Paulus si omvending

Bibelleseplanen fortel at det i dag (25.01.2006) er apostelen Paulus sin omvendingsdag og at denne dagen i gamal norsk tradisjon blir kalla Pålsmesse.

Då kan det jo vera på sin plass å repetera litt omkring Paulus si omvending.

Paulus, som då heitte Saulus, var opprinneleg ein av dei som forfulgte dei første kristne, ja, han var faktisk den som organiserte forfølgingar. Så møtte han Jesus i eit syn utanfor Damaskus (i dagens Syria) og dette snudde opp/ned på livet hans. Etter ei tid blei han den viktigaste teologen og misjonæren i den første kristne generasjonen. Omvendinga hans skjedde kort tid etter Jesu død og oppstode, omkring år 33.

Eg tar med dei sentrale versa i forteljinga her. Resten kan du lesa i Apostelgjerningane kap 9.

Saulus rasa endå mot Herrens disiplar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten  2 og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem.  3 Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.  4 Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»  5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.  6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»  7 Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon. (Apg 9,1-7)

Det er Lukas som fortel om Paulus si omvending i Apostelgjerningane kapittel 9. Sidan gjengir han historia i talar der Paulus ser tilbake på opplevinga i kap 22 (forsvarstale til folket) og kap 26 (forsvarstale for kong Agrippa II).

(Oppdatert 10.01.2012: Bibelteksten er nå henta frå Bibel 2011. Sist oppdatert 31.10.2019)