kategoriar
Arkeologi Bibelsk arkeologi, historie og geografi Paulus Reiser Romarriket Tyrkia

Filips grav i Hierapolis

IMG_1529
Apostelen Filips grav. Foto: Arne Berge 2019

Eg var nyleg på studietur i Vest-Tyrkia, og ein av stadane me besøkte, var Hierapolis / Pamukkale. Eg hadde vore her eit par gonger før, men det var så langt tilbake som i 2005. Etter den tid er det her gjort eit arkeologisk funn som eg syns er svært interessant; i 2011 blei apostelen Filips grav funnen i ein kyrkjeruin nær Filips martyrium, staden der han etter tradisjonen blei korsfesta.

Filips martyrium og gravkyrkje ligg i bakkane ovanfor det romerske teateret i den gamle byen Hierapolis.

Den kristne misjonen nådde tidleg fram til Lykosdalen med dei tre nabobyane Hierapolis, Laodikea og Kolossai. Allereie på 50-talet, ca 25 år etter Jesu død og oppstode, er byane omtalt i Kolossarbrevet (Kol 4,12-13). Epafras hadde truleg møtt den kristne trua hos Paulus i Tyrannusskulen i Efesos (Apg 19,8-10). Epafras blir av nokre kalla Lykosdalens «apostel».

Det er likevel apostelen Filip som først og fremst blir knytt til den tidlege kyrkja i Hierapolis. Han kom kanskje hit på slutten av 60-talet eller på 70-talet, og tradisjonen seier at han blei martyr ved å bli korsfesta opp-ned i år 80.

Ruinane etter bygningen som blir kalla Filips martyrium, har lenge vore kjent. Fagfolk rekna også med at sjølve grava var innanfor denne ruinen. Men i 2011 fann arkeologer grava i ein kyrkjeruin like nedanfor martyriet.

Les Biblical Archaeology Society sin omtale av funnet og staden: Tomb of Apostle Philip Found.

NRK viste i desember 2011 ein dokumentar om funnet av grava. Her kjem det fram at norske arkeologar var aktivt med i utgravingane. Les NRKs omtale av programmet: Se NRKs unike bilder fra apostelen Filips grav.

For dei spesielt interesserte: Det omtalte seglet med bilde av Filip mellom grava og martyriet, er interessant. På informasjonstavla på staden (på eitt av bilda under) og i Biblical Archaelogy Society sin omtale av funnet, blir det oppgitt at det er frå 6. hundreår. Men Virginia Museum of Fine Arts, som har originalen, oppgir at det er koptisk og frå 8. hundreår! Her er det noko eg ikkje forstår!

IMG_1515
Steinbenkane i gravkammeret. Foto: Arne Berge 2019

 

IMG_1527
Apostelen Filips martyrium. Foto: Arne Berge 2019

Eg tar også med teksten på eit par av informasjonstavlene på staden, med omtale gravkyrkja og martyriet.

IMG_1513
Informasjonstavle, Filips gravkyrkje. Foto: Arne Berge 2019
IMG_1519
Informasjonstavle, Filips martyrium. Foto: Arne Berge 2019
kategoriar
Bibelsk arkeologi, historie og geografi Tyrkia

Apostelen Filips grav

NRK sendte i går eit interessant program i serien Schrödingers katt om funnet av apostelen Filips grav i Hierapolis i Tyrkia.

Eg var i Hierapolis i 2005 og såg då ruinane etter Martyrion (biletet), pilegrimskyrkja som skal ha stått der Filip blei korsfesta. Nå er det like nedanfor Martyrion funne ein kyrkjeruin som er bygd opp omkring ei romersk grav. Arkeologane meiner å ha gode indisium på at dette er Filips grav.

Biletet viser Martyrion på ein bakketopp, prosesjonstrappa opp til martyrkyrkja og området nedanfor der grava nå er gravd ut.

Sjå TV-programmet her. Det interessante programmet fortel også om andre sider ved Hierapolis» si historie og om kalksteinsklippene som har gitt staden det moderne namnet Pamukkale («Bomullsslottet»).

Her er NRKs omtale av programmet:

Se NRKs unike bilder fra apostelen Filips grav
Gravstedet til Apostelen Filip, en av Jesus sine 12 disipler, ble funnet i Tyrkia tidligere i år. Norske forskere deltok under den arkeologiske utgravingen i Hierapolis i det sørvestlige Tyrkia.

NRK Schrödingers katt har fått tilgang til opptak i dette strengt bevoktede utgravingsområdet, og har som det første filmteam i Europa tatt del i utgravningene sammen med norske og internasjonale forskere.

Les meir

Eg kan jo også ta med Hierapolis er nemnt éin gong i NT:

Epafras, som er ein av dykkar eigne, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan bli ståande, fullmogne og fullt overtydde om heile Guds vilje. Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis. (Kol 4,12-13)