Advent 2016

Adventstida er ei viktig og flott tid. Eg vil påstå det er fordi den har eit innhald knytt til Jesus. Og dette gir igjen mange gode ringverknader, som det at me blir opptatt av å tenna lys i mørkret, av å skapa fellesskap og varme.

Desse vekene før jul har sin eigen symbolikk. Eg syns derfor det er eit poeng å skilja mellom adventspynt og julepynt. Lilla er fargen for adventstida. Adventskransen eller adventsstaken med fire lys er ein viktig del av denne symbolikken. Me tenner eit nytt lys i den kvar søndag i adventstida. Me tenner også mange andre lys, me har adventskalender og me har adventsstjerne i vinduet. Den sjuarma lysestaken, som eigentleg er eit Messias-symbol for oss kristne, er også blitt svært vanleg å ha i vinduet. Eg syns dessutan det gir god meining å ta fram noko av julepynten, f eks englane, og la dei vera saman med den lilla fargen fram til julepynten tas fram dei siste dagane før jul. Dersom du har ein julekrubbe, kan du ta den fram, men venta med å plassera barnet i krubba til jula kjem.

Det er fint å lytta til julemusikk i adventstida, – og å synga julesongar. Dette er ein flott måte å førebu jula på. Men det er også mange fine adventssongar. Ein av dei seier rett og slett: “Hvert adventslys skal minne om / at Jesus, lysets Herre, kom.” Så enkelt kan det seiast! Setninga er henta frå Svein Ellingsens salme Mens frost og vintermørke rår (Norsk Salmebok nr 18).

Ordet advent kjem frå det latinske Adventus Domini som betyr Herrens kome. Språkleg sett seier altså ikkje ordet oss noko om å venta, men om å koma. Det er Jesu kome det dreier seg om. I kyrkja seier me at det er tre perspektiv på Jesu kome til oss: Han kom ein gong (då han blei født i Betlehem), han kjem til oss i dag og han skal ein gong koma igjen i herlegdom. Forventning er dermed eit viktig ord i adventstida.

Dette notatet er blei først trykt i Kirkehilsen nr 6/2013, menighetsbladet for Hinna og Gausel menigheter. Her er det bare gjort små endringar nå ved starten av adventstida 2016. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: