Helsing frå biskop Thomas

Å forene tilgivelse og rettferdighet er en stor og vanskelig oppgave, men vi er forpliktet på den kjærligheten som aldri svikter.

Det gjer inntrykk når desse orda kjem i ei helsing frå kyrkja i Egypt. Denne søndagen er ein internasjonal solidaritetsdag for kristne som blir forfølgde for trua si. Eg tar med heile helsinga frå biskop Thomas. Han er ein uredd talsmann for forfølgde kristne i den koptiske kyrkja.

Kjære venner

Takk for at dere er med oss i vår vanskelige tid. Vi vandrer gjennom en mørk tunnel av vold. Vi fortviler over død og urettferdighet. Tilgivelsens lys skinner med en smertefull kjærlighet. Å forene tilgivelse og rettferdighet er en stor og vanskelig oppgave, men vi er forpliktet på den kjærligheten som aldri svikter.

Vi er hardt presset fra alle kanter. Vi er presset, men ikke knekket, rådville, men ikke rådløse, forfulgt, men ikke forlatt, slått ned, men ikke slått ut. Vi mister ikke motet og fortsetter å arbeide for rettferdighet. Vi fortsetter å elske og å tilgi, slik at Guds fred kan omslutte alle hjerter.

Vi fortsetter å gi helbredelse og hjelp til de uskyldige ofrene. Og vi fortsetter å be for ofrene, for overgriperne og for en bedre fremtid.

Takk til dere alle for deres kjærlighet, omsorg, ord og handlinger for å forene rettferdighet og tilgivelse.

Biskop Thomas, oktober 2011.  Les meir

Sjå også nettsida International Day of Prayer for the persecuted church.

I Norge er det to organisasjonar som arbeider spesielt med dette:

Koptisk frykt etter nyttår

– og ei oppfordring til forbøn for den koptiske kyrkja

Den kristne minoriteten i Egypt lever i frykt. Terroren nyttårsaftan har gjort situasjonen deira enda verre. Den koptiske kyrkja feirar jul 6. januar, og dei kristne er nå svært usikre på korleis feiringa vil bli.

Biskop Thomas, som eg fleire gonger tidlegare har nemnt her på bloggen (her), meiner at dei kristne er sterke og at dei til tross for den vanskelege situasjonen, vil møta fram på gudstenestene i julehøgtida. Han fortel at kyrkjene er beskytta av politi, men at dei kristne likevel er svært usikre på kva som kan skje.

Vårt Land skriv:

Biskop Thomas i den koptiske kirken i Egypt sier mange koptere frykter nye voldsangrep mot kristne i landet under den ortodokse julefeiringen som starter torsdag 6. januar om kvelden.

– Mange er redde for at noe skal skje. Vi ber om at det ikke skjer noe, sier Thomas til Vårt Land på telefon fra sitt bispedømme i ElQussia i det sørlige Egypt.

Rundt alle kirker, også i hans bispedømme, og ved hans retreat- og konferansested Anafora midt mellom Kairo og Aleksandria, er det politi som beskytter etter terroren i Aleksandria nyttårsdag. 21 mennesker ble drept.

Les meir

Det er sjølvsagt flott at det egyptiske politiet vil beskytta dei kristne i landet mot terror. Dei kristne demonstrantane hevdar på si side at politiet sin innsats skulle vore mykje større i denne situasjonen.

Det er likevel viktig å peika på at dette ikkje er ein situasjon som kan løysast med meir politi. Aftenbladet skreiv om dette på leiarplass i går og avslutta slik:

Problemet kan ikkje løysast med politi og militærmakt, men med ein kraftfull innsats for å løysa problema som gjer kristne og andre til syndebukkar. Og det hastar. (Stavanger Aftenblad, papirutgåva 03.01.2011)

I dag har norske kyrkjeleiarar saman gått ut og oppfordra til forbøn for situasjonen i Egypt:

Etter terroraksjonen ved Al Qiddissin-kirken i Alexandria nyttårsaften, der mer enn 20 kirkegjengere mistet livet og mange flere ble hardt skadd, kjenner vi på forferdelse og vantro over det grusomme som har skjedd. Vi oppfordrer alle menigheter i Norge til å be for våre kristne søsken i Egypt som torsdag 6. januar starter sin julefeiring.

Førstkommende søndag vil vi be for de pårørende og familiene til dem som er rammet av denne tragedien. Be også om beskyttelse og trosfrihet for de kristne i Egypt, og om at ekstremister ikke skal få ødelegge for fredelig sameksistens mellom kristne og muslimer.

Les meir

Opplæring i koptisk språk

Koptisk var eit levande daglegspråk blant koptarane (dei kristne i Egypt) i alle høve i perioden ca 200-1100. Språket er framleis levande som eit liturgisk språk i den koptisk-ortodokse kyrkja. Nå viser det seg at det er interesse blant unge koptarar for å læra språket betre så dei kan ha ein vidare bruk av det. Det handlar om røter.

På Anastasia Training Center, grunnlagt av biskop Thomas, får unge egyptiske kristne nå opplæring i koptisk språk og kultur.

Fader Iostos er språklærar på Anastasia. Han fortel:

– Jeg begynner alltid undervisningen med å spørre elevene om hvorfor de ønsker å lære mer om det koptiske språket. Mange svarer at de føler at arabisk ikke er deres eget språk. Siden koptisk er i bruk under gudstjenesten, vil mange lære mer. Dette handler om identitet og røtter. Vi opplever at stadig flere unge koptere ønsker å lære mer om sin egen historie, sier Fader Iostos ivrig. Kurset som pågår mens jeg besøker Anastasia, er for viderekomne. Disse studentene arbeider som frivillige lærere i sine egne kirker i El-Qussia. Den koptiske kirken har en sterk søndagsskolebevegelse, og studentene som er her nå, ønsker å utvikle materiell som kan benyttes i undervisning av barn. (Les meir)

Det er Norsk misjon i øst som skriv om dette på nettsida Sammen for de forfulgte. Artikkelen stod også i ei spesialutgåve av Ropet fra øst som kom i postkassa denne veka.

Anastasia ligg på same området som Anafora, i ørkenen mellom Kairo og Aleksandria. Eg overnatta på Anastasia då eg besøkte Anafora i 2008. Staden var då under oppbygging.

Biskop Thomas frå Egypt

Biskop Thomas, foto ved NMIOEg møtte den koptisk-ortodokse biskop Thomas då eg var på studietur til Egypt i fjor. Han var ein utruleg spennande mann som eg fekk stor respekt for. Då eg kom heim, skreiv eg slik her på bloggen:

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest for meg når eg nå ser tilbake på turen. Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft.       (Les meir)

Biskop Thomas kjem hit til Rogaland i perioden 8.-13. september 2009.  Eg vil anbefala lesarar som bur her i distriktet, å koma på ei eller fleire av samlingane der han skal delta. Tysdag 8. september kl 19.30 kan du møta han på kulturkveld i Bryne kyrkje. Dei andre kveldane den veka deltar han på tilsvarande samlingar i andre kyrkjer i distriktet.

Les om besøket (og sjå heile programmet) på Stavanger bispedømme si heimeside, der han blir omtalt som «en sterk og visjonær kirkeleder for den koptisk-kristne befolkningen i Egypt»:

På fire Egypt-kvelder vil biskop Thomas dele sine tanker om hva det vil si å følge Jesus Kristus og fortelle om situasjonen i Egypt.

Biskopen ble først utdannet som veterinær og senere psykolog, men ble munk i 1983 og presteviet i 1987. Året etter, 31 år gammel, ble han vigslet til biskop for El-Qussia og Mair i øvre Egypt. Under stor personlig risiko har han gjennom disse årene kjempet for religionsfrihet og menneskerettighetene i sitt hjemland. (Les meir)

Turen til Egypt

Eg har i dag (21.01.2008) sett gjennom bileta mine frå studieturen til Egypt. Eg sit igjen med mange gode minne og nokre gode bilete. Eg vil nå prøva å gje ei oversikt over noko av det eg har opplevd.

Turen 1Programmet dei første dagane var knytt til det gamle Egypt. Og her kjem verkeleg ordet gamal til sin fulle rett. Det dreier seg om 5000 års kulturhistorie! Her er ei slik mengde med arkeologiske utgravingar at det i denne samanhengen sjølvsagt bare blei snakk om ei innføring i stoffet.

Dette er historie eg har høyrt om sidan eg var liten, og det var rett og slett ei utruleg flott oppleving å koma dit og få sjå nokre av funna og bygningane.  Me besøkte gamle graver med fantastiske relieff frå dagleglivet, imponerande pyramidar i Sakkara og Giza og sjølvsagt den spesielle Sfinxen (biletet). Dessutan hadde me omvisning på det egyptiske museet med vekt på funna frå Tut-ankh-Amon si grav.

Turen 2Dei neste dagane var knytt til det muslimske Egypt. Kairo er byen med 1000 moskear og med ein svært sentral posisjon i den islamske verda i dag. Gjennom forelesingar, byvandringar og moskebesøk lærte me om den muslimske historia i Egypt, om muslimsk arkitektur og om ulike mosketypar. Biletet er frå Sultan Hasan-moskeen.

Dessutan møtte me dagens islam f eks gjennom besøk og samtale i Al-Azharmoskeen som blir rekna som det viktigaste teologiske senteret for sunnimuslimane. Ei oppvisning med intens sufidans stod forresten også på programmet!

Hovudinnhaldet i turen var likevel å bli kjent med det kristne Egypt. Det er ca 10 % kristne i landet. Dei fleste høyrer til den koptisk-ortodokse kyrkja (koptisk = egyptisk), mens ein mindre del høyrer til forskjellige katolske eller evangeliske kyrkjesamfunn.

Turen 3Dette blei verkeleg eit inspirerande møte med eit livskraftig kyrkjeliv, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Det historiske blei ivaretatt gjennom besøk i fleire gamle kyrkjer og stadar med stor tyding for den lokale kristne tradisjonen. Dei som kjenner meg, veit at eg syns dette er svært interessant. Biletet viser fasaden i Mu’allaqa-kyrkja, kanskje den viktigaste av dei historiske kyrkjene i Kairo.

Me fekk også eit glimt inn i noko som gjorde uutsletteleg inntrykk; livet i Søppelbyen der fattige menneske bokstavleg talt lever og arbeider i søppelet. Mange av desse er kristne, og me fekk høyra om arbeidet som blir drive for dette folket i dei spesielle Holekyrkjene i området.

På flyet heim sat eg og tenkte på det eg hadde høyrt om søndagsskulerørsla som gjennom det 20. hundreåret har fornya den koptiske kyrkja radikalt. Plutseleg såg eg ein inspirerande parallell til vår trusopplæringsreform! Søndagsskulane deira har verkeleg nådd ut til breidda av den kristne befolkninga, i alle aldrar. I dag sit det barn av søndagsskulen i alle dei leiande stillingane i kyrkja. Og sjølv om dei er svartkledde og gamle, er dei framleis opptatt av barn og unge sin plass i kyrkjelivet! Ein biskop me besøkte, biskop Youannes, sa det slik: «Ei kyrkje utan ungdom er ei kyrkje utan håp. Ein ungdom utan kyrkje er ein ungdom utan håp.»

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest for meg når eg nå ser tilbake på turen.  Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft. Me får besøk av han i Stavanger bispedøme i september 2008. Det gleder eg meg til.

Oppdatering: Interessa for Egypt etter denne studieturen har ført til nokre notat her på bloggen. Sjå kategorien Egypt.