes Antipas hadde tatt broren si kone, Herodias, og gifta seg med henne. Dette er for øvrig bare ein liten detalj i ein familie med svært innfløkte og uoversiktelege relasjonar («Herodes-dynastiet»). Då fyrsten feira bursdag, kom dotter til Herodias inn og dansa for gjestene. Dansen hennar fekk så mykje positiv merksemd at jubilanten der og då svor på at ho kunne be om kva ho ville, og ho skulle få det. Jenta gjekk då og spurte mora si om råd, og mora fekk henne til å be om døyparen Johannes sitt hovud på eit fat!

Kongen vart ille ved, men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, ville han ikkje seia nei til henne. Han sende straks ein bøddel i veg med bod om å henta hovudet til Johannes. Bøddelen gjekk og hogg hovudet av Johannes i fengselet. Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si. (Mark 6,26-28).

Historikaren Josefus skriv også om konflikten mellom døyparen og landsfyrsten. Han stadfestar biletet som NT gjev av at Johannes samla mange folk, at han forkynte og døypte og at Herodes Antipas tok han til fange og seinare blei ansvarleg for hans død. Men mens evangelia legg vekt på fyrsten sine personlege motiv for at Johannes blei drepen, legg Josefus vekt på dei politiske motiva som gjorde at døyparen hamna i fengselet.

Josefus fortel altså også at det skjedde på borga Makerus som låg i Perea, eit område aust for Dødehavet som på Jesu tid høyrde til landsfyrsten Herodes Antipas og som i dag ligg i Jordan.

«Da flere sluttet seg til folkemengden som omgav han – for de ble dypt grepet av ordene hans – ble Herodes skremt: en så sterk innflytelse over mennesker kunne føre til opprør. Folket syntes å være rede til å gjøre hva enn Johannes rådet dem til. Derfor mente Herodes at det måtte være bedre å slå til først og bli kvitt ham før noe opprør kunne utvikle seg. Han ville heller det enn selv havne i vanskeligheter og så beklage seg over at han ikke hadde handlet da opprøret begynte. Derfor ble Johannes brakt i lenger til Makerus på grunn av Herodes» mistenksomhet. Dette er den borgen vi tidligere har nevnt, og det var her han ble drept. Men jødene trodde at ødeleggelsen av Herodes» hær kom som hevn mot Herodes (for å ha henrettet Johannes), at Gud ville skade ham.» (Paul L. Maier: Josefus Hovedverk, s. 271-272)

Makerusborga var bygd av den hasmoneiske kongen Alexander Janneus (103-76 f.Kr.). Kong Herodes den store (37-4 f.Kr) bygde borga opp på nytt eit par generasjonar seinare. Denne Herodes (den store) er den harde kongen me kjenner frå forteljingane om Jesu fødsel. Han var far til Herodes Antipas som var landsfyrste i Galilea og Perea i heile den tida Jesus levde, og som altså var den som tok livet av døyparen Johannes.

Det er blitt hevda at Josefus» lokalisering av hendinga neppe kan vera korrekt. Argumentasjonen går då på at Herodes Antipas ikkje ville ha feira bursdagen sin i Makerus fordi det var ein festning og fordi staden låg i utkanten av landområdet hans, langt frå Galilea. Alternativet som blir framheva er at dette heller må ha skjedd i palasset i Tiberias, hovudstaden han hadde bygd opp ved Gennesaretsjøen. Men borga Makerus var nok mykje meir enn ei festning, – det var også eit palass der i borga. Og borga var nærare Jerusalem enn resten av Herodes Antipas sitt rike. Så det er slett ikkje utenkjeleg at fyrsten var på Makerus då han inviterte gjestar til denne feiringa. Ei feiring som enda opp med halshogging og eit makabert opptrinn: Johannes sitt hovud på eit fat.

Jesus tenkte kanskje blant anna på døyparen Johannes då han seinare underviste slik:

Sæle dei som er fattige i si ånd,
himmelriket er deira.

Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.

Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.

Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.

Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.

Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.

Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.

Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.

Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen! Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
(Matt 5,3-12)


%d bloggarar likar dette: