Grotta under Bodskapskyrkja

Adventsblogg 3. desember

IMG_5849
Grotta under Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2018

Adventsbloggen handlar også i dag om kva som er å finna i Nasaret. Og eg trur også det blir fleire dagar med stoff frå denne byen, for eg har mykje å dela herfrå.

Grotta bak i bildet er etter tradisjonen restar etter Maria sin heim. Grotta og det store altaret finn me i underetasjen i den katolske Bodskapskyrkja (Basilica of the Annunciation). Denne kyrkja er ei av dei største kyrkjene i Midt-Østen, kanskje den aller største. Den blei bygd over restane av eldre kyrkjer på 1960-talet. Katolikkane framhever ein tradisjon som seier at det var her engelen Gabriel kom til Maria og gav henne bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus.

34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son. (Luk 1,34-35)

Eg skreiv for nokre år sidan nokre pilegrimstekstar til ein Mariakonsert, blant anna denne: Mariapilegrim i Nasaret.

Her er eit par bilde av eksteriøret av kyrkja:

Galilea 2012 137
Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2012
Galilea 2012 125
Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Over inngangsdøra står desse orda frå Johannesprologen:

Verbum caro factum est et habitavit in nobis.

Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.

(Joh 1,14)

Fortsatt god adventstid!

Jesus opna bokrullen

Adventsblogg 2. desember

284e3296-b47b-4ca5-abe0-5ceebe833232

På dette bildet les eg teksten om då Jesus opna bokrullen i synagogen i Nasaret i den «modell-synagogen» som er laga i Nazareth Village. Bildet er tatt tidlegare i haust.

Midt inne i gamlebyen i Nasaret ligg Synagogekyrkja. Den er bygd der den lokale tradisjonen seier at synagogen på Jesu tid stod. Utanfor kyrkja står dette skiltet:

Galilea 2012 097

Teksten om då Jesus talte i synagogen i Nasaret, er dagens tekst på 2. desember. Me knyter den til adventstida fordi den så tydeleg seier korfor Jesus kom og kva han vil gjera blant oss i dag. Han vil setja menneske fri!

Eg prøver meg på ein adventsblogg i år, inspirert av Heidi som har gjort dette i fleire år. Men det må bli på min måte, og med ikkje altfor ambisiøse innlegg. Eg garanterer heller ikkje at det kjem nye notat kvar dag. Eg ser for meg å ta utgangspunkt i bilde frå turane mine i bibelske landskap, og i tekstar frå Bibelen og den kristne tradisjonen. Me får sjå kva det kan bli til.

Jesus las frå ein bokrull. På gresk står det to biblion, som kan bety både bok og bokrull. Ordet er omsett på begge desse måtane i teksten vår; det er brukt både om «boka til profeten Jesaia» og om bokrullen han opna og etterpå rulla saman igjen. Ordet er sjølvsagt også utgangspunkt for vår ord Bibel. Den siste boka som har kome inn i bokhyllene mine, er den nye Boka om boka av Hans Johan Sagrusten. Eg gleder meg til å lesa den!

Og her er dagens tekst frå Evangeliet etter Lukas, kap 4:

16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta,17 og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18  Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri

19  og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

Teksten er faktisk den eldste kjente skildringa av ei jødisk synagogegudsteneste. Blikket er retta mot han som får i oppgåve å vera tekstlesar denne dagen. Han veit kven han er, han vel sjølv teksten, og finn eit avsnitt i Jesaia 61 som han les som si programerklæring.

Her er ei preike eg har hatt over denne teksten:

Han kjem med eit nådens år

Det må ha vore merkelig å ver i Nasaret den gangen di hørrte Jesus tala i synagogen! Folk visste jo kem han va. Trudde di.

Di va vant med å sjå Jesus i verkstedet te faren hans, Josef. Og når han va rundt omkring med forskjellig byggearbeid. Kanskje kom ongane så va 11 år springande mod han og ropte: ”Hei! Me kjenne deg! Du har jo bygd huset vårt!”

Nå hadde tømmermannen Jesus vore borte frå byen ei stund. Og det gjekk rykte om alt det merkelige han hadde sagt og gjort på andre steder.

Det va mange så lurte på dette med Jesus. Folk spurte kverandre: Kem e han egentlig?

Les meir

Fortsatt god adventstid!

Advent

Adventsblogg 1. desember 2019

Adventstida er ei viktig og flott tid. Eg vil påstå det er fordi den har eit innhald knytt til Jesus. Og dette gir igjen mange gode ringverknader, som det at me blir opptatt av å tenna lys i mørkret, av å skapa fellesskap og varme.

Desse vekene før jul har sin eigen symbolikk. Eg syns derfor det er eit poeng å skilja mellom adventspynt og julepynt. Lilla / fiolett er fargen for adventstida. Adventskransen eller adventsstaken med fire lys er ein viktig del av denne symbolikken. Me tenner eit nytt lys i den kvar søndag i adventstida. Me tenner også mange andre lys, me har adventskalender og me har adventsstjerne i vinduet. Den sjuarma lysestaken, som eigentleg er eit Messias-symbol for oss kristne, er også blitt svært vanleg å ha i vinduet. Eg syns dessutan det gir god meining å ta fram noko av julepynten, f eks englane, og la dei vera saman med den lilla fargen fram til julepynten tas fram dei siste dagane før jul. Dersom du har ein julekrubbe, kan du ta den fram, men venta med å plassera barnet i krubba til jula kjem.

Det er fint å lytta til julemusikk i adventstida, – og å synga julesongar. Dette er ein flott måte å førebu jula på. Men det er også mange fine adventssongar. «Tenn lys! Et lys skal brenne». Slik begynner ein godt kjent song av Eyvind Skeie (Norsk Salmebok nr 25). Ein annan fortel oss: «Hvert adventslys skal minne om / at Jesus, lysets Herre, kom.» Så enkelt kan det seiast! Setninga er henta frå Svein Ellingsens salme Mens frost og vintermørke rår (Norsk Salmebok nr 18).

Ordet advent kjem frå det latinske Adventus Domini som betyr Herrens kome. Språkleg sett seier altså ikkje ordet oss noko om å venta, men om å koma. Det er Jesu kome det dreier seg om. I kyrkja seier me at det er tre perspektiv på Jesu kome til oss: Han kom ein gong (då han blei født i Betlehem), han kjem til oss i dag og han skal ein gong koma igjen i herlegdom. Forventning er dermed eit viktig ord i adventstida.

Dette notatet skreiv eg til Kirkehilsen nr 6/2013, menighetsbladet for Hinna og Gausel menigheter. Sidan er det bare gjort små endringar nå ved starten av adventstida 2019. 

God påske 2019!

Disciples_running_by_EB
Eugène Burnand (1898): Peter og Johannes spring til grava.
Kjelde: Wikimedia Commons

På dette bildet viser kunstnaren Eugène Burnand koss han ser for seg disiplane Peter og Johannes springa til grava, då Maria Magdalena hadde fortald at grava var tom.

Johannes «såg og trudde». Det som møtte dei då dei kom fram til grava, var med på å skapa tru. Men dei trong nok tid til å forstå og til å lesa Skrifta på ny, i lys av oppstoda.

I stillhet snudde han verden opp ned,
og forlot graven, ikke ødelagt, men ryddig,
som en omtenksom gjest som reiser tidlig.
(frå Pasjon 2019, Stavanger domkirke)

Og her er bibelteksten om den tome grava og det første møtet med den oppstadne Jesus, henta frå Evangeliet etter Johannes, kapittel 20:

Den tomme grava
Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. 2 Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» 3 Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava. 4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. 5 Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. 8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. 9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk læresveinane heim.

Jesus syner seg for Maria Magdalena
11 Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12 fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13 «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14 Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15 «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.» 16 «Maria», seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. 17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»

18 Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.

Palmesøndag: Jesus rir inn i Jerusalem

Jesu inntog i Jerusalem. Russisk-ortodoks ikon, 1400-talet.
Foto: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Entry_into_Jerusalem_(Annunciation_Cathedral_in_Moscow).jpg

Bibelhistoria om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel, er bakgrunnen for feiringa av palmesøndag. Folk møtte han med palmegreiner og hosiannarop då han rei frå Oljeberget og inn i byen. Dagen er i kristen tradisjon prega både av advent og pasjon, av forventning og liding. Les her om Palmesøndag.

Eselet viser oss Jesus som fredsfyrsten. Dette er ikkje eit nytt motiv i forkynninga; me finn det faktisk allereie hos Luther. Sjå notatet: Luther: Jesu inntog i Jerusalem.

Jul på bloggen

Rembrandt. Adoration of the ShepherdsBildet er The Adoration of the Shepherds av Rembrandt (eller ein av elevane hans). Legg merke til lyset som kjem frå barnet i krybba, – «det sanne lyset» (Joh 1,9).

Her er eit utval tidlegare bloggnotat relatert til jula:

 

Eg må vera i huset åt Far min

Notat til søndagens tekst: Luk 2,40-52

Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet i Jerusalem, er preiketekst i kyrkjene førstkomande søndag (07.01.2018). Jesu ord «Eg må vera i huset åt Far min» er ei hovudutsegn i teksten. Men ordet ”hus” står faktisk ikkje i den greske teksten, der manglar det som for oss er det sentrale substantivet. Sjå notatet Jesus (12) i Fars hus.

Ulike bilde kan gje totalt ulike stemningar knytt til ein tekst. Det første bildet viser ein detalj frå Der zwölfjährige Jesus im Tempel av Max Liebermann (1847–1935), teikna i 1879. Kjelde: Wikimedia Commons. Det neste bildet er ein dansk skuleplansje (Jesus som 12 Aars barn i Templet) som eg kjøpte i ein brukthandel på Jylland sist sommar. Det er teikna av Paul Steffensen i 1913. 

Oppdatert 09.01.2018

Liebermann_Jesus_1879_det

IMG_5109