Om å reisa utan å reisa

Gamlebyen i Jerusalem. Foto: Arne Berge 2009

Denne bloggen handlar mykje om Bibel, reiseliv, kultur og historie. Nå i desse koronatider vil eg framleis skriva om reiser i dei bibelske landskapa og den kristne kulturhistoria. For det går an å reisa utan å reisa, slik eg las i eit klokt avisinnlegg nyleg:

Det er mange måter å reise på. Selv har jeg hatt stor glede av å haike rundt i verden ved hjelp av bøkene. Det er trygt, billig og forurenser ikke. (Inge Eidsvåg 2020)

Bildet over er forresten frå Gamlebyen i Jerusalem, der kristne, muslimar og jødar har sine heilage stadar tett på kvarandre i ein spesiell og krevande sameksistens.

Eg syns det er godt å vera opptatt av noko anna enn pandemien i ein del av fritida. Derfor les eg bøker. Derfor skriv eg tekstar. Derfor prøver eg å læra fleire språk. Dermed brukar eg tida på noko som utvidar perspektiva, også i denne krevande tida.

Når eg skriv om Bibelen, skriv eg likevel ikkje bare om fysiske reiser i dei bibelske landskapa. Eg skriv også om håp og tru. Å opna seg for det vår kristne tru har å by på, kan også visa seg å vera ei reise; ei indre reise.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.