Kyrkjelyd/menighet og sokn

Betyr orda kyrkjelyd (bokmål: menighet) og sokn det same? Dette spørsmålet har i år blitt aktuelt i kyrkjelydane i Den norske kyrkja i Stavanger. Me skal snart uttala oss om prosjektet Kirken i Stavanger mot 2020, og i høyringsnotatet finn me følgjande formulering:

Et sokn kan ha flere lokalkirker. Noen steder vil det også være naturlig å si at man har flere menigheter. Men det vil være soknet som er den juridiske enheten og det kan kun være ett sokneråd i soknet. Soknerådet kan imidlertid nedsette så mange utvalg og komitéer det måtte ønske.

Det viktigaste er ikkje kva ord me brukar. Det er viktigare at det faktisk finst ei levande kyrkje i byen, det vil seia eit fellesskap omkring Jesus Kristus, forkynninga av Guds ord og forvaltninga av dåpen og nattverden. Denne kyrkja bør vera best mogleg organisert i store og små fellesskap som er inkluderande og opne for nye menneske.

Likevel kan det vera viktig å prøva å finna fram til ei felles forståing av dei ulike orda me brukar, slik at me ikkje snakkar forbi kvarandre når me skal drøfta prioriteringar og organiseringa i kyrkja.

Prosjektet har to hovudforslag: For det første peiker ein på nokre viktige utviklingsområde for kyrkja i byen som heilskap. For det andre foreslår ein reduksjon i talet på sokn, men ikkje på kyrkjer eller kyrkjelydar.

Dette skal me sjølvsagt drøfta grundig i haust. Sjølv har eg ikkje landa på kva eg meiner Hinna menighetsråd bør svara. Først vil eg lytta meir til andre og drøfta saka i aktuelle fora.

Men tankegangen om at orda kyrkjelyd/menighet og sokn ikkje nødvendigvis betyr det same, vil eg støtta. Eg har i den samanhengen funne fram ein artikkel eg skreiv i 2011. Her er eit utdrag:

Omgrepet kyrkjelyd er eit ord som i vår kyrkjelege samanheng blir brukt både om eit lokalt kristent fellesskap av menneske og om det geografiske området som desse menneska bur innanfor. Det tilsvarande ordet på bokmål er menighet. På bakgrunn av den geografiske bruken av ordet er det vanleg å seia at kyrkjelyd og sokn er to identiske omgrep i Dnk.  Dette er likevel ikkje heilt dekkjande.  Det ser me av den språklege bakgrunnen for orda; mens sokn i utgangspunktet er ei sivil og territorial eining, er kyrkjelyd ei forsamling av menneske knytt til ei kyrkje og såleis eit bibelsk og teologisk uttrykk for eit fellesskap av kristne menneske. I NT blir ordet nytta som omsetjing av det greske ordet ekklesia når dette blir brukt på lokalnivå. Kristian Hansson peiker på denne distinksjonen i sin kyrkjerett:

Den opprinnelige og grunnleggende kirkelige enhet er menigheten. Kirkens funksjoner så vel som den enkeltes medlemsforhold er knyttet til dette lokalt avgrensede personsamfunn. Territorialt har menigheten fra gammel tid falt sammen med den sivile enhet sognet og omfatter alle kirkemedlemmer som bor i dette, derav ord som sognemenighet, sognekirke og lignende (Hansson 1957,35).

Me kan også merka oss at kyrkjelova i §2 definerer soknet som den grunnleggjande eininga i Dnk, mens det frå ein teologisk synsvinkel ville vera meir naturleg å omtala kyrkjelyden som den grunnleggjande eininga. Kyrkjemøtet (KM) har kanskje hatt dette i tankane når ein sentral uttale frå KM 2004 presiserer kyrkjelova si formulering med å seia at soknet er den grunnleggjande organisatoriske einiga i kyrkja. I denne samanhengen uttalte også KM: ”som hovedregel er kirkemedlemmene som bor i soknet medlemmer i menigheten der” (Den norske kirkes identitet og oppdrag, pkt 15). I mindre formelle samanhengar blir orda kyrkjelyd og sokn nytta om einannan som to identiske omgrep. Eg oppfattar det også slik at distinksjonen mellom omgrepa truleg er svekka av nyansane mellom nynorsk og bokmål, i og med ordet sokneråd (nynorsk) er synonymt med menighetsråd (bokmål).

Gunnar Rønnestad foretar ein kyrkjerettsleg gjennomgang av omgrepa og oppsummerer med at ”den kirkerettslige normalordningen i Den norske kirke er at sokn og menighet er sammenfallende størrelser”, men peiker likevel på at det også er mogleg at kyrkjemedlemane i eit sokn kan vera fordelt på fleire kyrkjelydar og at fleire kyrkjelydar kan ha verksemd i eitt og same sokn. (Rønnestad 2010:16).

Eg vel i det følgjande i hovudsak å nytta kyrkjelyd om det kristne fellesskapet som har utgangspunkt i ei gudstenestefeirande forsamling og sokn om dei geografiske einingane som Dnk er delt inn i. Dette tydeleggjer blant anna at ein ved eventuell organisering av nye kyrkjelydar i Dnk, ikkje treng gå den lange og krevjande vegen om etablering av nye sokn. Eg gjer likevel merksam på at dei to omgrepa i kyrkjeleg språkbruk er så tett vovne saman, at det kan vera vanskeleg å gjennomføra ein distinksjon konsekvent.

(Frå artikkelen Éin kyrkjelyd med fleire gudstenestefellesskap? Ei drøfting av forholdet mellom tradisjonell tenking omkring gudstenesta sin samlande funksjon i kyrkjelyden og nyare misjonal kyrkjeforståing i Halvårsskrift for praktisk teologi 2/2011. Les heile artikkelen her: HPT artikkel, Arne Berge 2011.)

Tilvisinga til det Gunnar Rønnestad har skrive, gjeld artikkelen «Etablering av nye menigheter i Den norske kirke. Et kirkerettslig perspektiv» i Halvårsskrift for praktisk teologi 1/2010.

Det er interessant å sjå at mens me i 2010 og 2011 drøfta etablering av nye kyrkjelydar og sokn, er det nå samanslåing av sokn som er på agendaen. I alle høve i Stavanger.

Eit par språklege merknadar til slutt:

Det Norske Bibelselskap omset i den nyaste bibelomsetjinga (Bibel 2011) det greske ordet ekklesia med forsamling (nynorsk) eller menighet (bokmål), når ordet blir brukt på lokalnivå, for eksempel i 1. Tess 2,14. Nynorskordet forsamling er i denne samanhengen truleg valt helst av økumeniske omsyn. I Den norske kyrkja er framleis kyrkjelyd det mest naturlege uttrykket. Nokre skriv også menigheit, sjølv om dette ikkje er offisiell rettskriving.

Prosjektgruppa til Stavanger kirkelige fellesråd brukar ordet sokneråd (= menighetsråd) sjølv om høyringsnotatet er skrive på bokmål. Det syns eg er fornuftig. Dermed kan ein i drøftingane og ved ei eventuell soknesamanslåing venna seg til å bruka to omgrep som ikkje så lett vil bli forveksla: sokneråd for det formelle organet for heile soknet og menighetsutvalg for eit underorgan som følgjer opp arbeidet i ei lokal kyrkjelyd/menighet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: