Mariakjelda

Adventsblogg 4. desember

Kjelder med vatn er viktige i Midt-Austen. Ein gamal tradisjon seier at Jomfru Maria var ved kjelda i Nasaret då ho mottok bodskapet om at ho skulle bli Jesu mor. Den gamle kjelda i Nasaret heiter derfor Mariakjelda.

Mariakjelda

Mariakjelda i Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Denne bygningen markerer Mariakjelda. Den er ein moderne rekonstruksjon av ein eldre bygning på staden. Kjelda ligg på ein open plass like ved hovudvegen gjennom byen. Det er mange tre på plassen og bildet gir mest inntrykk av at kjelda ligg midt i ein park. I dag er det ikkje rennande vatn her.

Det neste bildet av staden er frå 1898.

06997vs

«The Virgin’s fountain» -Photo of the spring in 1898 – p/o American colony collection – Library of Congress

Den norske teologen Volrath Vogt var på staden i 1863 og skreiv etterpå om det han såg av «mærkverdigheder» i Nasaret:

Jomfru Marias Kilde, den eneste i Byen. Vi reiste vore Telte i Nærheden af Kilden om Eftermiddagen (23 April 1863), just som Byens Piger kom ud for at hente Vand i Krukker af gammel Form, som de bare paa Hovedet. (Volrath Vogt: Det hellige Land, side 572f.)

Tradisjonen om at Maria var ved kjelda då engelen kom, kjem frå Jakobs protevangelium, eit apokryft skrift frå siste del av 100-talet. Dette er eit tidleg kristent skrift med legendestoff om Jesu oppvekst. Skriftet var svært populært i oldkyrkja og har prega den kristne tradisjonen om Jesu oppvekst både i ortodoks og katolsk samanheng. I dag er det spesielt dei gresk-ortodokse kristne i Nasaret som held fram tradisjonen om kjelda.

Her er det aktuelle avsnittet i Jakobs protevangelium:

Hun tok vannkrukken og gikk ut for å fylle den. Med ett var det en stemme som sa til henne: «Vær hilset, du begunstigede. Herren er med deg. Velsignet er du blant kvinner.» Maria så seg om til høyre og til venstre for å oppdage hvor stemmen kom fra. Hun ble engstelig og gikk hjem. Hun satte fra seg krukken, tok fram purpurtråden og satte seg på stolen sin og begynte å spinne på den.

Og med ett stod en engel foran henne og sa: «Vær ikke redd, Maria. For du har funnet nåde hos Allherskeren. Du skal bli med barn ved hans ord.»

(Jakobs protevangelium 11, i Apokryfe evangelier. Verdens hellige skrifter. De norske bokklubbene 2001. Side 144)

Fortsatt god adventstid!

2 Responses to Mariakjelda

  1. […] eg på ein kveldstur i Nasaret for nokre år sidan. Kyrkja ligg ved ein open plass like ovanfor Mariakjelda som eg skreiv om på adventsbloggen for nokre dagar sidan. Inne i kyrkja er det ein brønn med […]

  2. […] særleg om det som skjedde før Jesu fødsel. Eg har tidlegare nemnt skriftet si forteljing om Mariakjelda, og har planar om å nemna protevangeliet i fleire […]

Legg att svar til Jakobs protevangelium | Arne Berge Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: