Sauer i adventstida

Adventsblogg 5. desember

IMG_0837
Frå pilegrimsvegen over Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

Ved julekrybba vår er det mange sauer. Dei kjem eg tilbake til om litt. Først vil eg ta med noko frå dagens bibeltekst i Salme 65 der det er ei poetisk setning om sauene. Bildet frå pilegrimsvandringa i Pyreneane i sommar passar godt til denne setninga:

Markene kler seg med sauer … (Sal 65,14)

Men den gamle salmen handlar om mykje meir enn sauer. Den er ein lovsong til Gud for alle velsigningane i naturen, og først og fremst vatnet si store tyding. Vatn forandrar alt, har eg lært av Kirkens Nødhjelp. I store delar av verda er reint vatn ein mangelvare. Dette kan me framleis gjera noko med!

Sjå kor flott det står om vatnet i den gamle hebraiske poesien:

10 Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,
du gjer henne overdådig rik.
Guds bekk er full av vatn,
du sørgjer for kornet,
ja, såleis sørgjer du for henne.

11 Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,
med regnskurer gjer du jorda mjuk,
du velsignar hennar grøde.

12 Du kronar året med dine gode gåver,
spora dine flyt over av rikdom,

13 beita i øydemarka flyt over,
haugane smykkar seg med jubel.

14 Markene kler seg med sauer,
dalane sveiper seg i korn.
Dei ropar av glede, dei syng. (Salme 65,10-14)

Tilbake til sauene og deira plass i adventstida. Det er mange sauetekstar i Bibelen. Og sjølv om det ikkje står om sauer i juleevangeliet, tenker eg meg at gjetarane sin flokk var ein saueflokk:

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. (Luk 2,8)

Heime hos oss har me sauer i alle rom, heile året. Inger elskar nemleg sauer. I adventstida samlar mange sauer seg ved julekrybba. Og dermed har me våre eigne Betlehemsmarker tilgjengeleg for familien. Julekrybba med tilbehør fyller ein heil benk på kjøkkenet, og barnebarna får leika med figurane. Spesielt sauene og kamelane står ulikt plassert frå dag til dag. Eg tok dette bildet i morges då sauene varma seg rundt bålet. Nå i kveld har dei flytta seg til ein anna plass på kjøkkenbenken.

IMG_2282
«Betlehemsmarkene» ved julekrybba vår. Foto: Arne Berge 2019

Eg tenker meg at det neste bildet, tatt ved Yeruham nord i Negevørkenen, kan gje oss eit inntrykk av koss saueflokken på Betlehemsmarkene eigentleg såg ut.

IMG_1821
Saueflokk ved Yeruham. Foto: Arne Berge 2015

Jesus kalla seg den gode gjetaren. Han sa:

Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. (Joh 10,14-15)

Fortsatt god adventstid!

6 tankar på “Sauer i adventstida”

  1. Sauer fasinerer meg også. På min etappevise pilegrimsvandring fra Oslo til Betlehem har jeg møtt mange sauer og gjetere. Jeg følger den fantastiske adventsboka «Julemysteriet» av Jostein Gaarder. I boka løper Elisabet etter et bjellelam bakover i tid og kommer til Betlehem ved Jesu fødsel. Jeg nærmer meg grensen til Syria.

    1. Så spennande! Eg har lese Julemysteriet fleire gonger. Det er ei bok som set fantasien og tankane i sving, og hos deg har det tydelegvis også sett beina i bevegelse! Kor langt har du kome?

      1. Jeg startet fra Steen og Strøm i Oslo i 2005. Går 2-3 uker hvert år. Starter der jeg stoppet året før, på steder nevnt i boka. I oktober gikk jeg fra Paulusbrønnen i Tarsus til Peterskirken i Antakya (Antiokia). Det ser ut til at jeg må hoppe over Syria og starte nord i Israel neste år.

  2. Jeg startet fra Steen og Strøm i Oslo i 2005. Går 2-3 uker hvert år. Starter der jeg stoppet året før, på steder nevnt i boka. I oktober gikk jeg fra Paulusbrønnen i Tarsus til Peterskirken i Antakya (Antiokia). Det ser ut til at jeg må hoppe over Syria og starte nord i Israel neste år.

Legg att svar til heidiskriv Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.