Bergetreff 2008

16/06/2008

Bergjebakken, malt av Olav Gaudesen VignesHer står eg, saman med Harald Gunnar Varland, og held eit maleri av slektsgarden på Berge på Finnøy. Oldeforeldra våre budde i huset til venstre. Driftsbygninga er bygd seinare. Begge desse husa er nå erstatta med moderne bygg. Me er på besøk på garden i samband med slektsstemnet me hadde i helga (her og her). Maleriet er malt av fiskar og tusenkunstnar Olav Gaudesen Vignes, som var gift med ei av søstrene til farfaren min. Gaudesen, som han ofte blir kalla, laga sjølvsagt også ramma sjølv! Harald Gunnar er tremenningen min. Han har vore primus motor for Bergetreffet og har gjort ein utruleg innsats fram til denne helga.

Bergetreffet gjekk veldig godt, det blei akkurat sånn me i komiteen hadde håpt på. Me var i Fleirbrukshallen på Judaberg det meste av dagen, praten gjekk livleg og mange brukte også tid på å sjå på ei stor utstilling av gamle bilete, gjenstandar og bøker som var knytt til slekta. Samtidig kunne ungar og ungdomar vera i aktivitet i idrettshallen når dei ville. Det var flott å treffa så mange frå slekta (ca 80 personar frå 4 generasjonar), både dei som eg kjente frå før og dei eg helste på for første gong. Og det var veldig kjekt å koma til Berge og helsa på dei som bur der nå. (Dersom du klikkar på biletet, får du ein større versjon).

Viss me skal seia at det er noko typisk ved denne familien, kan eg kanskje peika på slike ting som fantasi og evne til å laga ting sjølve (noko som eg ikkje har fått ein snev av), song og musikk (me hadde vårt eige husorkester med el-piano, gitar, fiolin og sag), lysten til å skriva (der er eg med!), gleda ved å samla på ting og tang (der er eg også med!) og kunstnarlege evnar innan bildande kunst. I kvar generasjon er det fleire som spelar fiolin og fleire som driv med teikning og maling.

Utstillinga blei dermed eit kapittel for seg. Her er ei (ufullstendig) oversikt over innhaldet:

  • Ei stor samling brev og bilete frå ca 1910-1970 som var sendt frå familien her i Norge til slekta i USA. Her er det mykje informasjon om slektshistoria! Totalt er det snakk om mange hundre brev som me har fått frå Sandra (tremenningen min) som kom heilt frå Seattle til dette treffet. Her er faktisk mykje som me ennå ikkje har hatt tid til å lesa gjennom.
  • Mange maleri av Elmer Berge («onkel Elmer»), som var kunstmalar i USA. Bileta er i privat eige i slekta, og det var første gong dei var samla til ei utstilling. I tillegg hadde Sandra med seg mange små maleri etter han. Desse blei i løpet av dagen fordelt til dei ulike greinene av familien. Eg fekk med meg to små maleri. Om det ikkje var av dei flottaste tinga han har laga, er det likevel veldig kjekt å ha noko som kjem frå han. Sandra hadde fått desse maleria etter mormora si, som var syster til onkel Elmer og som hadde tatt vare på det som var igjen etter han då han døde i 1956.
  • Bøker og bilete knytt til Pauline Marta og Ole Tobias Berge, oldeforeldra mine. Pauline Marta var jordmor. Ole Tobias var bonde på Finnøy, omreisande handelsmann og torghandlar på torget i Stavanger. I ungdommen var han omgangsskulelærar. Han likte å skriva, og me har både dikt og ei lang sjølvbiografisk artikkel som stod i Aftenbladet i 1922.
  • Diverse papir og bilete etter farfar, Olaus, som var skraphandlar på kaien i Stavanger. Han var svært knytt til Ryfylke og hadde motorbåt og hytte på Østhusvik, der farmor Petra hadde familien sin. Vidare fleire bilete og gjenstandar etter Olav Gaudesen Vignes, som var gift med Olaus si søster Pauline. Han var som nemnt fiskar og tusenkunstnar. Kanskje eg heller skulle seia oppfinnar? Og så må eg sjølvsagt nemna bilete, gjenstandar og ulike papir etter far, Trygve, som dreiv med småindustri i Stavanger og som bl a produserte tinnknappar, leiketøy og fiskesnellar. Far var som sin far knytt til Ryfylke gjennom båtliv, fiske og hytta.
  • Maleri malt av andre i slekta og mykje anna; som nemnt er det i kvar generasjon folk som har utprega kreative evner og som heldigvis brukar dei.

Dersom du som lesar framleis heng med, trur eg du forstår at dette blei ein spesiell dag for oss. Kanskje eg til og med skulle bruka det herlege uttrykket «ein minnerik dag»?

Foto: Det første biletet har Inger tatt. Det andre har svoger Ivar Lein-Mathisen tatt, samtidig som han på ein uforklarleg måte også er med på biletet.


Slektstreff på Finnøy

13/06/2008

I morgon skal me samlast til det tidlegare omtalte slektsstemnet for Bergefamilien. Me blir ca 80 personar frå 4 generasjonar på samlinga.

I kveld har eg funne fram gamle bøker, bilete og papir som er knytt til slekta. Me skal laga ei utstilling av slike ting i morgon. Det er også mange kunstnarar i slekta, og det vil bli ei heil maleriutstilling, først og fremst med maleri av Elmer Berge (1892-1956), som var bror til farfaren min.

Her tar eg med eit bilete som eg set stor pris på. Far min, Trygve Berge (1912-2001), var i fleire år på 60-talet deltakar på havfiske-festivalen i Tananger, og her smilar han fordi han har gjort det godt i konkurransen i 1964!

Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå slektsstemnet i etterkant!

Oppdatering: Les referat frå slektstreffet her.


Berge på Finnøy

16/05/2008

Røter er viktige. Nokre av røtene mine er knytt til Finnøy i Ryfylke. Farsslekta mi kjem derfrå. I juni skal me ha slektsstemne på Finnøy for etterslekta etter oldeforeldra mine, Pauline Marta og Ole Tobias Berge.

Eg er med i komiteen og det har ført til nokre gilde kveldar med planlegging og drøs om felles røter. Det har ikkje vore eit veldig krevjande verv, for tremenningen min (Harald Gunnar) er ein svært aktiv sekretær som gjer mykje av det som skal gjerast.

Planlegginga av slektsstemnet har blant anna ført mange gamle og interessante foto fram i lyset. Dette biletet viser Ole Tobias ca 1935. Då var han mest 90 år gamal! Han var ein spennande kar som levde eit langt og mangfaldig liv.

Eg trur ikkje eg tar for hardt i når eg seier at denne familien er prega av mange kreative personar. Dei som kjem, kan ta med seg bilete og gjenstadar som dokumenterer noko av dette. Eg ser for meg å ta med nokre ting som viser kva far min i si tid dreiv med (og det var ikkje lite).

Elles vil det nok bli ein del fokus på maleria etter Elmar S Berge (ein av sønene til Ole Tobias) som levde som kunstnar i USA.

Det ser ut for at me blir nærare 90 personar når me samlar oss til slektsstemnet. Me skal vera i Fleirbrukshallen på Judaberg. I løpet av dagen skal me også ta turen opp til Berge for å sjå staden og helsa på nokre av dei som bur der nå og som representerer familien som har drive garden sidan Ole Tobias si tid.

Nå ser eg fram til slektsstemnet. Eg ser ikkje bort frå at eg kjem tilbake med meir stoff om dette her på bloggen.

Oppdatering: Eg har seinare skrive følgjande notat relatert til slektstreffet og Bergefamilien:


%d bloggarar likar dette: