Ivanov: Kristi forklaring

Kunst til søndagens tekst på Kristi forklaringsdag: Mark 9,2-13

Kristi forklaring. Alexandr Ivanov 1824

Den russiske Alexandr Andreyevich Ivanov (1806-1858) måla dette bildet av Kristi forklaring i 1824. Han var då 18 år. Ivanov levde mest heile livet som kunstnar i Roma. Kjelde: Wikimedia Commons.

Sjå tidlegare notat om søndagens tekst:

Og her er bibelteksten:

2 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, 3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. 4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. 5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. 7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» 8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.» (Mark 9,2-13)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: