Apostelen Mattias

24/02/2012

Mattias var ein anonym disippel som var mykje saman med Jesus og dei tolv disiplane. Seinare blei han valt til å vera apostel i den første kyrkja, i staden for Judas. I dag (24.02) er det etter gamal tradisjon minnedag for Mattias.

Eg syns det er interessant at me i teksten i Apgj 1,15-26 får eit møte med ein av dei som var saman med Jesus, men som ikkje er nemnt med namn. Kanskje var han ein av dei 72 disiplane som er nemnt i Luk 10?

Les meir om Apostelen Mattias.


Mattias

24/02/2010

Mattias var ein disiplane som fulgte Jesus. Den anonyme disippelen blei seinare valt til å vera apostel i den første kyrkja, i staden for Judas. I dag (24.02) er det etter gamal tradisjon minnedag for denne apostelen.

Eg syns det er interessant at me i teksten i Apgj 1,15-26 får eit møte med ein av dei som var saman med Jesus og dei tolv disiplane, men som ikkje er nemnt med namn. Kanskje var han ein av dei 72 disiplane som er nemnt i Luk 10?

Les meir


Apostelen Mattias

24/02/2009

Notat til dagens tekst: Apgj 1,15-26

I første kapittel av Apostelgjerningane står historia om då Mattias blei valt til apostel som erstatning for Judas Iskariot.

I dag (24. februar) er det Mattismesse etter gamal kalender og namnedag for dei som heiter Mattias og Mathias.

Dette veit me ut frå bibelteksten om apostelen Mattias:

  • Han var ein jøde som trudde på Jesus, altså det me i dag ville ha kalla ein messiansk jøde. På dette tidspunktet gjaldt det alle dei som tilhøyrde urkyrkja, det første Jesustruande fellesskapet. Den første ikkje-jøden som blei døypt, møter me først i Apgj 10.
  • Han hadde vore saman med Jesus og disiplane heilt frå den gong Jesus blei døypt i Jordan og til himmelfarten. Kanskje han var ein av dei 72 disiplane i den utvida disippelflokken (Luk 10,1)? Evangelia gjev fleire gonger inntrykk av at det var mange saman med Jesus og dei tolv, men oppgjev sjeldan namn. Mattias er altså ein av dei mange som har gått namnlaus gjennom alle historiene i evangelia.
  • Han blei etter Kristi himmelfart valt til apostel som erstatning for Judas Iskariot, og blei etter dette rekna som apostel saman med dei elleve.

Då Mattias blei apostel, var det Peter som leia utvelginga. Det var 120 menneske samla (v 15). I denne forsamlinga var det «nokre menn» som fylte kriteria (v 21-22) og av desse blei to kalla fram: Josef Barsabbas og Mattias (v 23). Mattias blei valt ved loddkasting. For oss kan det verka merkeleg ved eit så viktig val, men bibelteksten viser oss at det i denne forsamlinga var eit naturleg middel til å avgjera kva som var rett eller i samsvar med Guds vilje, i tråd med gamaltestamentleg tradisjon (jfr historia om då Saul blei konge, 1. Sam 10,20-24).

Den katolske kyrkja har ein helgenbiografi som inneheld mykje tradisjonsstoff om Mattias her.


Bibeltekstar

28/02/2012

Bloggen inneheld mange notat som handlar om ulike bibeltekstar. Her er eit register til dette, ordna etter rekkefølga i Bibelen.

I tillegg til det som er ført opp i registeret, gjengir notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie ei detaljert oversikt over lidingshistoria i dei fire evangelia.

Første Mosebok

4,25 Adam

9,8-17 Guds pakt med Noah

18,1-5 Rubljov: Treeininga

21,9-13 Hagar og Ismael

37,25 Balsamplanten ved Dødehavet

Andre Mosebok

3,11-15 Openberringa av Guds namn

Femte Mosebok

6,3 Mjølk i Bibelen

8,7 Ein smakebit av Nahal Amud

16,18-20 Stikkpengar

Første Kongebok

5,15-17 Salomos steinbrot eller Sidkias grotte?

Andre Kongebok

18,17 Hiskias dam, Jerusalem

Salmane

8 Eit meisterverk om Mennesket

22 Jesu bønerop på korset

23 Omsorg i ei ulvetid

23,4 Ein tur ned Wadi Qelt

65,10-14 Sauer i adventstida

88 Kaifas» hus

90,12 Garborg: Om pengar

118,22 Golgata og Jesu grav

142,4 Langs våre stigar

150 Bibelsk musikkarkeologi

Salomos ordtak

30,32-33 Mjølk i Bibelen

Forkynnaren

7,2-4 Minnesamværet i kristent perspektiv

Jesaia

7,14 Jomfru eller ung jente?

25,6-9 Himmelsk fest på fjellet

Jeremia

6,16 Dei gamle stiane

Jona

3,9-10 Ein Gud som kan angra

4,1-11 Ricinusbusken

Sakarja

3,1-5 Ein himmelsk turban

Evangeliet etter Matteus

1,20 Namnet Jesus

2,1-12 Vismennene

2,13-22 Flukta til Egypt, Theophilus´ openberring

3,13-17 Bibelhistorier: Jesu dåp

4,1-11 Jesus blir freista

5,1-12 Himmelriket er deira (lenke direkte til ei tekstgjennomgåing eg har skrive for DNI, delvis gjengitt i notatet om Matt 5,4)

5,4 Minnesamværet i kristent perspektiv

5,13-16 Salt og lys

6,7-13 Vår far i himmelen

8,5-13 Å bli tatt inn i Guds folk

8,23-27 Jesus stiller stormen

11,12 3. søndag i advent

13,24-30 Det gode kornet er dei som er born av riket

13,52 Evangelisten Matteus

13,55 Josefskyrkja i Nasaret

15,21-28 Tyros og Sidon

16,13-20 Bygdene ved Cæsarea Filippi

17,1-9 Bibelhistorier: Forvandlinga / Matt 17 og lauvhyttefesten

18,12-18 Å ha kome på avvegar

19,27-30 Dåpen, tenesta og håpet

21,1-11 Luther: Jesu inntog i Jerusalem (advent)

21,1-11 Palmesøndag

21,10-17 Sinte vaksne og glade barn

21,15-16 Born som lar lovsongen lyda

23,37-39 Jesus – som ei høne!

26,36-45 Bibelhistorier: Getsemane

26,74-75 Peters fall

28,1-10 Jesus er stått opp!

Evangeliet etter Markus

1,3-11 Dåpsstaden / Jesu dåp i Jordanelva

2,23-28 Jesus og sabbaten

3,13-19 Jesus på Hattins horn?

4,37-38 Evangelisten Markus

5,20 Ein tur opp til Susita/Hippos

6,30-44 Gå i fred. Ten Herren med glede. Kvil i hans nåde

9,2-13 Bibelhistorier: ForvandlingaMatt 17 og lauvhyttefesten

11,1-11 Palmesøndag

16,1-8 Jesus lever!

Evangeliet etter Lukas

1,26-38 Grotta under Bodskapskyrkja St. Gabriels kyrkje i Nasaret /

1,39-45 Maria Bodskapsdag

1,68-79 Ein dag på Jerusalem Trail

2,1-20 Krubba i juleevangeliet Josef fortel / Om Jesu fødsel / Gjetaren frå Betlehemsmarkene

2,8-14 Englesong utanfor Betlehem

2,36-38 Profetkvinna Anna

2,40-52 Jesus (12) i Fars hus / Bibelhistorier: Tolvåringen

4,16-22a Synagogen i Nasaret / Han kjem med eit nådens år (preike 2014)

5,4 Pilegrimskyrkja i Magdala

7,11-17 Nytt liv i Nain

9,28-36 Bibelhistorier: ForvandlingaMatt 17 og lauvhyttefesten

10,1 70 eller 72 disiplar?

10,25-37 Den gode samaritanen / Ein tur ned Wadi Qelt 

12,13-21 Lysta til alltid å eiga meir

13,22-30 Himmelvandring

18,35-43 Den blinde ved Jeriko

19,28-44 Palmesøndag

21,37 Grotta i Getsemane

22,52-53 Grotta i Getsemane

23,55 Golgata og Jesu grav

24,50-52 Kristi Himmelfartsdag

Evangeliet etter Johannes

1,5 Lyset skin i mørkret

1,9 Det sanne lyset

1,29-34 Bibelhistorier: Jesu dåp

1,35-51 Kom og sjå, sa Jesus

2,1-11 Frå vatn til vin; Bryllaupet i KanaVatn og vin; bryllaupet i Kana

3,1-15 Nikodemus

3,22-26 Døypte Jesus og disiplane?

3,26-30 Gledens adventssøndag

4,1-2 Døypte Jesus og disiplane?

4,4-26 Jakobskjelda

5,1-15 Betesda

5,31-36 Guds son og vår bror

9,1-38 Siloadammen

10,11-16 Den gode gjetaren

12,1-13 Jesu påskeførebuing

12,12-19 PalmesøndagNordafrikansk daddelpalme?

14,1-4 Forventninga sin adventssøndag

14,1-11 Pilegrimssøndagen

15,1-8 Om å æra Gud på nynorsk

15,13-17 Vennskapsikonet

15,26-27 Guds hender som rører ved oss

19,40-42 Golgata og Jesu grav

21,11 153 store fiskar

21,15-19 Peter ved bålet

Apostelgjerningane

1,15-26 Apostelen Mattias

2,1-10 Eit opplegg for pinsefeiring

12,20-23 Kor døydde Herodes Agrippa?

16,11 Paulus kjem til Makedonia

16,12-40 Filippi, Filippi – gresk by og romersk koloni

17,22-34 Paulus på AreopagosPaulus i Athen

19,23-40 Paulus i Efesos

Paulus» brev til romarane

10,13-17 Korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om?

Paulus» første brev til korintarane

2,1 Mysterium

Paulus» andre brev til korintarane

4,6 Det sanne lyset

12,7-10 Paulus om tornen i kroppen

Paulus» brev til galatarane

3,26-29 Paulus om einskap i trua

4,4-7 Paulus sitt juleevangelium

Paulus» brev til efesarane

1,2 Paulus si opningshelsing

3,14-21 Bøn om styrke og skjøn, Det indre menneske

Paulus» første brev til tessalonikarane

5,15-24 Be uavlateleg!

5,23 Paulus om ånd, sjel og kropp

Paulus» andre brev til Timoteus

4,3-4 Paulus som mediekritikar

Brevet til hebrearane

5,7-8 Hebrearbrevet om å bli bønhøyrd

5,12-14 Mjølk i Bibelen

13,2 Rubljov: Treeininga

Peters første brev

1,3-9 Eit levande håp

 


%d bloggarar likar dette: