Englesong utanfor Betlehem

18/12/2019

Adventsblogg 18. desember

001 Gloria

Frå Hyrdemarkene. Foto: Arne Berge 2006

Gloria in excelsis Deo. Den latinske teksten er svært godt kjent. Det dreier seg om englesongen frå Betlehemsmarkene, tatt vare på i vår kultur gjennom musikkverk og annan kunst og kultur. I norsk omsetjing syng me dette i kyrkja sin liturgi kvar søndag: Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!

Lovsongen ser slik ut i den greske grunnteksten til NT: Δόξα ἐν ὑψίστοις θεῷ καὶ ἐπὶ γῆς εἰρήνη ἐν ἀνθρώποις εὐδοκίας. Men englane song sjølvsagt ikkje på gresk. Gjetarane har nok oppfatta songen på sitt eige morsmål som eg reknar med var arameisk.

Den nøyaktige staden der møtet mellom gjetarar og englar fann stad, kan av naturlege grunnar ikkje påvisast. Men tradisjonen om englane som synte seg for gjetarar på nattevakt, har alltid vore knytt til eit dalføre aust for Betlehem der nabobyen Beit Sahour ligg nå.

Drar me til fransiskanarane sin eigedom i Beit Sahour, er det mykje fint å sjå. Dei kallar staden Shepherds Field, på norsk blir dette til vanleg omsett med det litt gamaldagse ordet Hyrdemarkene. Heilt opp til vår tid har det vore beitemarker her, og faktisk ser me framleis ofte ein gjetar som er ute med saueflokken sin i området.

Ein munk viser oss inn i ei stor naturleg grotte som i dag er gjort om til kapell. Det er ikkje så vanskeleg å sjå for seg at denne grotta i tidlegare tider kan ha vore overnattingsstad både for gjetarar og dyr.

Hyrdemarkene

Grottekapell på Hyrdemarkene. Foto: Arne Berge 2006

Her er bibelteksten om møtet med engelen og englekoret (Luk 2,8-14):

 8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.  9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

14 «Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»

Fortsatt god adventstid!


%d bloggarar likar dette: