På torget i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

IMG_1399
Agora, Efesos. Foto: Arne Berge 2019

Paulus og Johannes på torget

Det å rusla rundt på restane av det store torget (agora) i Efesos, gjer det bibelske stoffet knytt til byen ganske nært for meg. Dette var den sentrale markedsplassen i det gamle Efesos. Her har nok både Paulus og Johannes, som begge budde i byen ein del av livet, gjort sine innkjøp. Og her har dei truleg hatt mange samtalar med folk, også om trua på Jesus.

Paulus var den første som forkynte trua på Jesus i Efesos. Dette var tidleg på 50-talet, altså bare ca 20 år etter Jesu død og oppstode i Jerusalem. Og den kristne tradisjonen seier at apostelen Johannes budde her ein lang periode etter år 70. Han leia truleg den kristne kyrkja her i vanskelege tider med mykje forfølging, spesielt på 90-talet.

Nokre av dei første notata her på bloggen handlar om koss desse to er knytt til staden, sjå notata Paulus i Efesos og Johannes i Efesos frå 2005.

Efesos var ein viktig by for den tidlege kristne kyrkja. Store delar av den nytestamentlege litteraturen som er knytt til Paulus og Johannes, er enten skriven i Efesos eller skriven til dei kristne som budde i byen. Og staden blei også verande viktig i fleire hundre år framover. Det tredje av dei sju økumeniske kyrkjemøta (konsila) i oldkyrkja, blei halde her i 431. Kyrkjemøtet var samla i den store Mariakyrkja, nokre hundre meter frå torget i byen.

Fakta om torget

Her er fakta og planteikning henta frå ei informasjonstavle på staden:

IMG_1401
IMG_1402

Å reisa til Efesos

Det arkeologiske utgravingsområdet ligg eit par kilometer frå småbyen Selcuk, eller Selçuk, som det blir skrive på tyrkisk. Efesos er altså ikkje eit moderne stadnamn. Skal du finna staden på eit moderne kart, kan du leita etter turistbyen Kusadasi sør for Izmir.

Det er mange turistar som kjem til Efesos. Det er ikkje så merkeleg. Trass i folkemengda syns eg det er ei stor oppleving å koma til staden. Her er det mykje flott og interessant å sjå frå den gresk-romerske kulturen i austre del av Romarriket. Og det at byen har ein så sentral posisjon både i NT og i den eldste kristne kyrkja si historie, gjer den etter mitt skjøn ekstra interessant som reisemål.

Efesos er ein av dei sju byane i Johannes openberring.