Kom og sjå, sa Jesus

Notat til søndagens tekst 10. juni 2018: Joh 1,35-51

follow_jesus.jpg

«Vi elskar fordi han elska oss først». Dette var evangelisten Johannes si oppleving av livet som Jesu disippel, formulert i hans første brev (1 Joh 4,19).

Johannesevangeliet (Joh) sitt avsnitt om dei første disiplane er fascinerande. Dei mange korte spørsmåla og utsegnene lagd i Jesu munn, gir teksten eit særpreg: Kva leiter de etter? Kom og sjå. Følg meg! Du skal få sjå større ting enn det.

Teksten inneheld også mange viktige titlar på og omtalar av Jesus: Guds lam, rabbi, Messias, han som Moses og profetane har skrive om, Guds Son, Israels konge og Menneskesonen. Det er ein rik kristologi heilt frå starten hos evangelisten Johannes. Samtidig er Joh det evangeliet som tydelegast viser at disiplane først etter oppstoda fekk full forståing av kven Jesus var (2,22; 12,16; 13,7).

Joh gir oss ei forteljing om dei første disiplane formulert ut frå teologisk refleksjon. Evangelisten kombinerer dette med ei historie som ikkje har kome med i dei synoptiske evangelia, om at dei første disiplane hadde vore disiplar av døyparen og at dei blei kalla i Jordandalen rett etter Jesu dåp.

But John has placed on their lips at this moment a synopsis of the gradual increase of understanding that took place throughout the ministry of Jesus and after the resurrection. John has used the occasion of the call of the disciples to summarize discipleship in its whole development. (Raymond E. Brown)

Dette er eit utdrag frå ein tekstgjennomgang eg nyleg har skrive til forkynninga på søndag 10. juni (3. søndag i treeiningstida, 2. rekke), sjå heile teksten på Prekenverkstedet.

Teikninga «Following Jesus» har eg funne via bloggen Dwelling in the Word.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: