Fagartiklar om misjon blant jødar

Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap har nyleg kome med eit temanummer om misjon blant jødar og om messianske jødar. Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap utgis og publiseres av Egede Instituttet.  Det er det eneste og viktigste organ for misjonsvitenskapelig publisering på norsk eller nordiske språk med fagfellevurdering. Artiklane kan lastast ned som pdf-filar via desse lenkene: ReidarLes meir «Fagartiklar om misjon blant jødar»

Caspari Center 12/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember 2015. CC er eit studie- og ressurssenter som blir drive av Den Norske Israelsmisjon i samarbeid med andre aktørar. Fokus er på leiarutvikling, disippeltrening og forsking. CC er også ein viktig brubyggjar mellom den messianske bevegelsen og den verdsvide kyrkja.Les meir «Caspari Center 12/2015»

Caspari Center 9/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for september 2015. Toppartikkelen handlar denne gongen om ulike kalendrar. I Israel blir det i dag brukt to ulike kalendrar. Slik var det truleg også på Jesu tid. Dette forklarar kanskje ei vanskeleg nøtt i forholdet mellom dei synoptiske evangelia og Johannesevangeliet.Les meir «Caspari Center 9/2015»

Caspari Center 12/2014

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember 2014. Hovudoppslag er artiklar om den jødiske Chanukkafesten og kristen julefeiring, om kva språk Jesus snakka (hebraisk og/eller arameisk?) og om Carl Paul Caspari, som har gitt namn til Caspari Center. Det er i år 200 år sidan Caspari blei født.

Caspari Center 9/2014

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for september 2014. I hovudoppslaget «Korintere i dagens Israel» samanliknar Alec Goldberg på sjølvkritisk vis dei Jesustruande jødane i Israel i dag med korintarane på Paulus si tid. Eit lite utdrag frå artikkelen: Kjenner du kristne som beundrer den tidlige kristne menighet ogLes meir «Caspari Center 9/2014»

Caspari Center 3/2014

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for mars 2014. Hovudoppslaget er om den jødiske purimfesten som i år kjem søndag 16. mars (feiringen startar laurdag kveld): Purim – Den skjulte Gud? Elles er det ein artikkel om at fleire kristne arabarar enn tidlegare går inn i det israelskeLes meir «Caspari Center 3/2014»

Caspari Center 06/2012

Caspari center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for juni. Her er senteret sin eigen presentasjon av nyheitsbrevet, henta frå mailen eg fekk om det i dag: Kjære venn av Caspari Center, Her kommer juniutgaven av vårt nyhetsbrev. Dette nyhetsbrevet fokuserer på ungdomsarbeid i Israel. Dette er naturlig nok et utrolig viktigLes meir «Caspari Center 06/2012»

Caspari center 12/2011

Caspari center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember. Her er senteret sin eigen presentasjon av nyheitsbrevet, henta frå mailen eg fekk om det i dag: Kjære venn av Caspari Center, Her kommer desemberutgaven av vårt nyhetsbrev. Nylig kunne vi se en annonse i Jerusalem Post med overskriften: «JaLes meir «Caspari center 12/2011»

Caspari Center 10/2011

Caspari Center i Jerusalem har nyleg lagt ut den norske utgåva av nyheitsbrevet for oktober 2011 på nettet. Her er senteret sin eigen presentasjon av nyheitsbrevet frå mailen som eg fekk for nokre dagar sidan, mens eg var i Israel: I dette nyhetsbrevet fokuserer vi på en del av vårt arbeid som er i høyeste grad strategisk viktig.Les meir «Caspari Center 10/2011»

LCJE om misjon blant jødar

Lausanne Concultation on Jewish Evangelism 2011 LCJE er Lausannebevegelsen si avdeling for misjon blant jødar. Dei arrangerte i forrige veke (7.-12. august) ein konferanse med temaet Misjon og evangelisering blant jøder – alltid og over alt. Her er eit utdrag frå sluttdokumentet frå konferansen: Vi er forskrekket over uviljen blant kristne til å dele evangelietLes meir «LCJE om misjon blant jødar»

Situasjonen i Arad

I kveld vil eg setja søkjelyset på at jødar som trur på Jesus blir kraftig trakassert i Arad i Israel. Ultraortodokse jødar viser aktiv motstand mot dei messianske jødane i byen. Det viser seg at det er provoserande for desse ortodokse («rett-truande») at jødar faktisk kan tru på Jesus som Messias.   DagenMagazinet skriv om situasjonen: Vil fjerne alleLes meir «Situasjonen i Arad»

Jødisk-palestinsk forsoning

Det vekte oppsikt då ein kristen palestinar og ein Jesustruande jøde for få dagar sidan stod saman på scenen på den store Lausanne-konferansen i Cape Town. Den palestinske Shadia Qubti kjem frå ei baptistkyrkje i Nasaret og representerer forsoningsbevegelsen Musalaha. Den jødiske Dan Sered frå Tel Aviv kom frå ein sekulær jødisk familie, men erLes meir «Jødisk-palestinsk forsoning»

Caspari Center 09/2010

Caspari Center i Jerusalem har nyleg lagt ut den norske utgåva av nyheitsbrevet for september 2010 på nettet. Her er deira eigen presentasjon av brevet, i mailen som eg fekk i dag: Shalom. September-utgaven av Casparis nyhetsbrev er endelig klart. I denne utgaven ønsker vi å introdusere våre nye internasjonale studieopplegg, gi dere muligheten til å bliLes meir «Caspari Center 09/2010»

Menneska ved The Jesus Trail

The Jesus Trail er ei rute for vandring i Jesu fotspor i Galilea. Tidsskriftet ChristianityToday har nyleg lagt ut ein artikkel om kva ein kan oppleva når ein vandrar langs denne ruta, som går frå Nasaret til Kapernaum. Det interessante med artikkelen, er at forfattaren (Gerald McDermott) er mest opptatt av kva han lærte avLes meir «Menneska ved The Jesus Trail»

Studium ved Caspari Center

Caspari Center i Jerusalem tilbyr nå teologistudentar og prestar å få eit skreddarsydd studieopplegg på senteret. Presteforeninga skriv: Caspari Center i Jerusalem kan tilrettelegge et skreddersydd studieopplegg, som passer til den enkeltes studier og interesser. Et skreddersydd studieopphold i Jerusalem kan være alt fra et 2-3 ukers selvstudium til et lengre opphold med skrivning avLes meir «Studium ved Caspari Center»

Caspari Center 3/2010

Caspari Center i Jerusalem er eit studiesenter som eg følgjer med stor interesse. Det siste nyheitsbrevet deira handlar blant anna om nokre av dei utfordringane som Jesus-truande jødar møter i Israel. Vidare skriv dei om nye kursopplegg og bøker som senteret arbeider med. Les nyheitsbrevet her.

Caspari Center, 12/2009

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut eit norsk nyhetsbrev her. Knut Helge Høyland skriv om koss han ser for seg at senteret best mogleg kan tena den messianske bevegelsen dei komande åra. Alec Goldberg skriv om jula i Jerusalem. Jul er ikkje ei jødisk høgtid, men han fortel at det er blitt meir vanlegLes meir «Caspari Center, 12/2009»

Besøk i Immanuelskyrkja

Christian, presten i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa, skreiv nyleg dette på bloggen sin: Forleden havde vi fornøjelsen af at have en gruppe på 35 mand fra en norsk menighed på besøg. Immanuelkirken har en særlig plads i deres hjerte; de støtter os i forbøn og finansielt. Med udgangspunkt i at de ønskede at besøge os,Les meir «Besøk i Immanuelskyrkja»

Caspari Center, 09/2009

Eg har nettopp mottatt nyheitsbrev frå Caspari Center. Les gjerne heile brevet. Her er eit lite utdrag frå eit avsnitt der styreleiar Jim Galvin skriv om koss engasjementet for CC har endra livet hans: Bibelen kom til liv ”Enhver som besøker Israel, meg inkludert, vil få en sterk opplevelse av stedene der Jesus og disipleneLes meir «Caspari Center, 09/2009»

Israel Education Forum

Messianske jødar og arabiske kristne i Israel har gått saman om å danna Israel Education Forum. Eg syns det er flott at trua kan skapa gode relasjonar mellom folk som i ein konfliktfylt situasjon lett kunne hatt eit negativt bilete av kvarandre. Dei ser at dei har felles utfordringar og at skulane deira kan haLes meir «Israel Education Forum»

Om messianske jødar i Jerusalem Post

Jerusalem Post hadde for nokre veker sidan ein magasinartikkel om fenomenet messianske jødar, altså jødar som trur på Jesus. Eg syns det er interessant å lesa koss dei messianske jødane, som eg reknar som søsken i trua, blir omtalt og forstått av ein israelsk kommentator. Skribenten Lerry Derfner har i arbeidet med artikkelen hatt kontaktLes meir «Om messianske jødar i Jerusalem Post»

Israelsmisjonen

Dette notatet er skrive i januar 2009. Eg møter mange slags spørsmål frå folk som høyrer at eg er engasjert i Israelsmisjonen. Kva driv me eigentleg med? Kva haldningar står me for i konflikten mellom Israel og Palestina? Kva slags organisasjon er dette? I helga var eg på Gran på Hadeland, på Rådsmøte i Israelsmisjonen.Les meir «Israelsmisjonen»

Det israelske og palestinske bibelselskapet

I desse dagar (september 2008) er det besøk her i Norge frå det israelske og det palestinske bibelskapet. Denne helga er utsendingane her i Stavanger-distriktet, neste veke reiser dei vidare til Bergen og til Oslo/Austlandsområdet. Tema for møta dei skal delta på dei næraste dagane er: I forsoningens tjeneste blant palestinere og israelere. Eg harLes meir «Det israelske og palestinske bibelselskapet»

Avi Snyder

Den messianske jøden Avi Snyder er leiar av organisasjonen Jews for Jesus i Europa. I forrige veke var han i Norge i samband med Israelsmisjonen sitt sommartreff. DagenMagazinet har hatt eit intervju med han. Her er eit utdrag: I Europa driver Jews for Jesus arbeid i fem land – Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Ukraina.Les meir «Avi Snyder»

Arkivet i Christ Church

Christ Church er den eldste protestantiske kyrkja i Jerusalem, bygd i 1849. Kyrkja ligg i Gamlebyen, like innanfor Jaffaporten. Her er det i dag ein engelskspråkleg internasjonal kyrkjelyd som har gudstenester på søndagane og ei hebraiskspråkleg messiansk jødisk forsamling som har gudstenester på laurdagane. Men kyrkja har ei lang og viktig historie, og denne vekaLes meir «Arkivet i Christ Church»

Israelske bokbål

Det har denne veka vore avisoppslag om det som kan tyda på ein aukande motstand mot messianske jødar i Israel. Det er enkelte ortodokse miljø som går hardt ut mot dei Jesustruande jødane, og dei er villige til å bruka sterke verkemiddel. Vårt Land skriv: Politiet i Israel etterforsker nå hvorfor flere hundre nytestamenter bleLes meir «Israelske bokbål»

Boikott pga messiansk jøde?

The beauty of the Jewish world is the diversity. Dette er sagt av ein israelsk advokat som argumenterer for dei messianske jødane sin rett til å sjå på seg sjølv som jødiske. Men dette er ikkje allment godtatt i Israel. Tvert imot blir dei messianske jødane i enkelte mektige miljø heller oppfatta som ein rødLes meir «Boikott pga messiansk jøde?»