Feriebesøk i Fjellerup kirke

IMG_0061.jpgDet er utruleg mange gamle kyrkjer i Danmark. Eg har nyleg kome heim frå ein god familieferie i Fjellerup. Dermed blei det litt tilfeldig Fjellerup kirke eg fann fram til og fekk gjort meg kjent med. Men den er nok ein god representant for dei mange bygdekyrkjene på Jylland.

Fjellerup ligg på nordsida av Djursland, halvøya eg som barn lærte å kalla nasen på Jylland. Det viser seg at danskene sjølv framleis brukar dette uttrykket. Eit anna uttrykk eg såg i ein turistbrosjyre, var Det vildeste Danmark. Djursland er eit vakkert landskap, men vilt er nok ikkje eit ord eg som nordmann hadde kome på å bruka!

Det var dessverre ikkje gudsteneste i kyrkja den veka eg var i Fjellerup. Men eg var på kyrkjebesøk og det var fint å koma åleine inn i stilla i den gamle kyrkja. Allereie i våpenhuset forstod eg at det var godt lagt til rette for bruk av det heilage rommet. Der blei eg møtt av denne inviterande teksten:

Fjellerup kirke er ei historisk kyrkje frå mellomalderen:

Det meste af kirken, kor og en del af den østlige fløj, er bygget omkring år 1200, den store kirkebyggingstid i Danmark, et kvaderarbejde (en kvader er en tilhugget, firkantet blok som regel i granit anvendt til ydermure) udført med spidshammer og håndkraft af egnens bønder. (…) Kirken er senere udvidet mod vest med groft murværk. I det sydvestlige hjørne ses kæmpestore kampesten, nogle af grundstenene rager nogle steder langt ind i kirkerummet. Endnu senere er våbenhus og tårn bygget til af munkesten og rå granit (frå brosjyren Fjellerup 2017. Byen ved skov og strand).

Kyrkja er lang og låg. Dei neste bilda viser kyrkjeskipet, altarpartiet og døypefonten. Altartavla er eit nyare maleri frå kyrkja si restaurering i 1959, med tema frå Luk 24,30-31 om då Jesus synte seg for Emmaus-vandrarane.

IMG_0060

Fjellerup kirke. Foto: Arne Berge 2017

IMG_4337.jpg

IMG_4338.jpg

Eit særtrekk ved dansk kyrkjeliv er at det heilt sidan 1868 har vore høve til å danna «valgmenigheder» innanfor folkekyrkja. Så vidt eg veit har så ulike grupperingar som grundtvigianarar, indremisjonsfolk og karismatikarar, nytta seg av denne retten. Det viste seg at dette var tilfellet her i Fjellerup; både sognemenigheden og ein valgmenighed med tilknyting til Indre Mission har gudstenester i kyrkja.

Eg blei glad då eg oppdaga at den flotte kyrkja står open på dagtid. Det er imponerande at eit så lite sokn (ca 700 fastbuande) maktar å halda kyrkja open slik at det heilage rommet kan brukast både av fastbuande og ferierande. Eg håper den blir mykje brukt!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: