Stikkpengar

Eg skreiv for eit par år sidan om kor vanskeleg det var for Bibelselskapet å finna eit godt nynorsk ord som kunne tilsvara bokmålsordet bestikkelser i arbeidet med Bibel 2011, sjå notatet Muter.

Notatet inneheld også ein lang og interessant kommentar frå bibelomsetjar Anders Aschim.

Nå er den nye Bibelen komen. Bibelselskapet har funne eit brukbart ord (som ikkje var nemnt blant alternativa i 2009): stikkpengar.

Eg er veldig glad for at ein ikkje heldt på ordet muter, slik det var foreslått i prøveteksten frå 2009. Den teksten eg har brukt som eksempel på problematikken, er nå formulert slik:

Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot stikkpengar, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett. (5 Mos. 16,19)

Alfabetsalmar i Bibel 2011

I den nye bibelomsetjinga finn me nokre poetiske tekstar der det er markert at teksten eigentleg følgjer det hebraiske alfabetet. Eg syns det er flott at dette nå er gjort synleg i Bibel 2011. På den måten kan alle bibellesarar få eit lite innblikk i éi av formene i hebraisk poesi.

Dette dreier seg om såkalla alfabetsalmar. Dei er bygde opp omkring dei 22 konsonantane i det hebraiske alfabetet. Det betyr at første verslinje (evt første strofe) begynner med Alef, som er den første bokstaven i det hebraiske alfabetet. Neste verslinje begynner med Bet, som er neste bokstav i alfabetet osv.

I Bibel 2011 dette markert med at dei hebraiske bokstavane er tatt med framfor versa i Salme 25, 34, 37, 111, 112, 119, 145 og i Klagesongane 1-4.  Det er ein kort omtale av fenomenet i den forklarande noten til Sal 25,1 og i forklaringane bak i Bibelen under oppslagsordet Poetiske bøker.

Den lange Salme 119 er truleg den mest kunstferdig oppbygde alfabetsalmen. Den inneheld på hebraisk først åtte verslinjer som begynner med Alef, deretter åtte verslinjer som begynner med Bet osv. Slik består salmen av 8 x 22 verslinjer og dette utgjer altså dei 176 versa i salmen.

Teksten i Sal 145,13b, som begynner med den hebraiske bokstaven Nun, er interessant. Dette er eit av dei små tekstavsnitta som er henta frå Dødehavsrullane og som altså er med i Bibelen for første gong nå i Bibel 2011:

HERREN er påliteleg i alt han seier, trufast i alt han gjer.

Her har den tidlegare kjente hebraiske teksten mangla den verslinja som skulle begynna på Nun. Så blei altså den ukjente tekstlinja funnen i Salmerullen frå Qumran.

På tilsvarande vis manglar for eksempel verslinja som skulle begynt med Waw i Salme 34 (mellom vers 6 og 7). Kanskje blir det ein gong funnen ein gamal tekstrull som har med dette bibelverset også?

Det kan også nemnast at det finst fleire enn dei sju nemnte salmane som er skrivne som alfabetsalmar utan at det er markert i den norske Bibelen. Dette gjeld f eks Sal 9-10. Eg reknar med at markeringa her er utelaten fordi den poetiske forma ikkje ser ut til å vera fullstendig bevart i den hebraiske grunnteksten.

Alfabetsalmen som poetisk form er ikkje ukjent for den som har studert teologi og som har arbeidd med den hebraiske grunnteksten. Forma er tydeleg markert i hebraiske tekstutgåver, f eks i Biblia Hebraica Stuttgartensia som eg har nytta når eg har skrive dette.  For meg blei likevel møtet med dei hebraiske bokstavane i min nye norske Bibel utgangspunkt for ein interessant repetisjon omkring denne hebraiske poesien.

(Oppdatert 25.11.2011)

Om å æra Gud på nynorsk

Notat til dagens tekst: Joh 15,1-8

Første del av vers 8 blir ulikt omsett på nynorsk og bokmål i Bibel 2011:

Nynorsk: For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Bokmål: For ved dette blir min Far æret, at dere bærer mye frukt og blir mine disipler.

Det ville vore fullt mogleg å skriva «For ved dette blir Far min æra …» på nynorsk. Eg meiner faktisk dette er eit uttrykk som ville fungera like godt på nynorsk som på bokmål. Likevel har altså Bibelselskapet valt ei langt tyngre formulering ved å nytta ordet herlegdomsglans.

Det er omsetjinga av det greske ordet ἐδοξάσθη det dreier seg om. Det kan hende den nynorske omsetjinga får fram meir av innhaldet i dette ordet. Det er likevel vanskeleg å forstå logikken i at dei to norske målformene skal ha så ulik valør i den same Bibelutgåva.

Er det nokon som kan hjelpa meg til å forstå Bibelselskapet sin tankegang?

Lysta til alltid å eiga meir

Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.

Dette er eit sitat frå Jesus, henta frå denne søndagens preiketekst. Eg kjenner at dette er utfordrande, for det er lett å bli prega av denne lysta. Det er vel rett å seia at Jesus utfordrar heile vår vestlege kultur med dette enkle utsagnet. Les gjerne heile teksten i Luk 12,13-21.

Dette sitatet gir oss også eit godt eksempel på koss bibelspråket utviklar seg. Her har eg sitert frå den nyaste omsetjinga til Det Norske Bibelselskap, Bibel 2011. Her har me «mista» eit av dei litt spesielle orda som finst i eldre bibelutgåver: havesykje.

Den følgjande lista med ulike formuleringar viser koss Bibelselskapet har omsett uttrykket dei siste hundre åra.

  • 1930 (bm): Se til og ta eder i vare for all havesyke!
  • 1938 (nn): Sjå og tak dykk i vare for all havesykja!
  • 1959, ungdomsoversettelsen av NT (bm): Se til at dere passer dere for gjerrighet!
  • 1978/1985 (bm): Pass dere for pengebegjær!
  • 1978/1985 (nn): Ta dykk i vare for all havesykje!
  • 2003, NTR, prøveutgave av Lukas (bm): Ta dere i vare for all slags grådighet!
  • 2003, NTR, prøveutgåve av Lukas (nn): Ta dykk i vare for all eigesjuke!
  • 2011 (bm): Ta dere i vare for all slags grådighet!
  • 2011 (nn): Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir!

Det er det greske uttrykket ἀπὸ πάσης πλεονεξίας som blir omsett på alle desse måtane. Sjølv om dei nyaste utgåvene ikkje får fram at dette kan dreia seg om ein sjukdom, syns eg (som vanleg) at bibelomsetjarane har gjort ein god jobb i 2011-utgåva. Eg legg forresten merke til at det har skjedd ei endring i siste liten i nynorskutgåva, ved at teksten er endra frå prøveutgåva til den endelege utgåva.

Lista over ulike omsetjingar av uttrykket viser faktisk også den utviklinga eg sjølv har opplevd når det gjeld bibelspråket. Då eg var konfirmant i 1971 fekk eg Bibel med 1930-omsetjinga i gåve av fadrane mine. I dag nyttar eg Bibel 2011.

Alle omsetjingane, unntatt omsetjinga frå 1959, er henta frå bibelen.no. Den nynorske ungdomsomsetjinga frå 1961 har eg ikkje funne, verken på nettet eller i bokhylla mi.

Oppdatering: Dette var først skrive før Bibel 2011 var ferdig, men det fanst eit foreløpig NT frå 2005, som eg brukte i åra 2005-2011. Det var ingen endringar i dette bibelverset frå NT 2005 til Bibel 2011. Eg har nå oppdatert notatet slik at det omtalar nyaste utgåve som Bibel 2011.

Om bibelomsetjing

Bibelselskapet si nettside ligg det ein innhaldsrik og interessant artikkel om Fadervår – kildene, tradisjonen og formidlingen.

Artikkelen er sett saman av fleire ulike delar:

  • Fra bibeloversetterens verksted. Fadervår, Herrens bønn. Hentet fra oppslagsdelen til Det nye testamentet 2005
  • Å omsetja Fadervår. Artikkel av bibelomsetjar Hans Johan Sagrusten, tidlegare publisert i Ung Teologi (teologisk tidsskrift utgjeve av studentane på MF)
  • Fadervår 1550-2005
  • Å be Fader vår i dag. Tekstmeditasjon ved Hans-Olav Mørk

Eg tar med eit avsnitt frå artikkel til Sagrusten:

Vi kan samanlikne det å omsetja Bibelen med å forvalte ein slektsgard: Ansvaret går frå generasjon til generasjon. Sonen tek over garden frå far sin, med dei bygningane og den reiskapen som er på garden. Ansvaret er stort – mange generasjonar har arbeidd med denne jorda før han.
Tenk om sonen etter 30 år gav garden vidare med orda «eg har ikkje endra på ein einaste ting!» Viss garden hadde dei same husa, den same traktoren, den same slåmaskina og same driftsmåten som da han tok over, ville han i røynda gje vidare ein gard med sterkt forringa verdi.
Sjølvsagt ville det framleis vera den same jorda. Men reiskapen ein treng for å gjera seg nytte av jorda, ville vera håplaust forelda. For på ein gard må kvar generasjon investere i nytt utstyr for at verdien på garden skal vera like stor. Nye tider stiller nye krav til reiskapen og bygningane på garden.
Slik er det òg med Bibelen. Vi forvaltar det same verdifulle jordsmonnet som generasjonane før oss, men må investere i ny reiskap for å gjera oss nytte av den store spirekrafta som ligg der. Der odelsguten byter ut den gamle traktoren med ein ny, investerer bibelomsetjaren i nye ord som kan formidle det teksta seier. Og der odelsguten byggjer ny driftsbygning, byggjer bibelomsetjaren nye setningar som menneske i dag skjønar.
Og paradokset for både bonden og bibelomsetjaren er: For å gje vidare det same som vi tok over frå generasjonane før oss, må vi endre på det! (les meir)

Skartveit om bibelspråket

Andreas Skartveit har i dag ein kommentar i Stavanger Aftenblad der han skriv om den betydninga Bibelen har som grunnlag for språket. Som vanleg kjem han med interessante refleksjonar. Han har lese boka Svenskhetens Historia av Göran Hägg, som tydeleg har gjeve han ein del innspel frå svensk språkhistorie, vidare skriv han om Vulgata og om King James Version.

Når det gjeld King James, har eg aldri kome på at den skulle ha «kanskje det vakraste bibelspråket som er laga». Kanskje det er eg som ikkje har auge å sjå med? Men han har fått med seg at denne bibelutgåva, som tekst, er svært mangelfull, då den ikkje byggjer på eit vitskapleg arbeid med å finna den best moglege grunnteksten.

Eg siterer frå avslutninga av kommentaren, der Skartveit også trekk inn nynorsken som bibelspråk:

Om bibelen har tapt posisjon i vår sekulære verd, så lever han vidare, i kunst, språk og historie, ofte på uventa vis. Det kan kanskje vere på sin plass å minne om det når vi akkurat har fått den første biografien om filologen, bibelomsetjaren og salmediktaren Elias Blix.

Vi og vårt bibelspråk har ei anna historie enn svenskane. Vårt bibelspråk var dansk då det svenske språket vart til. Hos oss hende det lite før Ivar Aasen. Så fekk vi vår målrørsle, som vi er åleine om i Norden. Og kanskje det var i kyrkja, med bibelspråket og salmane, at målrørsla henta dei største sigrane. Sjølv har eg site i ei Oslokyrkje 17. mai der vi song tre nynorsksongar. Slik skulle det vere, og eg trur kanskje eg var den einaste som la merke til det.

Då Bodø-Glimt spela cupfinale på Ullevål, song publikum unisont «Å eg veit meg eit land». Som på Wembley: «Abide with me». Elias Blix i fotballfinale på Oslo vestkant. Det er språkhistorie, bibelspråkhistorie og salmespråkhistore, for å vere nøyaktig. Kort sagt: Historie.

Eg sender samtidig ein gratulasjon til Anders på BlixBlog for enda ein positiv omtale av Blixbiografien.