Salomos steinbrot eller Sidkias grotte?

IMG_8866

Sidkias grotte, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2018

Det er fascinerande å gå innover og nedover dette gamle steinbrotet, som går 230 meter inn under bebyggelsen i det muslimske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Det er fleire namn og teoriar knytt til grotta, dessutan er det også mange tradisjonar og ein del mystikk knytt til staden. Dette siste heng nok saman med at frimurarordenen har vore opptatt av grotta.

Mange meiner at allereie kong Salomo tok ut stein her, då han bygde det første tempelet på 900-talet f. Kr. Ein tradisjon knyter grotta til kong Sidkia som var konge dei siste ti åra før Jerusalem fell i år 587 f. Kr. Det som i alle fall er sikkert, er at staden var eit viktig steinbrot på det andre tempelets tid, altså sånn cirka på Jesu tid.

Det er kanskje ikkje så underleg at det store og gamle steinbrotet har blitt knytt til kong Salomo og bygginga av det første tempelet, for det skal ikkje store fantasien til for å lesa denne teksten frå Første Kongebok inn i denne grotta:

Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet og i tillegg arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde oppsyn med arbeidsfolket. Kongen baud at dei skulle bryta store og kostbare steinar, så grunnvollen til tempelet kunne leggjast med hoggen stein. (1 Kong 5,15-17)

Inngangen til grotta er under bymuren litt aust for Damaskusporten. Eg tar med Jerome Murphy-O´Connor sin omtale av staden. Den er ikkje oppdatert etter dei arkeologiske undersøkingane i 2000-2002, men inneheld likevel mykje interessant informasjon. (Opningstidene som står her skal du ikkje stola på, dei er i alle fall ikkje oppdaterte!)

Murphy-O`Connor: The Holy Land. 4. utg 1998. Side 142.

Murphy-O`Connor si bok er anerkjent, og kom i si tid ut i serien Oxford Archaeologcal Guides. Han meiner tradisjonen med å knyta staden til kong Salomo kan vera historisk korrekt. Men mi utgåve av boka hans er altså frå 1998, og dei første arkeologiske undersøkelsene her blei gjort i 2000 og 2002. Informasjonstavla inne i grotta legg i dag vekt på at steinbrotet blei sterkt utvida i det andre tempelets tid, og at «Kong Salomos steinbrot» er eit kallenamn på staden (sjå bildet nedanfor). Her finn du ein arkeologisk rapport som truleg er den faglege bakgrunnen for denne informasjonen.

IMG_6684

Frå Sikias grotte, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2018

Eg skreiv at frimurarane har sine tradisjonar knytt til denne grotta. Dette kan du lesa meir om på Wikipedia sin artikkel om staden her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: