På garborgsk vis

02/07/2012

Mot til å meina. Styrke til å skapa. Det nasjonale Garborgsenteret på Bryne opna dørene i dag.

Foreløpig dreier det seg om ei uoffisiell opning, – den offisielle kjem i september. Eg gleder meg til å sjå og oppleva utstillinga.

Les og sjå NRK Rogaland sin omtale av senteret

Oppdatering 13.07: Eg har tidlegare denne veka vore innom og fått eit første inntrykk av utstillinga. Det såg bra ut, – og eg vil nok absolutt koma tilbake!

Advertisements

Garborg: Gud signe Noregs land

17/05/2012

Norsk Fedralandssong

IMG_5473.jpg

Teksten er skriven av Arne Garborg til 17. mai 1878. Han var då 27 år gamal, og salmen markerer hans lyriske gjennombrot. Den er også blant dei første tekstane hans på nynorsk, etter at han i 1877 hadde starta bladet Fedraheimen og skrive Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse.

Bildet viser salmen i Norsk salmebok, der den står med fem vers på nr 756 i modernisert språkdrakt.

Her er den opprinnelege teksten (trur eg):

Gud signe Noregs Land,
kvar Heim, kvar Dal og Strand,
kvar Lund og Lid.
Han lat» det aldri døy,
han verje Bygd og Øy,
han verje Mann og Møy,
til evig Tid.
Me fekk det høgt og fritt,
me fekk det vænt og vidt
med Hav og Fjell.
Det stend so tryggt og godt,
det stend so reint og blaatt,
rett som eit Gudeslott
med Solskinstjeld.
Det er vaar Elsk paa Jord,
det er vaart beste Ord,
vaar Trivd og Trygd.
Storfrægdarmenn dei var,
som fram til oss det bar;
det er vaar Ættargard
til Fridom bygd.
Stort Arbeid ned er lagt
til Landsens Fred og Magt
fraa Tid til Tid.
Det kostad tusund Aar
i Kav fraa Vaar til Vaar,
i Strid so tung og saar
fyrr me vart fri’.
Her ligg dei, Grav i Grav,
fraa Heid og ned i Hav,
som stridde so.
Gud sign’ kvar ærleg Svein
som søv der under Stein,
Gud sign’ dei kvar og ein,
der dei er no.
Men Landet, dei hev rudt,
det vil me verja trutt
til sidste Stund.
Vaar Elsk og beste Agt,
vaart Liv og all vaar Magt
skal vera Noregs Vakt
til sidste Stund.
I Kjærleik varm og mild
me legg vaar Vilje til,
daa veks det fram.
Daa fær det bløma blidt,
daa fær det spyrjast vidt,
og altid standa fritt
fyr Naud og Skam.
Her stig det stort og blaatt
vaart fagre Heimlands Slott
med Tind og Taarn.
Og som det ervdest ned
alt fagrar’ Led fyr Led,
det byggjast skal i Fred
aat vaare Born.

Oppdatert 16. mai 2018


Omsetjaren Hulda Garborg

21/02/2012

Frå bokhylla

Hulda Garborg (foto: Wikipedia)

Hulda Garborg sin 150-års dag 22. februar 2012 blir sjølvsagt markert på Bryne (her).

Eg markerer dagen her på bloggen med å fokusera på at ho i tillegg til mykje anna, også omsette bøker til norsk.

I bokhylla mi står denne boka:

Lou Andreas-Salomé:

Henrik Ibsens kvindeskikkelser

Autoriseret oversættelse ved Hulda Garborg

Med et forord af Arne Garborg

Kristiania og Kjøbenhavn

Alb. Cammermeyers forlag 1893

Her er eit utdrag frå Arne Garborg sitt forord, skrive i Kolbotnen juni 1893:

Den Bog, som her fremlægges, er ikke en «Kritik», men en digterisk fortolkende Gjenfremstilling, gjennem hvilken de Ibsenske Skikkelser faar Liv paany samtidig med, at man virkelig lærer at forstaa dem.

Ialfald har jeg havt Udbytte af at læse Fru ANDREAS-SALOMÉ’s Bog. Jeg syntes den gav mig Ibsen engang til; – oprigtig talt havde jeg i det senere begyndt at finde ham temmelig ufattelig.

(…)

Forfatterinden, der ogsaa selv har optraadt digtende (Romanen: «Im Kampf um Gott»), er en af det moderne Tysklands aandfuldeste Kvinder, en mangeaarig Veninde af Digter-Tænkeren FRIEDRICH NIETZSCHE, om hvem hun med det første skal udgive en Bog, der imødeses med særlig Interesse. Hendes skjønne, schwungvolle Tysk har ikke været let at gjengive i vort nøgterne, rationalistiske Sprog; jeg tror dog, man vil finde Oversættelsen passabel.

Hulda Garborg (1862-1934) var ei allsidig kvinne. Her kan du lesa om henne:


Garborg og Odysseen

28/08/2010

Greske arkeologar hevdar at dei har funne Odyssevs» palass på øya Ithaka. Det er forskning.no som i dag kjem med denne meldinga. Eg nyttar høvet og tek med eit lokalt vinkla notat om Arne Garborg og Odysseen.

I bokhylla mi står to utgåver av diktverket. I tillegg til ei nyare bok frå Den norske Bokklubben, har eg ei nynorsk utgåve frå 1919, omsett av Garborg. Førsteutgåva var komen i 1918.

Homer: Odyssevskvædet

Paa norskt ved Arne Garborg

Andre upplag

Kristiania. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard)

1919

Her er eit utdrag frå Garborg sitt forord:

Homeros, gamle meisterskalden, er ein av grunnsteinarne under den europæiske kulturen; og folki, dei minste som dei største, hev daa òg fenge verki hans, Ilioskvædet og Odyssevskvædet, yverførde kvart til sitt heimemaal.

Tanken um ei norsk Homer-umsetjing maatte daa vakna hjaa oss med, i vaar nasjonale nyreisingstid. Det var telemarkingen Aasmund Vinje, som fyrst drøymde um aa setja tanken i verk; men me veit, korleis me stelte oss med honom. Sidan arbeidde saalungen J. E. Nielsen med aa fornorske den store Hellenaren.

(…)

Overlærar S. Schjøtt, ein annan av deim som var med i det norske arbeidet fraa den fyrste tidi, og som skyna, at det ikkje burde draga altfor lenge ut med aa faa Homer paa norskt, tok etterkvart til aa undrast paa, um underskrivne skulde vera brukande til medhjelpar i umsetjingsarbeidet. Og me kom til lags um aa gjera ein freistnad med eit samarbeid her: han, den klassiske filologen, fekk nytte nokre av sine kvilestunder fraa anna arbeid til aa gaa igjenom grunnteksten til eit Homerverk med meg, og so fekk eg sidan sjaa, um eg kunde koma nokon veg med fornorskingi.

Me ser her at Arne Garborg var sentral, også når det gjaldt å fremja kjennskapen til klassisk gresk litteratur her heime.

Her på Bryne er me sjølvsagt mange som alltid reknar Garborg både som sentral og aktuell. Men akkurat nå er han ekstra aktuell, i og med at Nasjonalt Garborgsenter nå i 2010 er under bygging like nede i gata.

Garborg si gjendikting var den første norske utgåva av Odysseen. Riksmålsutgåva kom i 1922, gjendikta av Peter Østbye. Den norske Bokklubben har dessverre ikkje fått med seg at Garborg gjorde dette store arbeidet, og opplyser at Odysseen første gong blei utgjeven på norsk i 1922.

Men Bokklubben har likevel gjort ein god jobb; dei har fått Erik Fosnes Hansen til å skriva forord, – og det gjer han på ein glimrande måte. Han sluttar slik:

Når Den norske Bokklubben nå utgir P. Østbyes gjendiktning fra 1922, har norske lesere sjansen til å tilegne seg klassisk dannelse i ordets bokstaveligste forstand. Og dessuten anledningen til å legge ut på verdens største, eldste og mest fantastiske odyssé, nemlig selve Odysseen.


Garborg: Om pengar

01/01/2010

Kongen siterte frå Garborgteksten Om pengar i nyttårstalen sin i går kveld (31.12.2009). Her i Time kommune, Arne Garborg sin heimstad, blir sjølvsagt dette lagt merke til og sett pris på.

Dette er dermed eit høve til å henta fram denne teksten, som eg første gong møtte i litteraturhistoria eg hadde på gymnaset. Eg har alltid sidan tenkt at Garborg her fekk fram noko grunnleggjande om at det viktigaste i livet ikkje kan kjøpast for pengar. Er det forresten nokon som veit kva samanheng eller i kva bok Garborg skreiv dette?

Om pengar

Pengar har ikkje nokon verd i seg sjølve. Du kan ikkje ete dei, ikkje drikke dei, ikkje kle deg med dei. Du kunne ha lomma full av pengar, og svelte, tyrste, fryse i hel – om det ikkje var mat og drikke og klede å få.

Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det nest største heller. Men dei er eit stort gode for dei som brukar dei vitug.

For pengar kan ein få alt, heiter det. – Nei, ein kan ikkje det.

Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hyggje,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.

Etter å ha sitert delar av dette, konkluderte kongen slik:

– Kanskje har vi vært flinkere til å telle våre penger, enn vi har vært til å telle våre dager. Klarer vi ikke å hanskes bedre med ubalansen i klodens klima, vil vi stå overfor svært alvorlige konsekvenser. (Les meir)

Slik fekk kongen med utgangspunkt i Garborgsitatet sagt noko viktig både om dagsaktuelle utfordringar og om det evige perspektivet på livet. Den som kjenner sin Bibel, høyrer at kongen her har bøna frå Salme 90 i tankane:

Lær oss å telja våre dagar,
så vi kan få visdom i hjarta!

(Sal 90,12)

Oppdatering november 2017:

Dette notatet blei skrive 1. januar 2010 etter at kongen hadde sitert Garborg i nyttårstalen kvelden før. Som ein kan sjå i kommentarfeltet under, gav Per Halse meg raskt god hjelp når det gjeld teksten si historie; dette var skrive som leseboktekst til Andreas Austlid si lesebok (1903). I hyllene mine har eg nå Lars Eskeland si utgåve av leseverket, andre bandet (1928). Eg tar her med bilde av boka og den aktuelle sida.

Austlids lesebok.jpg

Austlids lesebok. Um pengar


%d bloggarar likar dette: