Den heilage ande og eld

16/06/2017

Notat til søndagens tekst 18. juni 2017: Matt 3,11-12

Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, fødd deg på nytt og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Gud styrkje deg med sin nåde til det evige livet. Fred vere med deg. Dette blir sagt til den som er døypt, rett etter dåpshandlinga, i liturgien som me brukar i Den norske kyrkja. Orda er dei same, anten det er barn, ungdomar eller vaksne som blir døypte.

Døyparen Johannes seier i søndagens evangelium at Jesus skal døypa med Den heilage ande og eld. Me kan kalla dette ein messiansk åndsdåp. Bakgrunnen finn me i Det gamle testamentet, og tanken om at Den heilage ande blir gitt i dåpen, er viktig i kristen dåpsteologi. Det nye testamentet formulerer dette slik: Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande, som han så rikeleg har aust ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar … (Tit 3,5f).

2. søndag i treeiningstida (18. juni 2017) kan kallast dåpens søndag. Sjølv er eg så heldig at eg skal få døypa seks barn på søndag. Det gjer eg i tru på at Gud vil gje dei sin heilage ande, føda dei på nytt og ta dei inn i det kristne fellesskapet.

Eg har skrive ein gjennomgang av søndagens preiketekst på Israelsmisjonen si nettside, sjå Dåp med Den heilage ande og eld.


%d bloggarar likar dette: