Det jødiske Krakow

Eg var i Krakow nokre dagar sist veke (mai 2011). Den polske byen blir nokre stadar omtalt som ein av dei vakraste i Europa. Eg har ikkje føresetnad til å vera domar i den konkurransen, men det er ingen tvil om at det er mykje flott å sjå i den gamle byen. Eg reiser gjerne tilbake!

Krakow var i tidlegare tider ein by med stor jødisk befolkning. Det jødiske området Kazimierz var først ein eigen by, men har sidan 1800-talet vore ein del av Krakow.

Kazimierz, Krakow. Foto: Arne Berge 2011

Det var interessant å gå rundt i gatene i Kazimierz og oppleva atmosfæren der. Eg var innom eit par synagogar, den gamle gravplassen og eit par bokhandlarar. Dessutan fann eg meg sjølvsagt ein stad der eg kunne sitja ned med tankane mine og ein kopp kaffi.

Det er seks ortodokse synagogar og ein reformsynagoge på eit lite område i Kazimierz. Nokre av desse er renoverte og framstår som museum. Eg var blant anna innom Remusynagogen (frå 1553), som er den einaste som har eit aktivt gudstenesteliv i dag. Den blei renovert på 1950-talet, men framstod dessverre likevel som ganske nedsliten.

Like utanfor Remusynagogen ligg den gamle jødiske gravplassen frå 1500-talet.

Den jødiske gravplassen ved Remusynagogen, Krakow. Foto: Arne Berge 2011

Denne nærleiken mellom gudshus og gravplass, som me er vant med i kristen samanheng, er ikkje vanleg i den jødiske kulturen. Gravplassen blei erstatta av ein annan på 1800-talet. Under den andre verdskrigen blei den vandalisert av nazistane.

Historia til jødane under krigen ligg naturleg nok som eit mørkt bakteppe for det som i dag er ein sjarmerande bydel. Før krigen var det over 64.000 jødar i Krakow. Dette var ca ein fjerdedel av befolkninga i byen. Over 90 % av desse jødane blei utrydda av nazistane, som tidleg under krigen samla jødane i ein ghetto like utanfor Kazimierz. Her blei dei anten skotne eller sende vidare til konsentrasjonsleir.

Ei minneplate utanfor Remusynagogen hadde følgjande tekst på hebraisk, polsk og engelsk:

In memory of the Jewish martyrs of Cracow who were annihilated by the Nazi Germans in the terrible period 1939-1945. Earth Do Not Cover Their Blood. 

I dag er det visst ikkje meir enn ca 150 jødar igjen i byen. I 2008 blei det oppretta eit jødiske samfunnssenter som skal styrka den jødisk kulturen i byen idag. Senteret ligg like ved den reformerte synagogen (Tempelsynagogen).

Eg fekk forresten også sett fabrikken til Oskar Schindler. Han er kjent for innsatsen for å redda jødiske arbeidarar frå holocaust. Filmen Schindlers liste er i stor grad spelt inn i Krakow.

Bokhandel i Den høge synagogen, Krakow. Foto: Arne Berge 2011

Eg var innom eit par bokhandlarar. Eg syns spesielt den som ligg i Den høge synagogen var interessant. Her var det blant anna mykje litteratur om jødedommen i Europa og om holocaust.

Eg har ennå ikkje sett meg inn i kva det har vore av kristen misjon blant jødane i Krakow. Den Norske Israelsmisjon (DNI) har i alle høve ikkje hatt arbeid i byen. Men eg har lese at den norske presten Gisle Johnson (1876-1946), som i mange år var misjonær for DNI i Romania og Ungarn, var innom byen på sin første reise til Romania i 1902. Han reiste då med tog frå Leipzig til Balkan og gjorde i følgje biografien eit opphald hos ein tysk israelsmisjonær i Krakow.

Krakow har mykje å by på. Ikkje minst er Gamlebyen frå mellomalderen imponerande og flott. Men for meg var møtet med Kazimierz minst like interessant.

250.000 til Israel i påsken

Det er stor turisttrafikk til Israel for tida. Jerusalem Post skreiv i går at det er venta 250.000 turistar til landet nå i påsken, som er éin av høgsesongane i denne samanhengen. Avisa omtalar dette, ikkje overraskande, som faith tourism industry. Det dreier seg både om jødiske og kristne turistar.

Det var forresten stor pilegrimstrafikk til Jerusalem også på Jesu tid: Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem (Joh 12,12).

Israel gears up for Passover and Easter tourists

More than 250,000 visitors expected over holiday season; Ministry of Tourism’s «faith tourism» industry seeks to increase Christian visitors.

(…)

One of the highlights of the pilgrimage for Orthodox Christians is the Ceremony of the Holy Fire, to be held next Saturday in the Church of the Holy Sepulcher in the Old City of Jerusalem. The ceremony brings thousands of worshipers into the alleyways of the Old City as the fire is passed among the faithful.

Les meir

Eg feira påske i Jerusalem for ti år sidan. Det var verkeleg ei flott oppleving, sjølv om det var svært mykje folk i byen under høgtida.

Eg skreiv den gong reisebrevet Påske i byen der det skjedde heim til lokalavisa Jærbladet. Her er det blant anna ei skildring av den omtalte lystennings-seremonien i Gravkyrkja.

(via BiblePlaces Blog)

Shalomtur haustferien 2011

Bli med til Israel og dei palestinske områda 6.-15. oktober 2011

Inger og eg likar å vera reiseleiarar saman. Det er fint å få formidla til andre noko av det som er viktig for oss.

Nå kan me invitera til ny tur. Brosjyren for turen er ferdig i dag og den er nå lagt ut på nettet hos turoperatøren Sabra Fokus Reiser.

Sjå informasjon om turen

Her er eit utdrag frå brosjyren:

Turen er lagt opp med god tid i Jerusalem. I tillegg får du oppleva Betlehem, Dødehavsområdet, Jordandalen, Galilea og kysten ved Middelhavet. Programmet inneheld besøk på viktige bibelske og historiske stadar og mange spennande natur- og kulturopplevingar. Vi skal ha kontakt med Den Norske Israelsmisjon sitt arbeide i Jerusalem og Tel Aviv, og ha gudstenestefellesskap med messianske jødar og palestinske kristne. I tillegg blir det tid til bading i Dødehavet og i varme kjelder. Ein skandinavisktalande israelsk guide vil i tillegg til dei norske reiseleiarane følgja gruppa på turen.

Sjå fullstendig brosjyre med program og pris her.

Sykkeltur i Galilea?

Nylig ble den første etappen av den 130 km lange terrengsykkelløypen som skal gå rundt Genesaretsjøen, åpnet. Den ferdige etappen er 4,5 km lang og strekker seg fra Kapernaum til Arik-broen på nordkysten av sjøen. Sykkelløypen ble laget for å garantere allmennheten fri tilgang til naturen. Enkelte deler vil være tilgjengelig for funksjonshemmede, og det blir rasteplasser langs løypen. Det kommer til å ta omtrent fire dager å sykle rundt hele sjøen.

Turister får mulighet til å sykle gjennom de bibelske og historiske stedene. Den fremtidige terrengsykkelløypen vil bli godt merket og ha flere servicesteder langs veien. Tiberias, Ramot og Had Ness kommer til å ha utleie av sykler, utstyr og guide.

Israels turistdepartement presenterte nylig en femårsplan med et budsjett på 220 millioner kroner der det skal bygges 5000 km sykkelløyper rundt omkring i Israel. Sykkelløypene vil ha servicesteder og vil først og fremst ligge i Galilea og i Negev-ørkenen. De vil knytte sammen de viktige turiststedene.

Kjelde: Israel Ministry of Tourism

Bibelforskar «oppdagar» Israel

Mark Goodacre er teologisk forskar og har gjennom fleire år skrive den akademiske NT Blog. I sommar har han for første gong besøkt Israel, og han har skrive 10 innlegg der han skildrar sine opplevingar i landet. Her er han ikkje fullt så akademisk som ellers, me får høyra om små og store opplevingar og om bibelske stadar som skuffa eller gleda han.

Les A Biblical Scholar’s First Impressions of Israel I-X

Olsok og Olavsfestdagane

Det er olsok (29. juli) og me er tilbake i Trøndelag. På denne tida av sommaren er det verkeleg flott å vera i Trondheim; her er det omfattande olsokfeiring i ramma av Olavsfestdagane. Me har valt ut ein del av det kyrkjelege programmet i og rundt Nidarosdomen, eller Kristkyrkja som den også blir kalla. Men det blir også ein tur til Stiklestad og Spelet om Heilag Olav på sjølve olsokkvelden.

I går føremiddag fekk me med oss opninga av Olavsfestdagane og den historiske marknaden i borggarden i Erkebispegården.

I går kveld var me i Nidarosdomen der 1000 menneske hadde samla seg for å høyra ein samtale! Det dreidde seg om ein samtale med utanriksminister Jonas Gahr Støre og kronprinsesse Mette-Marit om Tro, håp og kjærlighet. Den første snakka mest om tru og håp, den andre om tru og kjærleik. Dei to hadde, saman med ektefellene sine, vandra som pilegrimar eit par dagar før dei kom til Trondheim.

Prest og forfattar Per Arne Dahl leia samtalen. Det kom fram mykje interessant. Eg la spesielt merke til koss utanriksministeren, som ikkje hadde ei barnetru å byggja på, midt i ei krevjande kvardag hadde kome fram til at han trong ei tru for å få livet til å gå opp. Vidare koss kronprinsessa omtalte kyrkja som ein heim og dessutan fortalde personleg og flott om kva kjærleiken til kronprins Haakon har betydd for henne.

Etter samtalen i kyrkja var me på salmekveld i Borggården i Erkebispegården, vidare utover kvelden og natta hadde me ein god prat med venner og deretter var me innom Olavsvaka i kyrkja.

I dag har eg vore på Olsokhøgmesse. Ikkje verst å kunna samla nesten fullsett katedral til høgmesse ein torsdag kl 11! Det var ei flott gudsteneste med song av Skruk og preike ved ein gjestande svensk biskop. Etter gudstenesta var det bekransning av statuen av Heilag Olav på Vestveggen (med lift!). Deretter var eg innom besøkssenteret og kjøpte meg ein liten godbit; Til Romaborg og Jorsal (reiseguide frå 1100-talet om ei reise til Roma og Jerusalem). Den tok eg med meg og las mens eg tok meg kyrkjekaffi i Pilegrimsgarden.

Alt snakket om «Olavsarven» er nok først og fremst ei trøndersk greie, men det er like fullt mykje flott å få med seg i Trondheim under Olavsfestdagane. Dette er innhaldsrike og givande feriedagar. I strålande sommarver.

(Oppdatert 1. august 2010)

Ei helg på Vega

Eg er på Vega igjen. Eg har gode sommarminne frå eit kort opphald på øya for tre år sidan (her), men nå er eg på besøk hos Trygve, som har budd her i eit halvt år. Det gir eit heilt anna utgangspunkt for å oppleva dette spesielle øyriket. Vegaøyan er Norges største skjærgard med 6.500 øyer, holmar og skjær. Tidlegare var det fast busetnad på 59 av desse, i dag bur det bare folk på Vega og Ylvingen. Noko av det mest fascinerande med desse øyane er at dei fleste er heilt låge, det er såvidt dei stig opp av havet, mens nokre få har bratte og høge fjelltoppar.

Fredag reiste me på guida båttur til Utværet Lånan, 16 nautiske mil nordvest for Vega. Her har menneske og ærfugl gjennom fleire hundreår levd i eit spennande samspel. I dag bur fuglevaktarane på staden om sommaren og held tradisjonen ved like. Det var ei flott oppleving å få betre kjennskap til den unike ærfugldrifta som har ført til at Vega har kome inn UNESCO si verdsarvliste. På føremiddagen var me forresten også innom Kystens dag på Vegstein og fekk omvisning i den historiske samlinga til Kystlaget.

Laurdag gjekk Trygve og eg opp på Trollvasstind, 799 moh, den høgaste toppen på øya. Fantastisk utsikt over øyar og hav, riktignok gjennom ein sverm av fluer. Me gjekk opp frå Vegdalsskaret og ned til Ervika. På veg ned danna eg dei (for meg) nye orda nedoversti og bortoversti. Det var godt å koma over på ein bortoversti etter nesten 800 meter intensiv nedoversti.

Søndag var me på gudsteneste i Vega kyrkje og deretter på vandring langs havet, på vestsida av øya. Me gjekk til Vegdalen, der me låg i sola på eit svaberg eit par timar før me rusla tilbake. Ei perfekt avslutning på ei flott helg!

Katolske eigedomar i Israel

Den katolske kyrkja har mange interessante eigedomar i Israel og dei palestinske områda. For staten Israel er ikkje dette uproblematisk. Det har derfor vore ført krevjande forhandlingar omkring desse eigedomane gjennom fleire år.

Eg har tidlegare skrive om Nattverdssalen på Sionhøgda i Jerusalem, ein av dei stadane som verkeleg skapar problem. Her har israelarane lagt sterke restriksjonar på katolikkane på bakgrunn av at den same bygningen også inneheld ein viktig jødisk heilagstad. Nå har det vore nye rundar om dette. «We have wanted the status quo, and they have wanted sovereignty» uttalar ei kjelde i det israelske utanriks-departementet. Det ser ut for at Vatikanet heller ikkje denne gongen har kome noko lenger her. Dei ønskjer å kunna feira gudstenester i Nattverdssalen.

Forhandlingane har også handla om 21 andre katolske eigedomar og om Israels rett til å konfiskera dei viss det er «nødvendig for sikkerheita». Dette gjeld blant anna viktige reisemål for kristne pilegrimar og turistar som Saligprisingsfjellet, Tabgha, Kapernaum og Getsemane.  Her har Vatikanet fått sikra seg eit ekstra vern mot eventuell konfiskering på dei seks viktigaste eigedomane.

Arutz-7 skriv frå israelsk synsvinkel:

One of the most difficult points of contention between Israel and the Vatican is the question of who controls the Last Supper Room. The room is said to mark the burial site of Kings Solomon and Hezekiah, and is also located in the same structure that houses the tomb of King David. Further complicating the matter is the fact that the building is known as the oldest Catholic church in the world, and has also served as a synagogue and as a mosque — in fact, Muslim inscriptions can still be seen on its walls. To simplify matters, the Last Supper Room was taken out of the agreement. «We basically reached the principle that it will not be part of this agreement,» the source said.

(…)

Progress was also apparently made on the issue of Israel’s right to expropriate land when necessary, albeit not without some caveats. The status quo was maintained on most of the 21 disputed properties in the Land of Israel, but there were six outstanding exceptions in which Israel has allegedly agreed not to confiscate land «unless there is an extreme need»: the Mount of Beatitudes, Tabha, Capernaum, the Church of the Annunciation, Mt. Tabor and the Garden of Gethsemane. «Obviously if there is a security situation, the State of Israel can expropriate, as is the sovereign right of any nation,» the source said. «After 11 years, that’s real progress,» he said.

(les meir)

(via BiblePlaces Blog)

Ei helg i Selje

Juni 2010: Selje var målet for oss som var på pilegrimsreise nordover langs kysten frå Stavanger. Me hadde ei flott helg her på og ved Stadlandet.

På søndagen var me på tur ut til den litle øya Selja som er ein viktig stad for den eldste kyrkjehistoria vår:

  • Øya er knytt til tradisjonen om Sta Sunniva og Seljemennene, som skal ha kome hit i båt frå Irland. Her er den keltiske påverknaden sterk og dette var kanskje det første pilegrimsmålet i Norge, allereie frå omlag år 1000.
  • Vidare var øya eit av dei første bispeseta i landet i hundre år frå 1068 då kong Olav Kyrre delte landet i tre bispedømme. Bispesetet blei flytta til Bergen i 1170, saman med relikviane knytt til Sta Sunniva.
  • Så må det også nemnast at det blei bygd kloster og fleire kyrkjer her på 1200-talet. Nå er det ruinar som gjev eit inntrykk av klosteret, og tårnet frå Albanuskyrkja viser godt igjen i terrenget (sjå bildet).

På laurdagen gjekk me fjelltur over Stadlandet til Dragseidet, der det er sett opp eit kors til minne om kristninga av denne delen av landet. Vidare reiste me med buss ut til Ervik og Vestkapp.

Eg syns det var spesielt flott å koma opp på Vestkapp, det vestlegaste fjellplatået i landet, nesten 500 meter over Stadhavet. Det er mindre enn to månadar sidan eg var på Kapp det gode håp og Cape Point, og desse to kapp-opplevingane (begge i godver!) har gjort eit sterkt inntrykk på meg. Her er det mykje himmel og mykje hav. Det uendelege kjem nær. Og me menneske blir små i slik natur.

Her er notata frå turen:

Kinna-kyrkja

Interiør, Kinna-kyrkja
Kinna-kyrkja. Foto: Arne Berge 2010

Me hadde mange flotte opplevingar på pilegrimsreisa vår langs kysten frå Stavanger til Selje. Eit av dei absolutte høgdepunkta var besøket på Kinn, ei øy med åtte fastbuande langt ute mot havet utanfor Florø. Den gamle kyrkja frå 1100-talet er heilt spesiell, og her blei me tatt imot på ein måte som gjorde inntrykk!

Heile kyrkja er eit klenodium. Det mest spesielle med den er nok lektoriet, eit galleri over kordøra. Lektoriet er truleg frå 1200-talet og har vore nytta i liturgisk samanheng, til song og lesing, kanskje også til kunngjeringar. Figurane som er skorne ut i fronten på lektoriet er Jesus og dei tolv apostlane som sit på tronstolar (Matt 19,28), med ein engel ytst på kvar side.

Framme i koret er det tre store kvinnefigurar i tre; det er Sta Barbara, Sta Katarina og Maria Magdalena. Desse figurane kom truleg hit på i løpet av dei siste hundre åra før reformasjonen, og dei var då plasserte i det sentrale feltet i altartavla. Det spesielle er at dei fekk bli ståande der i meir enn 150 år etter reformasjonen! I 1703 blei dei flytta frå altartavla. Nå står dei i eit altarskap på sørsida oppe i koret. Elles syns eg også det er spesiellt at Sta Katarina av Alexandria, den helgenen som er knytt til Katarinaklosteret i Sinai, har funne vegen her til ei øy ytst på vestlandskysten.

Kinna-kyrkja
Kinna-kyrkja. Foto: Arne Berge 2010

Naturen utanfor kyrkja er mektig. Her ligg storhavet rett utanfor, Her er den spesielle fjellformasjonen Kinnaklova. Eg hadde ein verdifull time for meg sjølv på benken som står ved kyrkja. Og mens eg var der ved kyrkja, flaug ei havørn rett over meg!

Her er alle notata frå turen:

 

Frå Stavanger til Selje

Eg har i kveld kome heim frå ei pilegrimsreise langs kystleia frå Stavanger til Selje. Nokre vil kanskje undra seg over at eg kallar denne turen ei pilegrimsreise, for eg har ikkje gått så mykje. Det har derimot vore ein tur med mykje kollektivtransport (i båt) og kanskje er det rettare å seia at eg har vore på ei reise i pilegrimars kjølvatn. Eg meiner likevel eg har orda mine i behald. For meg betyr det å vera pilegrim for det første at eg er undervegs mot eit (heilagt) mål, for det andre at eg er på ei indre reise som går parallelt med den ytre reisa. Begge desse kriteria har vore til stades på denne turen.

Selje med klosterruinane på den litle øya Selja er ein viktig stad for den eldste kristne historia i landet vårt. Her er det ein sterk tradisjon knytt til legenda om St. Sunniva og Seljemennene. Dette er kanskje det eldste pilegrimsmålet i Norge. Reisa frå Stavanger til Selje kan derfor både sjåast som ein del av ei større reise, fram til Nidaros-domen, og som ei eiga reise med Selje som det endelege målet.

Eg har skrive eit par notat undervegs. Kanskje kjem det meir stoff om turen i tida framover.

Oppdatering: Her er alle notata frå turen:

 

Kystpilegrim

Eg er kystpilegrim for nokre dagar (mai 2010). Eller kanskje det er rettare å seia at eg er på tur i pilegrimars kjølvatn. Saman med kollegaer reiser eg nordover langs kysten frå Stavanger.

Me reiser med offentleg kommunikasjon det meste av turen. Akkurat nå sit eg på rutebåten mellom Gulen og Selje.

Turen starta med morgonsong tidleg i går i Bispekapellet i Stavanger (bildet over). Undervegs er me innom Avaldsnes, Moster, Bergen, Gulen og Kinn før me når målet vårt, klosterruinane på Selje. Det vil seia, Kinn skal me av praktiske grunnar innom på heimreisa. Hadde me hatt meir tid til disposisjon, hadde me nok lagt ut på heile kystleia fram til Trondheim og Nidarosdomen. Den siste etappen får venta til ein annan gong.

Turprogrammet vårt inneheld stopp på viktige stadar frå den eldste kristne tida i Norge. Kvar dag har me små pilegrimsgudstenester i kyrkjer me er innom. Elles har jo også det å reisa saman ein eigenverdi. Her er det rom for mange gode samtalar og spennande opplevingar.

Første stopp var Olavskyrkja (bilde 2) som blei bygd av kong Håkon Håkonsson ca 1250 på den gamle kongsgarden Avaldsnes ved Karmsundet. Denne kyrkja var eit lokalt pilegrimsmål i mellomalderen, og i vår tid har kyrkjelyden tatt opp tradisjonen og arrangerer lokale pilegrimsvandringar rundt Olsok. Bildet viser kyrkja med den spesielle bautasteinen Jomfru Marias synål, som er over sju meter høg og som lener seg inn mot kyrkja. Eit gamalt sagn seier at det blir dommedag den dagen steinen kjem borti kyrkja. Det blir også sagt at enkelte prestar av den grunn har gjort sitt for at steinen ikkje skal berøra kyrkja!

Godt skjult i terrenget nedanfor kyrkja ligg det moderne Nordvegen Historiesenter. Her på Avaldsnes ved Karmsundet finn me faktisk opphavet til namnet Noreg/Norge.

Neste stopp var Gamle Moster kyrkje og Moster Amfi. Kyrkja her skal visstnok vera den eldste i landet og det var her det var stort tusenårs-jubileum for kristendommen i Norge i 1995. Og så kom me fram til Bergen som var første overnattingsstad.

I skrivande stund sit eg som nemnt på båten nordover frå Gulen. Det er kveld nå, og eg har hatt ein interessant dag i Gulen. Eg kom dit i føremiddag og gjekk først langs Nordsjøløypa frå kaia i Sollibotn og inn til Eivindvik. Soknepresten og kulturkonsulenten hadde vidare lagt opp eit innhaldsrikt program for oss. Tidlegare har eg bare kjent stadnamnet Eivindvik gjennom Henrik Wergeland sitt dikt om staden. Derfor var det kjekt å få plassert bygda på kartet inne i hovudet mitt, – og dessutan få eit innblikk i Eivindvik si historie og store tyding for heile landsdelen.

Her låg Gulatinget, det eldste utgangspunktet for demokrati og lovgjeving i landet vårt. Dette tinget hadde også ein funksjon i kristningsprosessen. Kristenretten i Gulatingslova formulerer seg blant anna slik:

Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøya oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og fred og om at det at vi kan halda landet vårt busett og landherren (dvs kongen) vår heil. Han vere vår ven, og vi hans, og Gud ven med oss alle.

Me har fått laga oss eit pilegrimspass som er tilpassa turen langs kystleia frå Stavanger til Nidaros. Hittil har eg fått passet mitt stempla med kyrkjelege stempel i Stavanger domkyrkje, Avaldsnes og Gulen. I Moster fekk eg signatur av ho som tok i mot oss på historiesenteret. I Bergen, der me hadde oss ein tur på byen og blant anna såg på staden der Kristkyrkja låg i middelalderen, har eg stempel frå Egon Restaurant. Dermed inneheld altså pilegrimspasset også eit minne frå den meir sosiale delen av turprogrammet!

Oppdatering sommaren 2020: Margun som var reiseleiar for oss på denne turen i 2010, har nå skrive bok om Kystpilegrimsleia!

Her er alle notata frå turen i 2010:

See The Holy Land

Det har dukka opp ei ny nettside med stoff for den som likar å reisa i dei bibelske landskapa. Sjå sida See The Holy Land.

Her er eit utdrag frå «about»-sida:

Welcome to Seetheholyland.net. We hope it will encourage you to go as a pilgrim to this place where three faiths believe God entered into a relationship with the human race.

For our purpose, the Holy Land encompasses the places in the Middle East that are mentioned in the Old and New Testaments. It includes Israel and the Palestinian Territories, western Jordan, the Sinai Peninsula in Egypt and southern Syria.

(…)

Seetheholyland.net looks at the sacred sites from a Christian perspective but with respect for the beliefs and traditions of all faiths. In the interests of modern Christian pilgrims, the focus is mainly on sites of the New Testament.

We seek to be factual rather than pious. We aim to present well-researched articles written in a down-to-earth style that avoids the hype and — to coin a word — sanctimentality that descriptions of holy places sometimes employ.

(via BiblePlaces Blog)

Heime igjen!

Nå er eg heime igjen etter åtte askefast-dagar i etterkant av studieturen til Stellenbosch. Dei to vekene i Sør-Afrika blei altså til tre.

Det var ein spesiell situasjon å vera meir enn 10.000 km heimefrå då askeskya la seg over Europa. Men som eg har nemnt i eit notat undervegs: me var trass alt priviligerte i forhold til dei mange kompliserte situasjonane folk kom i pga vulkanutbrotet.

Då flya var i lufta igjen mellom Sør-Afrika og Europa, delte gruppa vår seg i mindre grupper for å koma raskast mogleg heim. Nå er alle 24 tilbake i Norge/Sverige. Me var sju som var igjen til slutt, og me reiste frå Cape Town i går ettermiddag via Johannesburg og Frankfurt.

Eg har opplevd enormt mykje. Studiet var kjempebra. Samtidig har eg fått eit interessant (men sjølvsagt bare eit lite) innblikk i dei utfordringane det sørafrikanske samfunnet møter nå i tida etter apartheid. Og eg har fått eit første møte med kyrkjelivet i dette landet, som er langt mindre sekularisert enn vårt.

Området rundt Cape Town er dessutan utruleg flott! Stellenbosch var ein utmerka by å bu i, og eg fekk dessutan med meg mange interessante stadar i regionen; Hermanus, Table Mountain, VM-stadion, Waterfront, Bo Kaap, Robben Island, Kirstenbosch botaniske hage, Cape Point og Kapp det gode håp. Som ein ekstra bonus var eg den siste helga på sykkeltur i Jonkershoek naturreservat og på tur til Franschhoek med besøk i hugenott-museet og ein avslutningslunch som overgjekk det meste. Dersom tida strekk til, blir det vel nokre bloggnotat av dette i tida framover.

Nå er det GODT å vera heime igjen! Men eg satsar på at dette ikkje var siste gong eg besøkte Sør-Afrika. Det var derfor ikkje vanskeleg å ta imot helsinga som stod på veggen på flyplassen i Cape Town: We can’t wait to welcome you back!

Kapp det gode håp

Eg har vore på tur på Kapphalvøya i dag og har opplevd utruleg mykje. Det blei ein enda betre dag enn eg hadde tenkt på forhånd. Skal prøva å skildra nokre av opplevingane her.

Høgdepunktet var den råe naturen ved Cape Point og Kapp det gode håp, men det var også ei stor oppleving med det spesielle dyrelivet i nasjonalparken (Table Mountain National Park). Me såg store dyr som bavianar, bontebukk (ein utryddingstrua antilopeart) og struts på nært hald og dessutan ein flokk med svære eland-antilopar på avstand. Elles såg me smådyr som fjellgrevling og ein spesiell stripete museart. Bavianane tok førsteprisen. Det skal eg koma tilbake til.

Cape Point og Kapp det gode håp

Cape Point blir rekna som staden der Atlantarhavet og det indiske havet møter kvarandre, sjølv om det reint geografiske punktet ligg litt lenger aust. Her på sørspissen av Kapphalvøya er det rikeleg med ville klipper og skummande hav. Eg var så heldig å få oppleva dette i varmt (26 gr.) og klart ver og hadde ein fantastisk sikt utover havet. Sjølvsagt blåste det kraftig, men det er som det skal vera ein slik stad. I tillegg til at me var heldige med veret, fekk me høyra at me var heldige sidan dei andre europearane som normalt ville vore her, nå ikkje var her (pga askeskyen og konsekvensane av den).

Cape Point er den austlege klippa, med fyrtårn, og Kapp det gode håp er den vestlege klippa. Dei to klippene ligg heilt sør på Kapphalvøya eit par km frå kvarandre, og heile området blir ofte kalla Kapp det gode håp. Staden har alltid, heilt sidan oppdagingsreisene på slutten av 1400-talet, hatt stor symbolverdi.

Vandring over til Kapp det gode håp

Nesten heile gruppa vår, som altså sit askefast og ventar på billettar heim, var med på turen i dag. Nokre av oss gjekk etter lunch ved Cape Point stien vidare til Kapp det gode håp for å få mest mogleg naturopplevingar ut av dagen. Alternativet var å bli køyrt rundt med buss. Det var ein frisk og herleg tur! Me var tre som gjekk saman, og her var me rett og slett aleine med naturkreftene. Me møtte ikkje nokon andre. Stien gjekk høgt opp over havet og me passerte Cape Maclear og Diazstranda. Me såg ned på skarvekoloniar og annan sjøfugl. Til slutt gjekk me bakkane opp til toppen av Kapp det gode håp.

Ytterst på klippen, eit par hundre meter (?) over det skummande havet, kom forslaget; nå passar det godt å be! Me var overvelda av skaparverket og fulle av inntrykk frå vekene i Sør-Afrika. Desse inntrykka har sjølvsagt ofte prega bønene våre desse vekene, men ingen ting var meir naturleg enn også å gje høglydt uttrykk for dette på denne spesielle staden. Me bad for Sør-Afrika og alle utfordringane landet står overfor, for det afrikanske kontinentet, for kyrkjene her og for heimreisa vår (som framleis er heilt i det blå). Me takka for naturen og ikkje minst alt det dei afrikanske kristne har å læra oss om å vera ei misjonal kyrkje.

Bavianran

Men tilbake til bavianane ved Cape Point. Dei var kjappe, innpåslitne og ganske intelligente. Dessverre har dei endra livsstil pga omfattande foring frå turistar, slik at dei nå går relativt direkte til verks når dei vil ha mat. Mens me sat og spiste ved kafeen, kom ein flokk heilt innpå.

Ein av dei stakk inn i kafeen og forsynte seg raskt med eit par chipsposer frå hylla. Ein annan hoppa frå taket ned på eit restaurantbord og stakk av med litt av maten.  Ein tredje tok maten ut av handa på ei kvinne. Alt dette skjedde sjølvsagt til stor jubel frå oss som var så heldige å vera vitne til ranet. Slike opptrinn er visstnok så vanlege at det nå går vaktar som prøver å halda bavianane borte frå folk. Desse vaktene gjorde det dei kunne (les: jaga dyra og kasta stein mot dei) for å få dei vekk.

Det gode håp

Turen til Kapp det gode håp og traktene rundt var ei stor oppleving på mange plan. Dagane våre her i Stellenbosch er også gode, på mange vis. Likevel er det slik at det gode håpet for oss som sit askefast her nede, akkurat nå dreier seg om å koma heim!

Askefast i Stellenbosch

Eg sit askefast i Stellenbosch i Sør-Afrika. VG har faktisk i dag eit oppslag om at gruppa vår på 24 norske prestar sit fast her og ber om askehjelp! Les her

Når først situasjonen er som den er, er ikkje Stellenbosch nokon dårleg plass å vera! Faktisk har eg det veldig bra her. Dette er ein utruleg flott by, plassert i eit vakkert bølgjande landskap og med ruvande fjell i bakgrunnen. Dessutan er gruppa vår godt samansveisa og me har det bra saman. Alle (trur eg) ønskjer seg heim igjen til kvardagen med familieliv og teneste i kyrkja, men det er nok litt ulikt kor kritisk me opplever situasjonen.

Sjølv skulle eg ha delvis studiepermisjon dei komande vekene. Men trass i at eg hadde planlagt redusert arbeidstid på kontoret framover, har eg ansvar for ein del saker og deltar i viktige prosessar som det er vanskeleg å vera borte frå.

Dei to siste vekene har eg altså vore på studieopphald på universitetet her, og i går var opplegget vårt slutt. Samtidig fekk me den endelege stadfestinga på at flyet til London var kansellert og at me ikkje kan vita kva tid me kan koma oss heimover. I dag har me fått beskjed om at den tidlegaste avreisa for gruppa vår, er om fire dagar. Det har gjeve oss litt meir ro til å strukturera dagane som ligg framfor oss.

Dei to neste dagane skal me ha ei morgonsamling etter frukost, med bibelstudium og oppdatering omkring situasjonen me er i. Deretter blir det mogleg å bruka resten av dagen til sjølvstudier på det teologiske fakultetet eller  ta seg ut på eigne opplegg. På ettermiddagen vil me ha ei fagleg samling (om kyrkjelydsutvikling, som er temaet vårt) for dei som vil få med seg det. Om kvelden blir det god tid til sosialt liv. Eg ser ikkje bort frå at eg vil bruka litt tid til å oppdatera bloggen, også.

Etter dette, tar me oss truleg ein dagstur for å oppleva litt meir av landet her, før me gjer oss klar til eventuell heimreise på fredag.

Som de forstår, eg har det foreløpig godt her i Stellenbosch. Men me er sjølvsagt svært spente på kor lenge det går før flya begynner å gå til Europa igjen. Drar dette ut, vil det bli ein krevjande situasjon. I så fall kan det nok dukka opp mange meir eller mindre kreative løysingar på korleis me skal passera Kongo, Sahara, Middelhavet og det europeiske kontinentet for å koma oss heim. For det er slik det blir sagt i ordtaket: borte bra, men heime best.

(Oppdatert 20.04.2010)

Med Norwegian til Tel Aviv?

Norwegian vurderer å starta direkterute til Tel Aviv, skriv Aftenposten. Selskapet har søkt om landings- og avgangstid på Ben Gurion flyplass kvar laurdag. Ein representant for selskapet seier at dei arbeider med saka, men at det ikkje er avgjort om ei slik rute blir sett i drift.

Aftenposten byggjer oppslaget på danske boarding.dk som først skreiv om saka.

Eg håper Norwegian vågar å satsa på dette, for det er i dag ingen direkterute mellom Skandinavia og Israel. Men det ser dessverre ut for at selskapet planlegg å la flyruta gå frå Stockholm. For oss vestlendingar hadde det vore ei mykje betre løysing om den hadde gått frå København.

Besøk i Immanuelskyrkja

Shalomtur frå Bryne kyrkjelyd 2009Christian, presten i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa, skreiv nyleg dette på bloggen sin:

Forleden havde vi fornøjelsen af at have en gruppe på 35 mand fra en norsk menighed på besøg. Immanuelkirken har en særlig plads i deres hjerte; de støtter os i forbøn og finansielt. Med udgangspunkt i at de ønskede at besøge os, fik de således stablet en Israelstur på benene. Det var en dejlig oplevelse at møde denne flok varme mennesker, som vi af gode grunde ikke kendte, men som lyste langt væk af kærlighed til denne vores lille menighed. Det giver mig lyst til at udtrykke en generel tak til ALLE, der på en eller anden måde tænker os med i forbøn og/eller givertjeneste. TAK! (les meir)

Dette dreier seg om kyrkjelydsturen som eg nyleg har kome heim frå. Og eg kan bekrefta at «fornøjelsen» var minst like stor frå vår side. For norske lesarar kan eg også bekrefta at gruppa på «35 mand» bestod av både kvinner og menn med stor aldersspreiing, jfr gruppebildet me tok utanfor kyrkja.

Det var kjekt å koma tilbake til kyrkja og fint å få treffa Lisbeth og Christian og barna deira ansikt til ansikt, ikkje bare gjennom bloggen deira. Dei fleste i gruppa var i Immanuelskyrkja for første gong, og mange gav uttrykk for at det var viktig for dei å koma dit. Takk for at du, Christian, og kyrkjelyden tok så flott i mot oss!

Immanuelskyrkja, Tel Aviv/JaffaMe var innom kyrkja to gonger. Først fredag ettermiddag då me fekk høyra om kyrkja og livet i kyrkjelyden. Og så dagen etter (laurdag = sabbat i Israel) var me tilbake på hebraisk/engelsk gudsteneste. Det var mykje som gjorde inntrykk på gruppa vår. Mange la spesielt merke til kor samansett kyrkjelyden i Immanuelskyrkja er, med aktive deltakarar frå alle fem kontinent! Men først og fremst var det ei stor oppleving for oss å delta på ei gudsteneste med fokus på Jesus som Messias, midt i ein jødisk kontekst. Dette var så tydeleg heilt frå opninga av gudstenesta, då alle barna i kyrkjelyden var framme og fekk tenna lys på den sjuarma lysestaken på altaret. I denne samanhengen er det å tenna denne lysestaken i seg sjølv eit viktig vitnesbyrd om trua på Messias.

Tårnet i Immanuelskyrkja blir restaurert, foto: Arne Berge 2009I tillegg er sjølve kyrkjebygget ei lita perle, med eit lyst kyrkjerom med vakre glassmaleri av Victor Sparre og med ein liten hage som blir godt utnytta til kyrkjekaffi og fellesskap etter gudstenestene. Frå gata utanfor er det sjølvsagt restaureringa av tårnet som blir lagt mest merke til for tida.

Tårnet i kyrkja var nå i så dårleg forfatning at det måtte reparerast. Det er Den Norske Israelsmisjon som har ansvar for kyrkjebygget, og som har tatt på seg det økonomiske ansvaret for å få orden på dette.

For den som ønskjer eit besøk i Tel Aviv/Jaffa nå i haust, vil eg anbefala ein langweekend i byen, arrangert av Israelsmisjonen i samband med at det er 60 år sidan organisasjonen sitt arbeid i Israel starta opp.

Haustferie i Israel

Eg skal snart på haustferie til Israel og dei palestinske områda. Inger og eg skal vera reiseleiarar for ei gruppe på 35 personar frå Bryne kyrkjelyd. Me har saman med den lokale guiden ansvar for programmet, det sosiale livet i gruppa, forkynninga og for passelege doser med bibel- og kulturhistorie.

Eg lover ikkje oppdatering av bloggen undervegs. Skjer det, så skjer det. Men det kan vel tenkjast at eg i etterkant har med meg historier, opplevingar og bilder som kan bli utgangspunkt for nokre notat på bloggen, om tida strekk til.

Her er nokre stikkord frå programmet:

Torsdag 01.10

  • Reisedag

Fredag 02.10

  • Cæsarea ved havet
  • Besøk i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa
  • Gamle Jaffa

Laurdag 03.10

  • Messiansk gudsteneste i Immanuelskyrkja
  • Besøk i Beit Eliahu (messiansk forsamling) og EbenEzer (aldersheim) i Haifa
  • Muhraqa på Karmelfjellet (Elia sitt møte med Baalsprofetane)

Søndag 04.10

  • I Jesu fotspor ved Gennesaretsjøen
  • Saligprisingsfjellet
  • Tabgha (Jesu møte med disiplane etter oppstoda)
  • Kapernaum
  • Båttur på sjøen

Måndag 05.10

  • Betsaida
  • Cæsarea Filippi
  • Katzrin på Golanhøgdene

Tysdag 06.10

  • Nasaret
  • Sachne (bading i varme kjelder)
  • Jordandalen
  • Genesis Land

Onsdag 07.10

  • Besøk på Caspari Center (messiansk studiesenter i Jerusalem)
  • Betlehem (Fødselskyrkja og Hyrdemarkene)
  • Palestinsk luthersk kyrkjelyd i Beit Jala
  • Herodion
  • Gravhagen

Torsdag 08.10

  • Klagemuren / Vestmuren
  • Tempelplassen
  • Davidsbyen med Hiskias tunnel og Siloadammen
  • Yad Vashem (Holocaustmuseum)

Fredag 09.10

  • Oljeberget
  • Getsemane
  • Via Dolorosa
  • Gravkyrkja
  • Gamlebyen

Laurdag 10.10

  • Ein Gedi (oase ved Dødehavet)
  • Masada
  • Bading i Dødehavet

Søndag 11.10

  • Til disposisjon i Jerusalem

Måndag 12.10

  • Heimreise

Jerusalemsguide

The Jerusalem Insider’s Travel Guide er ei nettside som inneheld mykje og (så langt eg kan sjå) god informasjon om Jerusalem.

Discover Jerusalem, the Most Unique City on Earth

«The view of Jerusalem is the history of the world; it is more, it is the history of earth and of heaven.»

— Benjamin Disraeli (1804–1881)

No other city in the world ignites passions like this one. For three of the world’s major religions, it is a holy, sacred place.

(via BiblePlaces Blog og Biblical Paths)

Jerusalem som turistmål

Oljeberget. UtsiktFor meg er Jerusalem eit favoritt-reisemål.

Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. Det er ein fantastisk by å gå rundt i, det er alltid noko nytt å oppdaga. For meg er den delen av historia som er knytt til Bibelen og til kyrkjehistoria mest interessant.

Biletet er tatt på Oljeberget med utsikt over Tempelhøgda og Gamlebyen. Det moderne Vest-Jerusalem ligg langt bak, så vidt mogleg å skimta.

Travel + Leisure Magazine har sett opp ei liste over dei beste turistbyane i verda (2009). Jerusalem er plassert som nr 17 på denne lista. Det må kunne kallast ei god plassering, sjølv om eg ville sett byen enda høgare på mi private liste! Reisemagasinet har plassert Udaipur i India heilt på topp, med Cape Town og Bangkok på 2. og 3. plass.

Arutz-7 kommenterer:

Jerusalem Mayor Nir Barkat released a statement Wednesday thanking Travel and Leisure for its contest. He noted that the award comes in recognition of the tremendous efforts that his office and Israel’s Ministry of Tourism are making on behalf of Jerusalem’s tourism infrastructures and marketing efforts.

«Jerusalem is a special place to more than 3.4 billion people of faith from around the world,” Barak said, “and my vision is to open up Jerusalem for everyone to enjoy.” He said his goal is to increase tourists to the city fivefold, from this year’s number of two million to 10 million each year.

Tilbake frå Hellas

I går kveld, eller rettare sagt i natt, kom eg heim frå haustferie. Det har vore ein innhaldsrik og herleg ferie saman med ei gruppe som reiste i Paulus» fotspor i Hellas. Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå turen etter kvart. Men nå ventar først ein travel periode med heilt andre oppgåver, og eg reknar derfor ikkje med å skriva så mykje dei næraste dagane.

I kveld har eg sett gjennom nokre av dei 600 bileta Inger og eg tok i løpet av turen. Dette biletet får vera ein smakebit på det me har med heim av minne. Her ser me Lechaion-vegen, som var ei hovudgate i Korint i romersk tid. Vegen gjekk frå hamna Lechaion til det sentrale torget i den store byen, og me kan rekna med at Paulus ofte gjekk på desse steinane då han var i Korint.

I bakgrunnen ser me fjellet Akrokorint (575 moh). Mange i gruppa blei også med på ein fottur opp til toppen, der det er ein fantastisk utsikt over Korintområdet.

Haustferie i Paulus» fotspor

Haustferien 2008

Om få dagar reiser Inger og eg som reiseleiarar for ei gruppe som skal på haustferie i Paulus» fotspor i Hellas. Det skal bli kjekt å koma tilbake til dette interessante landet!

Paulus besøkte Hellas fleire gonger i løpet av ein tiårs periode på 50-talet e.Kr. og store delar av NT er knytt til dette landet. Me skal i hovudsak følgja reiseruta hans slik den er skildra i Apg 16-18. I løpet av turen skal me setja kjente bibeltekstar frå Apg og breva inn i ein geografisk og historisk samanheng. Erfaringa mi er at dette er med og gjer bibelforteljingane levande på ein ny måte.

Turen vil også innehalda mykje meir enn det bibelske perspektivet. Me vil koma til viktige historiske stadar frå den klassiske greske og den hellenistiske kulturen og me vil få eit møte med den gresk-ortodokse kyrkja med kloster og ikonar. Me skal til Thessaloniki, Kavalla, Filippi, Vergina, Veria, Kalambaka, Meteora, Delfi, Loutraki, Korint og Athen. Eg ser fram til spennande dagar fylt med interessant kultur, historie og flott natur.

Her er eit utdrag frå eit tidlegare notat om Paulus si verksemd i Hellas:

Det var på den andre misjonsreisa Paulus reiste over frå Lilleasia til Makedonia, som nå er ein del av Hellas. Dermed var evangeliet for første gong brakt til Europa. Paulus blei kalla over til vår verdsdel gjennom eit syn, fortel Lukas i Apostelgjerningane. Etter dette var Paulus i Hellas i ca 3 år i tida omkring år 50. (les meir)

Denne hausten kjem det ei ny bok som handlar nettopp om å reisa i Paulus» sine fotspor i Hellas. Dessverre blir den ikkje til sals i butikkane før me er heime igjen frå haustferien. Forfattarane Ernst Baasland, Bjørn Helge Sandvei og Karl Olav Sandnes skriv om akkurat dei stadane me skal på denne turen, så det hadde sjølvsagt vore kjekt å kunna den med seg. Det får bli til neste tur i same området!

Oppdatering: Etter turen prioriterte eg å skriva om opplevingar frå Korint:

Tur til Helberghytta

August 2008:

Det er befriande å koma seg til fjells, det er ein av dei beste ferieformene som kan tenkast.

Eg var nyleg (sommaren 2008) på tur til Helberghytta, ein enkel og lite krevande tur. Me køyrde til Rjukan, tok Krossobanen til fjells og gjekk inn til hytta. Då var me faktisk, på ein lettvint måte, komne inn på Hardangervidda. Me låg to netter på Helberghytta og fekk dermed tid til ein dagstur opp til Storfjellet (1314 moh). Sjølv om turen verken var lang eller tung, opplevde me mykje og hadde det fantastisk i det strålande sommarveret.

Bildet er tatt på veg tilbake frå Storfjellet til hytta. Du ser Gaustatoppen i bakgrunnen.

Krossobanen er ei oppleving for seg sjølv. Banen blei i si tid bygd av Norsk Hydro som ei gåve til innbyggarane i Rjukan for at dei skulle få sjå sola også om vinteren! Den går opp til Gvepseborg (886 moh). Der er det ei fantastisk utsikt over Rjukan, Gaustatoppen og Vemork. Spesielt Gaustatoppen, der me var i fjor (her), tiltrakk seg oppmerksomheten vår. Frå denne sida ser me godt kor spiss toppen er.

Helberghytta er ei relativt lita og sjølvbetjent turisthytte. Det betyr at me steller oss sjølve og at det er mat til sals. Det er hyttevert til stades det meste av sommaren, og verten sørger for at alt fungerer på hytta. Kurt Vidar og systera Berit gjorde ein framifrå jobb som hyttevertar, også på det sosiale planet! (Takk for oss, viss de les dette!). Eg kan jo også ta med at hytta ligg på ca 1100 moh, like ved Våervatnet. På turkartet Hardangervidda Øst 1:100000 står det at dette vatnet ligg 989 moh, noko som er 100 m feil! Hytta tilhøyrer DNT Oslo og Omegn.

Hytta er oppkalla etter Claus Helberg. Då kan det passa å ta med eit lite utdrag frå eit intervju med han:

«Det fineste ved å være i naturen er at du selv betyr så lite. Har en sorger og bekymringer, kan en bare stresse det av seg; slikt betyr lite i fjellet. Og så er det stillheten som er så fantastisk, sier Claus Helberg.»

Bokbyen ved Skagerrak

Nokre timar i Tvedestrand, bokbyen ved Skagerrak. Det var eitt av mange ferieønskje for den turen Inger og eg er på nå. Ein bokby er ein liten stad med mange antikvariat og bokutsal. Så vidt eg forstår, er det visse kriterium som skal til for at ein stad kan kalla seg ein bokby. I Norge har me to slike bokbyar; Fjærland og Tvedestrand. 

Inger valde å sjå på kunsthandverk i Risør den dagen, og eg hadde nokre timar då eg bare kunne gå og sjå i bokhyller og bøker. Ja, eg fann også eit par bøker eg kjøpte, men det er ikkje hovudsaka ein slik dag. Det er spennande i seg sjølv bare å gå og leita, lesa, tenkja, drauma og sjå. Sola skein både ute og inne!

Kvart bokutsal har sin sjarm. Skal eg dela ut blomar, vil eg seia at Skagerrak Antikvariat og Ex Libris gav dei største opplevingane. Slik skildrar dei seg sjølve:

  • Skagerrak Antikvariat – bokhus i tre etasjer med 60.000 eksponerte bøker. Allment antikvariat med spesialkompetanse på nynorske bøker.
  • Ex Libris – «i antikvariatet med 67 hjørner finner du sikkert en krok etter ditt hjerte. Ti rom fulle av bøker og godstoler som innbyr til lesing, filosofering og kaffe»
Då eg kom tilbake til bilen, kom eg fort ned på jorda igjen. Eg hadde fått parkeringsbot.

Ein innhaldsrik dag

Sist laurdag reiste Inger og eg på dagstur ut av Praha for å besøkja konsentrasjonsleiren Terezín (Theresienstadt).

Det blei ein innhaldsrik og lærerik tur. Den første delen av dagen hadde fokus på Holocaust, triste skjebnar og jødisk lidingshistorie. Men det er likevel ikkje dette bloggen skal handla om nå. I kveld vil eg heller skriva om turen tilbake til Praha på ettermiddagen, ei reise med forviklingar som verkeleg gjorde dagen innhaldsrik.

Kortversjonen er slik: Denne ettermiddagen gjekk ikkje bussane frå Terezín til Praha. Ei tilfeldig samansett gruppe av turistar frå fleire land reiste derfor med lokaltog tilbake til hovudstaden.

Denne kortversjonen er på ingen måte usann. Samtidig yter den ikkje reisa nokon form for rettferd. Kortversjonen fortel lite om det som eigentleg skjedde. Den fortel ikkje om vandring langs landevegen, om tjekkiske småbyar og nedslitne lokaltog. Og den fortel slett ikkje om fellesskapet som oppstod mellom oss som hamna i denne situasjonen, heller ikkje om gode samtalar og mykje latter. For å seia det slik: kortversjonen fortener ikkje ein gong å bli nemnt.

Eg tar derfor med ein litt meir omfattande versjon om denne reisa som gjekk via Bohusovice nad Ohri og Roudnice nad Labem. (Dessverre greier eg ikkje å få pc-en til å skriva alle desse teikna som det tsjekkiske språket krydrar orda med. Det teiknet eg akkurat nå saknar, er ein mindre versjon av ^, med spissen ned.)

Reisa begynte med at Inger og eg sat på busshaldeplassen i Terezín og venta på bussen tilbake til Praha. Me prata med Frank frå Canada, ein gild kar som me hadde blitt kjent med tidlegare på dagen. Nå sat me og prata om alle inntrykka frå besøket i konsentrasjonsleiren. Dessutan kom me i prat om heimlanda våre, om levekår, natur og potensielle reisemål. Som de forstår: me ante fred og ingen fare.

Då kom ei kvinne bort til oss og fortalde at det ikkje ville koma nokon buss her i dag! Ho kunne litt tsjekkisk og hadde oppdaga at oppslaget på haldeplassen (med lita skrift) sa at ruta ikkje blei køyrt på ettermiddagen 05.07 og 24.12! Me kom raskt i kontakt med dei andre som venta på bussen, og etter litt usikker drøfting gjekk ein liten delegasjon inn til billettdisken på museet like ved. Det viste seg å vera heilt korrekt oppfatta. Bussane gjekk ikkje fordi det var kvelden før heilagdagen til minne om Jan Hus! Men me kunne gå til ein småby 2 km unna og ta tog til Praha derfrå. Me fekk til og med vita at toget gjekk om bare 40 minutt.

Gruppa bestod nå av tre kinesiske ungdomar, eit tysk ektepar, ein engelskmann, ein ire og den russiske kvinna som kunne litt tsjekkisk, i tillegg til Frank, Inger og meg. Me fann ut at me var godt rusta for situasjonen; engelskmannen hadde GPS og russaren kunne som sagt det lokale språket. Kva trong me meir? Humøret var på topp frå første augeblink.

Russaren tok rolla som reiseleiar. Den litle byen med jernbanestasjon heitte Bohusovice nad Ohri. Ho kjøpte gruppebillett til oss (bilete 1), og etter ei stund kom toget (bilete 2). Då billettøren hadde stempla billetten, spurte me kva tid toget ville koma til Praha. Han kunne fortelja at dette toget slett ikkje skulle dit! Men me kunne gå av i Roudnice nad Labem. Der kunne me skifta til eit tog som skulle til Praha. Like etter var me i Roudnice (mon tru kvar me hadde hamna dersom me ikkje hadde spurt om ankomsttida til Praha?). Det viste seg at hurtigtoget som me skulle følgja vidare, ville koma ein og ein kvart time seinare. Dermed blei det tid til ein tur på byen, som var riktig vakker (bilete 3). Me fann oss ein spisestad, sjølvsagt like ved ein skulptur av Jan Hus.

Det som var så flott, var at gruppa hadde det så fint saman. Ho som budde i Praha var nok mest frustrert, for ho hadde eigentleg ein avtale for kvelden. Me andre var jo på ferie og hadde tida disponibel. Samtalen veksla mellom det heilt seriøse og det heilt useriøse. Det var mykje lått og løye. Plutseleg sat den samansette gruppa og snakka om emne som koss det var for tyskarar å koma til den tidlegare konsentrasjonsleiren og få høyra forteljinga om kva som var skjedd der. Me var også innom koss det var for den russiske kvinna å busetja seg i Tsjekkia, eit land som har lidd under kommunismen i 40 år (og det i nyare tid).

Hurtigtoget vidare frå Roudnice var ikkje nytt og det gjekk heller ikkje hurtig. Men det stoppa ikkje på alle småstasjonane. Ca kl 19.30 stod me i sentrum av Praha, ca tre timar seinare enn det me hadde berekna.

Inger og eg hadde eigentleg tenkt oss på konsert i Smetana Hall med musikk av Mozart og Vivaldi den kvelden. Det hadde me på eit tidleg tidspunkt slått frå oss. Nå stod me plutseleg der, nær konsertsalen, og såg at me likevel kunne rekka det viss me lét vera å eta og å gå heimom og skifta. Så eg gjekk på konsert i kortbukse og med ryggsekk. Det var visst heilt greitt. Det var alle variantar av antrekk i salen. I pausen tok eg buksebeina på! Det var ein flott konsert der eg sette spesielt stor pris på å få høyra Dei fire årstidene av Vivaldi.

Litterær leik

Søren Holst skriv bloggen PergaMent, ein spennande dansk blogg om «bibelforskning og det der ligner». Eg er ofte innom og les kva han har skrive. Nå har han blitt med på ein litterær selskapsleik og har «tagga» meg. Reglane, sjølvsagt i dansk språkdrakt, er slik: Man …

1. Rækker ud efter den nærmeste bog
2. Slår op på side 123
3. Finder den femte sætning på siden
4. Lægger denne og de følgende to sætninger ud på webloggen (sammen med instruktionerne)
5. Kommenterer citatet
6. Sender legen videre til fem andre personer og krediterer den som sendte legen til en.

Eg har akkurat kome heim frå ferie i Praha. For mitt vedkomande har det sjølvsagt, i tillegg til alle dei vanlege turistmåla som Karlsbrua, slottet og Gamlebytorget, blitt ein del fokus på bøker og på det jødiske Praha.

Og faktisk blir den næraste boka akkurat nå den eg sist har lese i: Ctibor Rybár: Jewish Prague. Notes on history and culture. Praha 1991. Boka kan karakteriserast som ein relativt omfattande, men litt utdatert guide til det jødiske Praha. Eg har kjøpt andre og nyare bøker om temaet, men det blei likevel denne som fekk vera med i den litterære leiken. Eg fann boka i ei tilbodshylle for 49 CZK, altså ca NOK 16.

Det aktuelle avsnittet handlar ikkje om Praha, men om Terezín (Theresienstadt), garnisonsbyen som under krigen blei gjort om til ein jødisk ghetto og konsentrasjonsleir:

The cynicism of the Nazi management of the Terezín ghetto is also witnessed by a case in June 1944 when the Nazis granted permission for a commission of the International Red Cross Committee to visit the Terezín camp, which was supposed to be presented to the world public as an «exemplary German camp for the re-education of Jewish citizens.»

The Germans put up a cruel show in front af the commission and thus also in front of the world and after so-called beautifying activity (Verschönerung) the members of the international commission saw only buildings which had been carefully prepared for inspection in advance, including a selected group of prisoners or individuals.

It is a tragic fact that many members of the commission were successfully convinced that everything was in order.

Sjølv om tyskarane på dette tidspunktet greidde å kamuflera den eigentlege situasjonen i Terezín, forstod kommisjonen på slutten av krigen at byen var det den heile tida hadde vore, ein konsentrasjonsleir.

Inger og eg tok ein dagstur til Terezín mens me var i Praha. I Det litle fortet fekk me blant anna sjå eit rom som var innreia som «model barbershop» i 1944. Det var fullt av vaskar og speil langs veggane. Delegasjonen frå Røde Kors blei ført gjennom dette rommet. Det dei ikkje fekk vita, var at rommet aldri hadde vore i bruk. Vaskane var ikkje eingong kopla til nokon røyr!

Denne litterære leiken minnar forresten om blogge-tikken, som eg var med på for eit drøyt år sidan. På same vis som den gong, kjenner eg meg fri til å tolka spelereglane litt fritt. Den gong løyste eg oppgåva, men lét vera å senda det kjedebrevsliknande tiltaket vidare. Denne gongen sender eg under tvil leiken vidare, men i mindre omfang enn reglane tilseier. Leiken går nå, saman med ei venleg helsing, til tre utvalde og litteraturinteresserte medbloggarar: den levande boka Bjørnar, salmediktaren Heidi og biografiforfattaren Anders.