Ei uforståeleg historie

Det har nyleg kome ut ein biografi om presten Sigmund Feyling, ein av dei mest sentrale nazistane i Norge under krigen. Vårt Land har eit stort oppslag om boka i dag. Aftenbladet skreiv om den for ei veke sidan.

Feyling var fram til 1941 sokneprest og prost i Egersund. Då blei han ekspedisjonssjef i Kirke- og undervisningsdepartementet. Historia om Feyling er trist lesing. Det som for meg er ekstra uforståeleg og trist er at han faktisk også fram til 1941 var formann i Stavanger krets av Den Norske Israelsmisjon.

Stavanger krets er 100 år nå i 2016. I jubileumsåret er eg leiar i kretsstyret. Me har markert kretsjubileet på mange forskjellige måtar, noko av dette har eg også skrive om her på bloggen. Det eg vil trekka fram i kveld, er at me også har tatt tak i denne vanskelege delen av historia vår. Det er på mange måtar sjokkerande at ein person som hadde tillitsverv i Israelsmisjonen, kunne utvikla seg til å bli nazist.

Israelsmisjonen hadde som ein del av kulturhelga me arrangerte i september, eit historieseminar i Egersund. Her hadde generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann og misjonssekretær Paul Odland foredrag om koss situasjonen var for organisasjonen under den andre verdskrigen. Historia om Feyling var ein del av dette foredraget.

I oktober inviterte me forfattaren Jostein Berglyd, som har skrive boka Presten som ville nazifisere Norge, til ei temasamling for frivillige medarbeidarar i kretsen. Berglyd hadde då foredrag om personen Feyling, om bakgrunnen hans, utviklinga hans og om rettssaka mot han etter krigen. Boka var ikkje komen ut på dette tidspunktet, den kom i postkassa først for ca ei veke sidan. Eg vil også her på bloggen takka Jostein Berglyd for det store og viktige arbeidet han har gjort med biografien, den første som er skriven om Feyling.

Dette er ikkje ein del av historia me er stolte av i Israelsmisjonen. Me har likevel tenkt at det var viktig å ta det fram i lyset i jubileumsåret, slik at me blir betre kjent med ulike sider av historia vår. Om me nokon gong vil kunna forstå denne delen av historia vår, er ei anna sak.

Her er lenker til avisartiklane:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: