Romersk teater nær Vestmuren

16/10/2017
IMG_3870

Wilson´s Arch. Foto: Arne Berge

Arkeologar har funne eit lite, romersk teater under dei store bogane i Wilson´s Arch (bildet), like ved Vestmuren i Jerusalem. Kanskje er dette den typen teater som blir kalla ein odeon? Funnet blei presentert på ein pressekonferanse i Jerusalem i dag. Her var det presentasjon av funn frå arkeologisk arbeid i tunnelen langs Vestmuren og under Wilson´s Arch.

Arkeologane som har arbeidd på staden, uttaler ifølge ei pressemelding frå Israel Antiquities Authority:

From a research perspective, this is a sensational find. The discovery was a real surprise. When we started excavating, our goal was to date Wilson’s Arch. We did not imagine that a window would open for us onto the mystery of Jerusalem’s lost theater. Like much of archaeological research, the expectation is that a certain thing will be found, but at the end of the process other findings, surprising and thought-provoking, are unearthed. There is no doubt that the exposure of the courses of the Western Wall and the components of Wilson’s Arch are thrilling discoveries that contribute to our understanding of Jerusalem. But the discovery of the theater-like structure is the real drama.

Les meir

Det viser seg at det er eit teater som truleg aldri har vore i bruk. Spor tyder på at det blei øydelagt før det var ferdig bygd. I omtalane eg har lese i dag, blir det tidfesta til tida omkring Bar Kochba-opprøret ca år 135. Eg syns derfor det er litt merkeleg at arkeologane brukar uttrykket Jerusalem´s lost theater. Så vidt eg kan forstå, viser dei her til eit teater som er omtalt hos Josefus og som hittil ikkje er funne i arkeologiske utgravingar. Josefus sine skrifter viser oss vel først og fremst at det må ha vore minst eitt teater i Jerusalem før år 70?

Saka har fått store medieoppslag med interessante bilde av det utgravne teateret, sjå for eksempel Jerusalem Post i dag: «JERUSALEM’S LOST THEATER’ AND 8 ANCIENT STONE COURSES DISCOVERED UNDER WESTERN WALL

(via BiblePlaces Blog)


Vestmuren

19/07/2011

Jerusalems 10 på topp #3

Vestmuren kan kallast an icon of contemporary Jerusalem.

Det er Jerome Murphy-O’Connor som omtaler Vestmuren (eller «Klagemuren») slik i si oversikt over Jerusalems 10 på topp:

The Western Wall has become, along with the Dome of the Rock, an icon of contemporary Jerusalem. The bald wall face that mesmerizes tourists and pilgrims alike is in fact a small portion of the retaining wall built in the first century B.C. by King Herod to support the Temple Mount, a portion that for centuries had been the only one set aside for Jewish worship.

Biletet viser dimensjonane ved muren. Dei nederste delane (med størst steinar) er frå Jesu tid.

Staden er absolutt fascinerande for den som kjem dit som turist eller pilegrim. Og samtidig er det altså også ein stad som er i dagleg bruk, nærast som ein synagoge i friluft. For dei faste «brukarane» av staden er det bøn og lesing av heilage tekstar som står i sentrum.

Det første biletet viser eit utsnitt av den venstre og største delen av plassen framfor muren. Denne delen er bare open for gutar og menn. Jenter og kvinner kan koma inntil muren litt lenger til høgre. Det andre biletet viser gjerdet som skil mellom kjønna.

Vestmuren er ein stad der ein kjem tett innpå det jødiske Jerusalem. Samtidig er tempelplassen like over muren den mest symboltunge muslimske staden i byen. Forholdet mellom dei heilage stadane er med og gjer Jerusalem til ei vanskeleg og foreløpig uløyst gåte i ein framtidig fredsprosess i Midt-Austen.

Sjå også: Vestmuren / Klagemuren

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Det er forskaren og forfattaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista eg følgjer i serien. Vestmuren er rangert som nr 3.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Sjå meir stoff om Vestmuren her.


Området framfor Vestmuren

05/10/2010

Eit jødisk kvinneperspektiv

Det er store planar for fornying av plassen framfor Vestmuren (Klagemuren). Denne store plassen fungerer i dag som ein stor friluftssynagoge med mange besøkjande. Kvinner får bare koma fram til muren på eit avgrensa område.

Jerusalem Post skriv om fornyingsprosjektet og fortel også om den forventa motstanden mot å gjera noko grunnleggjande med dette sensitive området. Det er ikkje overraskande at det kjem muslimske reaksjonar mot planen. Det er derimot meir uventa at konservative Jerusalem Post legg vekt på omtale av jødiske kvinner sine motførestellingar:

«It looks like the architecture is going to now set in stone, so to speak, the perspective that women are spectators and men are worshipers,” said Anat Hoffman, director of Women of the Wall, a monthly women’s prayer group that advocates for equal treatment for women at the site.

“There are partitions that are suggested where women can observe men, but men can’t observe women,” she said.

Her er eit større utdrag som seier litt meir om kva planane går ut på:

Kotel Plaza renovations plan gets initial okay

A new plan to completely renovate the Western Wall Plaza was approved by the Jerusalem Local Planning and Building Committee on Monday, paving the way for the most drastic changes to the layout of the area since the plaza was created after the Six Day War.

“The goal of expanding the entrances and exits of the Western Wall plaza and will give us a solution for allowing large numbers of worshipers and visitors to enter at once, as well as emergency exits,” Rabbi Shmuel Rabinovitch, the chief rabbi of the Western Wall, told The Jerusalem Post.

(…)

The current plaza was created immediately after the Six Day War in 1967, when the neighborhood next to the Western Wall, known as the Moroccan Quarter, was razed to make a large plaza.

The new plan, which is still in the very initial stages of approval, calls for a large underground plaza to replace the current main entrance, located at Dung Gate. A new visitor’s center will replace the current police building, with areas for educational programming, additional bathrooms, an auditorium, lecture halls, and an exhibition space for the archeological discoveries in the area.

“The number of visitors has increased by 500% at the Western Wall in recent years, and is expected to grow even more, but the infrastructure has remained the same,” Rabinovitch said in a statement. “Hundreds of workers at the Wall, including security guards, guides, and management, are working under impossible circumstances.”

The Western Wall Heritage Foundation claims that more than 15 million visitors come to the Western Wall every year, though the municipality put the figure at eight million. Both expect the number of visitors to the site to double in the next 10 years.

(les meir)

(via BiblePlaces Blog)


Museum ved Vestmuren?

30/06/2010

Det er planlagt eit nytt museum like ved Vestmuren/Klagemuren i Gamlebyen i Jerusalem. Utfordringa er at det under bakken der bygget skal reisast, ligg flotte restar etter ein romersk hovudveg. Ved bygging av det planlagte museet, vil det bli umogleg å arbeida vidare med desse funna frå romersk tid. Det er derfor strid blant arkeologar omkring dette anlegget.

Den romerske vegen det er snakk om, gjekk ned gjennom Tyropoiondalen. Denne dalen var tidlegare svært tydeleg i terrenget i Jerusalem, som ein sentral dal mellom Hinnomdalen og Kedrondalen. Dalen er idag meir eller mindre fylt igjen, men eksisterer framleis som vegen el-Wad og plassen framfor Vestmuren/Klagemuren. Via Dolorosa følgjer el-Wad mellom 3. og 5. stasjon.

Haaretz skriv nå at ei gruppe arkeologar advarer mot det planlagte museet:

Western Wall museum plans threaten Roman relics, archaeologists warn

Jerusalem planning council to rule on controversial project that opponents claim would destroy valuable ancient structures beneath the Old City.

Jerusalem’s district planning council was on Sunday set to rule on a controversial museum project that archaeologists claim would destroy valuable ancient structures beneath the Old City.

(…)

But a group of archaeologists who have petitioned the council says the new building, designed by architect Ada Karmi, would damage an ancient Roman road, flanked by rare and elaborate columns, that runs beneath the planned construction.

(…)

«The plans would destroy the chance to create a continuous passage of road over 200 meters long – originally a colonnade – which could serve as a foundation stone for researchers and students of Jerusalem’s history, as well as to tourists and the general public,» the archaeologists wrote.

(Les meir)

(via PaleoJudaica)


Klagemuren / Vestmuren

23/02/2009

Oppdatering: Sjå også det nyare notatet Vestmuren. Jerusalems 10 på topp #3.

tempelplassen-januar-09I programmet for Israelsturen som Inger og eg skal vera reiseleiarar for i oktober (2009), står det slik om ein av dagane:

Me begynner dagen ved den berømte Klagemuren / Vestmuren, som i dag er den mest heilage staden for jødane i Jerusalem. Plassen framfor Klagemuren fungerer i dag som ein friluftssynagoge, der det alltid er jødar samla i bøn. Her får me også eit inntrykk av tempelplassen og restane av murane rundt tempelet frå Jesu tid. Dersom det er mogleg, tar me også turen opp på tempelplassen.

Biletet, som Inger tok for tre veker sidan, viser det aktuelle området. Klagemuren ligg bak gangbrua som fører opp til tempelplassen. Den blå Klippedomen med gullkuppel er den vakre muslimske heilagdomen (frå rundt år 690) som nå står der tempelet stod på Jesu tid. Biletet viser kor små avstandar det er mellom desse heilagstadane.

Det er ulike måtar å omtala denne muren på. Eg er vant med å bruka Klagemuren, men vekslar nok av og til også med å bruka Vestmuren.

Det hebraiske namnet er HaKotel HaMa’aravi ( הכותל המערבי ) eller bare HaKotel, med trykk på siste staving.

På engelsk brukar ein i Israel The Western Wall. Dette er eit namn som viser til at muren er ein del av dei gamle murane rundt tempelplassen frå kong Herodes si tid. Klagemuren er eit namn som blir brukt av ikkje-jødar. Namnet blei visstnok introdusert av britane i 1917 (The Wailing Wall, som også kunne vore omsett Gråtemuren på norsk).

En utbredt misforståelse – og opprinnelsen til betegnelsen «klagemuren» – er at disse bønnene er sorgfulle påminnelser om tempelets ødeleggelse. I den utstrekning at bønner refererer til dette bestemte stedet, har det sammenheng med et ønske om en messiansk tid der det blir fred og tempelet bygges igjen. (Wikipedia)

Den som kjenner forholda i Gamlebyen i Jerusalem, veit at dette er ein stad med ei heilt spesiell tyding for jødane. Samtidig er det ein svært krevjande stad med tanke på å få til fred mellom religionar og folkegrupper. Wikipedia-sitatet ovanfor viser det til fulle; her blir den messianske tid, som i følgje jødisk tru ennå ikkje har kome, knytt til tanken om å gjenreisa tempelet på tempelplassen.

Eg har høyrt at ein i diplomatiske kretsar vil vera forsiktig med å nytta namnet Vestmuren. Dette fordi det knyter så sterke band til det historiske faktum at jødane sitt tempel i bibelsk tid stod på tempelhøgda (noko som fleire muslimske miljø utruleg nok prøvar å fornekta), men også fordi det implisitt i namnet kan liggja ein tanke om at Israel skal ha heile den vestre muren rundt tempelplassen. Det meste av «vestveggen» går i dag gjennom det muslimske kvarteret i Gamlebyen. Dersom ein skal følgja ein slik tankegang, vil Klagemuren vera eit meir forsiktig uttrykk i den politiske situasjonen.

Dette er, som de forstår, komplisert. Til alt overmål har eg dei siste dagane blitt merksam på at også omtalen av muren som «den mest heilage staden», kan vera kontroversiell. Det viser seg at ein i nokre  jødiske miljø vil seia at det bare er sjølve tempelberget, der tempelet stod, som kan kallast den mest heilage staden i jødedomen. BBC har faktisk nyleg måtta orsaka seg etter ein tilsvarande omtale som den me har stått for i turprogrammet, sjå her.

Sidan eg i dette notatet har nemnt tanken om ei gjenoppbygging av det jødiske tempelet på tempelplassen, vil eg presisera kva eg sjølv står for her. Det finst ultraortodokse jødiske retningar som arbeider for å gjenreisa tempelet. Ein omtalar då dette som «det tredje tempelet». Dessverre er det kristne som støttar denne tanken. Eg meiner det bør vera uaktuelt for kristne å støtta eit slikt prosjekt, både av politiske og teologiske grunnar.

(Notatet er oppdatert 24.02.2009)


Utgravingar ved Vestmuren

15/03/2008

Img_4722
Dei siste par åra har det vore arkeologiske utgravingar på plassen framfor Vestmuren (Klagemuren) i Jerusalem. Det har ikkje vore kjent kva som er funne, men ryktet har sagt at det har vore svært interessante funn.

Tidlegare har utgravingsområdet vore heilt avsperra, men då eg var i Jerusalem i februar, var det mogleg å koma inntil sperringane og ta bilete.  Det såg svært rotete ut for meg, og det var umogleg for meg å tolka kva eg såg der og då.

Img_4723Denne veka har Israel Antiquities Authority letta på sløret og lagt ut informasjon om utgravingane på nettsida si.

A rich layer of finds from the latter part of the First Temple period
(8th-6th centuries BCE) was recently discovered in archaeological
salvage excavations that are being carried out in the northwestern part
of the Western Wall plaza, c. 100 meters west of the Temple Mount. (les meir)

Dei fortel om funn av hus og gjenstandar, også med inskripsjon av namn, frå første tempelperiode. Dessutan har dei funne restar etter den
austre romerske hovudgata frå 2. hundreår e Kr, kjent frå Madabakartet
som den austre Cardo.

Oppdatering 17.03: Dr Leen Ritmeyer’s blog presiserer at det ikkje er første gong at så gamle funn er gjort så nær Tempelplassen. Han har med ei skisse som viser jernaldergraver kloss inntil Tempelplassen. "As I said before, it is very exciting to read about these finds, but
one could wish that the reporters would do their homework a little
better. A blooper like this headline should never have been published."


Romersk gate ved Vestmuren

17/11/2007

Denne veka har israelske arkeologar offentleggjort at dei har funne ei romersk gate og eit bad i tilknyting til The Western Wall Tunnels i Jerusalem. Eg gjekk gjennom denne spennande tunnelen då eg var i byen i haustferien. Nå vil det altså bli enda meir som kan visast fram i dette omfattande tunnelsystemet som går langs Vestmuren av tempelplassen.

Arkeologane tidfestar gata til 2. hundreår e. Kr. då romarane bygde byen opp igjen under namnet Aelia Capitolina. Dei meiner at funnet av gata, som er ei tverrgate til Cardo (hovudgata nord-sør gjennom den romerske byen), viser at tempelplassen har hatt ei viktig tyding også i denne fasen av byhistoria, sjølv om tempelet var øydelagt i år 70.

Frå omtalen hos Reuters:

Israeli archaeologists have unearthed the remains of a second
century terraced street and bath house which provide vital clues about
the layout of Roman Jerusalem.
   

The Israel Antiquities Authority said the 30-metre (90-foot) alley
was used by the Romans to link the central Cardo thoroughfare with a
bath house and with a bridge to the Temple Mount, once the site of
Jerusalem’s ancient Jewish temple.

"We find bits of Roman road all the time but this discovery helped
us piece together a picture of Roman Jerusalem," Jon Seligman,
Jerusalem regional archaeologist, told Reuters at the site. "It was a
real Eureka moment." (les meir)

Funnet er også omtalt i Jerusalem Post (via BiblePlaces Blog).


Jesus Trail og Jerusalem 2019

31/10/2019

Frå vandringa på Jesus Trail. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Eg var tidlegare i haust på ein elleve dagars tur i Israel og dei palestinske områda. Inger og eg var reiseleiarar for gruppa som deltok på turen Jesus Trail og Jerusalem 2019.

Det er ei spesiell oppleving å oppleva eit land og kulturen der til fots. Me ser andre ting enn når me er i bil eller buss. Me kjenner lukter, treff menneske, ser blomar og tre på nært hald. Vandringa på Jesus Trail, ei merka turløype i Galilea, har derfor blitt ein viktig del av programmet på mange av turane våre. Jesus Trail går i eit terreng der Meisteren sjølv gjekk.

På slike turar har eg ansvar for forkynning og undervisning, saman med dei ulike guidane som me samarbeider med. Eg syns det er flott å få formidla bibelkunnskap som er «jordfesta» i den bibelske geografien og historia. Det neste bildet er tatt i ein slik formidlingssituasjon, på Hattins Horn. Her er det flott utsikt over store delar av Galilea. På bildet skimtar me Gennesaretsjøen langt nede i bakgrunnen.

På Hattins Horn. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Det var nå fjerde gongen me gjekk denne turen, med litt ulike variantar frå gang til gang. Me budde på kristne arabiske gjestehus og på jødiske kibbutzhotell. Det israelske samfunnet er verkeleg samansett!

Dagane i Jerusalem og området rundt byen inneheldt også mange besøk på stadar og i kyrkjer som er knytt til den bibelske historia. På det neste bildet står eg på det flotte utsiktspunktet på Oljeberget, med Jerusalem bak meg.

På Oljeberget. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Me fekk også oppleva Yom Kippur, den store forsoningsdagen, i Jerusalem. Dette er ein viktig heilagdag i den jødiske kalenderen og då stansar heile det jødiske israelske samfunnet opp. Me kan f eks gå midt i gata i det som elles er travelt trafikkerte vegar.

Stille gater i Jerusalem under Yom Kippur. Foto: Arne Berge 2019

Her er eit kort resyme av programmet på denne turen:

  1. Reisedag
  2. Morgonbad i Middelhavet. Deretter reise til Nasaret med Nazareth Village og kyrkjebesøk i Bebudelseskyrkja. Nokre tok også turen innom den gresk-ortodokse St. Gabriels kyrkje.
  3. Vandring på Jesus Trail frå Nasaret via Zippori National Park til Kana.
  4. Vandring på Jesus Trail frå Kana til Kibbutz Lavi.
  5. Vandring på Jesus Trail frå Kibbutz Lavi over Hattins Horn, innom Nebi Shueib, ned Duedalen til Magdala. Transport til Kibbutz Ginosar.
  6. Morgon på Mount of Beatitudes. Busstur ned Jordandalen, innom Qasr-al-Yahud  (Jesu dåpsstad etter tradisjonen) og vidare til Jerusalem.
  7. Vandring omkring i Jerusalem, hovudsakleg i Gamlebyen der me gjekk gjennom dei fire kvartera; det armenske, det jødiske, det muslimske og det kristne kvarteret. Me var ved Vestmuren, me gjekk delar av Via Dolorosa, og me besøkte Golgata og Jesu grav i Gravkyrkja. Me var også i Gravhagen i Aust-Jerusalem; der hadde me nattverdgudsteneste.
  8. Besøk på Caspari Center, Den Norske Israelsmisjons studie- og ressurssenter i Jerusalem. Deretter besøk i holocaustmuseet Yad Vashem. Så drog me til den eldste delen av Jerusalem; Davidsbyen. Her gjekk dei fleste av oss gjennom Hiskias tunnell og dei andre interessante tunnellane. Me kom opp til Jerusalem Archaelogical Park og såg på gater frå Jesu tid og dei store trappene på sørmuren av tempelplassen. Lysshowet The Night Spectacular om kvelden.
  9. Utsiktspunkt på Oljeberget, kyrkja Dominus Flevit og vidare ned bakkane til  Getsemane med Alle Nasjonars kyrkje. Samling i den avlukka hagen. Deretter buss til Qumran ved Dødehavet der Dødehavsrullane blei funne. Dagen blei avslutta med bading i Dødehavet.
  10. Dagstur til Betlehem. Me besøkte Det Palestinske Bibelselskapet, og var deretter i Fødselskyrkja som er bygd over Jesu fødestad. På ettermiddagen var me på «hyrdemarkene» og konsentrerte oss om koss me skal forstå forteljinga om Jesu fødsel.
  11. Reisedag tilbake til Norge.

På taket av Gamlebyen

18/06/2018

Jerusalem, byen med heilage stadar for tre religionar

Gamlebyen i Jerusalem. Foto Arne Berge 2009

Eg reiser snart til Israel og dei palestinske områda igjen. Denne gong som reiseleiar for familie- og ungdomstur frå Hinna menighet. Det blir nok mange høgdepunkt. Eg er rimeleg sikker på at for eksempel Gamlebyen i Jerusalem vil gjera inntrykk på mange som reiser til byen for første gong!

Bildet er tatt frå takterrassen på Austrian Hospice of the Holy Family, ved Via Dolorosa. Men til tross for at eg er på eit kristent gjestehus, er eg i det muslimske kvarteret. Slik er Jerusalem!

Oppdatering: Me er heime igjen etter ein flott tur! Sjå her.

Det er mykje stoff om byen her på bloggen. Sjå f eks serien om Jerusalems 10 på topp:


Den tyske Mariakyrkja, Jerusalem

01/05/2018
IMG_0861

Den tyske Mariakyrkja i Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

Restane etter den tyske Mariakyrkja ligg sentralt i det jødiske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Likevel er den så bortgøymt at få legg merke til den. Kva kan ein sjå på staden? Og kva veit me om denne kyrkja frå korsfarartida?

Først litt om bygningsrestane slik dei er å finna i dagens jødiske kvarter. Når ein går frå Hurvaplassen mot trappene ned til plassen framfor Vestmuren, passerer ein korsfarar-marknaden, deretter murane etter kyrkja og det tilhøyrande hospitalet i det ein går til høgre og ned trappene. Portalen til kyrkja ligg i Misgav Ladach Street. Kyrkjeruinen har dessverre vore avlåst dei fleste gongene eg har vore der. Det er likevel mogleg å sjå inn gjennom portalen og få eit tilsvarande inntrykk som på bildet. Ein ser då austover mot apsis der hovudaltaret stod. I rommet til høgre er det ei god informasjonstavle, som altså dessverre ikkje er synleg om ein ikkje kan gå inn portalen.

Ruinen etter hospitalet ligg sør for kyrkja og litt lågare i terrenget. Trappa ned mot Vestmuren går rundt denne ruinen. Det var også eit pilegrimshospits knytt til kyrkja og hospitalet, på nordsida av kyrkja, men det er ikkje noko igjen av denne bygningen.

Når eg nå skriv om staden, finn eg også fram det følgjande bildet som eg tok i 2011. Det må vera misvisande. Det er kyrkja, ikkje hospitset, som er best bevart og som ein her har framfor seg!

IMG_0863

Misvisande informasjon på staden. Foto: Arne Berge 2011

Historia til desse bygningane går tilbake til korsfarartida. På 1140-talet var det behov for eit tyskspråkleg senter for pilegrimar som ikkje kunne fransk, som var det rådande språket i korsfarerbyen. Tyske medlemar av Johannesordenen fekk då bygga dette senteret som altså bestod av kyrkje, hospital og hospits. Bygningane blei øydelagde då korsfararane tapte Jerusalem i 1187. Dei blei (delvis?) bygde opp igjen frå 1229 av dei teutoniske riddarane, ei uavhengig orden stifta i Akko i 1190, og denne ordenen dreiv staden fram til korsfararane mista makta i Jerusalem i 1244.

I nyare tid skal kyrkjeruinen ha blitt funnen av T. Drake i 1872 (Wikipedia 01.05.2018 her).

Dei tyske korsfararbygningane blir omtalte slik i ein samtidig tekst frå 1100-talet:

On the way down the same street, which goes to the gate by which one reaches the Temple, and on the right, is a cross street with a long portico. In this street is a hospital with a church, which has been newly built in honour of Saint Mary, and is called the House of the Germans. Few if any people of other tongue have anything good to say about it.

John of Würzburg

(Frå Murphy-O´Connor: The Holy Land. 4. ed. Oxford 1998. Side 76)


Ritmeyer om det romerske teateret

17/10/2017

Leen Ritmeyer, som kjenner tempelhøgda i Jerusalem svært godt, har skrive om funnet av det romerske teateret som blei presentert i går.

Artikkelen er som vanleg rikt illustrert med gode teikningar og bilde. Les og sjå på illustrasjonane på bloggen Ritmeyer Archaeological DesignRemains of Roman odeon found in Jerusalem.

Ritmeyer skriv her meir presist enn det eg gjorde i går (Romersk teater nær Vestmuren) om at dette ikkje kan vera det teateret som Josefus skreiv om:

A word of caution: some reporters have dubbed this find “Jerusalem’s Lost Theatre”, but this may give the wrong impression. Josephus indeed mentions that Herod built a theatre in Jerusalem (Antiquities 15.268), but this is not the one that has been found. Herod’s theatre, if it ever existed, must have been built before 70 AD, but the archaeological evidence associated with this newly found structure indicates that it was built after this date.

Les meir

 


Bibelske landskap

14/06/2016

Her er ei oversikt over bloggnotat knytt til den bibelske geografien. Eg har også til ein viss grad tatt med notat knytt til bibelske stadar, sjølv om dei handlar om byggverk, tradisjonar mm som er nyare enn bibelsk tid. Oversikta er under arbeid og derfor ikkje fullstendig. Du kan også søka etter stadnamn i søkefeltet i høgre spalte.

Ainon ved Salim

Arbel:

Athen

Betlehem:

Betesda

Betsaida:

Cæsarea Filippi:

Cæsarea ved havet:

Dekapolis:

Duedalen:

Efesos:

Eremos

Filippi

Galilea:

Gennesaretsjøen:

Getsemane:

Hattins horn:

Hellas (oversikt)

Herodion:

Hierapolis:

Jerusalem:

Jordanelva:

Korint:

Magdala:

Neapolis

Nain

Patmos

Sepphoris / Zippori:

Siloadammen:

Tabgha:

Wadi Qelt:

 


Ny guidebok om tempelhøgda

28/03/2015

jerusalem-the-temple-mount-a-carta-field-guide

Denne veka fekk eg tilsendt den rykande ferske guideboka om tempelhøgda i Jerusalem. Eg hadde bestilt boka frå forlaget, slik at eg skulle få den så snart som mogleg. Boka blir omtalt slik:

JERUSALEM—THE TEMPLE MOUNT is the first modern guide  to the Temple Mount for visitors of all religions. (…) The authoritative text of JERUSALEM: THE TEMPLE MOUNT contains priceless information and is richly documented with detailed maps, plans and stunningly evocative reconstructive illustrations. An artistic masterpiece in itself, this important addition to the scant literature on the Temple Mount will be equally appreciated by Jerusalem residents, tourists and armchair travellers.

Eg har så vidt begynt å bla i boka. Ho ser svært interessant ut. Her er mykje informasjon, gode foto og ikkje minst: flotte teikningar i kjent Ritmeyer-stil. Den som vil gjera seg kjent med teikningane hans, kan følga bloggen Ritmeyer Archaeological Design. Eg ser fram til å lesa boka, og ikkje minst til å ha den med meg neste gong eg skal til Jerusalem!

Sist gong eg var oppe på tempelplassen, var på ein studietur i 2013. Då var eg med i ei gruppe som fekk omvisning av ein muslimsk guide, faktisk også inne i Al-Aqsa-moskéen og Klippedomen. Det var ei spesiell oppleving; omvisninga handla bare om islam og muslimsk kulturhistorie, og guiden gav ikkje uttrykk for at han kjente til noko jødisk tempel på staden! Det er i den samanhengen interessant at den forrige guideboka til tempelhøgda, gitt ut av The Supreme Moslim Council i 1925, visstnok tydeleg stadfesta samanhengen tilbake til Salomos tempel (her).

Tempelhøgda er viktig for tre religionar; jødedomen, islam og kristendomen. Her stod Salomos tempel i kongetida (Det gamle testamentet). Her stod Det andre tempelet (Herodes´ tempel) på Jesu tid. Og her var det naturlege sentrum i Jerusalem for Jesus og disiplane, når dei var i byen i samband med dei store høgtidene. I dag er staden prega av muslimsk kultur og arkitektur. Erling Rimehaug skreiv nyleg om staden i Vårt Land, i ein serie om viktige stadar der religionar møter kvarandre: Steiner med hellige spor.

Det er mange kjente bibeltekstar som viser til at Jesus ofte heldt seg på tempelplassen når han var i Jerusalem. Men det er også mange mindre kjente «overgangsavsnitt» som ikkje blir lagt merke til på same måte. Eg skriv dette laurdag før palmesøndag. Derfor tar eg med eit slikt avsnitt som høver godt nå i tida før påske:

Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han. (Joh 11,56-57)

Sjå også tidlegare notat om staden, for eksempel desse: Klippedomen og Vestmuren.


Fall dei i jordskjelv eller krig?

04/01/2015

Vestmuren («Klagemuren») er kalla an icon of contemporary Jerusalem. Den blir gjerne omtalt som viktigaste heilage staden i jødedomen i dag.

Litt sør for den opne plassen ved Vestmuren, er muren ein del av ei arkeologisk utstilling. Her ligg framleis store steinar som ein gong har falle ned. «Alle» reknar med at dette skjedde då romarane øydela tempelet og byen i år 70. Nå hevdar ein israelsk arkeolog at muren fall først 300 år seinare, og då på grunn av jordskjelv. Les meir om dette under bildet.

Foto: Arne Berge 2013

Foto: Arne Berge 2013

Haaretz har i dag ein interessant artikkel som viser at det er ulike synspunkt blant arkeologiske ekspertar på kva tid Vestmuren fall.

Professor Shimon Gibson hevdar nå at desse murane fell saman i jordskjelvet i år 363, altså ca 300 år etter romarane sine øydeleggingar, i den bysantinske (kristne) tida. Men dette blir sterkt tilbakevist av professor Ronny Reich. Etter første gongs gjennomlesing må eg seia at eg syns Reich argumenterer godt for det tradisjonelle synet.

Les tidlegare notat om Vestmuren – og fleire tidlegare notat her.

Haaretz skriv:

Archaeologist: Western Wall stones result of earthquake, not Roman demolition

(…) The Old City in Jerusalem is full of archaeological attractions from all periods of its life. But one of its most emotional – certainly for Jewish visitors – is the pile of huge stones lying next to the southern section of the Western Wall, in the Jerusalem Archaeological Garden and Davidson Center, next to the Western Wall plaza.

Information signs, tour guides, books and archaeologists explain that these stones fell to the street during the destruction of the Holy Temple, with the end of the Great Revolt in 70 C.E., and that they are the most palpable testimony to the destruction.

However, professor of archaeology Shimon Gibson suggests these walls stayed in place nearly 300 years after the destruction, and fell not by the hands of man but in a major earthquake that wracked Jerusalem in 363 C.E. He presented this thesis for the first time at Bar-Ilan University, Ramat Gan, last week, and the theory has aroused disputes among senior archaeologists.

Prof. Benjamin Mazar conducted the first digs to uncover the fallen stones, in the 1970s. There has been a consensus since then that the giant stones lying on the ground are from the destruction of the Holy Temple.

(…)

“It doesn’t hold water,” he states. Reich’s strongest evidence against the theory is a layer of mud or dirt several centimeters thick, which was discovered underneath the fallen stones.

‘The rockslide doesn’t lie on the street. It lies on a layer of sediment 3-5 centimeters thick,” he says. “We cleaned this layer very exactingly, and we found 120-125 coins. It is sediment that collected on the street after it went out of use and before the collapse – I suppose in the first winters after the destruction. The last coin we found is from the fourth year of the rebellion, that is to say 69 C.E. If Gibson is right, could it be that for 290 years, no other coins were collected under the pile of stones? What happened between 70 and 363?”

Reich does not assert that legionnaires destroyed the wall immediately after the destruction of the Temple but perhaps a few years later, even in honor of the visit of Emperor Hadrian in 130 C.E. But he is sure they did not stay standing through the fourth century.

“Size matters in archaeology,” says Reich about the earthquake. “It’s true buildings collapse, but you are talking about the walls of Temple Mount. That’s not just another structure.”

Les meir

(via PaleoJudaica)


Herodes-utstilling 2013

13/02/2013
Herodiansk mur, tempelplassen. Foto: Arne Berge 2013

Herodiansk mur, tempelplassen.
Foto: Arne Berge 2013

Israel Museum opnar i dag ei stor utstilling om Herodes den store. Utstillinga er open 13. februar – 5. oktober 2013.

Eg har dessverre ikkje planlagt nokon besøk i Jerusalem i denne perioden, og satsar derfor på at utstillinga blir grundig dokumentert på nettet og i bokform.

Bildet viser herodiansk mur i vestmuren på tempelplassen i Jerusalem, nær det sørvestre hjørnet. Steinane i forgrunnen har lege der sidan dei raste ned då romarane tok staden i år 70.

Her er museets informasjon om utstillinga:

Herod the Great: The King`s Final Journey

We are pleased to announce that the exhibition will be open to the public from
February 13, 2013-October 5, 2013
Location: Bella and Harry Wexner Gallery
Curator: Dudi Mevorach and Silvia Rozenberg

The first exhibition entirely dedicated to Herod the Great, Israel’s greatest builder and one of the most controversial figures in Jewish history. Large reconstructions and new finds from Herod’s palaces in Herodium, Jericho, and other sites are on display. Exhibited to the public for the very first time, these artifacts shed new light on the political, architectural, and aesthetic influence of Herod’s rule (37–4 BCE). Herod’s tomb – discovered at Herodium after a 40-year search by the late Prof. Ehud Netzer of the Hebrew University – holds pride of place. The exhibition is held in memory of Prof. Netzer, who fell to his death in 2010 on the site of his discovery.

Jerusalem Post skriv om utstillinga:

Monumental enough for Herod the Great?
The Israel Museum’s exhibit on the life and legacy of the controversial king opens this week.

World history has anointed few with the epithet “the Great.” He masterminded and engineered the Jerusalem Temple – among the most magnificent temples in the ancient world; the fortress-complex at Masada – the most-visited site in Israel; Caesarea – in its day, the largest all-weather harbor built in the open sea; imposing cities, aqueducts and, finally, Herodium – the most spacious palace known to us in the Greco-Roman world before the common era.

A giant who moved mountains, Herod was respected, feared and despised. Reckoning with Herod is indispensable to interpreting the historical and material landscape of Israel.

Les meir

Oppdatering:

14.02.2013: Sjå bilder frå utstillinga hos Shmuel Browns (via BiblePlaces Blog)


Klippedomen

14/01/2012

Jerusalems 10 på topp #1

Frå tempelplassen, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

I serien over ti høgdepunkt for den som besøker Jerusalem, har eg nå kome til toppen av lista. Og det er ingen tvil; det er den muslimske Klippedomen, eller Klippemoskéen som den ofte blir kalla, som står øvst på lista.

«10 på topp» – lista har eg funne i eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City. Lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor.

Utsikta frå Oljeberget er eit klassisk motiv frå Jerusalem. Her står eg på Oljeberget og har byen i bakgrunnen. Tempelplassen med Klippedomen (med gullkuppelen) ligg sentralt i biletet der det er mange trær. Det moderne Vest-Jerusalem ligg i bakgrunnen.

Klippedomen er både vakker og gamal. Bygget stod ferdig i 691, altså mindre enn 100 år etter at islam oppstod som religion på byrjinga av 600-talet. Bygningen er den eldste muslimske heilagdomen i verda. Den ligg sentralt på tempelplassen i Gamlebyen i Jerusalem, på den staden der jødane sitt tempel stod. Oktogonen med kuppel er inspirert av viktige kyrkjebygg frå bysantinsk tid.

Murphy-O’Connor skriv:

The Dome of the Rock is one of the finest monuments of Arab civilization – indeed, of human civilization.

Eg var inne i Klippedomen (og i Al Aqsa, som også ligg på tempel-plassen) i 1996. Etter 2000 har det ikkje vore lov for andre enn muslimar å koma inn i desse heilagdomane. Men det er lov å gå opp på tempelplassen og studera Klippedomen og dei andre bygningane på området på nært hald. Dei som ikkje er muslimar, får koma inn på tempelplassen gjennom Mughrabi-porten via ein provisorisk gangbru som ligg like sør for Vestmuren.

Sommaren 2011 var eg oppe på tempelplassen eit par gonger i løpet av feriedagane i Jerusalem. Først åleine, – og då blei eg ganske raskt og pågåande fanga opp av ein mann som etter litt «forhandlingar» lova å visa meg rundt. Det viste seg at han var meir opptatt av å fortelja om muslimsk tru enn om dei ulike bygningane. Men eg tok ein del bilete og fekk han til å fortelja om kva eg såg. Sidan var eg ein gong til på området, saman med Inger.

Oppdatering 11.02.2013:

Det viser seg at reglane for kven som får koma inn i Klippedomen og Al Aqsa, ikkje er absolutte. 15.01.2013 var eg med i ei gruppe som fekk omvising i dei to viktige muslimske bygga. Det var svært interessant!

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Klippedomen. Foto: Arne Berge 2011


Topp 10 på bloggen 2011

31/12/2011

Statistikken viser kva som har vore dei mest populære notata her på bloggen i 2011. Lista inneheld fleire notat frå tidlegare år og viser såleis at bloggnotat kan ha lang levetid. Det har eg ingenting i mot.

Her er lista Topp 10 i 2011:

  1. Den sjuarma lysestaken
  2. Garborg: Om pengar
  3. Guds pakt med Noah
  4. Om guder og mennesker
  5. Kristi Himmelfartsdag
  6. Jødisk og kristen påske
  7. Steinkjerringa
  8. Bob Dylan, jøde og kristen
  9. Klagemuren / Vestmuren
  10. Gaustatoppen

I tillegg har infosida Om bloggen hatt mange lesarar.

Eg vil òg nytta høvet til å peika på nokre av mine eigne «favorittar», skrivne i 2011:

  1. Alfabetsalmar i Bibel 2011 (25.11.2011)
  2. Evangelisten Matteus (23.08.2011)
  3. Det jødiske Krakow (08.05.2011)
  4. Jesus stiller stormen (27.01.2011)
  5. Rubljov: Treeininga (12.01.2011)
  6. Jesu dåp i Jordanelva (08.01.2011)

Segl frå Det andre tempelet

25/12/2011

Herodiansk veg ved Vestmuren. Foto: Arne Berge 2011

Arkeologar har i dag kunngjort eit funn som blir knytt til tempeltenesta i Jerusalem i det første hundreåret. Det dreier seg om ein gjenstand som kan vera eit segl som markerte at noko var rituelt reint.

Funnet er gjort ved det sørvestre hjørnet av tempelplassen, der det er grave ut ein veg frå herodiansk tid (biletet).

Det har vore pressekonferanse i dag (godt koordinert med jødisk chanukkafeiring og kristen julefeiring?). Funnet har allereie fått mykje omtale på nettet, og det vil truleg bli fleire oppslag i dagane som kjem.

PaleoJudaica kommenterer pressemeldinga frå IAA slik:

The IAA has just announced an important scientifically-excavated epigraphic find that likely pertains directly to the ritual life of the Herodian Temple. The fact that it happens to be announced on both Hanukkah and Christmas is, I’m sure, entirely coincidental.

Her er pressemeldinga, gjengitt via PaleoJudaica:

Exposed – A Find Indicative of the Activity in the Temple

A first of its kind find, indicative of activity in the Temple, was recently discovered:
a tiny item that was probably used as a “voucher” certifying the ritual purity of an object or food in the Temple Mount compound and in the Second Temple

The discovery was presented at a press conference at which the Minister of Culture Limor Livnat and Minister of Education Gideon Sa’ar participated

Layers of soil covering the foundations of the Western Wall, c. 15 meters north of the southwestern corner of the Temple Mount, were excavated beneath Robinson’s Arch in archaeological excavations of the Israel Antiquities Authority in the Jerusalem Archaeological Garden. On top of these layers, dating to the first century CE (the late Second Temple period), was paved the Herodian street which was the main road of Jerusalem at that time. From the very start of the excavations in this area the archaeologists decided that all of the soil removed from there would be meticulously sifted (including wet-sifting and thorough sorting of the material remnants left in the sieve). This scientific measure is being done in cooperation with thousands of pupils in the Tzurim Valley National Park, and is underwritten by the Ir David Association. It was during the sieving process that a tiny object of fired clay, the size of a button (c. 2 centimeter in diameter) was discovered. The item is stamped with an Aramaic inscription consisting of two lines – in the upper line «דכא» and below it «ליה». «דכא» or «דכי» in Aramaic means pure. Following the preposition «ל» in the word «ליה» is the shortened form (two of the four letters) for the name of the G-d of Israel.

According to the excavation directors on behalf of the Israel Antiquities Authority, archaeologists Eli Shukron of the IAA and Professor Ronny Reich of the University of Haifa, “The meaning of the inscription is “Pure for G-d”. It seems that the inscribed object was used to mark products or objects that were brought to the Temple, and it was imperative they be ritually pure. This stamped impression is probably the kind referred to in the Mishnah (Tractate Shekalim 5: 1-5) as a «חותם» (seal). To the best of our knowledge, this is the first time that such an object or anything similar to it was discovered in an archaeological excavation and it constitutes direct archaeological evidence of the activity on the Temple Mount and the workings of the Temple during the Second Temple period”.

Les meir


Shalomtur haustferien 2011

16/10/2011

Eg er heime igjen frå ein ti dagars haustferie i Israel og dei palestinske områda.  Inger og eg har vore reiseleiarar for ei Shalomtur-gruppe. Me har hatt mange og gode opplevingar undervegs.

Eg tar med ei oversikt over kva som var på programmet.

I Jerusalem:

  • Vandringar i Gamlebyen med yrande folkeliv og mange heilage stadar
  • Gravkyrkja med Golgata og Jesu grav
  • Getsemane, Betesda, Lithostrotos, Via Dolorosa
  • Sionshøgda og Hanegalskyrkja
  • Vestmuren (Klagemuren)
  • Omvisning og nattverdgudsteneste i Gravhagen
  • Besøk på Caspari Center med foredrag om dei messianske jødane
  • Israels Museum med Dødehavsrullane og modellen av Jerusalem på Jesu tid
  • Lysshowet The Night Spectacular i The Tower of David Museum
Utanfor Jerusalem:
  • Betlehem; Hyrdemarkene, Fødselskyrkja og kyrkjelydsbesøk hos palestinske kristne i den lutherske kyrkja i Beit Jala (gudsteneste, kyrkjekaffi, lunch og møte med pastoren)
  • Dødehavsområdet: Masada, Ahavafabrikken, bading i Dødehavet
  • Jeriko; «Sakkeustreet», Elishas kjelde og utgravingsområdet med svært gamle bymurar. Dessutan visitt hos kristne palestinarar
  • I Jesu fotspor i Galilea: Gudsteneste i kapellet til YMCA, Saligprisingsfjellet, Tabgha, Kapernaum, båttur på Gennesaretsjøen. Nokre i gruppa var med og gjekk ned frå Saligprisingsfjellet
  • Kveldstur til Tiberias
  • Arkeologiske utgravingar i Bet Shean (på Jesu tid: Skytopolis)
  • Bading i varme kjelder i Sachne
  • Muhraqa på Karmelfjellet (historia om profeten Elia og Baalsprofetane)
  • Gudsteneste i Immanuelkyrkja i Tel Aviv og møte med pastoren i forkant av gudstenesta
Eg syns alltid eg lærar noko nytt når eg er på reise i Israel og dei palestinske områda. Dette gjeld både bibelhistoria, jødedommen, den kristne trua sine jødiske røter, den allmenne historia, den aktuelle konflikten og livet i dei moderne samfunna i området. Eg kjem nok derfor tilbake med bloggnotat relatert til turen og stadane me besøkte.

Gravkyrkja

21/08/2011

Jerusalems 10 på topp #2

Gravkyrkja er meir fascinerande enn inspirerande, skriv Jerome Murphy-O’Connor i det han plasserer den viktige kyrkja på andreplassen på lista over The Top Ten Sites in the Holy City.

Gravkyrkja i Gamlebyen i Jerusalem er relativt sikkert bygd over Golgata og Jesu grav. For den som er opptatt av heilage stadar, må dette vera den viktigaste kristne heilagstaden i verda. Men sjølv om kyrkja er spesiell, er den verken spesielt stor eller spesielt vakker. Innvendig er den mørk, utvendig er den innebygd i ein uoversiktleg bygningsmasse. Den har ikkje eitt samlande kyrkjerom, men består av mange små kapell. Prestane og munkane som gjer teneste i kyrkja, har det oftast travelt. Og dei er ikkje spesielt imøtekomande.

Det er mange som har skrive om Gravkyrkja. Det er gjennomgåande at menneske frå vesten gjerne ville at kyrkja skulle vore annleis. Den skulle vore slik me meiner ei kyrkje skal vera. Mange har blitt skuffa, støtte eller provoserte over koss kyrkja som er bygd over Golgata og Jesu grav, tar seg ut.

Den skildringa som har gjort sterkast inntrykk på meg, har Sven Kærup Bjørneboe skrive i boka Jerusalem. En sentimental reise (som er alt anna enn sentimental). Han skriv først eit kapittel der han utbroderer alt det negative. Deretter skriv han eit kapittel som er heilt annleis. Det begynner slik:

Førsteinntrykket av en helligdom, det første møtet når du trer inn fylt av forventning, betyr alt. Om positivt eller negativt er det dette du tar med deg, det gror eller visner i ditt sinn.

Men i Gravkirken opplever jeg noe annet. Jeg går dit flere ganger og for hver gang mildnes skuffelsen; jeg er forberedt, mine forventninger små. Litt etter litt endrer stedet karakter.

Kan det være slik at dette helligste sted i kristenheten på en måte beskytter seg mot førsteinntrykket? Ved hjelp av glitteret og det heslige? Et sterkere og sterkere nærvær gror opp i meg. Jeg er på stedet, jeg ser ikke hesligheten mer. En ”fettet”, ”geskjeftig”, ”intrigant” prestemunk slår korsets tegn idet han går forbi – han sletter mine skjellsord.

(…)

I ettertid er det som om jeg førte meg selv bak lyset. Jeg glemte dette ene: Stedet, åstedet. La så være at slik stedets helligdom fremstår i dag, må troen på Kristi oppstandelse bli desto mer absurd. Men det absurde har ingen grader. Da korsfestelsen fant sted, kan en oppstandelse neppe ha virket mindre absurd. Og mindre absurd bør det heller ikke være for oss.

Sven Kærup Bjørneboe fekk Brageprisen for boka (i 1996). Eg gjer ikkje noko forsøk på å gjera hans ord til mine. Men eg registrerer at eg som han, etter mange besøk i kyrkja, ser forbi det forstyrrande og opplever at eg er på heilag grunn.

Då eg var på ferie i Jerusalem tidlegare i sommar, hadde eg ei flott oppleving i Gravkyrkja. Eg kom åleine dit ei tidleg morgonstund. Framfor Jesu grav var menneske samla til gudsteneste. Dei feira Jesu oppstode på staden der det skjedde. Eg stilte meg først forsiktig i bakgrunnen ved ei søyle, for å sjå på. Etter ei tid blei lengselen etter å delta ganske sterk. Då dei andre knelte, knelte eg óg.

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Gravkyrkja er altså rangert som nr 2.

Oppdatering: Her er lenker til heile serien over Jerusalems 10 på topp:


Jerusalem 614-638 e.Kr.

06/05/2011

24 dramatiske år førte til store endringar i Jerusalem på 600-talet. Byen hadde då vore under bysantinsk (kristent) styre sidan 325.

I 614 kom ein persisk hær og inntok byen. Dette førte blant anna til massakrar og riving av kyrkjer.

Byen blei erobra tilbake av den bysantinske keisaren Heraklios i 629. Bare ni år etter dette kom den muslimske invasjonen som førte til mange hundre års muslimsk styre.

Eg tar med eit eksempel på øydeleggingane under invasjonen i 614: Kyrkja Hagia Sofia var bygd på 400-talet på staden der tradisjonen sa at Jesus blei dømt til døden. Kyrkja låg i Tyropoiondalen, truleg i nærleiken av det som i dag blir kalla Vestmuren eller Klagemuren.

Kyrkja blei først kalla Pilatuskyrkja, men skifta nok namn fordi det kjendest unaturleg at Pilatus skulle gje namn til ei kyrkje. Hagia Sofia tyder den heilage visdomen. Eg ser for meg at kyrkja fekk dette namnet fordi Jesus her stod som Guds visdom i møte med verda sin visdom.

Kyrkja blei totalt øydelagt av persarane og er i dag først og fremst kjent frå tekstar skrive av kristne pilegrimar på 500-talet.

Professor Isaiah Gafni har skrive ein kort, men informativ artikkel om perioden 614-638:

Palestine under Persian, Byzantine and Arab Rule 24 years, 3 empires, and 1 new faith in Palestine The early decades of the seventh century C.E. comprised one of the most eventful periods in the history of the Land of Israel. Within 24 years, between 614 and 638, the country changed hands three times. The four-centuries long conflict between Rome and Persia was to come to an end in a final collision of the Byzantine and Sassanid armies. Both these powers had attained great victories and suffered terrible defeats, and as they continued to enfeeble each other, they gave way to the rise of a new power, the Islamic forces, which would drive them both out of the region. The two monotheistic religions claiming Palestine as their holy land were joined by a third faith, newly born and extraordinarily vigorous. The Muslim conquest was destined to shape the character of the entire Middle East for the following thirteen centuries, down to this very day. Les meir


Topp 10 på bloggen 2010

02/01/2011

Dei mest populære notata her på bloggen i 2010, har vore:

  1. Den sjuarma lysestaken
  2. Bibelsk musikkarkeologi
  3. Tur til Preikestolen
  4. Steinkjerringa
  5. Garborg: Om pengar
  6. Jødisk og kristen påske
  7. Klagemuren / Vestmuren
  8. Jeriko 10.000 år
  9. Guds pakt med Noah
  10. Ritmeyer om Salomos tempel

Gamle graver i Kedrondalen

16/03/2010

Jerusalems 10 på topp #4

I Kedrondalen i Jerualem står tre store og imponerande gravmonument. Gravene stod her allereie på Jesu tid. Bildet viser Bene Hasirs grav til venstre og Sakarjas grav til høgre. Litt lenger til venstre for desse, utanfor bildet, ligg Absaloms grav. Desse gravene er med på ei liste over Jerusalems 10 på topp for den som er historisk og arkeologisk interessert.

Jesus gjekk her

Dette var sikkert ein stad Jesus ofte passerte på sine vandringar mellom Jerusalem og Oljeberget, slik det f eks er skildra her:

Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han. (Luk 21,37-38)

Jesus og disiplane passerte truleg også dei gamle gravene den natta dei gjekk frå innstiftinga av nattverdmåltidet til Getsemane, der Jesus blei arrestert:

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med disiplane sine og over til andre sida av Kedronbekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. (Joh 18,1)

Namna på gravene

Gravmonumenta har gjennom tradisjonen blitt knytt til kjente namn frå Bibelen. Absaloms grav blei i 1170 e. Kr. knytt til Absalom med utgangspunkt i teksten frå 2. Sam 18,18:

Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag.

Bene Hesir var ein prestefamilie som er nemnt i 1. Krøn 24,15. Grava har fått dette namnet etter orda i ei hebraisk innskrift over dei to søylene. Sakarjas grav er blitt knytt både til den gamaltestamentlege profeten Sakarja og til døyparen Johannes sin far.

Historikarar daterer derimot gravmonumenta til 1. og 2. hundreår f Kr, altså til mellomtestamentleg tid, og gravene har nok ingen historisk tilknyting til personane dei har fått namn etter.

Jerusalems 10 på topp

Det er arkeologen og bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor som plasserer Kidron Valleys Tombs på fjerde plass på si liste over Jerusalems 10 på topp.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


Det herodianske kvarteret

01/03/2010

Jerusalems 10 på topp #5

Under eit av dei moderne bygga i det jødiske kvarteret i Gamlebyen, ligg eit museum som viser fram dei arkeologiske utgravingane av seks luksushus frå herodiansk tid (37 f Kr – 70 e Kr). Her kan ein sjå denne flotte mosaikken, bordet og dei to steinkara.

The Palatial Mansion

Spesielt eitt av husa, The Palatial Mansion, skil seg ut. Dette er ein relativt godt bevart bygning på 600 kvadratmeter over to etasjar, blant anna  med ein stor mottakingshall og eit innebygd gardsrom. I tilknyting til bygget ligg The Peristyle Building, ein bygning som utmerkar seg med imponerande søyler som minnar om det som er funne i luksusvillaer i Pompeii og herodianske palass i Masada, Herodion og Jeriko. I kjellaren er det funne rituelle bad som viser at dei som budde her, la vekt på å følgja dei jødiske forskriftene.

Det herodianske kvarteret

Utgravingane av dei seks bygningane blir kalla Det herodianske kvarteret og er tilgjengeleg som Wohl Archaeological Museum. Du finn inngangen like ved Hurva Square.

Kven budde her?

Arkeologen Nahman Avigad var ansvarleg for utgravinga av området. Han meiner at The Mansion kan ha vore bustaden til ein rik øvsteprestleg familie eller ein av familiane i det sekulære aristokratiet i Jerusalem. Bargil Pixner har utfordra dette synet ved å hevda at arkeologane her har funne delar av Det hasmoneiske palasset der kong Herodes den store budde den første tida av regjeringstida si. Dette er eit omstridt synspunkt, men Pixner får støtte frå fleire fagfolk. Teorien er interessant, men eg tenkjer me bør vera forsiktige med ein slik identifikasjon før det evt kjem fram historisk eller arkeologisk kunnskap som gir sterkare støtte til teorien.

Jerusalems 10 på topp

Eg har funne fram ein uavslutta serie om Jerusalems 10 på topp og ser for meg at eg nå vil fullføra serien. Det er den kjende forskaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista som eg følgjer. Han har rangert Herodian Mansions som nr 5 på denne lista.

Relatert stoff (om det hasmoneiske palasset) her på bloggen: Notatet om Pilatus si borg.

Oppdatering: Serien er nå ferdig:


Frå Jerusalem i bysantinsk tid

14/02/2010

Madabakartet frå slutten av 500-talet

Archaeological excavation in the heart of the Old City confirms the description on the Madaba Map and reveals Jerusalem’s main road from the Byzantine period for the first time.

Opplysninga kjem frå ein talsmann for Israel Antiquities Authority. Madabakartet er eit stort mosaikk-kart frå slutten av 500-talet. Kartet er funne i ei kyrkje i Madaba i Jordan. Den delen av kartet som viser Jerusalem, gjev eit detaljrikt bilde av byen på denne tida (foto: BiblePlaces.com). Det har vist seg at dette bildet i stor grad er til å stola på. Det fungerer derfor som ei viktig kjelde til kunnskap om byen i den bysantinske perioden, som varte frå ca 325 til 638. Akkurat nå er altså dette på nytt blitt tydeleg, ved at det i utgravingar i Gamlebyen er funne restar av ein hovudveg som er med på dette kartet. Her er eit utdrag frå artikkelen som refererer til talsmannen frå IAA:

Main road of Jerusalem from the Byzantine era exposed (…) Now, because of the need for a thorough treatment of the infrastructure in the region, the Jerusalem Development Authority has initiated rehabilitation work and is renewing the infrastructure in this area in general, and next to the entrance to David Street (known to tourists as the stepped-street with the shops) in particular. Thus it is possible for both archaeologists and the public to catch a rare glimpse of what is going on beneath the flagstone pavement that is so familiar to us all. From his knowledge of the Madaba Map, Dr. Ofer Sion, excavation director on behalf of the Israel Antiquities Authority, surmised that the place where the infrastructure will be replaced is where a main road passes that is known from the map. «And indeed, after removing a number of archaeological strata, at a depth of c. 4.5 m below today’s street level, much to our excitement we discovered the large flagstones that paved the street.» The flagstones, more than a meter long, were found cracked from the burden of centuries. A foundation built of stone was unearthed alongside the street on which a sidewalk and a row of columns, which have not yet been revealed, were founded. According to Dr. Sion, «It is wonderful to see that David Street, which is teeming with so much life today, actually preserved the route of the noisy street from 1,500 years ago.»

(les meir)

(via PaleoJudaica)

Oppdatering: Sjå Ritmeyers flotte teikning av det bysantinske Jerusalem i artikkelen om funnet av denne hovudvegen.

Meir om bysantisk tid i Jerusalem her på bloggen:


Haustferie i Israel

29/09/2009

Eg skal snart på haustferie til Israel og dei palestinske områda. Inger og eg skal vera reiseleiarar for ei gruppe på 35 personar frå Bryne kyrkjelyd. Me har saman med den lokale guiden ansvar for programmet, det sosiale livet i gruppa, forkynninga og for passelege doser med bibel- og kulturhistorie.

Eg lover ikkje oppdatering av bloggen undervegs. Skjer det, så skjer det. Men det kan vel tenkjast at eg i etterkant har med meg historier, opplevingar og bilder som kan bli utgangspunkt for nokre notat på bloggen, om tida strekk til.

Her er nokre stikkord frå programmet:

Torsdag 01.10

  • Reisedag

Fredag 02.10

  • Cæsarea ved havet
  • Besøk i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa
  • Gamle Jaffa

Laurdag 03.10

  • Messiansk gudsteneste i Immanuelskyrkja
  • Besøk i Beit Eliahu (messiansk forsamling) og EbenEzer (aldersheim) i Haifa
  • Muhraqa på Karmelfjellet (Elia sitt møte med Baalsprofetane)

Søndag 04.10

  • I Jesu fotspor ved Gennesaretsjøen
  • Saligprisingsfjellet
  • Tabgha (Jesu møte med disiplane etter oppstoda)
  • Kapernaum
  • Båttur på sjøen

Måndag 05.10

  • Betsaida
  • Cæsarea Filippi
  • Katzrin på Golanhøgdene

Tysdag 06.10

  • Nasaret
  • Sachne (bading i varme kjelder)
  • Jordandalen
  • Genesis Land

Onsdag 07.10

  • Besøk på Caspari Center (messiansk studiesenter i Jerusalem)
  • Betlehem (Fødselskyrkja og Hyrdemarkene)
  • Palestinsk luthersk kyrkjelyd i Beit Jala
  • Herodion
  • Gravhagen

Torsdag 08.10

  • Klagemuren / Vestmuren
  • Tempelplassen
  • Davidsbyen med Hiskias tunnel og Siloadammen
  • Yad Vashem (Holocaustmuseum)

Fredag 09.10

  • Oljeberget
  • Getsemane
  • Via Dolorosa
  • Gravkyrkja
  • Gamlebyen

Laurdag 10.10

  • Ein Gedi (oase ved Dødehavet)
  • Masada
  • Bading i Dødehavet

Søndag 11.10

  • Til disposisjon i Jerusalem

Måndag 12.10

  • Heimreise

Vedlikehald av Klagemuren

06/04/2009

vestmurenIsraelske arkeologar har sett i gang eit tverrfagleg prosjekt for konservering av Klagemuren. Arbeidet vil visstnok pågå i to månadar.

Her gjeld det å ikkje gjera noko feil; alt arbeid her må ta omsyn til at området er eit minefelt, både religiøst og politisk.

Men arbeidet er følsomt, også ut frå reint jødisk tankegang:

In touching the stones of the Western Wall the conservators of the Israel Antiquities Authority are touching what has been the very heart of Jewish heritage for generations.

(Les heile pressemeldinga)

Den israelske avisa Haaretz skriv:

Israeli archaeologists are inspecting the Western Wall stone by stone in a new conservation effort at the Jewish holy site.

The oldest stones were laid 2,000 years ago as part of the retaining wall of the Jewish Temple, and the newest by the Ottomans – who ruled the area until 1917.

Israeli Antiquities Authority archaeologist Jon Seligman says the work aims to make sure stones don’t collapse on those praying below.

On Sunday workers on a platform cleaned stones near the top of the 20-meter high wall, which is a religious flash point. The authority says work will likely continue for two months.

Jews sanctify the raised area above the wall as the Temple Mount, their holiest site. To Muslims it is the Noble Sanctuary, their third-holiest place.

(via PaleoJudaica)

Oppdatering: Sjå dette fotoessayet frå arbeidet ved Klagemuren, frå IsraelNationalNews.


David si borg i Jerusalem?

11/08/2008

Jerusalems #6

I den eldste delen av Jerusalem er det dei siste åra grave fram nokre imponerande og svært gamle murar. Desse murane var alt 200 år gamle då kong David gjorde Jerusalem til hovudstad i riket sitt ca 1000 f.Kr.!

Det er i dag mange fagfolk som seier at dette truleg har vore delar av støttemurane til kongeborga som er nemnt i GT:

«Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. (…) David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen.» (2. Sam 5,7 og 9).

Dei gamle murane blir kalla The Stepped-Stone Structure. Dei ligg i Davidsbyen, i området sør for tempelplassen. Om det ikkje kan seiast sikkert at dette er restar frå Sionborga, er det i alle høve eit spennande funn som viser at Jerusalem inneheldt mektig arkitektur i så gamal tid, altså i tida før og under Davids overtaking av byen.

Eg har tidlegare skildra ein tur i Davidsbyen i samband med haustferien i fjor, og eg har også anbefalt nettsida City of David. I denne omgang tar eg dette stoffet fram fordi The Stepped-Stone Structure er rangert som nr 6 på lista over Jerusalems 10 på topp. Eg håper eg gjennom denne serien kan inspirera fleire til å utforska Jerusalem, som eg meiner er blant dei aller mest interessante og viktige byane i verda.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


Rennande vatn i Davidsbyen

21/05/2008

Hiskias tunnelJerusalems #7

Vatn er nødvendig i ein by. Jerusalem ligg langt oppe i fjella og var frå gamal tid avhengig av kjeldevatn. Byen er 3000 år gamal og vatnsystemet som er funne i Davidsbyen, det eldste Jerusalem, har element som går mest så langt tilbake i historia. Det er fascinerande å sjå nærare på Warren’s sjakt, Gihonkjelda, Hiskias tunnel og Siloadammen. Dette vatnsystemet er rangert som nr 7 på lista over Jerusalems 10 på topp.

Eg har tidlegare skildra ein tur ned gjennom Warren’s sjakt til Gihonkjelda. Denne kjelda forsynte byen med vatn. Her har også viktige historiske hendingar skjedd; Bibelen fortel at kong Salomo blei salva til konge ved Gihonkjelda (1. kong 1).

Frå kjelda er det mogleg å gå gjennom Hiskias tunnel (biletet 1) som blei hogd ut i fjellet under byen på 700-talet f Kr, for å sikra vatn i urolege tider. Gihonkjelda låg nemleg utanfor bymuren og tunnelen enda inne i byen. Tunnelen er ca 600 m lang og går i ein stor bue (som ein S). Her går ein i stummande mørker i rennande, temperert vatn. Vatnet går så vidt opp på leggen det meste av turen, bare eit par plassar er det litt djupare. Tunnelen er trong, men sikker. Og det er umogleg å gå seg vill!

SiloadammenDet rennande vatnet i Hiskias tunnel blei ført fram til Siloadammen. Biletet til høgre viser den dammen som låg der på Jesu tid. Den er funnen for få år sidan, eit lite stykke frå staden der tunnelen endar i dag. Eg opplevde for første gong å koma til det nytestamentlege Siloa i haustferien i fjor og eg syns det var fantastisk! Sjå også BAR sitt biletgalleri frå staden.

Denne dammen er nemnt i NT:

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloadammen.» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. (Joh 9,7)

Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen. Men det er også sett fram ein teori om at det var eit offentleg svømmebasseng. Les gjerne Hershel Shanks» artikkel Ritual Bath or Swimming Pool i det siste nummeret av BAR (3/2008). Han held på at Siloadammen truleg har fungert som eit stort reinsingsbad med rennande vatn og med ein viktig funksjon i forhold til tempelet.

Sjå òg den flotte sida City of David som nyleg har vunne ein pris:

Israel may have missed out at the Oscars in Hollywood, but an Israel website, www.cityofdavid.org.il, won first prize at the UN-sponsored World Summit Awards (WSA) in Venice recently.

Selected as «the best in e-content and creativity in the category of e-culture,» «this outstanding website brings remote visitors face to face with the protagonists and locations of the living Bible,» the WSA stated in its laudatory citation. (les meir)

Oppdatering: Serien er nå ferdig:


Damaskusporten

02/05/2008

Jerusalems #8

Gamlebyen i Jerusalem er omkransa av ein bymur frå 1500-talet. Det er sju portar i muren. Damaskusporten er den største og flottaste av byportane og den har fått 8. plass på lista over Jerusalems 10 på topp.

Damaskusporten ligg i den arabiske delen av Jerusalem. Heile området, både på utsida og innsida av porten, er som ein stor marknadsplass. Det er eit fascinerande folkeliv i dette området. Like innanfor porten kan du setja seg ned med ein kopp kaffi og sjå på dette folkelivet. Og eg lovar: Du vil ikkje kjeda deg!

Porten er eit flott eksempel på ottomansk arkitektur. Den blei bygd av den ottomanske sultanen Suleiman som også er byggherre for den bymuren som står i dag.

Men den første byporten på staden blei bygd allereie av kong Herodes Agrippa I, som regjerte i år 41-44, altså ca 10 år etter Jesu død og oppstode. Denne kongen er nemnt i Apg 12,20-23. Han utvida byen slik at dette området, inklusiv Golgata og Jesu grav, kom innanfor murene.

Seinare blei byporten bygd opp igjen av keisar Hadrian i 135 då han bygde den romerske byen Aelia Capitolina over ruinane av Jerusalem, som var øydelagt i år 70. Byplanen over området ved porten er i dag frå Hadrians tid, med plassen som var utgangspunkt for dei to romerske hovudgatene. Desse svarer i dag til dei to arabiske marknadsgatene (Suq og el-Wad) som begynner like innanfor porten.

Det er gjort arkeologiske utgravingar under Damaskusporten, og desse er opne for publikum. Eg har dessverre ikkje vore nede og sett på desse utgravingane. Det må eg få gjort noko med!

Gamlebyen med bymurane er ført opp på UNESCO si liste over verdsarven.

Her er lenker til heile serien over Jerusalems 10 på topp:


%d bloggarar likar dette: