Tilstandsrapport for Dnk 2011

Den som vil ha fakta, bakgrunnsstoff og fagleg begrunna meiningar om Den norske kyrkja, bør lesa den årlege Tilstandsrapport for Den norske kirke frå KIFO (Stiftelsen Kirkeforskning).

KIFO har nettopp sendt ut rapporten for 2011. Hovudtemaet i år er oppslutninga om kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd.

Rapporten er skriven på bakgrunn av statistikk for 2010. Den fangar altså ikkje opp det som har skjedd etter dei grufulle hendingane 22. juli i år. Den aktuelle situasjonen blir likevel kommentert i forordet:

Tema for hovedartikkelen i årets rapport er kirkelige handlinger, med særlig vekt på konfirmasjon og gravferd. Ved hjelp av data fra ulike spørreundersøkelser og resultater fra annen forskning supplerer vi kirkelig årsstatistikk for å analysere bruk av og holdninger til denne siden ved Den norske kirkes virksomhet. Hendelsene 22. juli har aktualisert betydningen av Den norske kirke og andre tros- og livssynssamfunn i forbindelse med kriser, sorg og død. Vi understreker at alle data i denne rapporten er fra 2010 (eller tidligere) og altså ikke kan si noe om situasjonen i etterkant av 22. juli. Derimot kan de mer generelt belyse hvordan folk bruker Den norske kirkes tilbud i forbindelse med død og gravferd, og hvilken betydning de tillegger dette.

Gå til Tilstandsrapport for Den norske kirke 2011. Anbefales!

Om Kingo

Palmesøndag var eg på ei gudsteneste der me song to salmar av Kingo. Neste søndag, påskedag, håper eg at kyrkjelyden vår skal synga Når den gylne sol frembryter, skriven av den same Kingo (Norsk Salmebok 172). Det er spesielt at ein diktar frå 1600-talet har skrive salmar som framleis er kjende og blir brukte.

Det dreier seg om den danske salmediktaren og biskopen Thomas Hansen Kingo (1634-1703). Liv Riiser har i dag skrive ei melding av ei ny bok om han. Bokmeldinga er interessant i seg sjølv. Boka er sikkert enda meir interessant.

Å synge med Kingo
Vi synger dem i den stille uke. Vi jubler med dem påskedag. Kingos salmer er en del av vår kristne arv.

Nå kan vi fordype oss i salmene gjennom avhandlingen Thomas Kingo. Barok, enevælde, kristendom. Den er skrevet av Erik A. Nielsen, professor i litteratur ved Universitetet i København. I en storstilt og gjennomgripende analyse presenterer han Kingos samlede forfatterskap, slik det utfolder seg innefor rammen av barokkens tenkemåte og eneveldets ideologi.

I en bok som kombinerer litterær analyse, idéhistorie og kristendomskunnskap, formidler Erik A. Nielsen barokkens idealer og Kingos salmedikning, i en form som er både faglig stringent og dypt inspirerende. Det er ikke ofte en fagbok stemmer hjertet til andakt, men det gjør denne.

Les meir

Men det er ikkje alt frå 1600-talet som fungerer i dag. Eg syns det var flott å synga Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte sist søndag (Norsk Salmebok 597). Men eg opplevde salmen Se hvor nu Jesus treder (Norsk Salmebok 134) som utdatert. Det er behov for salmebokfornyinga som kjem om nokre år!

Oppdatering: Den nye utgåva av Norsk Salmebok kom i 2013!

Luthersk Kirketidende

Frå i dag (11.01.2011) har Luthersk Kirketidende fått eigne nettsider. Bladet presenterer seg slik:

Velkommen til Luthersk Kirketidende
Luthersk Kirketidende er Norges eldste og største fagblad for prester og teologer i Den norske Kirke.

(…) På nettsidene kan du lese bladets lederartikler. Andre artikler, debattinnlegg, tekstgjennomgåelser, stillingsutlysninger m.m. får du som abonnent på papirutgaven.

Sjå også Innhald 2010.

Ei helg i Selje

Selje var målet for oss som var på pilegrimsreise nordover langs kysten frå Stavanger. Me hadde ei flott helg her på og ved Stadlandet.

På søndagen var me på tur ut til den litle øya Selja som er ein viktig stad for den eldste kyrkjehistoria vår:

  • Øya er knytt til tradisjonen om Sta Sunniva og Seljemennene, som skal ha kome hit i båt frå Irland. Her er den keltiske påverknaden sterk og dette var kanskje det første pilegrimsmålet i Norge, allereie frå omlag år 1000.
  • Vidare var øya eit av dei første bispeseta i landet i hundre år frå 1068 då kong Olav Kyrre delte landet i tre bispedømme. Bispesetet blei flytta til Bergen i 1170, saman med relikviane knytt til Sta Sunniva.
  • Så må det også nemnast at det blei bygd kloster og fleire kyrkjer her på 1200-talet. Nå er det ruinar som gjev eit inntrykk av klosteret, og tårnet frå Albanuskyrkja viser godt igjen i terrenget (sjå bildet).

(I parentes vil eg nemna at det nå visstnok er gresk-ortodokse kristne som ønskjer å starta eit nytt kloster på Selja, – og at dette er nonner frå klosterfellesskapet som eg kjenner frå klosteret i Thiva.)

På laurdagen gjekk me fjelltur over Stadlandet til Dragseidet, der det er sett opp eit kors til minne om kristninga av denne delen av landet. Vidare reiste me med buss ut til Ervik og Vestkapp.

Eg syns det var spesielt flott å koma opp på Vestkapp, det vestlegaste fjellplatået i landet, nesten 500 meter over Stadhavet. Det er mindre enn to månadar sidan eg var på Kapp det gode håp og Cape Point, og desse to kapp-opplevingane (begge i godver!) har gjort eit sterkt inntrykk på meg. Her er det mykje himmel og mykje hav. Det uendelege kjem nær. Og me menneske blir små i slik natur.

Her er alle notata frå turen:

 

Kinna-kyrkja

Interiør, Kinna-kyrkja
Kinna-kyrkja. Foto: Arne Berge 2010

Me hadde mange flotte opplevingar på pilegrimsreisa vår langs kysten frå Stavanger til Selje. Eit av dei absolutte høgdepunkta var besøket på Kinn, ei øy med åtte fastbuande langt ute mot havet utanfor Florø. Den gamle kyrkja frå 1100-talet er heilt spesiell, og her blei me tatt imot på ein måte som gjorde inntrykk!

Heile kyrkja er eit klenodium. Det mest spesielle med den er nok lektoriet, eit galleri over kordøra. Lektoriet er truleg frå 1200-talet og har vore nytta i liturgisk samanheng, til song og lesing, kanskje også til kunngjeringar. Figurane som er skorne ut i fronten på lektoriet er Jesus og dei tolv apostlane som sit på tronstolar (Matt 19,28), med ein engel ytst på kvar side.

Framme i koret er det tre store kvinnefigurar i tre; det er Sta Barbara, Sta Katarina og Maria Magdalena. Desse figurane kom truleg hit på i løpet av dei siste hundre åra før reformasjonen, og dei var då plasserte i det sentrale feltet i altartavla. Det spesielle er at dei fekk bli ståande der i meir enn 150 år etter reformasjonen! I 1703 blei dei flytta frå altartavla. Nå står dei i eit altarskap på sørsida oppe i koret. Elles syns eg også det er spesiellt at Sta Katarina av Alexandria, den helgenen som er knytt til Katarinaklosteret i Sinai, har funne vegen her til ei øy ytst på vestlandskysten.

Kinna-kyrkja
Kinna-kyrkja. Foto: Arne Berge 2010

Naturen utanfor kyrkja er mektig. Her ligg storhavet rett utanfor, Her er den spesielle fjellformasjonen Kinnaklova. Eg hadde ein verdifull time for meg sjølv på benken som står ved kyrkja. Og mens eg var der ved kyrkja, flaug ei havørn rett over meg!

Her er alle notata frå turen:

 

Frå Stavanger til Selje

Eg har i kveld kome heim frå ei pilegrimsreise langs kystleia frå Stavanger til Selje. Nokre vil kanskje undra seg over at eg kallar denne turen ei pilegrimsreise, for eg har ikkje gått så mykje. Det har derimot vore ein tur med mykje kollektivtransport (i båt) og kanskje er det rettare å seia at eg har vore på ei reise i pilegrimars kjølvatn. Eg meiner likevel eg har orda mine i behald. For meg betyr det å vera pilegrim for det første at eg er undervegs mot eit (heilagt) mål, for det andre at eg er på ei indre reise som går parallelt med den ytre reisa. Begge desse kriteria har vore til stades på denne turen.

Selje med klosterruinane på den litle øya Selja er ein viktig stad for den eldste kristne historia i landet vårt. Her er det ein sterk tradisjon knytt til legenda om St. Sunniva og Seljemennene. Dette er kanskje det eldste pilegrimsmålet i Norge. Reisa frå Stavanger til Selje kan derfor både sjåast som ein del av ei større reise, fram til Nidaros-domen, og som ei eiga reise med Selje som det endelege målet.

Eg har skrive eit par notat undervegs. Kanskje kjem det meir stoff om turen i tida framover.

Oppdatering: Her er alle notata frå turen:

 

Steinkorsa i Eivindvik

Det er mange gamle steinkors her på Vestlandet. Sjølv om Rogaland har svært mange av desse, er det interessant også å sjå nokre av korsa som står lenger nord langs kysten.

I dag har eg fått sjå nærare på to av dei flottaste av desse korsa. Eg tenkjer på korsa i Eivindvik. Korsa er truleg frå perioden 950 – 1050 og dei har nok ei eller anna tilknyting til den eldste tingstaden for Gulatinget. Truleg låg tingstaden mellom dei to korsa.

Dei to korsa har litt ulik form; det eine blir kalla eit anglisk kors, det andre eit keltisk kors. Begge er såleis tydelege teikn på den kyrkjelege kontakten med dei britiske øyane i den eldste kristne tida.

Det er flott å sjå slike kors og å læra om historia til stadane der dei står. Begge korsa i Eivindvik er uskadde og dei står på den autentiske staden der dei først blei sette opp.

Det keltiske korset står like ved porten inn på kyrkjegarden. Det har rette korsarmar og karakteristiske halvsirkelforma ”armholer”. Det angliske korset står i ein bakke med utsikt over bygda og fjorden. Denne korsforma har runde bogar mellom korsarmane. Det er interessant at dette korset står plassert akkurat så langt oppe i bakken at sola skin på heile korset sjølv på den mørkaste dagen i året.

Tidlegare Stavangerbiskop Fridtjov Birkeli er framleis ein autoritet når det gjeld dei gamle steinkorsa. Han meiner at det angliske korset er det eldste av dei to korsa i Eivindvik og at det truleg er frå Håkon Adelsteinsfostre si tid.

Birkeli viser i boka Norske steinkors i tidlig middelalder kor stor tyding dei over femti steinkorsa på Vestlandet har for forståinga av den første misjonsverksemda i Norge. I innleiingskapitlet i boka skriv han slik:

Det er innlysende at bak reisingen av nettopp disse steinkorsene står motiver og impulser som er kommet til Norge utenfra. Og når liknende steinkors så å si ikke eksisterer ellers i hele Skandinavia, må man søke etter impulsenes opphav enten på kontinentet eller på de britiske øyer. Kan det tenkes en tid i Vest-Norges forbindelse med disse deler av Europa, da det av en eller annen grunn var naturlig å reise steinkors nettopp der og ikke ellers i Skandinavia? Kan det videre tenkes at en her rører ved problemer som skiller kristen misjon vestfra fra misjonen fra kontinentet?

(Fritdjov Birkeli: Norske steinkors i tidlig middelalder, s 34)

Tilslutt nokre ord om den utruleg flotte lokale kulturformidlinga eg møtte i Gulen. Dei lokale representantane for kyrkja og kultursektoren gjorde ein strålande innsats. Dei gav oss kunnskap og var stolte av kva bygda deira hadde å by på. Dette gjaldt både den kyrkjelege tradisjonen om steinkors, kyrkjebygg og prost Dahl, og den meir almene historia om Gulatinget. Dette siste ikkje minst då me besøkte tusenårsstaden.

Her er alle notata frå turen: