Shalom = helse!

Det gode livet. KM 2015

I bibelsk forstand betyr helse helhet og velvære, og at alle gode relasjoner er intakte. Det er dette som ligger i ordet shalom som i vår bibel gjerne er oversatt til «fred». Det ser vi for eksempel i fortellingen om Josef. Da han spør brødrene om hvordan det står til med faren (1 Mos 43,26), bruker den hebraiske Bibelen her shalom, mens den jødiske oversettelsen til gresk (Septuaginta) har «er han frisk?». Relasjonen til slekten og den nære familie er av grunnleggende betydning.

Kyrkjemøtet 2015, som begynner denne veka, skal blant anna drøfta ei sak om kyrkje og helse. Avsnittet om det hebraiske ordet shalom også kan bety helse, er på ingen måte hovudtema i sakspapira til denne viktige saka. Likevel vil eg her på bloggen henta fram nettopp desse linjene. Dei seier oss at den kristne trua har jødiske røter også i dette; at helse betyr «helhet og velvære, og at alle gode relasjoner er intakte». (Bibeltilvisinga skulle vel elles vore 1 Mos 43,27 om ein skal vera pinleg nøyaktig).

Saka er faktisk også hovudtema for Kyrkjemøtet 2015, under overskrifta Det gode livet. Eg blei klar over omfanget og innhaldet i saka då eg i januar deltok på ein konferanse om kyrkje og helse. Her hadde professor Kjell Nordstokke, som har vore sentral i forarbeidet med KM-saka, eit foredrag der han presenterte temaet.

Eg opplever at «saksframlegget gir teologisk innsikt og tar opp helsefaglige utfordringer», slik det blir lova i innleiinga til det store hovuddokumentet. Me er mange kyrkjelege medarbeidarar, både løna og uløna, som kan ha god nytte av å lesa dette.

Kyrkjemøtet si nettside Litt om nokre av sakene gir ein kortversjon av kva saka handlar om:

Sak KM 09/17 Kyrkje og helse
Hovudtemaet for Kyrkjemøtet 2015 er òg ei sak på sakslista. I denne saka er er Kyrkjemøtet invitert til å se nærare på korleis helsespørsmål meir og meir sett preg på mediebilete og politiske debattar. Samstundes løftar saksframstillinga fram det helserelaterte arbeidet i kyrkja.
Gjennom eit stort spekter av diakonale institusjonar, og i arbeidet i kyrkjelydane, vert det utført eit omfattande arbeid innanfor helse og omsorg. Kyrkjemøtet er nå utfordra til å styrkje denne delen av verksemda til kyrkja. Den aktuelle samfunnsmessige konteksten blir løfta fram i saksframstillinga.
Til dømes syner ein til at Samhandlingsreforma og Omsorgsreforma utfordrar kyrkjelydane og dei diakonale institusjonane til ny innsats.
Saksframstillinga har eit eige kapittel om ”Kyrkja i den offentlege debatt om helse”. Her seier ein at kyrkja kan bidra til at det blir tala sant om livet og om døden i det offentlege rom. Det vert òg advara mot at stereotype oppfatningar av perfekt helse kan føre til ei nedtoning av menneskeverdet til den som ikkje svarar til dette idealet. ”I verste fall kan det grunngi praksisar som inneber eit steg i retning av sorteringssamfunnet sitt menneskesyn”, heiter det i dokumentet.
I framlegget til vedtak vert norske styresmakter utfordra til å se til at verdiar og etiske spørsmål får auka gjennomslag i helse- og sosialpolitikken. Ved prioriteringar i helsebudsjetta, bed ein styresmaktene vere særleg merksam på menneske i sårbare livssituasjonar og deira rettigheiter.

Du kan lesa heile saksframlegget til KM-saka her. Eg siterer eit lite avsnitt frå innleiinga, som seier noko om kor vidt kyrkja tenkjer når ein nå tar opp denne saka:

Saksdokumentet tematiserer kirkens helserelaterte tjeneste i vid forstand: som forebyggende helsearbeid, som hjelp til livsmestring, som medisinsk behandling og som omsorg for syke. Dokumentet drøfter helsebegrepet i lys av aktuelle forståelsesmåter. Intensjonen er å etablere en dypere forståelse som bekrefter at vi som kirke deler visjonen om å utføre denne viktige tjenesten i verden. Saksframlegget gir teologisk innsikt og tar opp helsefaglige utfordringer. På den måten kan den være en felles referanse for ulike deler av det kirkelige helsearbeidet. Framlegget er et ressursmateriale som kan bidra til å øke samhørigheten mellom de ulike arbeidsformene, og gi inspirasjon i arbeidet. Derfor retter forslagene til vedtak seg til både diakonale institusjoner, menigheter og til Kirkerådet.

Påskekunst: Golgata

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Golgata. Jesu kors

Hinna kyrkje har ein heil vegg med monumental glaskunst av Victor Sparre (1919-2008). Kunstnaren har utsmykning i 25 kyrkjer. Han var aktiv som kunstnar, debattant og menneskerettsforkjempar. Les meir

Iskapellet i Alta

Iskapellet, Alta

I dag har eg vore på gudsteneste i eit veldig spesielt kyrkjerom: Iskapellet i Sorrisniva i Alta. Det var ei flott oppleving å koma dit.

Kapellet er ein del av Sorrisniva Igloo Hotel. Kvar vinter blir hotellet og kapellet bygd opp av snø og is, og brukt i nokre månadar før sommaren kjem og alt smeltar bort.

Eg blei mektig imponert av kva dei har fått til. Kapellet er innreia med altar av is, skulpturar av is, søyler av is, veggar og tak av snø. Temperaturen inne er visstnok alltid mellom minus fire og sju gradar.

Eg har funne litt informasjon om staden på nettsida der dei reklamerer for «vinterbryllup». Sjeldan har vel det ordet passa betre.

BRYLLUP I ISKAPELLET, SORRISNIVA IGLOO HOTEL

Iskapellet ligger i Igloo Hotell, i Sorrisniva, ca 20 km fra Alta lufthavn. Ishotellet og kapellet bygges hvert år. Kapellet er godkjent av Biskopen i Nord-Hålogaland, og det lokale prestekontoret utfører vielser og gudstjenester her.

Iskapellet har en sentral plassering, integrert i ishotellet, men likevel er det en egen enhet klart avskilt fra resten av anlegget. Det er et intimt rom med spesiell akustikk, og som resten av hotellet er det utsmykket med vakre og svært dekorative is skulpturer.

Les meir

Sjå film og bilde frå staden her.

Generelt er eg ikkje så glad i koplinga mellom godkjente vigselsstadar og kommersiell verksemd. Men det at kyrkjelyden har ordinære gudstenester i dette kapellet, slik at staden ikkje blir eit reint vigselskapell, gjer at eg ser saka i eit anna lys.

Kapellet var så spesielt at eg blei veldig opptatt av sjølve rommet og staden. Men då gudstenesta begynte, var det likevel ikkje vanskeleg å vera med som deltakar. Det var ikkje bare rommet som fungerte bra, det gjorde også sjølve gudstenesta! Det var fullt hus, kanskje ca 50 deltakarar. Det var song ved ei gruppe frå Alta Tensing, friluftskonfirmantar som deltok og solid forkynning over søndagens tekst. Altså: heilt etter min smak. Og ikkje nok med det: Overraskande nok var presten ein gammal kjenning av meg (Øyvind Oksavik) frå tida då eg arbeidde i Norges KFUK-KFUM. Eit kjekt gjensyn!

Her er inngangen til hotellet og kapellet:

Iskapellet, Alta

(Oppdatert 16.03.2015)

Konf, gåver og gode ord

… hvis de ikke synes at de trenger noe, er vel det de voksne sitt ansvar?, spør hun. (…) At de er opptatt av penger handler ikke om konfirmanttida, men om hele samfunnet. (…) Jeg skulle ønske at de som ga gaver også var flinke til å skrive noen gode ord til konfirmantene. Det kan de finne frem mange år seinere, sier hun.

Det er kollega og kateket Kirsti Melangen som uttaler seg lett samfunns-kritisk og samtidig så fint om ungdomane som er konfirmantar i kyrkja.

Her på Hinna er det tid for konfirmasjon, som så mange andre stadar. Meir enn 90 ungdomar er konfirmantar i kyrkja vår dette året. Dei er fordelte på fem konfirmasjonsgudstenester over to helger.

Avisene skriv helst om gåver, pengebruk osv når dei omtaler konfirmasjonen. Me som brukar tid saman med ungdomane gjennom eit år, er eigentleg meir opptatt av andre sider ved konfirmasjonstida. Me har fokus på kristen tru, livstolking og livsmeistring, – og på engasjement og ansvar!

Ønsker seg penger på gavebordet
Konfirmantene har det meste de trenger, så de vil gjerne ha påfyll i sparegrisen. De sparer til designerveske, språkreise og shopping i USA.

(…)

Kateket Kirsti Melangen i Hinna menighet håper konfirmantene føler at folk rundt dem bryr seg om dem.

– Det er lite snakk om gaver gjennom konfirmasjonsåret, men i siste del tenker de en del på det. Jeg må jo si at jeg unner dem å få gaver. For all del, vi ønsker jo at folk skal tenke seg om og ikke bare øse ut med penger, men at ungdom får gaver som forteller dem at det er noen som bryr seg om dem, er en god skatt å ha med seg. Om 20 år har de glemt hva de fikk og hvem de fikk det fra, men de husker opplevelsen av om dette var noe som var fint og godt, sier Melangen.

Hun forteller at fattigdom og urettferdighet er blant temaene i konfirmasjonsundervisningen, og at konfirmantene samler inn penger til Kirkens Nødhjelp.

– Vi snakker blant annet om ansvaret de har for andre mennesker, både fjernt og nært, og at de kan bety en positiv forskjell i verden, sier hun.

Kateketen mener det er unødvendig å snakke moralistisk om penger og pengebruk til konfirmantene.

– Men jeg skulle ønske det ikke ble snakket så mye høyt om beløp. Kanskje voksne kan prøve å tenke litt nøkternt og samtidig vise at ungdommen betyr mye for meg.

– Mange vet ikke hva de skal ønske seg. Synes du de er bortskjemte?

– Nei, jeg opplever dem ikke som bortskjemte. Og hvis de ikke synes at de trenger noe, er vel det de voksne sitt ansvar?, spør hun.

– Jeg unner ungdommene å få et selskap hvor de selv er hovedperson. At de er opptatt av penger handler ikke om konfirmanttida, men om hele samfunnet. Jeg skulle ønske at de som ga gaver også var flinke til å skrive noen gode ord til konfirmantene. Det kan de finne frem mange år seinere, sier hun.

Les meir

Tekstar til den sjuarma lysestaken

den-sjuarma-lysestaken-2Eg legg her ut eit opplegg for tenning av sjuarma lysestake i adventstida. I kristen tradisjon er dette ei handling som framhever vår tru på at Jesus er den Messias som var lova.

Dette er eit opplegg med lesing av ein profeti for kvart lys og med eit salmevers etter kvar tekst. Eg har i fleire år brukt dette i lysmesse i samarbeid med ei speidargruppe.

(Les meir om den sjuarma lysestaken her.)

Innleiing
Nå er det advent. Me førebur feiringa av at Jesus kom til jorda. Lenge før det skjedde, blei det forutsagt at Jesus skulle bli født. Mens lysa i den sjuarma lysestaken blir tente, skal me lesa nokre av profetiane om Jesus, han som er lyset for verda.

Tekstlesar 1:

Allereie i dei første bøkene i Bibelen les me om kongen som skal koma. Det står skrive i 4. Mosebok:

Så seier han som høyrer høyrer Guds utsegn,
som får kjenna kunnskapen frå Den høgste
og sjå syn frå Den veldige,
som sig saman, men med opna auge:
Eg ser han, men ikkje no,
eg skodar han, men ikkje nær.
Ei stjerne stig opp or Jakob,
ein kongsstav lyfter seg frå Israel. (4. Mos 24,16-17a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 1 / første lys blir tent

Tekstlesar 2:

Og i Salmane står det skrive:

Alle kongar skal kasta seg ned for han,
alle folkeslag skal tena han.
Han bergar ein fattig som ropar,
ein stakkar som ingen hjelper.
Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola er til! (Sal 72,11-12 + 17a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 2 / andre lys blir tent

Tekstlesar 3:

Det står skrive hos profeten Jesaia:
Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. (Jes 7, 14)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 3 / tredje lys blir tent

Tekstlesar 4:

Profeten Jesaia held fram slik:

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste. (Jes 9, 2+6)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 4 / fjerde lys blir tent

Tekstlesar 5:

Det står skrive hos profeten Mika:

Du, Betlehem, Efrata,
minst mellom slektene i Juda!
Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
Hans opphav er frå gammal tid,
frå eldgamle dagar.
Og han skal vera fred. (Mika 5,1+4a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 5 / femte lys blir tent

Tekstlesar 6:

Det står skrive hos profeten Sakarja:
Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole. (Sak 9,9)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 6 / sjette lys blir tent

Tekstlesar 7:

Dette heilage evangeliet står skrive i evangeliet etter Lukas:
Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» (Luk 1,26-33)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 7 / sjuande lys blir tent

Hinnakonfirmantar 2013

2013 Konfirmasjon. Tullebilde

Eg måtte bare ta vare på dette herlege «tullebildet» av årets konfirmantar her på bloggen òg! Klikk på bildet, så blir det større.

Nå i helga skal me ha fire konfirmasjonsgudstenester med til saman 95 konfirmantar. Kateket Kirsti Melangen er den sentrale leiaren av denne delen av kyrkjelydsarbeidet. Eg har gleda av å vera med i samarbeidet.

Her på bloggen markerer eg helga med ein konfirmasjonssalme som eg sjølv set stor pris på. Salmen er på ein glimrande måte prega både av tru, håp og kjærleik. Men når eg siterer salmen, vil eg også nemna at det ikkje er alle konfirmantane som blei borne til dåpen då dei var små; nokre av ungdomane har denne påsken gått på sine eigne føter fram til døypefonten for å bli døypt.

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Johanne Ur Sæbø

Studietur 8.-16. januar 2013

Eg har nyleg kome heim frå Stavanger bispedømme sin studietur til Israel og dei palestinske områda. Turen hadde tre hovudfokus: bibelske stadar, møte med lokale kristne og innføring i religionsdialog.

Me har hatt ei flott og interessant veke. Heldigvis hadde eg masse varme klær med meg. Eg har for første gong opplevd å sjå ein snømann på Oljeberget. Og me hadde meir vind og regn på båttur på Gennesaretsjøen enn eg nokon gong tidlegare har opplevd der.

Her er litt meir om kva me fekk med oss:

1. Tidshistorisk kunnskap om sentrale bibelske stadar er jo midt i blinken for mitt interessefelt. Dette blei også svært interessant (sjølv om eg hadde vore alle stadane tidlegare) fordi det faglege innhaldet var godt ivaretatt av gode lærarar frå MF; professor Karl Olav Sandnes og universitetslektor Hanne Birgitte Sødal Tveito. Ikkje minst gjorde Karl Olav sine korte og konsise «stunt-forelesingar» på dei aktuelle stadane inntrykk; han opna stadig opp for nye perspektiv på kjente bibeltekstar. For å få studiedelen ved turen godkjent, skal eg nå i ettertid levera eit refleksjonsnotat. Eg har planar om å skriva om kva tidshistorisk kunnskap om tempelplassen i Jerusalem kan bety for forståing av ulike bibeltekstar.

2. Det er viktig å møta lokale kristne i det som blir kalla Det heilage landet. Landet er fullt av historie og arkeologi, men har dessverre bare ein liten kristen minoritet. Desse utgjer i dag dei levande steinane på jødisk og palestinsk side (jfr 1 Peters brev kap 2). Me hadde flotte møte med kristne palestinske leiarar i Nasaret, Betlehem og Jerusalem og me hadde kontakt med den messianske jødiske bevegelsen (dette kunne det gjerne ha vore meir av!). Sist søndag hadde eg gleda av å feira gudsteneste i den evangelisk-lutherske kyrkja i Beit Sahour. Det blei også tid til ein privat visitt hos min venn Issa og hans familie i Beit Jala, saman med nokre av prestekollegaene.

3. Det skjer ein viktig religionsdialog mellom kristne, jødiske og muslimske leiarar i Jerusalem, dette i regi av Council of Religious Institutions of the Holy Land der Trond Bakkevig er sentral. Trond var med oss ein dag, og dette førte til svært interessante møte med religiøse leiarar frå dei tre religionane.