Biblioblogging

27/05/2011

– a blog dedicated to Biblical studies

Dette er den enkle og treffande definisjonen på ein biblioblogg i notatet An Introduction to Biblioblogs som du kan finna på bloggen Exploring Our Matrix. Men skribenten James McGrath skriv samtidig at ein biblioblogg ikkje nødvendigvis bare handlar om bibelske studiar. Alt avhengig av interessene til den som skriv, kan den innehalda mykje anna også.

Du finn ei oversikt over dei største bibliobloggane på The Biblioblog Top 50. Her er oversikta som viser rangeringa sist månad:

1. James McGrath, Exploring Our Matrix
2. Daniel O. McClellan
3. James Bradford Pate, James’ Thoughts and Musings
4. Jim Davila, Paleojudaica
5. Andrew Byers and Joel Busby, Hopeful Realism
6. Stephen Douglas, Undeception
7. Various, Biologos
8. Kurk Gayle, Aristotle’s Feminist Subject
9. Kevin Brown, Diglotting
10. J. R. Daniel Kirk, Storied Theology

Men The Biblioblog Top 50 registrerer mange fleire enn dei største og mest aktive bibliobloggane. Nettstaden held seg med ei oversikt over store og små bloggar, der til og med min har kome med! Den lange lista over bibliobloggar er systematisert slik:

General Biblical Studies
Theory and Reception
Biblical and Religious Studies
Hebrew Bible / Early Judaism
Early Judaism and ANE
Early Judaism and Judaism
New Testament / Early Christianity
Early Christianity and Greco-Roman Culture
Textual Criticism, Translation, and Linguistics
Technical and Software

In addition, Related Blogs with a different primary focus to biblical studies are categorized as follows:

Christian Spiritual, Theological, Homiletic, Patristics
Judaica
Atheist / Agnostic
Religious Studies
Fringe-dwellers and Conspiracy Theorists
Modern Languages
Ancient Languages
Commercial Journal and Publisher Blogs
ANE & Mediterranean Archaeology Blogs

Eg registrerer at bloggen min er plassert i kategorien Early Christianity and Greco-Roman Culture. Det er ikkje ei heilt umogleg plassering. Men neppe den einaste moglege.

Advertisements

Biblical Studies Carnival LXI

03/04/2011

Eit nytt Carnival er på plass. Biblical Studies Carnival LXI – March Madness Edition er nyleg publisert på bloggen Dr. Platypus. Dette er ei oversikt over kva som er skrive på ulike bibliobloggar den siste månaden, i stor grad sett med amerikanske auge.

Welcome, sports fans, to the March 2011 edition of the Biblical Studies Carnival. I’m afraid those of you reading from outside the USA are going to have to put up with the fact that where I’m from March means college basketball, and that is the theme for this month’s roundup of the best posts from around the biblioblogosphere.

(via PaleoJudaica)


Biblical Stud Carnival 2/2011

03/03/2011

Eit nytt Carnival er på plass. February 2011 Biblical Studies Carnival er nyleg publisert på bloggen A Fistful of Farthings.

Welcome to the Carnival! Here is a list of links to the “best of the best” biblioblog posts from last month (who am I kidding…it’s really anything I found interesting). Let the games begin! (her)

(via PaleoJudaica)


Notat #1.000

23/02/2011

Eg legg ikkje mykje vekt på å skriva om bloggen. Innhaldet på bloggen er sjølvsagt meir interessant. Men eg syns det er verdt å nemna at notatet Nytt om Mar Gabriel var notat nr 1.000 her på bloggen.

Vil du leita i gamalt stoff, kan du gå bakover i arkivet via kategoriane eller søkja i søkjefeltet eit stykke nede i høgre spalte.


Topp 10 på bloggen 2010

02/01/2011

Dei mest populære notata her på bloggen i 2010, har vore:

  1. Den sjuarma lysestaken
  2. Bibelsk musikkarkeologi
  3. Tur til Preikestolen
  4. Steinkjerringa
  5. Garborg: Om pengar
  6. Jødisk og kristen påske
  7. Klagemuren / Vestmuren
  8. Jeriko 10.000 år
  9. Guds pakt med Noah
  10. Ritmeyer om Salomos tempel

Biblical Studies Carnival 57

01/12/2010

Biblical Studies Carnival 57 er i dag publisert på Bulletin for the Study of Religion.

Biblical Studies Carnival er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i den siste månaden. Det er ei stund sidan eg har hatt lenke til denne månadlege oppdateringa. Nr 57 i rekkja er ei imponerande samling lenker!


Om biblioblogging

21/11/2010

Biblioblogging er akademisk blogging om bibelske studiar og relaterte emne. Det er mange forskarar som har sine eigne bloggar, og dette er sjølvsagt interessant for alle som er interessert i fagleg arbeid med Bibelen. Sjølv syns eg det er spennande å følgja med på nokre av desse bloggane.

Ein av dei eldste bibliobloggane er PaleoJudaica, som blir skriven av James R. Davila. Han starta bloggen i mars 2003. I desse dagar har Davila gjeve eit tilbakeblikk på dei første åra med biblioblogging på ein konferanse i regi av SBLSociety of Biblical Literature. Han har sjølv offentleggjort manuset (på bloggen sin), før han har halde foredraget.

WHAT JUST HAPPENED
The rise of «biblioblogging» in the first decade
of the twenty-first century

© James R. Davila, University of St. Andrews
2010 Annual Meeting of the Society of Biblical Literature in Atlanta
S22-209 SBL Blogger and Online Publication Section

Les foredraget hans her.

Oppdatering: PaleoJudaica gir oss også lenker til andre innlegg på SBL-konferansen om biblioblogging (og liknande fenomen). Sjå RANDOM SBL 2010 REFLECTIONS AND LINKS


%d bloggarar likar dette: