Antisemittisme i Norge

12/06/2011

Unge norske jødar opplever faktisk å bli mobba fordi dei er jødar. Dette kan ikkje aksepterast og det er viktig å setja i verk tiltak for å arbeida med haldningane i ungdomsmiljøet.

Samtidig må me vel minna kvarandre om at det kan vera like mykje grums i haldningane i foreldregenerasjonen.

Denne veka (juni 2011) har den veksande antisemittismen fått fokus på bakgrunn av ei undersøking blant ungdomsskule-elevane i Oslo. Undersøkinga viser dessverre at det er eit stort innslag av antisemittisme blant ungdomane.

Dette er skremmande. Samtidig er det godt at det blir tematisert.

Direktør Odd-Bjørn Fure ved Holocaust-senteret i Oslo kommenterer i Vårt Land:

Fure: Hadde frykta meir hat mot muslimar
Direktøren ved HL-senteret ser svært alvorleg på rapport om hets mot jødar i Oslo-skulen.

(…)

Han var ikkje overraska over at jødar vert hetsa, etter dei forteljingane han har høyrt. Men Fure er litt overraska over kor mange jødar som blir hetsa: Kvar tredje jøde i dei undersøkte årsstega seier at dei har vore utsette for negative hendingar på grunn av religionen sin to-tre gonger i månaden eller meir.

Til samanlikning var det 5,3 prosent av muslimane som svarte det same. Fure seier at han hadde frykta at fleire muslimar blir utsette for hets.

– Men i og med at muslimane er langt fleire, tyder denne prosenten at det er mange som blir hetsa. Dette er eit problem vi også må ta på alvor, seier Fure.

Han seier at det trengst meir forsking for å få svar på årsaka til at så mange jødiske skulebarn blir hetsa. Fure vil ikkje seie at den viktigaste forklaringa er at muslimsk innvandring har ført med seg import av muslimsk og arabisk jødehat.

– Det er nok noko i ei slik forklaring. Men å leggje hovudskulda på dette kan vi ikkje utan at det er dokumentert. II dag blir dette mykje spekulasjon. Antijødiske haldningar ligg djupt i både det norske og det europeiske samfunnet, seier Fure.

Han meir det er svært urovekkjande at analyseleiaren bak Oslo-rapporten seier at hetsen mot jødiske skule har stige får kring null til dette nivået på få år.

(Les meir)

Leiaren av det mosaiske trussamfunnet i Oslo uttalte i Verdibørsen i går (11.06.2011) kloke ord om at det finst to mytar om antisemittisme i Norge. Den eine er at det ikkje finst nokon antisemittisme i Norge. Den andre er at Norge er det mest antisemittiske landet i Europa. Han peika på at ingen av dei er sanne, men at sanninga ligg ein stad mellom desse ytterpunkta.

Les heile rapporten om rasisme og antisemittisme i Osloskulen her:

Kartlegging av kunnskaper og holdninger på området rasisme og antisemittisme


Auschwitz-Birkenau

17/05/2011

For eit par veker sidan besøkte eg Auschwitz og fekk omvising i konsentrasjons-leirane der.

Det gjorde djupt inntrykk.

Leirane fungerer både som museum og minnesmerke. Her kan me læra meir om den ufattelege vondskapen som nazistane sette i system under krigen og me kan samtidig minnast alle dei menneska som blei utsletta under holocaust.

Det kjendest naturleg og rett  leggja ned blomar på minnesmerket i Auschwitz-Birkenau, der det også er ei plate med norsk tekst:

Alltid la dette sted være et rop av fortvilelse og et varsel til menneskeheten, hvor nazistene myrdet omkring halvannen million menn, kvinner, og barn, hovedsaklig jøder fra flere land i Europa. 

Auschwitz-Birkenau 1940-1945

 

Les meir


Jødisk minnesmerke

26/10/2010

Til minne om jødane som blei deportert frå Rogaland

img_3596Det var 22 jødar frå Rogaland blant offera for Holocaust. I dag (26.10.2010) har desse omsider fått sitt minnesmerke i Stavanger, reist av Stavanger kommune og Stavanger kyrkjelege fellesråd.

Oppdatering: To bilde frå staden, 18.09.2016.

Stavanger Aftenblad skriv:

Endelig minnes Stavanger jødene som ble sendt til dødsleirene

Sam Becker var knappe to år gammel da han ble gasset ihjel. Midt på natten ble han hentet av norsk politi og sendt til dødsleiren Auschwitz.

(…)

I formiddag fikk Sam og de 21 andre rogalandske jødene som ble sendt til dødsleirene i 1942 og 1943 endelig sitt minnesmerke på Eiganes gravlund. Her har både norske soldater og utenlandske krigsfanger hatt sine minnesmerker i flere årtier, men de lokale jødenes navn og historie har vært usynlig.

– Ja. det er sent, Stavanger har brukt mer tid på dette enn de har gjort andre steder i landet, sier Trond Otto, som er en av ildsjelene bak oppbyggingen av en jødisk avdeling ved Rogaland krigshistoriske museum.

(…)

– Dety er viktig for Stavanger-regionen at dette monumentet nå er på plass. Vi har i altfor stor grad fortiet de norske jødenes skjebne når vi snakker om krigen i Norge. Og vi har fortiet vår egen deltakelse, at det var norske politifolk som hentet menn, kvinner og barn og sendte dem til dødsleirene, sier administrasjonsleder for Holocaust-senteret i Oslo, Georg Broch.

Les meir

img_3597


Josef fortel

01/05/2006

Mytekalenderen i NRK P2 hadde Josef som tema idag (01.05.2006). Terje Nordby kunne fortelja at 1. mai i Den katolske kyrkja er Josef sin minnedag. Så vidt eg forstod av programmet, har ikkje denne koplinga nokon lang historisk tradisjon. Men kyrkja har nok gjort eit poeng av å knyta handverkaren Josef til den internasjonale arbeidarrørsla sin dag.

Josef er jo ein interessant kjenning frå bibelhistoria og eg har ingenting imot å minnast han nå i kveld. Eg har derfor funne fram ein tekst eg tidlegare har nytta som preike i jula, og lar på denne måten Josef sjølv få koma til orde her på bloggen:

«Hei, så kjekt å sjå deg! Du òg er her i Betlehem, ja. Me kom i går, på grunn av det der manntalet til Augustus. Nå er eg bare ute for å gjera någen ærend. Eg skal kjøpa litt lampeolje og någe å drikka. Kan tru eg har opplevd møje sidan me kom i går! Det er bare heilt utruleg!

Ja, du visste vel at Maria har vore gravid? Og kan du tenkja deg… Akkurat nå når me var ute og reiste, kom tida då hu skulle føda. Det kunne jo ikkje ha passa dårlegare.

Ja, du må ikkje misforstå! Det gjekk godt! Barnet lever! Og Maria er ikkje så verst i form, hu heller. Men me er jo heilt utslitne.

Me hadde ikkje ein gong greidd å finna ein skikkeleg plass å bu i går ettermiddag, då me kom til byen. Det var fullt overalt! Me hamna til slutt i ei grotte som vanlegvis blir brukt som stall, bak det huset du ser der borte. Der var det i hvert fall varmt. Og det var møje høy, så me greidde å laga oss ein god plass for å sova. Men du kan tru. Det blei ikkje særleg søvn på oss, akkurat. Utpå kvelden forstod me at barnet kom til å bli født, og då galdt det bare å gjera klar det mest nødvendige.

Ja, eg glømte forresten å seia: Han er heilt skjønne! Ja, Jesus altså. For det er det me har kalla han. Andre syns sikkert han er ein nokså normal baby. Men for Maria og meg… Me syns han er spesiell!

Du har sikkert høyrt at det har vore ein del spesielt med det at Maria venta barn nå. Det er jo eigentleg ikkje eg som er faren hans, sjølv om det ikkje er så viktig akkurat nå. For nå er me endeleg ein heil familie, og eg kjenner meg like knytt til den litle ungen som alle andre foreldre gjer. Men både Maria og eg hadde for någen månadar sidan besøk av englar som har fortalt merkelege ting om barnet vårt …

Eg trur ikkje eg har grine så møje på mange år! Ja, ikkje fordi eg er lei meg, altså, men fordi eg er så lukkeleg. Tenk, alt gjekk godt! Me som har vore så usikre på alt saman.

Men det mest utrulege skjedde eigentleg tidleg om morgonen i dag. Maria hadde vaska Jesus og pakka han inn i någen tøystykke. Og så hadde me lagt han i ei krubbe, der dyra pleier å få maten sin. Der låg han så fint!

Plutseleg kom det ein flokk med gjetarar inn i stallen. Det var både ungdomar og vaksne, og saman med dei kom det ein heil saueflokk. Dei hadde vore ute på markene i natt og passa på sauene sine. Midt på natta hadde dei sett eit kraftig lys. Ja, dei var heilt sikre på at dei hadde sett ein engel! Dei hadde blitt så redde, fortalde dei oss, at dei visste ikkje kva dei skulle gjera. Men engelen sa til dei: VER IKKJE REDDE! Og så hadde engelen fortalt at denne natta var det født eit spesielt barn i Betlehem. Eit barn som skulle vera frelsaren for alle menneske.

Ja, du skal få høyra heilt nøyaktig kva engelen sa til gjetarane:

”Ver ikkje redde! Eg kjem til dykk med bod om ei stor glede for heile folket. I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

Det var så merkeleg å få besøk av desse gjetarane!

Der stod Maria og eg og høyrde på kva dei fortalde. Og rett framfor oss låg Jesus i ei krubbe! Gjetarane såg på han og me såg på han, og alle tenkte det same: Alt stemmer! Alt engelen hadde sagt, passa på dette barnet!

Så fortalde gjetarane at det plutseleg hadde kome mange englar og vist seg for dei. Og desse englane song ein lovsong til Gud: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.

Så fór englane tilbake til himmelen, og gjetarane hadde stått igjen, heilt mållause. Eg veit litt om koss det er å få besøk av englar, så eg forstår godt at dei var i sjokk. Derfor er det så stilig at dei gjorde det dei gjorde: Dei gjekk inn i byen her, og leita seg fram til barnet som låg i ei krubbe. Ja, altså til barnet vårt, i stallen der me prøvde å sova etter den nattå!

Gjetarane sa at dei hadde hatt ei merkeleg natt. Og det forstår eg godt. Og alt var jo merkeleg for oss òg!

Maria og eg har snakka møje om det etterpå. Det engelen sa til gjetarane der ute på markene, er så vanskeleg å forstå. Likevel passar det så godt med barnet vårt. Og for Maria og meg har det alltid vore viktig å lytta til kva Gud vil med oss.

I dag har Maria vore så stille. Hu har så møje å tenkja på, seier hu. Hu husker alt som er sagt om Jesus, heilt nøyaktig. Då gjetarane var hos oss, ville hu at dei skulle fortelja alt saman gang på gang. Og hu lytta og tenkte og undra seg. Og nå etterpå har me snakka om kor merkeleg alt dette er…

Me har snakka møje om kva det kan bety at han skal vera frelsaren vår. Alt det me har opplevd, gjer at me har heilt spesielle forventningar til den litle guten vår. Maria og eg har jo vore blant dei som har venta på Messias, og me veit godt kva som står i profetbøkene om dette. Men det er ikkje alt som er så lett å forstå! Er det muleg at profet-orda skal gjelda han?

Viss det litle barnet vårt er frelsaren som me har venta på, så er i hvert fall det det eg vil kalla eit under! Og det viktigaste for oss når me møter eit under, er jo ikkje å forstå det, men å tru på det.

Någe av det som er overraskande, er at dette skjer blant oss heilt vanlege folk. Ikkje er me skriftlærde eller farisearar. Eg er jo ein heilt vanleg handverkar. Og desse gjetarane som fekk vita om det spesielle med Jesus, dei er jo dei fattigaste av alle her i området.

Tenk det, at han kom til oss som er heilt vanlege folk. Til og med til oss som har det ganske vanskeleg for tida! Eg tenkjer at Gud har tenkt spesielt på meg og Maria nå når me er i ein så vanskeleg familiesituasjon. Ja, eg er sikker på at han ser oss, og veit koss me har det.

Men sjølv om Maria har vore så stille, kan du tru det var møje lyd frå gjetarflokken! Dei var hos oss ganske lenge før dei gjekk ut på Betlehemsmarkene igjen. Og dei jubla og prata og song. Dei var så begeistra for at dei hadde funne Jesus der han låg i krubba si! Dei gjentok om igjen og om igjen:

  • Alt stemmer!
  • Me fann barnet!
  • Han låg i ei krubbe!

Og så song dei englane sin lovsong: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»


%d bloggarar likar dette: