Undersøking av Jesu grav 2016

IMG_6552 Gravkyrkja, inngangen til grava
Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Jesu grav i Gravkyrkja i Jerusalem blir nå grundig undersøkt. Dette skjer i samband med at det er sett i gang heilt nødvendig restaurering av The Edicule, den litle bygningen (eit kapell) som står på staden der Jesu grav truleg låg. Bildet viser inngangen til kapellet.

The Edicule blei sist bygd opp i 1810 og er altså 200 år gamal. Nå held den på å falla frå kvarandre. Så vidt eg forstår vil The Edicule meir eller mindre bli bygd opp på nytt etter at undersøkingane på staden er gjort.

National Geographic skreiv 31.10.2016:

Unsealing of Christ’s Reputed Tomb Turns Up New Revelations.
For just 60 hours, researchers had the opportunity to examine the holiest site in Christianity. Here’s what they found.

Få dagar tidlegare skreiv dei denne artikkelen om det pågåande arbeidet:

Exclusive: Christ’s Burial Place Exposed for First Time in Centuries

Restorers working in the Church of the Holy Sepulchre in Israel uncover stone slab venerated as the resting place of Jesus Christ.

For the first time in centuries, scientists have exposed the original surface of what is traditionally considered the tomb of Jesus Christ. Located in the Church of the Holy Sepulchre in the Old City of Jerusalem, the tomb has been covered by marble cladding since at least 1555 A.D., and most likely centuries earlier.

(…)

This burial shelf is now enclosed by a small structure known as the Edicule (from the Latin aedicule, or «little house»), which was last reconstructed in 1808-1810 after being destroyed in a fire. The Edicule and the interior tomb are currently undergoing restoration by a team of scientists from the National Technical University of Athens, under the direction of Chief Scientific Supervisor Professor Antonia Moropoulou.

(…)

The structural integrity of the early 19th-century Edicule has been a concern for decades. It suffered damage during a 1927 earthquake, and British authorities were forced to shore up the building in 1947 with unsightly exterior girders that remain to this day. Difficulties among the Status Quo representatives and a lack of financial resources have hindered its repair.

(Les meir)

Neste år inviterer Inger og eg på nytt til tur med pilegrimsvandring i Galilea og Jerusalem. Her blir det ein god kombinasjon av kulturhistorie, bibelhistorie og friluftsliv. Og me skal sjølvsagt oppsøka Gravkyrkja med Golgata og Jesu grav: I Jesu fotspor.

Magnar Kartveits avskjedsforelesing

img_3698

I dag kjenner eg meg inspirert og berika. Då professor Magnar Kartveit hadde si avskjedsforelesing på VID Misjonshøgskolen i dag, blei det invitert til eit ope arrangement. Til og med dei tilsette sitt kakeselskap med helsingar til jubilanten blei opna opp. Og eg som ein bibelfagleg interessert prest, tok imot invitasjonen. Magnar var min første lærar i GT då eg starta som hospitant på (det som den gong heitte) Misjonsskulen i 1976, og eg har alltid sidan sett pris på han som person og bibelforskar.

Magnar heldt ei glimrande forelesing over spørsmålet Kva skal me med Det gamle testamentet? I tillegg var det mange helsingar med gode ord til han og om han. Han delte raust ut manuset då forelesinga var ferdig. Eg fekk også kjøpt med meg festskriftet Jerusalem, Samaria og jordens ender som blei gitt ut til hans 65-årsdag i 2011. Av ein eller annan grunn skaffa eg meg ikkje dette då det var nytt.

Forelesinga vil nok bli publisert fullstendig i ein eller annan samanheng. Eg tar her bare med hans ti punkt med innsikter og tankemønster som me har fått gjennom GT, og som hovuddelen av forelesinga var bygd opp over:

  1. Lineær tid, motsett syklisk tid
  2. Gud: monoteisme
  3. Sekularisert naturforståing
  4. Sjudagars-skjemaet
  5. Geografisk forståing
  6. Synd og sjukdom
  7. Sosial tenkjing
  8. Mot korrupsjon
  9. Maktfordelingsprinsippet
  10. Djupnene i Gud

Før desse punkta hadde han ei innleiing der han nemnte mange som sikkert ville ha blitt forarga over spørsmålet Kva skal me med Det gamle testamentet? Her var både Bob Dylan, settlarane på Vestbreidda og hans eiga bestemor nemnt.

Etter dei ti punkta hadde han nokre kloke ord om koss me skal tolka GT. Han viste til at GT både inneheld viktige idear og tankar som me som kristne kan overta direkte, og tekstar som me må ta imot med ettertanke og filtrera gjennom NT.

I avslutninga framheva han at bibelfagleg arbeid med GT vil gje innhald, form og farge til Guds kjærleik, som NT så flott skildrar i 1. kor 13. Dermed blei dette dei siste orda: Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Magdalasteinen

Magdala 2015
Foto: Arne Berge 2015

The New York Times har denne veka ein interessant artikkel om Magdalasteinen, som gir ny kunnskap om jødedomen i Galilea på Jesu tid.

Symbolikken på steinen (i sentrum av bildet) er nært knytt til det samtidige templet i Jerusalem. Avisa lar forskarar som arbeider med funnet, uttala seg om tydinga.

A Carved Stone Block Upends Assumptions About Ancient Judaism

“I approached the stone, and I could not believe what I was seeing,” said Rina Talgam, a Hebrew University of Jerusalem professor specializing in ancient art of the Middle East. Israel Antiquities Authority archaeologists had asked her to visit the site to view Magdala’s mosaics and frescoes, but when she first saw the stone, “they said I stood there for three hours.”

Ms. Talgam concluded that she was looking at a three-dimensional depiction of the Temple of Herod, including its most sacred inner sanctum, known as the Holy of Holies.

She has since spent years deciphering and interpreting the symbols that adorn the stone and researching the possible implications of the discovery.

Les meir

Eg har vore i Magdala og sett kopien som står der steinen blei funnen. Etter besøket i februar 2015 skreiv eg om staden i notata Synagogen i Magdala og Pilegrimskyrkja i Magdala. Seinare var eg tilbake på staden saman med Inger i sommar.

Eg satsar på at me fleire gonger kan koma tilbake til Magdala! For her blir det for tida bygd eit flott pilegrimssenter og det blir stadig gjort nye og interessante arkeologiske funn.

(via BiblePlaces Blog)

Caspari Center 12/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember 2015.

IMG_4059CC er eit studie- og ressurssenter som blir drive av Den Norske Israelsmisjon i samarbeid med andre aktørar. Fokus er på leiarutvikling, disippeltrening og forsking. CC er også ein viktig brubyggjar mellom den messianske bevegelsen og den verdsvide kyrkja.

Sjå også Caspari Center si nettside.

Allehelgensdag om salt og lys

Notat til søndagens tekst: Matteus 5,13-16

De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.

De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

Dette er svært viktige bibelvers for forståinga av Bergpreika.

Sjå notatet Salt og lys, som eg skreiv i 2012 då denne bibelteksten sist var preiketekst på Allehelgensdag.

Taizé, 10 etter Bror Roger

Etter hvert har det økumeniske klosteret i Taizé utviklet seg til et unikt åndelig sentrum i Europa, ikke minst for unge mennesker. Under broder Rogers veiledning har brødrene inkarnert sin enhetsvisjon gjennom å leve den. Deres lavmælte liv er en skarp protest mot splittelsens skandale i Kristi kirke.

Slik skriv Peter og Joel Halldorf om Bror Roger i boka De fulgte Jesus.

Det er i dag (16. august) 10 år sidan det tragiske drapet på den kristne leiaren under ei gudsteneste i Taizé (her).

Koss er situasjonen for det økumeniske klosteret nå, 10 år etterpå? Vårt Land skriv om klosteret i dag: Stillheten forener dem fortsatt. Hvert år reiser 100.000 europeiske ungdommer til et kloster i Frankrike.

Kraft om Selja

Det er Seljumannamesse i dag, 8. juli. Eg markerer dagen med eit lite notat i skjæringspunktet mellom to av interessene mine; pilegrimsreiser og gamle bøker. Eg fann i går kveld fram Krafts Haandbog over Norge, ei av dei gamle geografibøkene eg har i bokhylla, for å sjå korleis denne boka omtaler klosterruinane på Selja.

Klosteret på Selja

Seljumannamesse er ein gamal merkedag knytt til legenda om den heilage Sunniva og klosteret på Selja ved Stadlandet. Selja er ein viktig stad i den eldste norske kyrkjehistoria og kanskje det første norske pilegrimsmålet. Den som ikkje kjenner historia, kan f eks lesa Wikipedia-artikkelen om Selje kloster.

Bildet viser klosterruinane. Tårnet står igjen etter Albanus-kyrkja. Eg tok bildet då eg var på staden i 2010, på kystpilegrimstur frå Stavanger til Selje.

Historisk-topographisk Haandbog over Kongeriget Norge (1845-1848) er skriven av Jens Edvard Kraft (1784-1853).

Øya Selja heitte på den tida Sælø.  Boka har ein kort omtale av staden i avsnittet om Hove Præstegaard i Sælø Præstegjeld (Nordre Bergenhuus Amt). Ruinane var den gong ennå ikkje restaurert, men dei var tydelegvis kjente og blei sett på som så interessante at dei fortente ein omtale i boka.

… under hvilken Gaard hører Øen Sælø, paa hvilken Ø Kong Olaf Tryggvesen anlagde en Kirke, ligesom Hovedsognets Kirke stod her indtil Aar 1654, da den blev flyttet over til Fastlandet paa Præstegaardens Grund, og paa samme Ø, der er bekjendt af Legenden om den irske Dronning Synneve (Sunniva), var det St. Albanus helligede Kloster, hvoraf endnu Ruiner sees.

Ein fotnote viser til den tids tilgjengelege litteratur om klosterruinane:

See Klüivers Norske Mindesmærker, S. 133-137, hvor der findes en udførlig Beskrivelse med Kart over disse Ruiner, saavelsom Biskop Neumanns Reisebemærkninger i Budstikkens Sjette Aargang, Sp. 567-577, og Sammes Beretning i Tidsskriftet Urda, 1ste Bd. S. 215-217, med Hensyn til to herværende Bjerghuler. Klosteret selv og dets Skjebne omhandles i Langes «Norske Klostres Historie» S. 537-544.

Her er alle notata frå turen: