kategoriar
Familien Kristen spiritualitet Kyrkjehistorie Slektshistorie

Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan

6a00d8341cb87053ef00e54f27bcbd8834-640wi

Dette biletet fortel ei historie som eg syns fortener å koma fram. Me ser her «Gabriel Olsens bibelklasse» på Storhaug i Stavanger ca 1927. Gabriel Olsen, som sit midt i biletet på fremste rad, samla denne ungdomsgruppa i heimen sin kvar laurdag kveld!

Faren min, Trygve Berge (1912-2001), gjekk i bibelklassen. Han står lengst til venstre i den midterste rekka. Han fortalde meg fleire gonger om at han hadde gått i bibelklassen då han var ungdom, og han omtalte alltid Gabriel Olsen med stor respekt.

Biletet har kome fram fordi eg denne våren har vore med og rydda i papir, bilete og mykje anna etter at mor døydde i vinter (2007).