Jesus er stått opp!

Notat til evangeliet for påskedag: Matt 28,1-10

Mikhail Vrubel: Oppstoda (1887)

I bokhylla mi står boka The Weekend that Changed the World. The Mystery of Jerusalem’s Empty Tomb av Peter Walker. Tittelen seier oss noko om påskehelga si tyding.

Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

1 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.» 8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til  læresveinane. 9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» (Matt 28,1-10)

Lesetekstane for påskedagen i år:

  • Leseteksten frå Jes 52,7-10 handlar i utgangspunktet om Israelsfolket si heimferd frå Babylon til Jerusalem. Det handlar om ei stor glede. Vers 7 kan på påskedag seia noko om kvinnene som skunda seg frå grava med bodskapen om Jesu oppstode (Wirgenes: Fra søndag til søndag. Et møte med kirkeårets tekster 2. rekke).
  • Leseteksten frå Rom 14,7-9 handlar om samhaldet i den kristne kyrkja. Me kan vera ueinige om mykje, men blir minna om det som held oss saman: at me lever og døyr «for Herren», den krossfeste og oppstadne Messias.

Evangelieteksten frå Matt 28 er ein av hovudtekstane om Jesu oppstode. Alle dei fire evangelistane skriv om kvinna/kvinnene, engelen/englane og den tome grava. Og om møtet med den oppstadne. Hans Kvalbein skriv: «Avvikene mellom evangelistene viser både hvordan denne fortellingen er blitt bearbeidet og hvordan den er tatt vare på. Den var et viktig argument for kjernestykket i den kristne tro: at Jesus virkelig stod opp fra graven på den tredje dag.» (Kvalbein: Matteusevangeliet).

Teksten kan delast inn i to delar; første del (vers 1-7) handlar om det som skjedde ved grava. Her møter kvinnene «ein Herrens engel» som er bodberar om oppstoda. Andre del handlar om kvinnene sitt møte med den oppstadne Jesus (vers 8-10). Her gjentar Jesus engelen sitt løfte om at disiplane skal få sjå han igjen. Både engelen og Jesus innleier med å seia «Ver ikkje redde!»

Vers 1

Dei jødiske dagane begynner ved solnedgang, så laurdag kveld er ein del av «den første dagen i veka». Her blir det presisert at det skjedde då det tok til å lysna, altså søndag morgon. Søndag heiter også i moderne hebraisk «den første dagen» (yom rishon). Dette var den tredje dagen etter Jesu død; jødisk teljemåte reknar med både den første og siste dagen. Nokre jødar trudde i følgje Talmud at sjela forlet kroppen etter tre dagar (The Jewish Annotated NT).

Alle evangelistane fortel at éi eller fleire kvinner var dei første vitna til den tome grava. Alle nemner Maria Magdalena først, og det er tydeleg at ho er hovudvitnet. Kvinnene gjekk «for å sjå til grava»; både kvinner og menn hadde lov til å oppsøka gravene til avdøde kvinner og menn (The Jewish Annotated NT).

Vers 2-4

Både jordskjelvet og skildringa av engelens aktivitet er særstoff hos Matteus. Her er det ganske dramatiske scener. Matteus fortel om jordskjelv både når Jesus døyr (27,51) og når han står opp. Engelen er som eit lyn å sjå til. Himmel og jord er i bevegelse. Engelen «rulla steinen ifrå og sette seg på han». Det er ikkje til å undrast at «vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde», men me kan jo merka oss at vaktmennene reagerte med større redsel enn kvinnene. Engelen velta elles ikkje steinen frå grava for at Jesus skulle få koma ut, men for at den tome grava skulle kunna visast fram.

Vers 5-7

Engelens ord i vers 5-7 er sentrum i teksten. Her handlar det om den tome grava og om den oppstadne Jesus. Engelen er ein bodberar som først og fremst skulle forkynna det som var skjedd. Me kan samanlikna med det som skjedde ved Jesu fødsel; ein engel frå Herren kom til Betlehemsmarkene og sette ord på det som var skjedd.

«Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa.» Jesu oppstode er heilt sentral i vår kristne tru og dette må vera sentrum i forkynninga påskedag. Jesus er ikkje død, han lever og er her i dag. Han har gjennom sin siger over døden opna vegen inn til det evige livet for oss. Han er «Herre over dødens makt», for å sitera lovsongen Deg være ære.

Jesus hadde sjølv talt om oppstoda den tredje dag i si undervisning av disiplane på veg til påsken i Jerusalem (16,21; 17,23 og 20,19).

Dette var ikkje ukjent tankegods i jødedomen på Jesu tid. Fleire jødiske retningar trudde på oppstoda av lekamen i den messianske endetida. Eit viktig jødisk profetord om dette er Dan 12,2. Og Hos 6,2 taler om at Gud skal reisa oss opp «den tredje dagen». Josefus dokumenterer også trua på oppstoda på Jesu tid i sine omtalar av dei ulike jødiske grupperingane.

Trass i Jesu undervisning og den allmenne trua på oppstoda som skulle skje i den messianske tidsalderen, viser evangelia at Jesu oppstode kom totalt overraskande på kvinnene ved grava (og disiplane).

Engelen viser omsorg; han veit korfor kvinnene kjem og han viser dei den tome grava. Så gir han dei eit oppdrag om å fortelja om oppstoda og formidla løftet om at Jesus ville visa seg for disiplane. Kvinnene får altså oppdrag som evangelistar. Frå eitt perspektiv kan me seia at misjonen starta her ved den tome grava.

Vers 8-10

Kvinnene skundar seg frå grava, og dei er redde, men jublande glade. I spesielle situasjonar er det mogleg å kjenna på heilt ulike kjensler, jfr Rudolf Otto sin kjende omtale av det heilage som samtidig skremmande og tiltrekkande. Og då kvinnene i denne situasjonen var på veg for å fortelja disiplane om møtet med engelen, møtte dei Jesus sjølv. – Jesus gjentar og bekreftar mykje av det engelen hadde sagt. Også han begynner med ord om at dei ikkje skal vera redde, og han seier at han skal møta disiplane (her: brørne) i Galilea. Dei tilbad han, jfr disiplane sitt møte med Jesus i Galilea (28,17). Forslag til ein preikedisposisjon:

  • Innleiing: The Weekend that changed the World
  • Den tomme grava
  • Engelens ord, med vekt på «Han er stått opp»
  • Møtet med Jesus
  • Avslutning: I vår gravferdsliturgi nyttar me uttrykket «den siste kvilestad» om våre graver. Jesu grav blei ikkje hans siste kvilestad. Jesus lever og er her i dag! Midt i blant oss! Hans oppstode har gitt oss eit levande håp (1. Pet 1,3).

Dette notatet skreiv eg tidlegare i år for Den Norske Israelsmisjon sitt Prekenverksted med tanke på forkynninga på påskedagen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: