Svarte og kvite sørafrikanarar

07/05/2010

Framleis store skilnadar mellom folkegruppene i Sør-Afrika

Eg har fått spørsmål det verkeleg er slik at det er svarte, farga og kvite kyrkjelydar i dagens Sør-Afrika, etter det eg har skrive (f eks her) om studieturen til Stellenbosch. Dette er skrive i 2010. Er verkeleg ikkje apartheid avvikla?

Eg skal ikkje gje meg ut for å vera spesialist på Sør-Afrika etter eit besøk på tre veker. Men eg har i alle høve sett og forstått at landet står overfor store utfordringar. Sjølv om heile befolkninga i landet i prinsippet nå har like rettar, lever dei ulike folkegruppene ved sidan av kvarandre, i stor grad også utan å vera i reell kontakt. Dette gjeld heile samfunnet, også i kyrkjeleg samanheng.

Toril Risholm skildra nyleg situasjonen slik (Stavanger Aftenblad, papiravisa 30.04.2010):

20 år etter at apartheid ble opphevet i Sør-Afrika, lever det fortsatt videre i beste velgående – ikke på papiret, men inne i hodene på folk.

Det kan godt vera at det er rett å seia det så sterkt. Men eg vil også ha sagt at eg møtte kvite som, så langt eg kunne bedømma, verkeleg hadde tatt eit oppgjer med fortida si og som nå ønskte å gjera ein forskjell. Eg tenkjer spesielt på nokre av teologane eg hadde kontakt med på det teologiske fakultetet på Universitetet i Stellenbosch.

Me skal også huska at 20 år ikkje er så lang tid i det store perspektivet, når det dreier seg om å endra eit heilt samfunn. Det er mange hinder for endring, blant anna ein så grunnleggjande ting som at det er mange språk i landet. I Western Cape, der eg var, har dei kvite afrikaans og dei svarte xhosa som morsmål.

Studieturen vår var lagt opp i samarbeid med eit reformert senter for kyrkjelydsutvikling. Dermed er det først og fremst reformerte kyrkjer eg kan seia noko om. Etter apartheidtida gjekk den farga og den svarte reformerte kyrkja saman til Uniting Reformed Church in Southern Africa (URC). Dei kvite kyrkjelydane dannar framleis Dutch Reformed Church (DRC). Det pågår eit arbeid for å slå saman dei to kyrkjesamfunna, men prosessen har vist seg vanskeleg. Eg skulle ønskt at dette hadde vore gjennomført, slik at eg kunne seia at den kyrkjelege prosessen låg i forkant av samfunnsutviklinga. Eg må dessverre konstatera at det ikkje er tilfellet.

Men eg såg nokre lyspunkt. Eg var gjest i ein kvit DRC-kyrkjelyd i utkanten av Hermanus ei helg. Leiarane i kyrkjelyden var klar over at dei kunne leva liva sine utan å tenkja på dei svarte og farga samfunna som eksisterer like i nærleiken. Derfor var det oppmuntrande å sjå at den kvite kyrkjelyden bevisst arbeidde med å motverka ein slik tendens. Dei ønskte ein nærare kontakt med kyrkjelydane i URC og med befolkninga i townshipane (slumområda). I programmet for besøket mitt var det fleire kontaktpunkt med den svarte xhosa-befolkninga i Zwelihle township. Og den kvite kyrkjelyden hadde invitert presten i URC-kyrkjelyden her til å vera predikant denne helga, uavhengig av mitt besøk.

Presten i kyrkjelyden eg besøkte, tok med meg til Enlighten Education Trust, eit humanitært barne- og ungdomssenter som ligg like ved innfartsvegen til Zwelihle. Her blei eg tatt i mot av ein representant som hadde ansvar for senteret sitt ungdomsprogram. Han fortalte om utfordringane for dei unge i townshipen og om senteret sitt arbeid, – og tok meg med på ein tur rundt i dette slumområdet. Dagen etter var eg på ny inne i townshipen. Då besøkte me Hou Moed Center (Hou Moed – «ver frimodige», henta frå Joh 16,33), eit kristent senter for barn. Her blei det drive førskule og ulike aktivitetar i eit trygt miljø for skulebarn etter skuletid.

Zwelihle township er eit fattig, svart samfunn. Sør-Afrika er eit land med svært store forskjellar mellom fattige og rike, kanskje det landet med størst forskjellar. Men det er også slik at nokre svarte og farga i løpet av dei 20 åra som har gått etter at apartheid-lovene blei oppheva, har fått betre økonomi og kome inn i det me kan kalla ein middelklasse. I artikkelen i Aftenbladet blir forskaren Liv Tørres sitert på at Sør-Afrika i løpet av desse åra har gått frå å vera eit rasedelt samfunn til eit klassedelt samfunn.

Det er lett for oss nordmenn å kritisera det sørafrikanske samfunnet for at ein ikkje har greidd å gjera meir med forskjellane mellom folkegruppene. Eg vil likevel seia at ein slik kritikk, om me ser saka i globalt perspektiv, slår tilbake på oss sjølve.  Forholdet mellom rike og fattige som lever ved sidan av kvarandre, utan å vera i reell kontakt, er i eit globalt perspektiv like mykje vårt problem og vår utfordring.


VM i sørafrikanske kyrkjer

01/05/2010

«Fotball-VM kan bli ein stor fest for landet vårt. Men det er eit stort MEN …»

Slike formuleringar høyrde eg i preika begge dei to søndagane eg nyleg var på gudsteneste i Sør-Afrika, ca to månadar før fotball-VM vil setja sitt preg på landet. Det er visstnok venta opp mot 400.000 tilreisande i samband med arrangementet. Kva tankar er det som gjer at sørafrikanske prestar nå tar opp dette som tema i forkynninga si?

Den eine søndagen deltok eg i gudstenesta i ein kvit reformert kyrkjelyd i utkanten av Hermanus. Denne søndagen hadde dei invitert ein svart prest frå kyrkjelyden i townshipen like ved, som forkynnar. Han sa at VM kunne bli ei velsigning for landet og at dei kristne kunne vera med og gjera dette til noko flott. Men han tok også opp problemet med at det var folk som ville organisera prostitusjon under arrangementet og at fotball-VM slik kunne bli øydeleggjande for mange sørafrikanske kvinner. «Dette er ikkje etter Jesu vilje», understreka han.

Den neste søndagen deltok eg i gudstenesta i ein farga luthersk kyrkjelyd i utkanten av Cape Town. Presten her tok også opp fotball-VM i preika. Han var bekymra for to ting. Det eine var at unge i bydelen skulle trekkja inn mot sentrum under det store arrangementet. Det andre var konsekvensane av at skuleferien ville bli utvida i samband med VM. «Barna her går ikkje bare på skule for å læra, men også for å få mat!» Han var redd mange barn ville sulta i den lange ferien fordi dei ikkje fekk det viktige daglege måltidet på skulen. Han oppfordra derfor kyrkjelyden til å vera med i ein ekstra diakonal innsats i lokalmiljøet i den komande perioden.

Gjennom to tilfeldige preiker to søndagar i april 2010 fekk eg her eit lite innblikk i at den komande fotballfesten, sett med lokalbefolkninga sine auge, ikkje bare er ein fest.


Heime igjen!

27/04/2010

Nå er eg heime igjen etter åtte askefast-dagar i etterkant av studieturen til Stellenbosch. Dei to vekene i Sør-Afrika blei altså til tre.

Det var ein spesiell situasjon å vera meir enn 10.000 km heimefrå då askeskya la seg over Europa. Men som eg har nemnt i eit notat undervegs: me var trass alt priviligerte i forhold til dei mange kompliserte situasjonane folk kom i pga vulkanutbrotet.

Då flya var i lufta igjen mellom Sør-Afrika og Europa, delte gruppa vår seg i mindre grupper for å koma raskast mogleg heim. Nå er alle 24 tilbake i Norge/Sverige. Me var sju som var igjen til slutt, og me reiste frå Cape Town i går ettermiddag via Johannesburg og Frankfurt.

Eg har opplevd enormt mykje. Studiet var kjempebra. Samtidig har eg fått eit interessant (men sjølvsagt bare eit lite) innblikk i dei utfordringane det sørafrikanske samfunnet møter nå i tida etter apartheid. Og eg har fått eit første møte med kyrkjelivet i dette landet, som er langt mindre sekularisert enn vårt.

Området rundt Cape Town er dessutan utruleg flott! Stellenbosch var ein utmerka by å bu i, og eg fekk dessutan med meg mange interessante stadar i regionen; Hermanus, Table Mountain, VM-stadion, Waterfront, Bo Kaap, Robben Island, Kirstenbosch botaniske hage, Cape Point og Kapp det gode håp. Som ein ekstra bonus var eg den siste helga på sykkeltur i Jonkershoek naturreservat og på tur til Franschhoek med besøk i hugenott-museet og ein avslutningslunch som overgjekk det meste. Dersom tida strekk til, blir det vel nokre bloggnotat av dette i tida framover.

Nå er det GODT å vera heime igjen! Men eg satsar på at dette ikkje var siste gong eg besøkte Sør-Afrika. Det var derfor ikkje vanskeleg å ta imot helsinga som stod på veggen på flyplassen i Cape Town: We can’t wait to welcome you back!


Kapp det gode håp

22/04/2010

Eg har vore på tur på Kapphalvøya i dag og har opplevd utruleg mykje. Det blei ein enda betre dag enn eg hadde tenkt på forhånd. Skal prøva å skildra nokre av opplevingane her.

Høgdepunktet var den råe naturen ved Cape Point og Kapp det gode håp, men det var også ei stor oppleving med det spesielle dyrelivet i nasjonalparken (Table Mountain National Park). Me såg store dyr som bavianar, bontebukk (ein utryddingstrua antilopeart) og struts på nært hald og dessutan ein flokk med svære eland-antilopar på avstand. Elles såg me smådyr som fjellgrevling og ein spesiell stripete museart. Bavianane tok førsteprisen. Det skal eg koma tilbake til.

Cape Point og Kapp det gode håp

Cape Point blir rekna som staden der Atlantarhavet og det indiske havet møter kvarandre, sjølv om det reint geografiske punktet ligg litt lenger aust. Her på sørspissen av Kapphalvøya er det rikeleg med ville klipper og skummande hav. Eg var så heldig å få oppleva dette i varmt (26 gr.) og klart ver og hadde ein fantastisk sikt utover havet. Sjølvsagt blåste det kraftig, men det er som det skal vera ein slik stad. I tillegg til at me var heldige med veret, fekk me høyra at me var heldige sidan dei andre europearane som normalt ville vore her, nå ikkje var her (pga askeskyen og konsekvensane av den).

Cape Point er den austlege klippa, med fyrtårn, og Kapp det gode håp er den vestlege klippa. Dei to klippene ligg heilt sør på Kapphalvøya eit par km frå kvarandre, og heile området blir ofte kalla Kapp det gode håp. Staden har alltid, heilt sidan oppdagingsreisene på slutten av 1400-talet, hatt stor symbolverdi.

Vandring over til Kapp det gode håp

Nesten heile gruppa vår, som altså sit askefast og ventar på billettar heim, var med på turen i dag. Nokre av oss gjekk etter lunch ved Cape Point stien vidare til Kapp det gode håp for å få mest mogleg naturopplevingar ut av dagen. Alternativet var å bli køyrt rundt med buss. Det var ein frisk og herleg tur! Me var tre som gjekk saman, og her var me rett og slett aleine med naturkreftene. Me møtte ikkje nokon andre. Stien gjekk høgt opp over havet og me passerte Cape Maclear og Diazstranda. Me såg ned på skarvekoloniar og annan sjøfugl. Til slutt gjekk me bakkane opp til toppen av Kapp det gode håp.

Ytterst på klippen, eit par hundre meter (?) over det skummande havet, kom forslaget; nå passar det godt å be! Me var overvelda av skaparverket og fulle av inntrykk frå vekene i Sør-Afrika. Desse inntrykka har sjølvsagt ofte prega bønene våre desse vekene, men ingen ting var meir naturleg enn også å gje høglydt uttrykk for dette på denne spesielle staden. Me bad for Sør-Afrika og alle utfordringane landet står overfor, for det afrikanske kontinentet, for kyrkjene her og for heimreisa vår (som framleis er heilt i det blå). Me takka for naturen og ikkje minst alt det dei afrikanske kristne har å læra oss om å vera ei misjonal kyrkje.

Bavianran

Men tilbake til bavianane ved Cape Point. Dei var kjappe, innpåslitne og ganske intelligente. Dessverre har dei endra livsstil pga omfattande foring frå turistar, slik at dei nå går relativt direkte til verks når dei vil ha mat. Mens me sat og spiste ved kafeen, kom ein flokk heilt innpå.

Ein av dei stakk inn i kafeen og forsynte seg raskt med eit par chipsposer frå hylla. Ein annan hoppa frå taket ned på eit restaurantbord og stakk av med litt av maten.  Ein tredje tok maten ut av handa på ei kvinne. Alt dette skjedde sjølvsagt til stor jubel frå oss som var så heldige å vera vitne til ranet. Slike opptrinn er visstnok så vanlege at det nå går vaktar som prøver å halda bavianane borte frå folk. Desse vaktene gjorde det dei kunne (les: jaga dyra og kasta stein mot dei) for å få dei vekk.

Det gode håp

Turen til Kapp det gode håp og traktene rundt var ei stor oppleving på mange plan. Dagane våre her i Stellenbosch er også gode, på mange vis. Likevel er det slik at det gode håpet for oss som sit askefast her nede, akkurat nå dreier seg om å koma heim!


Askefast i Stellenbosch

19/04/2010

Eg sit askefast i Stellenbosch i Sør-Afrika. VG har faktisk i dag eit oppslag om at gruppa vår på 24 norske prestar sit fast her og ber om askehjelp! Les her

Når først situasjonen er som den er, er ikkje Stellenbosch nokon dårleg plass å vera! Faktisk har eg det veldig bra her. Dette er ein utruleg flott by, plassert i eit vakkert bølgjande landskap og med ruvande fjell i bakgrunnen. Dessutan er gruppa vår godt samansveisa og me har det bra saman. Alle (trur eg) ønskjer seg heim igjen til kvardagen med familieliv og teneste i kyrkja, men det er nok litt ulikt kor kritisk me opplever situasjonen.

Sjølv skulle eg ha delvis studiepermisjon dei komande vekene. Men trass i at eg hadde planlagt redusert arbeidstid på kontoret framover, har eg ansvar for ein del saker og deltar i viktige prosessar som det er vanskeleg å vera borte frå.

Dei to siste vekene har eg altså vore på studieopphald på universitetet her, og i går var opplegget vårt slutt. Samtidig fekk me den endelege stadfestinga på at flyet til London var kansellert og at me ikkje kan vita kva tid me kan koma oss heimover. I dag har me fått beskjed om at den tidlegaste avreisa for gruppa vår, er om fire dagar. Det har gjeve oss litt meir ro til å strukturera dagane som ligg framfor oss.

Dei to neste dagane skal me ha ei morgonsamling etter frukost, med bibelstudium og oppdatering omkring situasjonen me er i. Deretter blir det mogleg å bruka resten av dagen til sjølvstudier på det teologiske fakultetet eller  ta seg ut på eigne opplegg. På ettermiddagen vil me ha ei fagleg samling (om kyrkjelydsutvikling, som er temaet vårt) for dei som vil få med seg det. Om kvelden blir det god tid til sosialt liv. Eg ser ikkje bort frå at eg vil bruka litt tid til å oppdatera bloggen, også.

Etter dette, tar me oss truleg ein dagstur for å oppleva litt meir av landet her, før me gjer oss klar til eventuell heimreise på fredag.

Som de forstår, eg har det foreløpig godt her i Stellenbosch. Men me er sjølvsagt svært spente på kor lenge det går før flya begynner å gå til Europa igjen. Drar dette ut, vil det bli ein krevjande situasjon. I så fall kan det nok dukka opp mange meir eller mindre kreative løysingar på korleis me skal passera Kongo, Sahara, Middelhavet og det europeiske kontinentet for å koma oss heim. For det er slik det blir sagt i ordtaket: borte bra, men heime best.

(Oppdatert 20.04.2010)


Studietur til Stellenbosch

06/04/2010

Eg reiser i dag til Stellenbosch i Sør-Afrika i samband med vidareutdanninga Menighetsutvikling i folkekirken som eg for tida tar på MF. Eg ser fram til to spennande veker, men veit ikkje om det blir nokon aktivitet på bloggen i denne perioden.


%d bloggarar likar dette: