Kor døydde Herodes Agrippa?

06/08/2010

Kong Herodes Agrippa I døydde i år 44 i Cæsarea ved havet. Byen er i dag ein flott arkeologisk park der det er mykje interessant å sjå. Eg anbefalar gjerne denne staden!

Dødsfallet er omtalt i Apostelgjerningane (12,20-23), og er skildra som ei ganske spesiell hending. Er det mogleg å vita nøyaktig kor dette skjedde i byen?

Blant dei interessante bygningsrestane frå det første hundreåret er eit teater, eit amfiteater/ein hippodrom og restane av kong Herodes den store sitt palass. Herodes Agrippa var for øvrig barnebarn til den meir berømte Herodes den store, som hadde prega byen med sine store byggverk.

Herodes Agrippas dødsfall er ei av dei få hendingane som er omtalt både i Apostelgjerningane og hos Josefus (Antiquities 19,343-350). Josefus si framstilling er meir detaljrik enn Lukas», men dei to skildringane er likevel relativt samstemmige. Begge forfattarane skriv at kongen blei hylla som ein gud og at han tok imot hyllesten, – og begge skriv at han raskt etterpå døydde som ein straff for dette.

Men det var dette med den nøyaktige lokaliseringa av hendinga. Josefus skriv at det skjedde i teateret i Cæsarea, og dette har av dei fleste blitt akseptert som korrekt. Men nå har Todd Bolen (BiblePlaces.com) analysert tekstane og skrive ein interessant artikkel om dødsfallet på nettstaden The Bible and Interpretation. Han har funne ut at Josefus her truleg har vore unøyaktig og at det er meir sannsynleg at det skjedde i det store amfiteateret.

Eg syns argumentasjon hans for dette verkar overbevisande og anbefalar gjerne artikkelen Not in the Theater: Challenging Josephus’s Location for the Place of Herod Agrippa’s Death.


%d bloggarar likar dette: